fredag 8. mai 2009

Søndagskulekyrkja. 11.september 2008


Det er stillt i landsbyen når vi kjem. Alle dører inn til kyrkja er stengde. Ho skulle då vere opa.
Vi fyller opp våre vassflasker, set oss på kyrkjetrappa og leitar fra brød og pålegg. Vi får nytte høvet å få oss litt styrkjande i kroppen.


Vi snakka så smått om å ta morgonbøna der på kyrkjetrappa, men einkvan må likevel ha sett oss, for brått kjem ein bil og stansar og ei kvinne stig ut, går forbi oss opp trappa og låser opp kyrkja.
Så vart det kyrkjebesøk likevel.


Også dette er ei St.Roch kyrkje. Det vert mange av dei lang vegen. Denne er litt annleis enn mange av dei andre kyrkjene vi har vore i. Koret lyser varmt, og i taket svevar: Er det St.Roch, boren på englevenger?.
Eg døyper henne for "søndagskulekyrkja."


Så vert det morgonandakt, ikkje ute på trappa, men inne i ei fredfull landsbykyrkje.

Kva skil vandraren frå pilegrimen?
Er eg ein vandrande turist, eller er mitt mål av ei anna art?
Eg omtalar meg som vandrar i det eg skriv, men kanskje kunne eg like godt ha brukt ordet pilegrim?

Eg er ikkje komen til ende med det spørsmålet. Men uansett kva. Å finne ein fredfull plass for å rette sinnet mot det / den evige. Synge ein song og dele ord og bøn, det gir ei god opning på dagen og vandringa som ligg framfor oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar