mandag 28. juli 2014

Avlat


"Sjå her kva eg fann. Er den ikkje fin?"  "Fann du den no?"  "Ja, den låg rett her nede i graset. Nokon må ha misst den. Det er vel ikkje du?"                        " Nei, eg har ikkje sett den før. Men fin var den." "Hugsar du den gongen vi overnatta på hemsen i den hytta? Om morgonen fann eg ein mynt frå Israel. Var ikkje den din?"  "Nei, min var den ikkje, men eg hugsar det." "Men du hadde då vore i Israel?"  " Ja, det hadde eg, men min var den ikkje." "Hugsar du kva som hende vidare med den mynten? At eg, då vi seinare stod og såg ned på fengselsøya, fortalde om spriten eg hadde drukke opp i ei skogskoie, uten å spørje om lov hjå eigaren. Og at eg ba presten i fylgjet vårt om å ta den med og legge den i kyrkja i bygda der det hende, som ein avlat frå meg. Hugsar du det?"
" Ja det hugsar eg godt, og ho gjorde vel det du bad henne om?"
"Ja, ho gjorde det. No ligg den i kyrkja der, slik eg bad om. Men kva skal eg gjere med denne steinen tru? Legge den ned at i graset er vel ingen vits i?"
" Nei, den var fin. Du får ta den med, så finn du vel ut kva du vil gjere med den etter kvart."
" Ja, då gjer eg det. Kanskje eg kan kome til trenge avlat for noko ein annan gong og?"

lørdag 26. juli 2014

Kveldsskyer

Endå ein av desse varme midtsommardagane går mot natt. Vi har hatt mange av dei no, og dei har vore herlege å nyte under parasollen. Denne vart ikkje av dei varmaste, berre 28 grader + målte vi ut på ettermiddagen. Nokre få dråpar med regn fekk vi og, men lenger aust og syd for oss har det visst vore både torevær og regn. Vi såg skyene over fjella der teikna til noko slikt, men her klårna himmelen av igjen mot kvelden. No seint på kveld vert himmelen farga av den sigande sola, og i aust, over den djupblå fjellranda, tårnar igjen skyene seg opp. Er det meir torevær i vente der aust om fjella?


fredag 25. juli 2014

Los infantes de Lara

Det var den siste dagan av vandringa på Olavsvegen i Spania. På grunn av at eg så gjerne skulle ha sett ei gamal kyrkje ved ein landsby, hadde eg hamna oppe på ein ås bak landsbyen. Årsaka var at eg såg ein kross der oppe og trudde at der måtte kyrkja vere. Noko som viste seg å vere heilbom. Vel heime såg eg på Google Earth at den var nede i dalen, eit stykke frå landsbyen. Men eg hadde likevel ei fin lita vandring der oppe på åsen. På andre sida av dalen såg eg restane av ei borg oppe på ein åskant, og vel heima att såg eg på nemnde google earth at der låg ein liten landsby ned for borga, og namnet på den gjorde meg noko nyfiken. Kva var årsaka til eit slikt namn tru? Den heitte "Los infantes de Lara." Lara er namnet på området, kommunen., og infante tyder eit lite barn, og her var det i fleirtal, altså; småbarna til (i) Lara. Eit søk på verdsveven opnar for ei dramtisk soge mellom to familier langt attende i soga. På 900-talet då kongedømet Castilla voks fram, og då med Lara som eit kjerneområde.  Det som fortel soga er eit av dei første episke dikta i spansk diktning. Eit dikt som syner slektskap med gotisk og norrøn diktning frå same tida.

Det handlar om herren til Sala, Gonzalo Gustios, som  hadde sju born med kona si Sancha Velazquez. I eit bryllup for Sanchas bror, Ruy Velazquez av Lara, vert eit barn som var av bruda si famile, drept ved eit uhell av Gonzalo. For å glede si kone sver Ruy hemn. Han sender bod til den mauriske krigsherren Al Mansur i Cordoba for hjelp. Gonzalo vert teken til fange og førd til Cordoba Dei sju borna vert og tekne og misser livet, og hovuda deira vert ført til Almanzur i Cordoba. Medan Gonzalo sit fanga der får han ein son med søster til Mansur. Og som voksen fullendar han blodhemnfeiden ved å ta livet av Ruy Velazquez.
Litt av ei soge bak namnet på ein liten landsby i Lara.



tirsdag 15. juli 2014

Frå Següeiro til Santiago de Compostela

Siste vandringsdagen vart ei vandring under ein høg blå himmel. I eit vakker og grøderikt grønt landskap med små landsbyar mellom skuggefulle skogstrekningar og grøne marker, og over lave åsar sydover mot Santiago de Compostela.
Det var merka for sykkelløp når vi kom sydover eit stykke. I eit vegkryss hadde eit av merka falle av stokken det var festa på. Vi prøvde å feste det opp att, men det var råd å oversjå det likevel. Og det var det ein av deltakarane som gjorde. Han kom forbi oss i god fart, men stykke lenger framme møtte han ein bonde som dreiv ein kuflokk føre seg, og han ropte nok til syklisten at han hadde sykla feil, for han bråsnudde og passerte kuflokken og oss for andre gong, denne gongen i motsett rening. 
Der er mange av desse stabbura langs vegane i Galisia, hòrreos heiter dei. Og med ein kross i mønet.

Eg mintest min barndom når eg såg denne kvinna ved vassposten der ho skylte klesvvasken sin. Slik mi mor gjorde den gongen ho brukte ein dag på å ta storvasken. Før vaskemaskina kom i hus, og klesvaskinga vart enklare og lettare.

Så var vi inne i gatene som leier inn til katedralen og den store plassen framfor den. Vi tråkla oss fram, men vegmerka er på plass så vi finn vegen. I det vi kjem over ein liten bakketopp ser vi tårna på katedralen reise seg over husa framfor oss.
Etter at eg for eit par år sidan vandra inn til katedralen frå aust, og no kom inn frå nord, så er det mi meining at vegen frå nord er vakrare enn gatene frå aust. Kanskje fordi den er rolegare, kortare og meir variert enn gatene frå aust. Her er både små dalsøkk og grøne parkar utanom gatene med biltrafikken. Siste stykket går vi på ei brei nylaga gågate over parkeringshuset for turistbussar og andre turistar.



Så er vi framme på den store plassen med katedralen ruvande bak. Vandringa er over. Seks dagar og elleve mil frå vi starta ute ved kysten i Ferrol. Den dagen var det regn i lufta. Her var det sol frå ein mest skyfri himmel. No stod det att å innlosjere oss på den gamle klosterskulen St. Martin de Pinario, bak katedralen, Registrere oss på pilegrimskontoret og få våre credentialer, og så bruke eit par dagar på vitje katedralen med Jakob si grav, delta i gudstenestene i den overfyllte katedralen, og å sjå det store røykjelskaret, botafumeiro'en, verte svinga over pilegrimsskaren, vitje Paradorhotellet ved sida av katedralen, og vandre rundt i dei smale gatene som omkransar katedralen, før vi sette  kursen mot flyplassen og heimreis.
Santiago de Compostela



mandag 14. juli 2014

Frå Bruma til Sigüeiro.


Den lengste etappa gjorde vi undan dagen før, no står den nest lengste for tur, men den er utan dei store stigningane.  Det er siste byen før Santiago som er målet, Sigüeiro. Nær tjuefem kilometer skulle den vere på, men vi rota ein del med å finne attende til pilegrimsvegen frå Meson Novo, så det vart vel opp mot tjuesju-tjueåtte kilometer før vi var framme. Men bileta syner blå himmel mellom skyene, så vandringsværet var fint, om enn noko kjøleg. Viden frå nord fekk godt tak i det opne landskapet, og det var merkbart, om enn sola skein.

Der ligg fleire små landsbyar på vegen mellom Bruma og Sigüeiro. Vi kunne sjå på husa at vi nærma oss ein større by. Det var fleire nye hus, og landsbyane var velhaldne. Men barane var ikkje opne for oss, så det vart ikkje lange pausane i dei. Men av og til noko i vegkanten som stogga oss. Som i denne landsbyen der det truleg budde ein steinhoggar. Fleire store figurar stod ved vegkanten, og denne Jakob'en måtte vi ta med oss, og vi nytta høve til å stogge ein annan vandrar som kom forbi til å ta biletet.
Det var nokre småbakkar på vegen fram til Buscas, og der opna dei baren då vi kom vandrande, så då vart det både kaffi og mat i kroppen. På vegen ut av landsbyen var der ein liten heilagmann oppe i kyrkjevindauget. San Pelayo.
San Pelayo, kven var no det? Eg har vore bort i den karen før. Det var i Leon han dukka opp då eg vitja basilikaen til San Isidoro, for den kyrkja var opphaveleg vigd til San Pelayo, før San Isidoro sine relikviar vart flytta dit frå moskeen/kyrkja i Sevilla. San Pelayo var ein ung gut som vart fødd i Asturia i 912. Han vart teken av maurarane og leid martyrdøden i Cordoba i 925 då han ikkje ville vike frå si kristne tru.. Relikviane hans kom først til Leon, og seinare til Oviedo i 985. I den katolske lista over dei heilage har han namnet Sankt Pelagius av Oviedo.
Ein annan stad , i ein hage, var det ein påfugl som fanga vår merksemd då den heldt oppvisning for oss vandrarane. Siste strekninga fram mot Sigüeiro gjekk det nedover til lavare lende. Vi kom etter kvart over på ein landsveg, eit langt og flatt vegstykke som var heller einsformig å gå, men tilslutt kom vi inn på bilvegen som førde inn i byen. Pilegrimsvegen går først gjennom eit parkområde før vi er inne i gatene og kunne byrja å leite oss fram til overnattingsstaden.

Sigüeiro



søndag 13. juli 2014

Frå Betanzos til Bruma


Det vart ikkje store frukosten på oss denne morgonen, ei brødskive rista loff og ein av desse små muffinsliknande kakene, pent innpakka i plast. Men kaffi fekk vi i alle fall. Godt det var handla inn litt proviant kvelden før, for idag låg lengste etappa framføre. Og der var det ikkje mykje å hente av forfriskiningar lang vegan før Bar Julia. Og dit var det 18 kilometer. Sa skriftene om Camino Ingles som vi hadde lest på førehand.
Eit stykke opp i bakkane frå Betanzos stod denne karen og peika ut veg og retning. Her er vegen, se å følge råsen, som ei kvinne i mi heimbygd sa til borna. Det vart mykje vandring på skogsstiar mellom landsbyane, Og det var godt så slapp vi unna bilvegane og trafikken der. Dei kom på rekke og rad landsbyane, Limiñon, Cos og Presedo,








Og mellom landsbyane var det lange strekk med fredfulle og stille furu og eukalytusskogar.Men og stykke der motorsagene dura inne mellom trea.  Resultatet såg vi i vegkanten der det låg store lunnar med nyfelte tre. Klare til henting. Vær varsomme, her vert det utført lastearbeid, varsla fareskilta i vegkanten.








Men dei hadde ikkje mykje å by oss vandrarane på, landsbyane, utanom kvile på kyrkjegardsmurar, rådhustrapper og ein overbygd rasteplass med bord og benkar. Men som gamal kyrkjeverje hadde eg stor glede i å sjå dei velstelte kyrkjegardane, der gravene låg i fleire høgder over kvarandre, og der singelen dekte grunnen mellom dei. Plassbesparande og arbeidsbesparande, - og vakkert. Men det er vel heller tvilsamt om våre grender er  modne for eit slikt system.

Når vi kom opp på åsane, og utanfor skogane, opna landskapet seg med gardar og grender bortover mot horisonten. Og med nyslegne marker ved landsbyane, der storfe og sauer gjekk og beitte.
Det hende og at vi måtte gi rom for taktorar på veg til og frå.

Men, endeleg, dukka den etterlengta Bar Julia opp i vegkanten. Dei første av oss hadde alt vore inne og sjekka at der var plass for oss då vi etternølarane kom. Det tok litt tid før den tinga maten kom på bordet, men det var godt å sitje ned og la føtene kvile, medan vi drøfta vegen vidare. Frå omtaler av  camino'en som vi hadde lest, så byrja ein lang og bratt bakke ikkje mange meterane frå Bar Julie. Nærast ein monsterbakke ut frå det mange pilegrimar hadde skrive på verdsveven. Vel tohundre høgdemeter på knapt to kilometer. To av oss hadde ikkje heilt gode føter og ville tinge bilskyss fram til overnattingsstaden, og den tredje slo fylgje, så da var vi tre att som skulle erfare kva denne "monsterbakken" hadde å by. Og med ei noko dårleg erfaring i bakhovudet frå siste vandringsdagen på Olavsvegen, var eg og rimeleg spent.
Men Bar Julia hadde meir å by meg. Eg og spanske dører er ikkje alltid heilt på lag. Det har hendt nokre gonger på vandringa mot Santiago at lave dørkarmar har prøvt å høvle bort litt av skallen min. Slik og i Bar Julia. Det small godt då eg stanga topploket inn i dørkarmen. Det var ein i skrifta som såg sol og måne og elleve stjerner bøye seg for han. Eg såg dei danse der eg kom meg attende til bordet og fekk setje meg ned med hovudet i hendene. Så høyrer eg rundt meg forskrekka røyster. "Du blør.", og då eg ser på hendene har fingrane fått ein ikkje liten dåm av raudt på seg, og eg kjenner noko renn ned i panna mi.
Ungguten bak disken vert noko oppskjørta av hendinga, og undrast på kva hjelp han kan yte. Men eg trøystar han med at det er ikkje noko farleg, eg har vore bort i slikt før, medan mi kjære prøver så godt ho kan å stagge blodet. Noko som lukkast etter kvart.


Vi møtte eit av dei høge søylekorsa denne dagen og, men det var etter  "monsterbakken". Jau, bratt var han, men ikkje uoverkomeleg. I alle fall ikkje for dei som har møtt slike bakkar før i fjella heime. To hundre meter frå Bar Julia byrja han, og beint opp lia gjekk det. Og bratt. Eit stykke oppe i lia låg der ei lita kyrkje ved vegen, og på gjerdet ved kyrkja var det sett opp ein plakat med telefonnummer som ein kunne ringe om ein kjende at dette vart for hardt, og at ein trong å få drosje på resten av etappa. Etter kyrkja gjekk det framleis rett opp lia til oppe ved siste tuna, då gjorde vegen ein sving til høgre bortover lia, og så ein sving attende til venstre, men framleis med god stigning. Det var då mi kjære byrja å krysse seg fram oppover. Så ved siste huset var det slutt på asfalten, og vi kom inn på ein skogsveg vidare oppover. Det slakka litt av på stigninga etter kvart som vi nærma oss toppen av bakken, men då hadde vi lagt bak oss ei stigning på vel trehundre meter. Og eg hadde klart det rimeleg bra, trass i at eg har vore rimeleg varsam med førehandstreninga mi dei siste månadane.


Men vi var ikkje i mål med å ha overvunne bakken, Det låg framleis eit par landsbyar att, og vi skulle krysse over motorvegen som går nord/syd. Trafikken der var råd å høyre på god avstand, så heldigvis kunne vi krysse den på ei brua høgt over trafikken. Det er eit grøderikt og grønt landskap sydover dalane i Galisia, med store marker rundt landsbyane, men og store areal med nye eukalystustre. Reine eukalyptusfarmane. Kva er det brukar denne treslaget,  som der er så store skogar i Galisia, til?  Endeleg. Seint ut på ettermiddagen kom vi til Bruma, men kvar var Meson Novo dit vi skulle? Inne i landsbyen vi var i, var den ikkje. På vårt spørsmål peika kvinna på ei høg radiomast som raga over åsen i horisonten. Kanskje eit par kilometer borte. "Dit skal de, dit masta de ser er. Og ta av den vegen der borte", peika ho ut. Så var det nye bakkar å gå. Underleg. Når eg ser enden på dagen si vandring vert brått bakkane så tunge. Eg slit med å halde fylgje med mi kjære, og det endå det ikkje er lange og bratte bakkar i det heile. Difor kom eg i mål som den siste denne dagen, trøtt og sliten i føtene, og etter 30 kilometer kunne eg endeleg legge meg på senga og kvile min trøytte kropp.



lørdag 12. juli 2014

Vegkrossar

Eg har sett mange vegkrossar på vandringa frå Le Puy en Velay i Frankrike og til Santiago de Compostela i Spania. Også her på Camino Ingles var dei tilstades. Men eg meinar å ha sett ein ulikskap mellom dei to landa. I Frankrike var det enkle krossar, eller i form av eit krusifiks. Frå små i miniformat til ei to/tre meter høge. Utført i ulikt slags materiale som tre, stein, betong og metall. Nokre av gamal dato, tærde av vær og vind, andre var tydeleg frå nyare dagar.  Dette har eg ikkje sett så mykje av i Spania, men i Det kongelege Huelgas-klosteret i Burgos la eg for første gong merke til noko eg sidan har sett ein del av. Eg kallar dei søylekrossar, utan å kjenne til kva det vert kalla på fagspråk. Det er høge , slanke, steinkrossar der søyla kan vere dekorert som her, eller heilt rein, men krossen på toppen er tosidig. Det vil sei at han har utsmykking på begge sider.
Og dei må vere gamle sidan dei ofte er mykje slitne av vær og vind. Særleg den sida som vender mot været, lesida har gjerne stått seg betre.


Dette her er krossen frå klosteret i Burgos, og vi ser det som alltid er der, krusifikset. Jesus krossen. Ofte kan ein sjå at her har ein kunstnar vore ute med si hand. Detaljrikdomen kan enno vere der, medan andre er meir enkle og har ei grovare formspråk på figurane.

På den andre sida av krossen er det Mor Maria som er motivet. Og då helst med Jesusbarnet i fang. Men eg har og sett henne ståande åleine med hendene folda over bringa i tilbeding og bøn, slik eg har sett det på dei mange madonnastauene etter vegane.


Denne søylekrossen møtte eg i Neda. Den eine sida var med den "normale " utsmykkinga. Jesus på krossen.

Men den andre sida si utsmykking var ny for meg. Det var ei pietaskildring. Maria mor som held den avlidne sonen sin i fanget.


 Og eg undrast, Kvifor er der ein skildnad mellom desse to landa? Og kvifor har det Spania vorte reist slike søylekrossar? Begge landa har då ein romersk/katolsk kultur?
På vår protestantiske jord er vel slike uttrykk heilt ukjende, eller?  Og er der andre slags vegmerke i andre katolske land? Eg meiner at eg  i "tyske" nord-Italia, Syd-Tirol, såg vegmerke bygde som små skap med eit krusifiks inn i, og at eg var borti noko som likna det på vandringa andre året i Frankrike.












fredag 11. juli 2014

Frå Pontedeume til Betanzos



Det er morgon i Pontedeume. Vi har funne plassane våre ved bordet, og verten er i gang på kjøkenet. Ute er det ikkje same været som kvelden før. Grå skyer heng lavt over åsane.
Verten ordnar ut morgonkaffien for oss.
"Cuatro cafe con leche og dos americanos, por favor."
Kaffien kjem på bordet, rista brød og marmelade. Vi høyrer han romesterar ute på kjøkenet, men brått forsvinn han ut døra og vi ser han krysse att og fram over den store plassen. Inn ei dør, raskt ute att og inn ei anna dør. Fleire dører prøver han men tilslutt kjem han attende. Han ser litt lei seg ut då han kjem inn og tek sikte på kjøkendøra, så vi spør om noko er i vegen. Ja, han hadde desverre ikkje meir smør til oss. Heldigvis kunne vi trøyste han med at det vi alt hadde på bordet var nok for oss. Så er måltidet over og med  våre adios og gracias er det ut for å starte vandringa til neste by, Betanzos.
Først bortover ei tverrgate til vi finn gata med kamskjelsmerka, og så oppover og oppover mot åsen den der oppe. På vegen går vi forbi den store Santiagokyrkja med Santiago matamoros ryttaren på veggen over døra. Då eg var der  i går kveld skein sola, og i døropninga sat der ein og bad om pengar.

Men det var nok ikkje han som var årsak til eg tok fram kameraet. Det var nok døra bak han, flott dekorert som den var.
I går kveld var det nok varmt å sitje der, trass i den kalde nordavinden, men denne morgonen var det folketomt ved kyrkja, berre vi sunnmøringane vandra forbi og vidare opp troppene bak kyrkja.
Eit stykke oppe i åsen var der ei opning mellom husa, og vi tok ein liten pust i bakken og eit siste glimt av byen ved fjorden og elva der nede. Før nye gater og bakkar venta. Oppover og oppover, men til slutt var vi inne mellom trea oppe på åsen.  Mykje av same landskapet som gårsdagen. Skogsvegar og bygdevegar. Fleire små og stille landsbyar. Berre hundane syntest å merke at her gjekk det folk forbi. Dei små stemmer opp med skarpe røyster, og litt seinare kjem dei større inn med sine djupare basar.

Så er vi nede ved fjorden att, denne gongen ved Ria de Betanzos. Her ligg ein liten by som ber namnet Miño. No var det slik at i gruppa vår flytta ikkje alle føtene like fort. Nokre er raskare til beins og ligg då oftast fremst, og andre dannar nesten alltid baktroppa. På veg ned til gatene i Miño er det to som ligg litt føre oss andre. I eit vegkryss står det er vegskilt, men kamskjelet er sett slik at det skaper tvil om kva veg vi skal velje, og så vel vi ulikt. Dei to i front går inn i bygatene, medan vi andre tek vegen opp over ei lita høgd og kjem ned i byen på andre sida av den. I slike høve er det ein ser nytten av mobiltelefonen.  Det går nokre spørsmål på usynlege vegar gjennom lufta, fram og attende,  om kvar vi har vorte av.
Dei to som gjekk inn i gatene i byen når oss att oppe i bakkane på veg ut av den. No går vegen vidare bort frå kysten og fjorden.  Det innlandet som står for tur dei neste dagane. Dalane og åsane sydover mot Santiago de Compostela. Men først oppover langs elva til Betanzos

Det har vore ein kjøleg dag, med kald nordavind og tildels med regn. Då verste regnelingen kom, var vi heldige å vere i ein større landsby med open bar som vi kunne søkje inn og få ein varm kopp kaffi i livet, medan regnet gjorde seg ferdig ute. Så vi er noko frosne då vi går over brua og kjem inn i byen, men kvar skal vi gå? Vi må søkje råd hjå folk i gatene, og hjelp får vi, ja dei går endå til med oss og viser veg til det store torget, og peikar ut retninga vidare. Til slutt oppe på ein bakketopp ligg eit erverdig hotell, Er det det? Det har då ikkje rett namn. Jau det må vere det. Og så viser det seg at det har bytt namn utan att det har vorte endra på skiltinga ute. Har det hatt eigarbyte tru? Vi vert tekne vel imot og får roma våre. Dagen si vandring er over. No er det av med klea og inn i dusjen for å late det varme vatnet gi varmen attende i kroppen. Den kalde vinden ute freiste ikkje til vandringar i byen, men litt vandring må likevel til for å finne ein restaurant der vi kan få oss eit godt og varmt måltid mat, og feire  ei av medvandrarane sin årmålsdag.
Betanzos







torsdag 10. juli 2014

Vegmerke

Alle pilegrimsvegar har sine vegmerke, og dei kan vere ulikt utforma.
Pilegrimsvegen gjennom Valdres har sitt raude keltiske kors som viser til den keltiske arven frå dei keltiske irske områda på andre sida av Nordsjøen.
Olavsvegane, både her heime og i spanske Castilla har pilegrimsmerket frå vegen til Nidaros felles

På pilgrimsvegen gjennom Frankrike frå Le Puy en Velay fylgde med dei raude/kvite merka oss . Og dei hadde litt ulik utforming. Raudt/kvitt strek om vi skulle gå vidare på vegen vi gjekk på. Eller, som her, når ein kom til ein sving / vegkryss, sving i den retning vegmerket viser. Men og med eit raudt/kvitt kryss på vegar som førde i galt avgarde.

Men Camino Frances og Camino Ingles har kamskjelet og gule piler som sine merke, og dei har eg sett mange utformingar av på camino'en mellom Pyreneane og Santiago de Campostela og her på Camino Ingles. Det normale er at kamskjelet peikar i den retning ein skal gå, slik den gule pila gjer. Men det hende at vi såg kamskjel som ikkje fylgde normalen og då fekk vi ofte ein liten diskusjon i gruppa..
Dei fylgjande tre fann eg på under ein time på vegen mellom Neda og Pontedeume.


onsdag 9. juli 2014

Frå Neda til Pontedeume



Ein overskya, grå, morgon. Men heldigvis utan regn då mi kjære ikkje hadde med seg anna regnkle enn ein poncho. Etter erfaringa første dagen på Olavsvegen og den kraftige regnelingen der, hadde eg stressa rundt i Ferrol for å få kjøpt ei regnbukse til henne, utan å lukkast. I dag var det Pontedeume som var endemålet. I går vandra vi innover på nordsida av Ferrolfjorden, og idag var det sydsida som stod for tur. I alle fall eit del av vandringa. Det går eit par bruer over fjorden, men dei er for jarnvegen og bilar, ikkje for vandrar som oss.Då vi kom til ei av dei ved eit stort verft, kunne vi sjå rett over til Ferrol der vi starta i går tidleg, berre nokre få hundre meter borte på andre sida av fjorden.

Litt artig var det og i Neda å kome inn i ei gate der det gjekk ein open kanal for overflatevatn midt i gata, berre dekt av steinheller. Det gav meg ei kjensle av at slik måtte det ha vore i alle byar i tidlegare tider. Før alt vert gøymt under jorda.
Men snart bøyer caminoen av frå fjorden. Vi skal over ein ås til neste fjord der Pontedeume ligg. Det er tid for ein pause før vi startar på bakkane opp. Ein bar ligg rett ved vegen, og vi stimar inn. Kaffi og andre nødvendige ærend må utførast.
Men  då dukkar problemet opp. Barverten har ikkje vekslepengar så tidleg på morgonen og vi har berre store sedlar. Kva no? Då er det galisisk gjestfridom slær inn. Sjølvsagt skal pilegrimane få sin kaffi, på huset si regning.


Så byrjar vi på bakkane opp frå fjorden, og etter kvart legg vi villastrøka bak oss og kjem inn i meir landlege område, med gardar spreidt utover, små landsbyar, jorder og skog. Furu og eukalyptus er det mest av, og der eukalyptusplantasjane skil seg ut med sine geledd av tre. Høgreiste og slanke opp mot trekronene langt der oppe. Midt oppe på høgste åsen kjem vi inn i eit stort industriområde, og her finn vi ein stor kafeteria og restaurant. Med moderne toalett. Ikkje berre med eit hol i golvet. Det er greit nok for meg som kar som kan stå, men eg undrast korleis det andre kjønnet handterar det. Ein skal i alle fall ikkje ha dårlege kne for å utføre sine ærend. Mi svigermor som siste åra hadde ein stiv fot, hadde nok fortvila dersom ho hadde møtt noko slikt når behovet var stort. Men lat toalett vere toalett, Her på restauranten får vi både kvild, kaffi og god mat før ferda går vidare mellom dei store bygningane og inn i skogen att. Delvis på vegar, men og på skogsvegar med betre botn å gå på enn asfalt, berre det ikkje hadde vore for mykje trafikk av tunge skogsmaskiner i det siste. For det var store hogstfelt somme stadar, og store lunnar med furu og eukaluptusstokkar som venta på uttransport.

Men så tok skogen slutt, og det gjekk nedover att, ned bakkane til fjorden og den store sandstranda ved Ria de Ares, Aresfjorden. Her var det stor aktivitet. Fleire bussar stod parkert ved vegen, og på stranda var det mange skuleborn i full aktivitet. Det gjekk eit parkområde med store furutre bortover langs stranda, før caminoen svinga av oppover langs munningen av elva Eume. 
Og så låg ho der den lange brua som førde oss over til Pontedeume på andre sida, og her låg småbåtane ankra opp tett i tett. Brua hadde opphaveleg 1116 brubogar med eit kapell midt på.
Pontedeume tyder Brua over Eume, og ligg på vestsida av fjorden og elvemunningen, og oppover bakkane mot åsen bak. Ein moderne by med eit gamalt bysenter med trange gater oppover  i lia..

Etter litt leiting fann vi rette gata til staden der vi hadde tinga oss hus for natta. Det låg ved eit stor open plass, og det varde ikkje lenge før mine medvandrar hadde funne seg stolar og sette seg i solveggen for å nyte sola og varmen der. Sjølv hadde eg lite ro til å sitje, så det vart nokre turar rundt i gatene for å glane på omgjevnadane.




Pontedeume har ikkje så mykje av gamalt å syne fram utanom dei trivelege, smale gatene oppover i lia. Ved plassen der vi overnatta låg der eit gamalt kloster som no var teke i bruk til andre føremål. Litt lenger borte ei lita kyrkje og som i tillleg var open. Lenger oppe i lia ei større gamal kyrkje vigsla Santiago Matamoros, det var i alle fall han som trona over hovedinngangen. Men midt i sentrum, ved stranda, ligg der eit gamalt massivt tårn. Andreadetårnet frå 1400-talet, reist av ein av byen sine mektige den gongen.






Pontedeume