søndag 30. januar 2011

Austefjord kyrkje


Under høge fjell, ved enden av ein fjord, ligg der ei lita kvitmåla kyrkje.
Bygdene her inne i fjorden er i ferd med å få ein komunikasjonsrevolusjon.
Her vert det arbeidt med å lage ny veg over til Nordfjord ved å sprenge fleire nye tunnelar. Og så skal E-39 flyttast over frå Stigedalen lenger vest, og til den nye Kvivsvegen som vert fergefri frå indre Nordfjord til Volda/Ørsta og øyane utanfor.
Men bygda, der kyrkja ligg, vert fredlegare fordi den nye vegen skal gå i tunnel forbi Fyrde.


Her var eg prestevikar idag.
Det er alltid både spennande og utfordrande å få utføre den tenesta.
Særleg er det utfordrande å dukke ned i tekstene for å forme ei preike.
Ikkje minst fordi kyrkjelyden kjenner tekstene så godt, og heilt sikkert har høyrt dei tala over mange gonger før.
I dag var utgangspunktet for preika då Jesus stilla stormen på Genesaretsjøen.

lørdag 29. januar 2011

Vind


Eg vakna av at vinden tok tak, og katten mjaua utanfor vindauget. Han ville inn til ein stillare plass.
Men det er ikkje nokon stormfull dag slik det kunne vere før.
I mine barnedagar.
Då kunne det blåse så fjorden gjekk kvit, og det knapt var råd å kome utanfor døra på grunn av snødrevet.
No er det lenge sidan sist tykkjer eg. Det har knapt vore skikkeleg vind her inne i fjorden sidan nyårsorkanen, 1.januar i 1992.
Er det klimaendring som er årsaka tru?

I dag?
Det kjem nokre byer med vind og snø, så pass fjorden grev seg litt opp og landskapet vert borte i drivande snø. Men det varer ikkje lenge. Han stilnar fort av og lysnar att.
Det er til å leve med.

torsdag 27. januar 2011

Så veit eg det.


Så veit eg det.
Den eine lunga mi er i ferd med å gro att av vev som ikkje skal vere der.
Eg var innkalla til sjukehuset etter å vore inne i ei MR-maskine.
Det var då eg fekk vite det.
Kvifor det har byrja å gro att, og kor lenge det har gått føre seg, veit eg ikkje. Men eg har vore plaga med hoste og tung pust i fleire år. Så det er nok ikkje noko nytt fenomen, sjølv om problemet auka etter hjarteoperasjonen.
Kva det vil medføre på litt sikt, utanom dårleg lungekapasitet, det er det berre framtida som kan syne.


Men om sjølv om der er nokre bergveggar som er mørke, så er der nok av gleder og lyse dagar. Eg aktar ikkje å grave meg ned i nokre sorger som eg kanskje aldri får.
Til det er dagane og livet alt for rikt på gleder og lyse sider.
Det gjeld berre å gripe dei og leve i dei.

tirsdag 25. januar 2011

Morgon


Ingen morgon er som kvelden var.


Men det er ikkje morgonen heller.
Etter ein knapp time såg det slik ut over fjella.
Kan eg vone på å få sjå sola i dag?

mandag 24. januar 2011

Grått


Ikke alle dager er like, alle ei på sollys er rike.
Ein grå og rikeleg våt dag går mot kveld.
I middagstida dreiv det is ut fjorden. Så har nok mildværet løyst isen i Ørstaelva.

lørdag 22. januar 2011

Dei ortodokse aust-kyrkjene (3)

Ute er det ein våt og grå dag, og på TV-skjermen er det skiskytingstafett i eit solfyllt Sør-Tyrol.
Eg er der med eit halvt auge, medan eg på PC'en har googla på kristentrua sine eldste røter i Kina.
Underleg å tenkje på at eg voks opp, og lærde, at den kom til Kina med vestlege misjonærar der James Hudson Taylor var det store namnet.

Men det er aldri for å lære noko nytt, og få eit utvida perspektiv på kvar truande i Kristi kyrkje har sett sine spor i verda, og det mykje tidlegare enn eg ante.
Og endå ein gong er det dei syrisk ortodokse, eller den arameiske kyrkja (eg er ikkje heilt klår over skildnaden på den namnebruken) som vandrar mot aust med evangeliet, og i si tid sette tydelege spor heilt til havstranda der aust.


I 1635 vart det funnen ein nedgreven stein ved den gamle kinesiske hovedstaden Xi'an.
Den synte seg å vere påskriven ei heil soge (i kinesisk og syrisk skrift) om korleis den "Lysande trua frå Syria" kom til Kina med munken Alopen i 640.
Han lærde seg kinesisk, og etter eit par år kunne han gi keisaren ein omsetting av evangelia til kinesisk. Noko som vart godt motteke.
Det vaks fram ei nokså stor kinesisk kyrkje med fleire biskopar, og mange kloster.

Steinen vart reist den 7.januar i 781.
På 700-talet byrja budhismen å breie seg i Kina, og i 840-åra sette keisaren igong trengselstider for budhistane, og då vart også dei kristne hardt råka, samstundes som islam spreidde seg inn over kristne område i vest, og slik stengde vegen mot den syriske morkyrkja.
I desse åra vert steinen, som m.a. er kalla Nestorianar-steinen, greven ned, gøymd og gløymd i 800 år.
I åra etterpå vart nok trua samanblanda med, og gjekk opp i taoismen og budhismen. Forskarar meiner å finne kristne spor i desse religionane i Kina, i tillegg til mange arkeologiske spor etter kristentrua.

Den står no i eit museum i Beijing, men der er kopiar av den på museum både i England og i USA. På sin opphavelege stad ved Xi'an står der og ein kopi ved ei pagode som no er budhistisk, men som opphaveleg var ei kristen pagode.

torsdag 20. januar 2011

10.juni 1944


12.september i 2008 er vi på veg frå Montredon til Figeac, vest om sentral-massivet i Frankrike.
Landskapet er eit variert åslandskap med små dalar inni mellom, der det ligg små landsbyar. Ein litt grå dag med regnbyger som ikkje når oss.
I eit lite dalsøkk rotar vi litt for finne vegen vidare. Men så finn vi det kvit-raude merket som fører oss langs ei åkerreine opp mot åsryggen der vi ser ei lita kyrkje, med husa i landsbyen bak.
Det er St. Felix, ei mil aust om Figeac.
Oppe ved kyrkja er der ein liten grøn park og eit høvelegt stort torg. På andre sida av torget ligg husa for kommuneadminstrasjonen og borgarmeisteren.
Der er og eit offentleg toalett og ei krane med trygt drikkande vatn.
Dei har omtanke for vandrande pilegrimar her.

Eg prioriterer kyrkja som er vigd til St.Radegonde. Ei gamal romansk steinkyrkje med eit tympanum frå det 11.århundre. Det syner Adam og Eva som plukkar frukta frå treet.
Då eg ruslar litt rundt kyrkja, ser eg at plassen her ber namnet "10.juni 1944 plassen".
Kva er det med den 10.juni 1944?
Eg finn ingen informasjon om det.
Inne i landsbyen tek vi ein pause på kaféen. Eg prøver meg frampå, om dei kan fortelje kva det er med denne datoen. Men nei, eg må forlate St.Felix utan å få vite det.

Og fram til i dag, 20.januar 2011, har undringa mi med ujamne mellom dukka opp. Kva hende den 10.juni i 1944 sidan dei hadde gitt landsbyen sin mest sentrale plass namnet etter den datoen?

Eg sit og sveipar mellom kanalane på TV'en. På History Channel vert eg stansa. Det er då Joakim Rønneberg som vert intervjua om Tungtvassoperasjonen.
Eg ser vekk frå skjermen ein augneblink. Når augene igjen er attende på TV'en er det noko i Frankrike dei snakkar om. Ei massakre som tyske SS-soldatar gjorde i 1944.
1944?
Kva var det som hende?

Eg må inn på Google, og slår inn landsbynamnet dei nemnde.
Oradour-sur-Glane.
Den ligg nokre mil nordvest for Figeac, to mil vest om Limogne.
Der massakrerte den 2.SS Panserdivisjon 10.juni 1944 heile landsbyen på 642 menneske, og brende ned landsbyen. Mennene vart samla i nokre låvar og skotne. Kvinner og barn vart jaga inn i kyrkja og miste livet der. Berre fem overlevde og kunne fortelje om kva som hadde hendt.
Årsaka var hemn for åtak frå den franske motstandsrørsla.
I dag ligg der berre utbrende ruinar att av landsbyen.

Men det var ikkje berre Oradour som fekk smake SS-hemnen.
Det tyske raidet gjekk føre seg i månadane mai og juni i heile regionen, og hundrevis var fanga, avretta eller sende i konsentasjonsleger.
12. mai 1944 var det St.Felix som var målet.

onsdag 19. januar 2011

Dei ortodokse austkyrkjene (2)

St. George -kyrkja, Es'ra, Syria

I dag vil eg skrive litt gamal kyrkjesoge som fortel noko om kvifor dei ortodokse austkyrkjene har vore så ukjende for oss i vårt protestantiske nordvest.
Og det sjølv om dei er kyrkjer med røter heilt attende til apostelane.
Ein grunn er nok at fleire av dei kom til å hamne under muslimsk herrevelde.
Men eit ulukkeleg kyrkjeskisma spelar nok og med.

Skisma har alltid fylgt Guds kyrkje. Og aldri så ofte som nettopp i vår tid.
I dei første åra var det ei kyrkje, om der var fleire sentrale og likestilte kyrkjesete, Jerusalem, Antiokia, Roma og Aleksandria.
Når kristendomen så vart staten si offisielle tru, fekk dei ulike trussynspunkta større aktualitet. For å løyse stridsspørsmåla vart det kalla inn til fleire kyrkjemøte.
Det var særleg spørsmålet om kven Jesus var, som gjennom fleire kyrkjemøte vart drøfta.

I Nikeakyrkjemøtet i år 325, var det striden rundt Arius som var sentral. Arius lærde at Logos (Ordet) i Jesus Kristus ikkje var Guds einborne Son, men var den første som Gud skapte. Altså; skapt, men ikkje fødd av Gud. Likeins forkasta han læra om den treeinige Gud. (Slik Jehovas Vitner lærer i vår tid).
Dette vart avvist i Nikea, og kyrkja samla seg om den nikenske trusvedkjenninga.

I Konstantinopel kjem det så ein ny biskop som heiter Nestorius. Ein mann som er ein ivrig motstandar av all vranglære.
Over tid har det utvikla seg ein praksis i kyrkjene om å kalla Maria, Jesus si mor, for Guds mor sidan ho fødde Guds son til jord.
Dette grip Nestorius fatt i. Ein kan ikkje kalle Maria for Guds mor, eller Gudsføderske, seier han.

Keisaren kallar inn til eit nytt kyrkjemøpte i Chalkedon i 451, og der vart trusvedkjenninga frå kyrkjemøtet i Nikea i 325 stadfesta som dåpssymbol for den almenne kyrja.
Kyrkjemøtet er splitta mellom dei som er på Nestorius si side, og dei som står fast på den utvikla tradisjonen.
Skiljet går mellom kyrkjene under Roma og Konstantinopel på eine sida, og dei ortodokse på den andre sida, dei syriske, armenske, georgiske, koptiske og etiopiske kyrkjene.

Det endar med at det Nestorius lærer vert dømd som vranglære.
Grunnen til at det vart slik, kan vere at det då, som i dag, var politikk og sterke menneske (på den tida, helst menn) inne i prosessane fram til at det endelege resultatet synte seg. Austkyrkjene som fylgde Nestorius si lære vart støytte ut som vranglærande kyrkjer.

Eg trur kanskje at vi protestantane lett kunne hamna på Nestorius si side i synet på Maria. Vi har nok enno idag litt problem med katolikkane sin kultus av Maria som Gudsmoder og himmeldronning. Eller kva?
Men eg er litt nyfiken på kva tidspunkt i Jesus sitt liv dei meinte at desse to naturane vart sameinte i ein person? Var det etter fødselstimen eller var det ved dåpen i Jordanelva, eller - ?

Kva lærer så desse kyrkjene?
Mar Babai den store skreiv denne tilbedingshymna i det 6.århundre

Ein er Kristus, Guds einborne Son
Tilbedt i to naturar av alle
Som Gud avla av Faderen
Utan byrjing, før alle tider
Som menneske fødd av Maria
Då tida var fullkoma, sameina i ein lekam
Hans Guddom er ikkje av mora sin natur
Som menneske ikkje av Faderens natur
Begge naturar sameina i ein substans
I ein person og i ein relasjon som Son
slik Guddomen er tre substansar i ein natur
På same måten er Sonen sine to naturar, ein person.
Slik har den Heilage kyrkja lært.

(omset frå engelsk av meg)

tirsdag 18. januar 2011

Ei veke er over.

Når eg ser attende, så går tida fort.
Det er alt ei veke sidan sist eg logga meg inn for å skrive nokre ord.
Og det har vore ei veke der vinterkulden måtte vike for mildvær og regn.
Desverre ikkje nok mildvær til at vegane vart snøfrie.
I staden for snø, sytte regnet for at dei vart dekte av våt og speilblank is.
Etter at eg i eit par dagar hadde prøvt meg som balettdansar på glattisen, kom der ei postsending med "skokjettingar". Dei var tinga av mi kjære, og velsigna vere henne.
Sidan har eg for det meste klart å halde meg på føtene.

Jau, eg har strødd med skjelsand, men den har hatt ein tendens til å renne vekk med regnet. Og salt har ikkje vore å finne på butikken der eg handlar.
Men det er ingen grunn til å klage. Slik er vestlandsvinteren. Den skifter raskt frå det kalde og kvite til det våte og grå. Og attende igjen.
Det er berre det at ein trudde det hadde vorte annleis i nokre år, då vi hadde milde og snøfattige vintermånader.
Men dette er berre eit kort mellomspel, seier klimaprofetane, det skal verte varmare og våtare vinterar i åra som kjem.


No er vi visst komne attende til normaliteten der været skiftar mellom sørvest og nordvest, og mellom regn, sludd og snø. Med nokre vakre vinterdagar inn i mellom då himmelen lyser klar og blå om dagen,og stjernene blinkar ned til oss om kvelden og natta.
Så går det nokre veker, og så er våren her. Vestlandsvåren med grøne lier og fagre blomar over alt.

Naturen og livet er flott, med alle sine variasjonar og utfordringar.

onsdag 12. januar 2011

12.01.11 morgon


Det har vore ein lang og kvit vinter så langt. Og endå er det nokre månader att før ein torer tru på vår.
I dag er det 12 dagar sidan sola igjen kleiv over fjellranda i sør, men endå har ho ikkje fått vise sitt ljose andlet.
Men denne morgonen klårna han av frå aust, så kanskje får ho ein sjangse til å syne seg ut på ettermiddagen i dag.
Eg får leve i vona om det.
Det var annleis for eit år sidan. Då var det klårt og kaldt, og eg fekk fylgje med kor sola klatra og daglengda auka for kvar dag..
Biletet er teke kl. 09.15.

Eg fekk vona oppfyllt.
Ut på ettermiddagen skein sola fram gjennom eit slør av tynne skyer.

tirsdag 11. januar 2011

Dei ortodokse aust-kyrkjene.(1)


Kristus Pantocrator. Mosaikk frå Hagia Sofia i Istanbul. Tyrkia

Eg er med i ein lokal Y´s Men´s Club, og i går kveld var vi samla til vårt første møte i dette året.
Kvelden sitt tema var ei billedreise til det kristne aust, slik dei nestorianske kristne (syrisk-ortodokse) skapte det gjenom sin misjon alt frå kristendomen si første tid.
Ei kyrkje som reknar sine røter attende til Antiokia i år 37, der dei truande for første gong vart kalla kristne. Og dei har Peter som sin første biskop.
Deira misjon nådde heilt aust til Kina.

Det var prosten vår. Kjetil Frøysa, som fortalde frå si studiereise etter desse røtene.
Det vart ein interessant kveld, der eg også fekk høyre om ting som var ukjende for meg.
Vi har ikkje lært så mykje om den kristne kyrkja aust om Middelhavet, aust over det asiatiske kontinentet.

Sjølv byrja eg mi oppdagingsferd i denne delen av kristendomen si soge for mindre enn 10 år sidan. Det har på mange måtar vore ei utfordrande oppdagingsferd å finne at vi her i vest har vore så fokusert på vår eigen trusnavle, at desse våre syskjen har vore, og kanskje endå er, så heilt utanfor våre synsfelt.
Og endå ein gong er det verdsveven som har fått lov å opne mine auge inn mot dette ukjende landskapet i Guds rike.

Berre ta eit emne som er svært sentralt for oss kristne, Bibelen.
Eg har lært om ulike omsettingane frå hebraisk og gresk til latin, og så vidare til dei ulike språka. Alt frå den første omsettinga i år 70.f.Kr, Septuaginta.
Og eg har vore inne i grotta i Betlehem der Hieronymus på slutten av 300-talet sat og omsette Bibelen til latin. Det som med tida vart den romersk-katolske kyrkjebibelen, Vulgata.

Men visste eg at dei syrisk-ortodokse fekk Bibelen (GT) på arameisk alt i det 2. årh.e.Kr.
I det 4.århundre kom også NT, og Bibelen var samla. Den fekk seinare namnet Peshitta, som tyder "felles".
NT kom seinare enn GT på grunn av at i det 2.årh.e.Kr, vart laga ei samanstilling av dei fire evangelia. Slik vi gjer når vi lagar barnebiblar t.d. Den vart kalla "Diatessaron," som tyder samanstilling av fire. Den vart brukt til heile Bibelen var omsett til arameisk.

Denne Peshitta-omsettinga har vore kyrkjebibel i den syrisk-ortodokse sidan.
Og arameisk har vore deira liturgiske kyrkjespråket.
I den indiske kyrkja på sørvestkysten av India (Thomaskyrkja) har dei omsett den vidare til det lokale språket.

søndag 9. januar 2011

Jesus sin dåp

Teksta for denne søndagen, 1.søndag etter Kristi openberring, fortel om kva som hende då to slektningar møttest ved Jordanelva.
Den eine, Johannes, var ei vekkingsrøyst i Israel,som forkynte dom og omvending, og kalla folk til å gjere reinsingsdåpen i elva.
Den andre, Jesus, stod ved starten av si treårige "karriere" som rabbi (lærar), og var komen til Jordan og Johannes for å la seg døype. Noko som for han ikkje var ein omvendings og reinsingsdåp, men ein innviingsdåp.
Truleg hende dette i nærleiken av Jeriko, i nedre del av Jordanelva. Kvar er ein ikkje heilt sikker på.


Biletet er frå ei dør inn til dåpskapellet ved katedralen i Firense, Italia.

Lukas fortel slik om det:
Alt folket let no seg døypa, og Jesus vart og døypt. Medan han bad, opna himmelen seg, og Den heilage ande dala ned over han i skapnad av ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen. "Du er Son min som eg elskar, i deg har eg mi glede!"

Eg tykkjer det er interessant å sjå korleis andre språkområde omset orda, men sidan eg ikkje er så språkmektig, vert det berre i dei nordiske og germanske språka at eg får meining i orda.
Her fylgjer to prøver frå engelsk språkområde.
Australia først. Frå The Aussie Bible, ei attfortelling på australsk-engelsk.
Denne også med Lukas som forteljar.

When the crowds were baptised. Jesus joined the queue, and he too was baptised. Then, as he prayed, the sky opened and God´s Spirit came down, like a big white cockatoo, and settled on him. God said:" Yoy are my own dear Son, and I´m really pleased with you."

Lenger nord i stillehavet ligg Hawaii.
Her er det Markus som fortel om hendinga på hawaiisk pidgin-engelsk.

Dat time, Jesus come from Nazaret town, Galilee side, an John wen baptize him inside da Jordan River. Right den Jesus wen come up outa da water. An you know wat? Jesus wen see da sky broke open, an wen spock God´s Spirit coming down on top him, jalike one dove. An wow! Had one voice from da skye wen say, "You my boy! I really get love an aloha fo you, an I stay good inside cuz a you!"

lørdag 8. januar 2011

Blått i vest


Våre vindauge mot verda utanom stova, vender mot sør. Og den himmelen eg såg denne morgonen var grå.
Det var og det værmeldarane varsla om på Yr. Svak aust/søraustleg vind, skya men ikkje noko nedbør denne dagen.
Og takk for det.

Men då eg litt seinare tok meg ein tur ut om døra for å sjekke postkassa, såg eg at over Eidheimsbakken i vest, var ikkje skyene grå. Dei var djupt blå. I kontrast mot dei kvite markene på Eidheim.
Vert det meir snø frå vest likevel, tru?

torsdag 6. januar 2011

13. dag jul


6. januar - 13.dag jul.
Etter den gamle julianske kalendaren var dette juledag, slik den framleis vert feira i dei ortodokse kyrkjene, medrekna dei koptiske og nestorianske kyrkjene.
Kyrkjer som er, og har vore, under hardt press frå dei muslimske herredøma.
Sist no ved terrorhandlingar i Irak og Egypt. I dag las eg og om at i Iran er kristne sett under press, og prestar fengsla for statsfientleg kristenforkynning.
Martyriet har fylgt, og vil fylgje det å vedkjenne seg trua på Kristus som Guds Son og vår frelsar.
Kor lenge vert vi sparde for det her i vårt land?

Dagen vert i den nye gregorianske kalendaren feira til minne om vismennene som kom frå aust for å hylle barnet.
Denne dagen vert det kveikt eit trearma lys- Heilagtrekongars lys.
Som kyrkjeleg heilagdag i Danmark-Norge, vart den fjerna ved helgedagsreduksjonen i 1770.

Motivet på biletet fann eg i katedralen i Burgos.

mandag 3. januar 2011

Morgonvaner


Det er underleg kor lett ein vert træl under vanen.
Her har eg som pensjonist all verda med høve til å gjer alt eg ynskjer.
Og så endar eg opp med at vanen styrer det heile.
Som det var i går, slik vert det i dag og.
Det er så trygt og godt.

Eg vaknar under den varme dyna, og kjenner ryggen fortel at det er på tide å forlate sengevarmen.
Toalett og bad får sine vitjingar først, så skal katten sleppast inn.
Er det takk han mjauar tru? - Eller var det eit : Sanneleg på tide å sleppe meg inn!
Så er det morgontablettane, henta avisa, sette på kaffien og fyre opp i ovnen.
Og medan varmen spreier seg i stova blar eg gjennom avisa - er der noko interessant tru?
Brettar den saman og slår på PC´en for ei runde mellom mine utvalde favorittar.

Så har vi vorte to i stova, og det er tid for litt morgonmat.
Ein treng ikkje lure på kva som skal på brødskivene. Vanen styrer det og.
Dagen kan byrje.
Det einaste som kan uroe opplegget er dersom eg må ut med snøfresen om morgonen.

Vanedyr?
Eg?
Ikkje i det heile!
Det er berre morgonrutine, og det er noko heilt anna.

Eit år ligg bak, og vi har starta på eit nytt med mange ukjende dagar framfor.
Om Gud vil?
Eg kjenner det litt på den måten som bilete over viser.
Vi vandrar på livsvegen vår.
Vi er pilegrimar.
Men skodda gøymer det som ligg framfor oss.
Vi har berre vegen og augneblinken vi er i.

Eg starta fjoråret som rekonvalesent etter hjarteoperasjonen.
Ei ikkje heilt god tid.
Det var ei lunge som gav meg litt problem.
Dårleg lungekapasitet og hoste.
Legekontrollane gav meg inga hjelp.
Var det kols eller astma som var under utvikling hos meg?

Så drog eg på pilegrimsvandringa, og plagene forsvann.
Om det var vandringa i varmen, eller om det var ein helgen som hjelpte, er ikkje godt å vite. Men hosten fordufta og veggen eg hadde kjent på i lunga, var der ikkje lenger.
Som Søren Kirkegaard sa: Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag, og jeg går meg fra hver sykdom.
Vel:
Om Gud lækte meg frå ei plage, så meinte Han kanskje at eg trong noko å kjenne på.
Kanskje Han tenkte: Det er ikkje vert han vert høgmodig denne karen der nede.
Så gav Han meg ein sting i sida i staden.

Vel heime hadde eg meg ei runde med doktor og sykehus, men dei kunne fortelje at alt var i "sin skjønneste orden. Intet galt å finne."
Og takk for det.

Det har betra seg utover vinteren, men eg får vel same svaret eg som ein annan mann fekk då han bad om å bli kvitt sin torn i kjøtet: Min nåde er nok for deg.
Inga samanlikning mellom meg og vedkomande forøvrig.

No tenkjer eg framover mot ei ny vandring om nokre månader.
20 mil over den flate høgsletta i Nord-Spania, Mesetaen.
Så får eg vona at Søren sine ord om å gå frå ei kvar plage slår til i år og.

Men først noko anna som har vorte ei fast vane.
Mandagskafé saman med gjengen, på Fru Svendsen.
Så no er det snart ut i snøkaven for å måke fram bilen.

søndag 2. januar 2011

Kristi openberringsdag

"Tre kongar kom frå Austerland.
Gull, røykels, myrra gav dei han.
Halleluja, halleluja!"


Kristi openberringsdag.
Dagen til minne om dei vise menn som kom frå sitt heimland i aust og fylgde stjerna til Betlehem, til Maria sin son, og hylla han med rike gåver.
Gull, røykelse og myrra.

I vår julefortelling er fødselen og vitjinga av vismennene, knytt nær saman i tid.
Truleg var nok avstanden større. Kanskje kom dei mellom eit til to år etter fødselen.
Herodes sitt barnedrap tyder på det sidan han tok alle gutebarn under to år.

Biletet syner hendinga, slik eg fann den skildra i klostermuseet i Covarrubias.

lørdag 1. januar 2011

Godt nytt år.

Tida ruslar avgarde utan at vi kan gjere så mykje med det.
Det var første juledag sist eg var inne her, og no er det første nyårsdag.
Ei veke har vorte lagt inn i minneboka.

Året rann ut med vind, regn og islagde vegar.
Likevel, ved midnatt dundra krutskota mellom husveggane, og lysblinkane kom tett over bygda.
Men morgonen kom med nyårsfred og opphaldsvær.
Så vart det sein frukost, og gudsteneste gjennom radioen.
Gudsteneste med kyrkjeåret si kortaste tekst. Den er berre på eit vers og fortel at på den åttande dagen vart Maria sin son omskoren og fekk namnet Yeshua (Josva er vel rettast omsett, men på gresk vart det Jesus) som tyder "Gud frelser."

Det vart ikkje så mange kyrkjevitjingar for meg denne høgtida. Berre julaftan og andre juledag.
Vi prøvde på ei første juledag og, i Stedje kyrkje. Men så hadde prestane i Sogn funne ut at å stå så tidleg opp at dei kunne halde gudsteneste kl.11.00 ein juledagsmorgon, det ville dei ikkje.
Så då stod vi utanfor ei stengd kyrkjedør den dagen.
Sidan det var sprengkaldt orka vi ikkje å vente ein heil time til at gudstenesta skulle byrje.
Derfor vart inga høgtidsgudsteneste på meg denne jula.
Det gjeld å lese lysingane, og ikkje vere så opphengd i tradisjonen.
Den kan endrast sjølv på ein juledag, lærde eg.


Men to gudstenester fekk eg med meg. Begge i den gamle stavkyrkja på Kaupanger.
På den eine var det ein gamal kjenning som forretta.
Ein sunnmøring som har gjort sogning av seg, Kjell Sæter.

Det gir meg nokre rare kjensler å sitje i ei så gamal kyrkje og høyre den gamle bodskapen som er like ny kvar einaste gong -
om barnet som var Gud, og som tok på seg vår skapnad og vart menneske.
Og samstundes kjenne seg eit med alle dei som har vore samla i denne kyrkja ned gjennom århundra for å høyre same bodskapen.

Så det vart den gamle stavkyrkja som var mi lune julekyrkje i år, medan kulden beit i kinna og small i veggane ute.
Og julegleda var den same, sjølv om kyrkja var heilt utan noko stivpynta juletre.
Det fekk lov å stå rotfest utandørs.

Så - til slutt -
ynskjer eg alle som er innom denne sida mi:
EIT GODT NYTT ÅR