lørdag 2. mai 2009

Til St-Côme-d'Olt 29.august 2007

Eg vakna til toreskrall og lynglimt.
Over torget i St-Chély-d'Aubrac hang tunge skyer over kyrkjetårnet og Frankrike sitt nasjonalsymbol, hanen.


Kyrkja er open denne tidlege morgonen, og vi fylgjer vår vane på pilegrimsvegen, med å vitje alle kyrkjer vi går forbi. Om dei er opne då.


Her er ei kvinne i gang med blomepynte kyrkja for gravferd, så vårt vitjing vert kort.
Men som lutheranar undrar det meg den plass heilage kvinner og menn får i katolske kyrkjer, medan Jesus sin plass er mindre i augefallande.


Vegen vidare går ned i dalbotnen, og over brua til andre sida.


Eit stykke ovanfor brua ligg dette vesle huset. Pynta med jakobspilegrimane sitt symbol - kamskjel.
Har eigaren vore på vandring til Santiago de Comostella, tru?


Då vi tok vegen fatt igjen, hekk skyene framleis tunge over St-Chély-d'Aubrac, men vi var ikkje komne langt opp i bakkane før sola igjen braut fram.


Etter å ha klatra opp forbi kyrkjegarden med den ventande grava, og fått det siste glimtet av St-Chély-d'Aubrac langt under oss,



kom vi inn i eit ope og fredeleg skogsterreng.


Utover formiddagen høyrer vi tora buldre i det fjerne, og det kjem nærare etterkvart. Himmelen mørknar til, og vi må leite fram regncapane.


Og med eit haglar det ned over oss.


Det beitande storfeet oppe på åsen, bryr seg lite om både tore og hagl.


Vegen ber ned frå åsen igjen.
Nede i lia har ein eldre mann rigga seg til i ei steinbu ved vegen.
Der byr han pilegrimane på varm kaffe eller te, med småkaker til.
For nokre få myntar.
Kona fylgjer med frå kjøkenglaset på andre sida vegen, om han har det han treng på bordet.
Så bryt sola igjenom att, og regncapane kjem av.


Ei triveleg avveksling å få. Kaffe, kaker og hyggeleg prat i steinbua.


Og utanfor blømer endå ei sol med sine sterke fargar.


I 12-tida rastar vi i ein solkledd bakke.
Leif og Torbjørg ville stelle sine gnagsår.
Marie slår seg ned saman med oss, og ho har gode råd å gi.
Judit kjem og forbi medan vi sit der. Ho har visst vorten heilt frisk etter sengelega.


Der skil vi lag. Bodil og eg ruslar vidare, medan dei vil kome etter når dei har fått ordna med føtene.

Vi kom ned på asfaltvegen etter ei stund, fylgde den eit stykke, før det igjen gjekk oppover ein ny ås til grenda La Roziére.
Det byrja fint, sjølv om den raud-brune jorda er sleip å gå på, når den er våt av regn.
Då er det lett å gli.


Stien vart etterkvart eit søkk i terrenget rundt og vi gjekk på stein og grov pukk. Så her såg vi kva tusenvis av føter gjennom århundra, i tillegg til rennande vatn når det regna, kan gjer med det som i starten nok berre var eit dyretråkk opp lia.


Endeleg flatar det ut oppe på åsen, og vi går bortover mellom grøne enger, små landsbyar og nybygde villastrøk.


Oppe på åsen fekk vi melding om at Leif, Torbjørg og Marie hadde haika med ein bil, og venta på oss i St-Côme-d'Olt.
Vel framme på åskanten, såg vi byen under oss nede ved Olt.
Olt er det occitanske namnet på elva Lot.

Bakkane ned vart tunge for Bodil. Knea verkte i nedoverbakke.
Men til slutt kunne vi rusle inn på torget ved kyrkja.
Ta av oss sekkane og sette oss på ein benk i skuggen av store tre.


Kyrkja i St-Côme-d'Olt er frå 1500-talet. Det som særpregar henne utvendig er det vridde tårnet. Under religionskrigane vart det nytta som vakttårn.






Saint-Cély-d'Aubrac



Saint-Côme d'Olt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar