mandag 28. januar 2013

Stavkyrkja

Det var minusgrader i lufta så eg hadde kledd meg godt til ei gudsteneste i den gamle kyrkja, men inne var det ein god lunk så det varde ikkje lenge før det yste laget måtte av.
Eg er ute i god tid, så eg får høve til å la augene, og tankane, flyge sine eigne vegar før klokkene ringer inn til samling denne søndagen, 900 år etter kyrkja stod nyreist på branntomta etter den som stod her før.
Det var kong Sverre sine menn som i hemn for eit lendmannsdrap, brende ned heile kaupangen og kyrkja. Men det tok ikkje lang tid før ei ny kyrkje reiste seg på branntufta.
Ho fekk nok sine endringar gjennom hundreåra, før ein på 1950-talet byrja å føre den attende til hennar opphavelege utsjånad. Eller så langt det var råd å gå på den vegen, når ho samstundes skulle vere ei soknekyrkje i aktiv bruk.
Og utvendig er det ikkje mykje som skil frå 1200-talet. Tek ein vekk tårn og våpenhus, og bygger svalgangar rundt kyrkja, så har ein 1200-tals kyrkja.

Den gamle i sine slitne skinnklær, stør seg tungt på staven der han stig inn under det lave svalgangstaket og inn mot kyrkjedøra. Over han reiser kyrkja sin endevegg seg høgt mot den lyse vårhimmelen. Det grønkast på bøane her nede ved fjorden. Lenger oppe står furuskogen tett oppover mot åsbrynet. Han tek tak i døra, opnar den og stig inn i det halvmørke kyrkjeromet. Berre nokre små runde gluggar høgt oppe sender litt lys inn i romet der stolpar og band teiknar seg av oppover mot mønet, langt der oppe.
Han stør seg igjen på staven når han stikk fingarene ned i det vigsla vatnet, lyfter dei og teiknar seg med krossen sitt teikn på panne og bringe, medan han formar nokre ord han har lært, og sagt, heilt frå barndomen. Dei er på framandt mål, men presten fortalde han eigong kva dei tydde på sognamål.
Så lyfter han hovudet og rettar augene fram mot koret der framme. Der strålar det gult lys mot han frå dei mange kjertelysa som lyser opp  det vesle romet ved alteret. Presten og hans medhjelparar er alt igang med å messe sine songar på det framande målet. Oppe over korbogen ser han lyset spegle seg i Kvitekrist sin lekam, der han heng, spikra fast på krossen sin.
Den gamle finn seg ein tom plass på benken som strekkjer seg bortover veggen på mannnsida av romet. Legg nevane i kross over staven, bøyer hoved ned mot dei, og vender sinnet oppover mot Kvitekrist der oppe, og mot presten si røyst der framme i det gule lyset.
Om litt vil han mødefullt reise seg og gå fram mot koret. Og når det vert hans tur får han det vesle brødet lagt inn på tunga. Det er lekamen til Kvitekrist dette brødet, hadde presten fortalt han den gongen han full av undring hadde spurt kva det var som var så heilagt med denne vesle brødbiten. Det er lekamen som Kvitekrist gav i døden for alle menneske eingong, også for deg Iver, hadde presten sagt då.
Så er messa over. Dei sløkkjer lysa der framme, og kyrkjeromet ligg igjen i halvmørke. Han reiser seg tungt på staven, vender seg mot alteret der framme. Teiknar seg endå ein gong med krossteiknet før han legg handa på dørklinka og stig ut over dørstokken. Ut i vårsola . Ut på kyrkjevollen med sitt vårgrøne gras.

Så kom reformasjonen, og nokre få tiår seinare er kyrkjeromet endra, for no er det luthersk skikk som råder. Her er kome inn benkar som kyrkjelyden sit på under gudstenesta. På alteret er der kome ei altertavle med bilete av den krossfeste, og øvst oppe på den ser dei den sigrande Kristus kome på skya.
Her er kome preikestol som presten skulle nytte når han forkynner. Ikkje på sognemål slik kyrkjelyden talar seg mellom, men på kongens mål, dansk.
Endå nokre tiår seinare er Kristus på krossen borte frå plassen sin over korbogen. Det same er Maria Møy og andre heilage menn og kvinner som var tilstades i kyrkjeromet. I staden har to store minnetavler fått plass inne i kyrkjeromet. Den eine for ein prest og hans familie.  Og over koropninga der Kristus før hang, heng den andre. Der har herren til Kaupangergodset sikra seg sin plass, han som utrusta kyrkje med dette nye inventaret. Og på sideveggane er der komne blyglasvindauge som slepper dagslyset inn i kyrkjeromet. Og på veggane er der roser og andre målingar som pyntar opp romet.
Årtier seinare er og svalgangen rundt kyrkja borte, men den har fått tårn og våpenhus.
Og i gudstenesta er det Ordet og salmesong som råder grunnen, og den vert nok opplevd lang når gudstenestemålet sogningen høyrer er framandt mål, overklassa sitt mål, dansk.
900 år er lang tid. Kyrkja har sett tidene skifte. Det har sett bygdefolket, både dei kondisjonerte og småkårsfolket fylle kyrkjeromet i sorg, og i glede. Etter 800 år byrja folket sitt mål å høyrast frå kor og preikestol.
Denne siste januarsundagen sit ein eldre mann i ein av benkane og let auge og tankar vandre før klokkene ringer inn gudstenestetimen. Og målet til han som leier gudstenesta er det lokale bygdemålet. Gudstenesteboka har han lagt bort, istaden nyttar han eit lite databrett. Og som presten i katolsk tid hadde sine korgutar, har og denne sine unge hjelparar. Bygda sine 5-klassingar skal få kvart sitt nytestament, og dei deltek i dei ulike ledda i gudstenesta.
Den gamle frå 2013 tenkjer på kva kyrkja har opplevd av ytre endringar i sine 900 år, men sannleg har ho og opplevd store endringar i gudstenesteuttrykket i dei åra ho har stått her på kyrkjevollen i Kaupanger 

.

fredag 25. januar 2013

Puerta del Perdon

Kvar gong den 25.juli - dagen for apostelen Jakob - fell på ein søndag er det eit heilagt år i Santiago de Compostela, og då vert ei stengde dør opna. Går ein då gjennom den døra så får ein tilgjeving for sine synder - om angeren er ekte eller ikkje.
Då vi  ifjor vandra inn i Santiago var døra stengd då 2012 ikkje var noko heilagt år.
Men det eg ikkje visste var at eg alt året før hadde vandra gjennom ei slik dør der pilegrimar på veg mot Santiago si grav kunne få tilgjeving for sine synder nå ein gjekk gjennom den. Og det sjølv om dei ikkje nådde fram til Santiago de Compostela.

Kvar den døra er? Jau, det er den andre porten, døra, inn til Basilika San Isidoro i Leon.
Puerta del Perdon heiter den. Tilgjevinga sin port.
Ikkje visste eg det, og ikkje kunne eg velge å la vere å gå igjennom den, om eg ville inn i basilikaen. Årsaka var at den andre døra, Lammet sin port, var stengd grunna restaureringsarbeid.
 
Puerta del Perdon har og to portvakter på sidene av døra. Men denne gongen er det ikkje to heilagmenn frå spansk jord, men Peter og Paulus. Peter med nøklane til himmelriket, og Paulus med ei bok i hendene.
 
Denne porten, og tympanumet over den, skal vere noko yngre enn hoveddøra Puerta del Cordon. Men begge er romanske portar.
Tympanumet på Puerta del Perdon har tre motiv henta frå hendingar etter Jesus sin død på krossen.
Det sentrale motivet er at Jesus vert teken ned frå krossen. Vi ser ei kvinne som held den eine handa hans, og ein mann som held kroppen medan den tredje held på å drage siste naglen laus med ei tang
Over svevar eit par englar med røykjelseskar og spreier velduft over dei.


Til høgre for nedtakinga frå krossen er vi komne fram til oppstoda frå død og grav. Vi ser ein engel som lyfter steinen frå grava, og dei tre kvinnene som gjekk til den for å stelle hans døde lekam, men som fann grava tom.
Det tredje motivet syner at Jesus vert lyft opp frå jorda att, og to englar som ser ut for å lyfte han opp.
 
Basilika San Isidoro fortel gjennom sine to tympanum over Puerta del Cordero og Puerta del Perdon dei sentrale fortellingane om kva som er grunnlaget i kristentrua, Grunnlaget for tilgjevinga og nåden som kom til oss gjennom Jesus Kristus sitt liv, død og oppstode. 

 
 
 


 

 
 

.
 

torsdag 24. januar 2013

Puerta del Cordero

Puerta del Cordero - Lammet sin port.
Der er to dører - portar- inn til kyrkjeromet i Basilika San Isidoro.
Den eldste er truleg frå 1100-talet, Og namnet Lammet sin port har si årsak i motivet på tympanumet over porten.

Dette motivet var mykje framme i den mozarabiske kulturen på den spanske halvøya på 1100-talet, Motivet over den andre porten var ikkje like mykje i fokus på den tida.

Hovedmotivet er Abraham som lyfter kniven over sonen Isak, klar til å ofra han på alteret, slik Gud hadde bedt han om å gjere. Dette for å teste ut Abraham sin vilje til å høyre på Gud, sjølv om det ville koste han dyrt?
Men i det han lyfter handa for å utføre offeret, høyrer han Guds røyst, her symboliset av Guds hand. Denne handa er ofte nytta som eit symbol på den usynlege Gud og er på latin kalla "Dextera Domini". Og røysta ber Abraham om  ta ned kniven, Og samstundes ser vi ein engel som skuvar fram eit lam  som sit fast i busken like ved. Vi ser og ein person til, om det er ein tenar, eller det er Isak i det dei kjem fram veit eg ikkje, men vi ser han tek av seg skorne fordi dei står på heilag grunn.  I hovedmotivet er både Abraham ig Isak berrføtte.

På sidene av offerscena finn vi på eine sida Sara utanfor teltopninga, speidande etter sonen Isak i det dei rid bort for å dra til Moriafjellet der ofringa skal finne stad. Ho lyfter eine handa. Er det i sorg over kva Abraham er i ferd med å gjer?








Og på andre sida finn vi Abraham sin første son Ismael, også han ridande og med pil og boge i hendene, medan Hagar, mor hans ser ut som ho lyfter på kleda og dansar.
Uttrykkjer ho glede over det som no hender? Er det eit uttrykk for korleis det kristne i nord såg på islam og dei islamske maurarane i sør?













Men der eit motiv til på dette tympanumet. Over Abraham og Isak finn vi eit motiv som knyter seg opp til noko Abraham sa til Isak på vegen mot Moriafjellet. På Isak sit spørsmål om kvar offerlammet var, svara Abbaham at Gud ville sørge for det.
Inne i kransen ser vi lammet Gud valde seg ut. Den som Johannes døyparen peikar på når han seier" Sjå der er Guds Lam som ber bort verda si synd." Og som vi finn at i Johannes Openberring 5,6 " Og eg såg eit Lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta." Og bak Lammet ser vi krossen som fortel kven Lammer er, Den salva Kristus, Jesus.
"Agnus Dei" syng vi i våre gudstenester. "Du Guds lam som  bar all verdsens synder". Det er soga som tympanumet over Puerta del Cordera har tala til uteljande menneske om, i snart 900 år.

tirsdag 22. januar 2013

Er Isidoro der?

Ja, er då Isidoro å sjå på basilikaen som er tileigne han?
Jau, han er der berre eg veit kvar eg skal sjå etter han. Det visste eg ikkje då eg var der i mai i 2011.
Forfattaren av ei bok om kunst, kultur og soge etter pilegrimsvegen, seier ein bør ha med seg ein liten kikkert i sekken når ein går caminoen. Eg hadde ikkje det, men eg såg fort at det hadde vore eit lite must å ha.  Der er mange små detaljar ein misser både inne og ute, både på kyrkjer og katedralar. til dømes på dei store alterveggane og på små bygningsdetaljar høgt oppe.

Der er to portar inn i basilikaen, over den eldste som er kalla Lammet sin port, Puerta del Cordero, sit der øverst oppe ein rytter til hest.

Då vi var der var fasaden rundt porten, og plassen framfor, under arbeid, og godt gjerda inne, men eg fann eit hol så eg kunne sjå inn. No les eg at det arbeidet er flytta over til den andre porten inn til baslikaen.



Den rytteren eg knytte til kyrkjebygg etter pilegrimsvegen var Santiago Matamoros. dvs. Sankt Jakob mauradreparen. Men vel heime att fann eg at der misfor eg meg.  Det er San Isidoro som er ryttaren på den flotte hesten, der oppe over Lammet sin port.
Ein noko fredlegare ryttar enn Matamoros.









Men San Isidoro er også å sjå på sida av Lammet sin port.
Der står han med sin biskopstav i handa, og eine handa lyft til velsigning.

Ved sida hans er der ein mindre skikkelse med kniv i handa.
Basilikaen har vorte skadd nokre gongen i tid, både av krig og elde, noko som har ført til at den har hatt trong for vøling.
Under ei av desse vølingane har denne vesle karen med kniv hamna på feil side av porten.




Han høyrer saman med San Pelayo som står på andre sida av porten. Pelayo som kyrkja var tileigna før Isidoro kom inn i biletet.

Den unge Pelayo miste livet i Cordoba. Der vart han ein martyr for si tru. Og kva var årsaka til at han miste livet?
Han vart fanga i Pamplona under eit muslimsk raid nordover og førd syd til Cordoba. Kalifen ville ha han til å avsverge si kristne tru ved å gi opp sin sølibatlovnad og vere seksuelt aktiv med ei kvinne. Han nekta, og det enda med at han vart lemlesta til døde med jarntenger. Hans døde lekam vart så kasta ut på bredden av elva Guadalquivir 26.juni i 926..

 
 

mandag 21. januar 2013

Johannes skriv

Johannes sit og skriv. Håret og skjegget hans er kvitt etter eit langt liv. Han veit at det er ikkje lenge att før han vert henta til sin Herre og meister, og derfor sit han bøygd over pergamentrullen. Skriv om dei korte åra han fekk gå saman med han. Skriv om det han opplevde, heilt frå den fyrste dagen då han stod på stranda og greidde garna etter natta sitt fiske. Det møtet som enda med at han forlet faren og båten, og ga seg i fylgje med denne mannen som hadde ei slik sterk utstråling. Han måtte berre lære han betre å kjenne.

Han fekk sjå kven han var. Ikkje med ein gong. Ikkje før etter den tunge påska i Jerusalem. Den som snudde opp ned på alt.
Hendingane frå dei tre åra han fekk saman med han stig klåre fram i minnet.
Vandringane rundt om til landsbyane i Gallilea, og vandringane opp til høgtidsfeiringane i Jerusalem.
Og heile tida bar dei ei undring med seg;  Kven er han eigentleg?


Dei hadde spurt han ein dag; Kven er du? Då hadde han svara; sjå på gjerningane mine og høyr orda mine, dei fortel kven eg er.
Han gjorde ting ingen andre kunne gjer. Han lækte sjuke og vanføre. Ja dei hadde endå sett han gi døde livet attende. Kven kunne gjer slikt?
Det er Belsebul som er med han hadde dei skriftlærde kviskra høgt då han dreiv ut ei vond ånd. Då hadde han gått i rette med dei og spurt om ikkje Belsebul i så fall var i strid med seg sjølv.
Menneskesonen likte han å kalle seg, som om ikkje alle var born av ei kvinne, men han la tydelegvis noke mykje meir i dette namnet, tyktest det dei. Han knytte seg til deira fedres Gud på ei så sjølvsagt måte at det skapte undring. Han var då ein nasarear frå Nasaret, fødd av Maria.
Han nytta og Guds namn på seg sjølv. Det namnet som var så heilagt at berre øvstepresten i tempelet hadde lov å nytte det.
Eg er, sa han Eg er.og han knytte andre ord til det som provoserte dei skriftlærde, og fylte dei andre med undring.
Eg er lyset for verda.Den som har det lyset skal aldri gå i mørkret meir.
Eg er livsens brød som vert gitt for verda.Den som et av det brødet skal aldri døy.
Eg er det levande vatnet, den som drikk av det vatnet vert aldri tyrst att.
Underlege ord hadde dei meint då og igjen undra seg; Kven er han?

Så kom den tunge påskehøgtida i Jerusalem. Den siste dei fekk saman med han.
Han minnest dei siste timane i mørkret på Golgata. Sola hadde misst sitt lys då Meisteren hans hang spikra til krossen. Sjølv hadde han stått der og helde hendene om Maria, mor hans, medan dei venta på at døden skulle hente han. Og så i dei siste minutta før påskesabbaten kom, fekk nokre vener ta han ned frå krossen og legge kroppen hans i ei tom grav. Det vart ei tung påskehøgtid, men lyset kom att, for då helga var over rann sola over ei tom grav. Då kom nokre av kvinnene forskremte attende frå grava og fortalde at den var tom. Peter og han sprang ut for å sjå, og den var verkeleg tom. Kroppen hans var borte, berre likkleda låg i krøll der dei hadde lagt han.

Sidan dei fekk møte han att. Han som før, men likevel, noko var endra for han gjekk gjennom stengde dører. Han mintest at han måtte tenkje attende til då dei fekk sjå han omstråla av lys oppe på fjellet, ja ikkje berre omstråla, det lyste eit underleg sterkt lys av han den gongen. Etterpå, då dei gjekk ned frå fjellet hadde dei spurt kvarandre ,Kven er Han?

Johannes minnest fortellinga om då Moses møtte Gud, og han retta sitt spørsmål inn i den brennande busken: Kven er du? Kva skal eg svare når folket spør meg kven du er? Kva er namnet ditt?
Og han fekk høyre ; Eg Er, det er namnet mitt til evig tid.
Igjen dukkar døyparen opp i Johannes sitt minnet, og orda hans: Det er om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen før meg, for han var til før meg.
Den gamle Johannes minnest at meisteren eingong sa om seg sjølv at før Abraham var, var han. Då hadde dei ikke skjøna djupnene i dei få orda. Det var først etter at han hadde forlete dei, at dei byrja å sjå kven han verkeleg var. At han ikke var berre Jesus, Maria sin son, men at han verkeleg var --- Gud son, --- Gud komen i kjøt..

Den gamle Johannes sit lenge still over orda han har skrive, medan augene ser dimme mot noko langt borte. Så lyfter han hovudet, rullar saman pergamentet og tek eit nytt ark, fuktar fjørpennen og byrjar skrive på nytt.
I byrjinga var Ordet, og Ordet var hos Gud, Og Ordet var Gud. Han var i byrjinga hos Gud. alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til.... og Ordet vart menneske og slo opp sitt telt mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne sonen har frå far sin, full av nåde og sanning

Johannes fekk sjå kven han var og opnar sitt evangelium med å fortelje oss, at denne Gud som alltid er, steig inn i vår tid. Han slo opp sitt telt mellom oss og banka teltpluggane sine ned i vår jord.
Ingen har nokon gong sett Gud, men han, som er Gud, har synt oss kven Gud er, skriv han.
Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med våre eigne auge, det vi såg og det hendene våre rørte ved, sjølve livsens ord, det forkynner vi. Vi var augnevitne og såg hans guddomelege velde, skriv Johannes og Peter i sine brev.
Menneskesonen kalla han seg. Han som bær namnet EG ER, han som tok på seg kjøt og vart menneske, fødd av ei kvinne. Jesus frå Nasaret, Maria sin son.
Rett nok, sa Paulus, finst det såkalla gudar, menneskeskapte gudar, både i himmelen og på jorda. ja der er mange gudar og mange herrar. Men for oss er der berre ein Gud. Vår Far. Alt vart til av han, og til han er vi skapte.
Og der er ein Herre, Jesus Kristus. Alt er til ved han, og ved han lever vi.

Forstår eg dette? Treng eg forstå det?
Johannes og Peter kunne snakke om det dei såg, høyrde og tok på. Eg kan ikkje det. Eg har ikkje noko fysiske bevis for det gåande her som eg kan sjå, høyre og ta på, for han som kalla seg Menneskesonen, han rykte sine teltpluggar opp og tok sitt telt ned etter vel 30 år mellom oss. Han vende attende til Gud sin Far.

Det eg har er skrivne ord om han og hans gjerning, og menneska sine erfaringar av at han gjennom århundra som sidan har gått. Og at han, slik han lova, framleis er nær hjå den som trur..

Sjølv om eg ikkje kan ta på han med hendene mine, så gir han meg trua si gåve, bøna si gåve og ordet si gåve. Og han har gitt meg ein Talsmann til å leie meg fram i kunnskap og kjennskap til han og hans fullkomne liv og gjerning i dei åra hans telt stod her på vår jord. Dei som enda med at han gjekk inn i Guds heilagdom med sitt eige blod, og kjøpte oss fri frå den domen som hang over oss. Gjennom kors, død og grav
Og då han knuste dødens makt, opna han vegen for oss inn til eit liv i hans rike der han skal lyse for oss.

Av hans overflod har vi alle fått, nåde overe nåde, skriv Johannes.
Nåde ove nåde!
Den store kyrkjefaderen Augustin seier at dette nåde over nåde handlar om to ting som vi får av Han. Det eine er nåden, frelsa han kjøpte oss med sitt blod på Golgata. Kjøpte oss fridom, rettferd og fred med Gud vår skapar, endå vi var og er syndarar og skuldige til dom.

Det andre er trua som han gir oss som gåve, det som vert lagt i våre tome hender, om vi vil opne dei og ta imot.
Og alt er av nåde. Gratis.
Nåde over nåde.
Bileta er av Larsnes kyrkje, der eg hadde gleda av å leie gudstenesta sist søndag.


fredag 18. januar 2013

Panteon de los Reyes de Leon

Vi er byrjinga av 1000-talet. I kongeriket Leon sit kong Fernando I, ein stor krigar og ein djupt relegiøs mann. Det mauriske imperiet på den spanske halvøy har vorte splitta i mange smårike, og har mist krafta si. Leon og Castilla som no er sameinte i eit kongedøme, herjar sør i Extramadura. Til slutt må herskaren i Sevilla be om fred. Men han har lite gull å betale for freden med, og Fernando krev relikviar i staden, og får beina etter San Isidoro.
Den 21.desember 1063 kjem San Isidoro til Leon og vert motteken med ein storslegen seremoni.
I Leon var der etter det muslimske raidet i 988 som la byen i ruinar, bygt ei lita kyrkje vigd til Johannes døyparen. Så kom leivningane etter San Pelayo til byen, og kyrkja vart utvida og revigsla til han.
Men så kjem San Isidoro, og kyrkja vert på nytt utvida og får forma til ein basilika. Og igjen vert den revigsla, denne gongen til San Isidoro.
Tett ved ligg kongeborga, og kva er meir naturleg for ei kongeætt med ambisjonar, enn at når dei har ein så stor heilag mann i sin nærleik, så må de sjølve få sin kvilestad saman med han. Vegg i vegg med basilikaen bygger dei sin eigen gravkrypt. Eit kongeleg Pantheon for kongeætta i Leon.
Det var ei oppleving å kome inn der. Vi kjem først ned i ei søylehall, og ved sida av denne halla ligg gravkryptene med fleire dekorerte sarkofag for dei som kviler her. Men det er søylehalla som får det meste av vår tid der inne. Fagert dekorert som den er med bibelske motiv malt på kvelvingane over oss. Men der er og bilete som syner dagleglivet på den tida.
Sidan det ikkje var lov å nytte eige kamera, har eg lånt nokre bilete frå verdsveven for å gi eit litt inntrykk frå denne kongelege Pantheon I Leon.



Søylehalla

Kristus med evangelistane rundt

Eit av kvelva


 

Der var og nokre bilete som viste kva arbeid som høyrde dei ulike mpnadane til. Her er august med kornskurd, september med tresking, oktober med druesanking, oktober med eikenøtter, november med slakting og desember med koking av grisen.


 

onsdag 16. januar 2013

Basilika San Isidoro

Ved ein stor open plass ut mot den gamle bymuren i Leon ligg Basilika San Isidoro.
Basilika er namnet på ei gamal bygningsform frå gresk/romersk antikk. Ordet er gresk og tyder "kongeleg hall". Kyrkja bygde vidare på den verdslege bygningsforma, og dei første større kyrkjene var 3 eller 5-skipa basilikaer, som vart gjort lysare enn den opphavelege bygningsforma. Dei hadde eit sentralt, høgt midtskip, og lavare sideskip. Med søylerader i mellom. Oppe på veggen i midtskipet, over sideskipa, var der vindauge som slepte inn dagslyset. I front av skipet var eit kor, forma som ein apsis. Ei halvrund, kuppelforma nisje. Også mange nyare kyrkjer er bygde som basilikaer.
Ein basilika hadde ein høgare status enn andre kyrkjer i området, men ikkje i høve til ein katedral, om der var ein slik i nærleiken.
 
San Isidoro vart gravlagd i Sevilla, men etter ein avtale mellom kongen i Leon og den muslimske herskaren i Sevilla, vart leivningane hans overført til Leon i 1063, slik at han skulle få kvile i kristen jord. Og Abbad II al-Mu'tadid laga til ei fager kiste, kledde med dyre klede og gull for å føre relikviane etter Isidoro nordover til sin nye kvilestad. Basilika San Isidoro i byen Leon.

.
Sidan det ikkje var lov å ta bilete inn på museumet i basilikaen, er museumsbileta henta frå verdsveven.


mandag 14. januar 2013

San Isidoro

Eg har moro av å finne ut litt meir om kva eg såg og opplevde etter Camino Frances desse åra vi gjekk vegen.
Her ein dag då eg sat og las i den tiande songen frå Paradiset, i Dante si "Guddommelege komedie", kom eg fram på ei lita setning; "Du ser og flamme i sine logar åndene åt Isidor, åt Beda og åt Rikard. som i si tankekraft var meir enn mandig,"
Og dette namnet Isidor  tyktest det meg å ha vore bort i før. I alle fall i spansk versjon; Isidoro.
Beda var ein angelsaksisk lærd klosterbror på 600-talet. Han vart kalla Venerabilis dvs Den ærverdige. Kjend mellom anna for si soge om britane.
Rikard var skotte som vart prior i eit kloster i Paris. Levde på 1100-talet og skreiv mange lærde teologiske bøker.
Men så var det Isidor. Kven var han? Og kvar dukka han opp for meg på pilegrimsvegen?
Hugsar de det medvandrarar?
Eg måtte til å undersøke på verdsveven for å få vite litt meir. Kronisk nyfiken som eg er.


Isidor, eller Isidoro var av visigotisk kongeætt, og vaks opp i Sevilla på 600-talet.
Han var lite interessert i "skulegong", men ein eldre bror tvinga han, og han vart ein av si tid mest kunnskapsrike personar, og sette djupe spor etter seg utover i århundra seinare. Det er vel og derfor at han av Dante hamnar i Paradiset saman med Bede og Rikard som menn med ei tankekraft som var meir enn mandig, altså nærast overmenneskeleg.
Isidoro vart kalla til biskop i Sevilla, og han var med på å omvende den visigotiske kongeætta bort frå ein ariansk kristendom og over til romakyrkja.
Då han døyr i 636 vert han gravlagd i domkyrkja i Sevilla.. Då visigotarriket fell for islamske hærstyrkar, overtek i 712 islamske herskarar vernet av grava. Dei verdset han høgt som ein stor og kunnskapsrik lærar.
Så går åra. Dei islamske århundra i Spania går mot slutten, og i nord har dei små kristne rika vakse seg større og mektigare. Det gjeld og kongeriket Leon. Men framleis er der islamsk raid nordover, og i eit av desse raida på 900-talet vert Leon by øydelagd. Men på 1100-talet vert byen bygd opp att, og ei ny kyrkje vert bygd og vigsla til ein ung gut, Palayo, som vart martyr for si tru i Cordoba på 900-talet.
På 1100-talet kom kongen av Castillia og Leon i ei posisjon der han kunne kreve tributt av den mauriske herskaren i Sevilla, og då kravde han å få beina av Isidoro flytta til basilikaen i Leon, og den kyrkja vart vigsle på nytt til San Isidoro.  Men det seiest at nokre av beina hans framleis er i domkyrkja i Sevilla.
Når ein står ved den store katedralen i Leon, og så går dei smale gatene nordvestover mot den gamle bymuren, kjem ein til Basilika San Isidoro der den støttar klosteret og det høge klokketårnet opp mot muren. Og i, og på,  den gamle basilikaen er der mykje som er særs sjåverdigt.

søndag 13. januar 2013

På han igjen?

Det var visst bra eg sette spørsmålsteikn  etter slutt, sist eg var her.
Då meinte eg, og trudde eg at no var det over med blogginga mi. Å legge bileta mine inn på Picasa ynskte eg ikkje, ville eg ikkje. Og kunne eg heller ikkje. Så då var det over då.
 Men den gong ei. Eg har ein son som synte meg kor det skal gjerast, og som overtydde meg om at dette kan eg få til. Og då må eg vel berre trekkje attende mitt takk og farvel. I alle fall førebels. Så får eg sjå om det vert meir på desse to bloggane mine. Det er kanskje ei viss fåre for det. I alle fall slik framtida teiknar seg i dag.

tirsdag 8. januar 2013

Slutt?

I april 2009 byrja eg å skrive på denne bloggen.  Og årsaka var at eg ynskte å fortelje om pilegrimsvandringa eg var med på å gå frå Le Puy en Velay. Ein liten by i Auvergne regionen, midt i Frankrike. Planen var å gå til Santiago de Compostela i Galisia, vest i Spania. Ei strekning på vel 1500 km. Vi byrja å gå i september 2007, og kom fram i september 2012.
Eg har på denne bloggen fortalt om denne vandringa, og knytt eigne foto til kvart skrivne stykke. Gjennom desse åra har  eg og skrive om mange andre opplevingar og ting eg har vore oppteken av, og alltid med eigne foto knytt til orda.
Men no synest slutten å vere komen. Sidan nyåret kom har det ikkje vore råd for meg å laste inn eigne foto på bloggen. Berre slike som kan hentast frå mobiltelefon eller frå verdsveven. Ikkje frå mitt eige private bildealbum. Og sidan mi skriving er så sterkt knytt til eigne foto, vil denne bloggen ende sine dagar no. Om ikkje dei som styrer bloggverktyet igjen opnar høvet for meg til på nytt å laste opp eigne foto.  Då kan den kanskje vakne til liv att.
Det har vore triveleg å ha denne ventilen ut frå heimen, og eg har hatt glede av å skrive mine små epistlar. Og det har vore hyggeleg å sjå at der ute har det vore nokre innom og lest orda mine.
Sidan det no ser ut til at slutten er komen for dei to bloggane mine,  "Vandrar, vegane fell så vide" og "Under solefallselden", takkar eg mine lesarar for fylgjet desse åra.
Lev vel.