fredag 8. mai 2009

På feil veg igjen. 11.septeber 2008

Det er triveleg å vakne opp til klår, blå himmel og ein god frukost. Etter gårsdagen, planlegg vi å gå berre 10 km denne dagen. Og verten har hjelpt oss å tinge rom i Montredon.
Når kvinnene kjem attende etter ein provianteringstur inn i byen, kjem sekkane på og vi byrjar klatre opp bakkane.

Men så byrjar mistanken å uroe freden.
Går vi feil igjen? Vi går då mot sola som er i aust.
Men merka på lystolpane langs gata syner då at vi er på rett veg.
Mistanken aukar. Vi må gå feil.

Ein liten prat med ein lokal stadfestar mistanken.
Vi går feil. Sidan vi kom i drosje i går, har vi gått opp dei bakkane vi i går skulle ha kome ned.
Og så ser vi det. Lyktestolpane har merke på begge sider. Dei er merka for at ein skal kunne vandre i begge retningane.
Så det vert retur til hospitset og start på nytt. Denne gongen mot sydvest.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar