søndag 29. juni 2014

Vegen ventar



 
Der ligg ein " norsk" veg og ventar nord i Spania på norske vandrarar. Det er Camino de San Olav. Ein fredlega veg i eit roleg spansk landbruksområde med små og hyggelege landsbyar. 6 mil frå den vakre og spennande byen Burgos og sørover til den vesle freda byen Covarrubias med sin vakre gamleby. Byen der kong Håkon Håkon si dotter, Kristina av Tunsberg er gravlagd, og der St. Olav's kapellet ho vart lovd, no er reist eit par kilometer utanfor byen.

På turistkontoret i Burgos får ein pilegrimspass for vegen, og på det er der eit kart som syner St. Olavsvegen sørover med landsbyane innteikna. Og ved dei er der symbol som fortel kvar det er høve til overnatting, kva barar som er opne heile veka, eller berre i helgene. Og sjølvsagt og kvar ein kan få pilegrimspasset stempla. Noko som er viktig for alle pilegrimar som vandrar vegane.
Pilegrimspassert har og ei grafisk framstilling av topografien etter vegen, og som ein ser er der ikkje mange bratte og lange bakkar. Berre den siste kneika før ein er i mål. Men ho er ikkje uoverstigeleg for ein som har hatt lengre og brattare bakkar å gå før.
Så norske pilegrimar, og andre vandrarar. Kvifor ikkje setje av ei veke i nord-Spania, og legge turen om Burgos for å vandre ei to til tre dagar på Camino de San Olav, Vandringa er vel verdt å få vitjing av fleire frå våre kantar av verda. Seier Camino de San Olav vandrar Harald.




torsdag 26. juni 2014

Der skulle eg ha vore, men... (2)

Men slik vart det ikkje.  Dette er kyrkja Santa Maria de Lara ved Quintanilla de Viñas. Eller rettare sagt, restane av ein stor basilika frå det 7.århundret då visigoterane rådde grunnen i Spania, og dei var kristne av ariansk trusretning.
Etter fleire hundre år med forfall, vart den i 1929 freda som eit nasjonalt monument og fekk nødvendig restaurering for å stogge forfallet. I dag er det berre koret og litt av begge tverskipa som står att. Kyrkja er pryda med mange vakre ornament og relieffar både utvendig og innvendig,  og som eg får vere nøgd med å sjå bilete av på verdsveven. Eg tek med nokre av dei her. Eg rota meg vekk og fann den ikkje. Men eg hadde vel berre fått sett frisene utvendig, ikkje dei vakre og gamle relieffa innvendig. Så kanskje var tapet til å leve med sjølv om eg gjerne skulle ha sett den. Det er ikkje alt som går den vegen ein vonar her i livet, heller ikkje etter pilegrimsvegar.




tirsdag 24. juni 2014

Over sletta og åsen til Covarrubias


Rett etter landsbyen står der eit skilt i vegkanten om noko som interesserer mange born i dag. Dinosaurar. Dei har vandra i området her langt attende i tida, og då sette dei spor etter seg i grunnen, og det er det skiltet viser til, dinosaurspor. Men vi skal vidare. Framfor oss ligg den lange sletta mot neste landsby borte under fjella i vest, Mambrillas de Lara. Der Olavsvegen går er det åkrar på begge sider, nokre nypløygde, andre er grøne og tette av strå. Vegen går ned eit lite søkk, så fylgjer ein liten bakke, nye søkk, nye bakkar. Landsbyen er ikkje å sjå, berre vegen som strekkjer seg fram over sletta. Så, i det vi kjem over ein ny bakketopp ligg han der eit stykke framfor oss. Der ventar tinga varm lunsj, spansk potetomelett og blodpølse. 


Etter maten vil dei syne oss kyrkja som dei var svært stolte av. Den har mykje gamal kyrkjekunst. Meir enn vanleg, for då eit gamalt kloster i nærleiken vart teken ut av bruk, vart inventaret spreidt rundt om på kyrkjene i nærleiken.
Men framfor ligg lia vi skal opp, ei godt tohundre høgdemeter opp på åsen. Og så over den og ned på andre sida til dalbotnen der  Olavskapellet ligg.
Eremita de San Olav ligg inne i ein dalbotn eit par kilometer utanfor Covarrubias, og oppover bak kapellet er lia grøn av eiketre. Mellom kapellet og klokketårnet er det laga til eit amfi der scena er innebygd i kapelle. Slik kan kapellet nyttast i fleire samanhangar enn  gudstenester. Mellom anna skipar dei til mange konsertar i og ved kapellet. Nokre dagar etter vi var der, skulle der vere ein konsert med ein norsk fiolinist.  Innvendig går der nokre store taksperrer frå alteret og attende til inngangspartiet av salen. Dei er forma som skipskjølar. Dessutan har kyrkja, både utvendig og innvendig mange symbol som peikar attende til Heilag Olav sin død på Stiklestad i 1030.
Og i gangen inn til kyrkjeskipet heng der to store plansjar på kvar side. To med norsk tekst, dei andre på spansk. Dei fortel soga om prinsesse Kristina, og om Heilag Olav.

 


Etter eit par kilometer med vandring att kom vi inn til husa i Covarrubias, og kunne gå inn gjennom byporten, inn til den freda gamlebyen med sine gamle, kvite, hus og sine tronge gater og vide torg. Og med skarer av andre på vitjing i byen.
Neste dag var det vitjing av prinsesse Kristina sitt sarkofag i søylegangen rundt klosterhagen inne i klosteret, og statua av henne der ho står utanfor kyrkja.
Vandringa vår på Camino de San Olav var over.  Så var det berre å nyte byen og sola fram til bussen gjekk attende til Burgos om kvelden. Neste dag sette vi oss på toget vestover. Over mesetaen og fjella inn i Galisia sine grøne dalar, Fram til kysten på det nord-vestre hjørnet av Spania. Til byen Ferrol. Der skulle våre neste vandring ta til. Denne gongen Camino Ingles. Den engelske vegen, men kanskje like mykje den nordiske vegen. Men det er ei anna soge.



Covarrubias
 



lørdag 21. juni 2014

Quintanilla de las Viñas

Så rann siste vandringsdagen vår på Camino de San Olav. Den tredje dagen rann med sol over landskapet. Etter frukost bar det ut av landsbyen og opp på åsen att eit stykke før det igjen halla ned til det siste store slettelandet, og ein liten landsby nede ved foten av åsen. Vi var komne til Larabygdene, og den vesle landsbyen heitte Cubillejo de Lara. Den var ikkje stor, berrre 11 personar budde her i 2007, så også her var det nok mange helge og feriehus. Men opplysingsskiltet borte ved kyrkja fortalde at her kunne vi sjå mykje interessant, som Dolmen, ei 5000 år gamal steinkransa grav, og på vegen ut gjekk vi forbi ein annna mindre grav, hoggen ned i berget, frå visigotisk tid.



Men vi var nøgde med ein liten kik på kyrkja og relieffet over kyrkjedøra. Der var det St. Martin av Tour det var bilde av, i det han gir kappa si til ein fattig arming. Men inn fekk vi ikkje kome, døra var stengd.

Langt i det fjerne såg vi fjellrekka vi skulle over for å kome ned til San Olav's kapellet i Ulvedalen ved Covarrubias. Men først skulle vi inn om to landsbyar til. Området her er noko av Castillia, og med det dagen sitt Spania si vogge.
Etter nokre kilometer dukka den første opp. Det var Quintanilla de las Viñas. Heller ikkje store landsbyen, om enn noko større enn den andre. Eit forsøk på å finne ein open bar var nyttelaust, den var vekestengd. Men staden er kjend for ei gamal visigotisk kyrkje. Eller rettare sagt det som att av den. Fram til 1927 vart ho brukt som hegn for kveg, men er no eit nasjonalt minnesmerke og restaurert. Det var mitt store ynskje å sjå den, men så var det å finne den. Eit forsøk på torget på å få ei anvisning på kvar den var å finne, og kor langt det var enda med forvirring. Å skjøne spansk er ikkje så lett for ein nordmann. Fort gjekk det, og få ord kunne eg. Så eg måtte berre gi opp det ynskjet, og byrja å gå vidare mot neste landsby, ein stad borte under fjella.

torsdag 19. juni 2014

Cubillo del Cesar

Då vi kjem inn til landsbyen ser vi ei stor steinstøtte oppe i bakken ved vegen. Ei støtte der merket for Olavsvegen er hogge inn, i lag med namnet "Camino de San Olav". Så er det der vi skal opp i morgon når vi held fram vandringa. Opp på åsen att.                                                  Vi går over ei lita bru og inn i landsbyen. Kvar skal vi? Ei hovedgate strekkjer seg opp ein liten bakke, og frå den går eit par sidegater ut til høgre. Husa ser velstelte ut, nokre av dei er nokså nyoppussa. Somme av dei har ein liten. kjøkkenhage ved sida av seg. Bak husa ligg eit par lange fjøslignande bygningar. Men ingen å sjå for å spørje kvar hostallet er. Jau der, heilt oppe på toppen av bakken står ein kassebil ved sida av eit hus, og oppetter veggen er der eit stillas med to karer på. I ferd med arbeid på huset. Vi stimer opp over gata for å spørje dei ut, og dei peikar på ei dør rett på andre sida. Ut kjem ein tagal mann som peikar vidare oppover til siste huset i gata. I det eg rundar hjørnet, stoggar ein bil og ut stig ein kar som helsar oss velkomne på eit mål vi skjønar, engelsk.  Han fortel at han er komen frå Burgos, der han bur, for helse på oss.Og sidan hostallverten ikkje talar anna en spansk, hjelpe oss tilrette på hostallet, og om vi ynskjer det, fortelje oss om landsbyen  og området, både før og no. Eg tenkjer at dette kan verte ein interessant kveld. Og eg er imponert over at han har teke seg tid til å køyre fleire mil frå Burgos for å møte seks Olavs-pilegrimar frå nord. Det er eit vakkert hus vi stig inn i. Frå peisen strøymer varmen frå brennande vedkubbar imot oss. Og soveroma har gode senger, med eit topp baderom attåt. Her skal vi ha det godt.

Han fortel at han vart fødd i dette huset. Det var foreldra sitt hus, men dei flytte til Burgos då han var liten. No har han pussa det opp til helge og feriebustad, og til hostall når det behovet er der. Då er Det er den andre spansktalande mannen som har ansvaret for det. Gjesteboka røpa at det er ikkje for ofte. Så ville han vise oss, før han måtte attende til Burgos,  kyrkja, skulestova og ei gamal smie der det er samla mykje gamal reidskap som fortel om livet i landsbyen før.
Etter stridane mellom dei kristne og maurarane låg området her aude og folketomt. Men så flytta det baskerar hit og slo seg ned. Byrja å dyrke jorda.. Vi er baskarar, sa han, sjå på våre store naser.



Kyrkja ligg vegg i vegg med hostallet, berre nokre få meter unna. Ei gamal, lita, kyrkje i romansk stil. På ei av søylene framme i koret kikar eit lite afrikansk hovud ned på oss. No var ho ikkje bruk anna ved gravferder. Årsaka til det er nok  folketalsutviklinga i landsbyen. Då han var liten, fortalde han i skulestova, og peika på nokre bilete, var der mellom tretti og femti born i landsbyen. No var der to. Og i landsbyen budde det no berre sju personar. To brør som dreiv alt det landet som høyrde landsbyen til, og såg etter husa i byen. Drifta deira var tusen sauer. Og så borna og ei søster av brørne som hadde mist arbeidet sitt i Burgos. Resten var nok nokre eldre.
I skulestova var der samla ei rad med fotografi frå den tida då folketalet var stort. Frå skule, arbeidsliv og folkeliv i byen. Og i smia hadde ein frå landsbyen samla mykje arbeidsreidskap frå jordbruk og heimearbeid. Noko mi kjære og vi andre høyrde interesserte på, og kom med våre komentarar til. Sjølv merka eg etter ei tid at kroppen byrja å murre, så eg måtte ut for å røre meg litt. Kanskje var det varsel om kva som skulle kome neste dag.
Vel attende på hostallet fekk vi ein herleg tre rettars middag, laga av brørne si syster, og sidan ho og snakka litt engelsk, fekk vi ein triveleg kveld i lag.

Cubillo del Cesar

tirsdag 17. juni 2014

Huevo.

Det nærma seg middagstid då vi kom fram til neste landsby, Revilla del Campo. Ein litt større landsby med omlag 100 innbyggare.Her skulle det vere open bar, og med det von om å få seg noko å styrkje seg på. Leiarkvinna vår låg som vanleg først, og ho hadde spurt seg føre, og var på veg mot kyrkja, då vi andre protesterte, og synte til vegmerke og skilt som synte til bar nede ved elva i den gamle jarnvegsstasjonen. Og der var det bar, men den var vel stengd. Open berre i helgene. Så då var det berre å snu nasen mot kyrkja i vona om at den baren var open, og det var den. Sekkane kom av, og kvinnene steig inn. Sjølv tok eg meg ein liten snartur opp til kyrkja på bakken bak baren. Eg rekna ikkje med at den var open. Desse landsbykyrkjene er vel stengde, men eg må likevel ta ein tur til dei for å sjå om der er noko interessant utvendig. Og her var der eit tympanum over døra. Nedtakinga frå krossen, og over held Gud Fader auge med det som skjer.
 Då eg kom attende til baren var kvinnene i ferd med å fullføre tinginga av maten. Mi kjære hadde tinga meg kaffi, så det var i orden. Den eldre kvinna bak disken rettar eit spørsmål på spansk, og eg oppfattar "huevo frito" medan ho lyfter handa med eit egg. "Si" vert det svara. Og egg vert det. Steikte egg, sterk spansk pølse og gamalt, turt brød. Og egga strøymer på. Vi prøver å sei det er nok, men stadig fleire speilegg kjem på bordet.  Men til slutt var det visst nok for henne og.
Vegen vidare til neste landsby var lett å gå gjennom eit vidt jordbruksland, men Quintanalara synte seg å vere stille og folketom. Store landsbyen var det ikkje heller. Vi tok ein rast på ei trapp ved torget og såg på omgjevnadane, Den stengde kyrkja, og husa rundt oss. Eit par av dei såg det ut til å vere folk i, men dei fleste hadde skodder for vindauga og stengde dører. Fleire av dei var godt vedlikeheldne, men der var og hus som hadde falle saman. Etter landsbyen steig vegen oppover ei li og vi fekk eit vidt utsyn over landskapet rundt landsbyen. Store og opne marker og åkrar så langt vi såg.
Quintanalara
Oppe på åsen fekk vi eit nytt slag lende å gå i. Eit ope skogslandskap med mykje eiketre, men og andre tresortar, og med mykje blomar bortover åsen mellom trea. Vandringa bortover var ei triveleg vandring som fyllte ein med fred og glede over dagen, naturen og fellesskapet i gruppa vår.
Men alt har ein ende. St.Olavsvegen vende seg ned av åsen og inn i neste landsby, der vi hadde tinga oss overnatting.



Revilla del Campo





mandag 16. juni 2014

Der skulle eg ha vore, men..

...eg gjekk forbi.
Eg har opparbeidd ei lita ( andre vil kanskje sei; stor) interesse for gamle kyrkjer. Både her heime og i andre land. Det er nok vandringane i Frankrike og Spania har utløyst den interessa. Det har hendt at eg først etter å ha vore ein stad, har oppdaga at der var det ei kyrkje eg skulle ha sett, men som eg hadde gått forbi. Då har eg opplevd ei slags kjensle av å ha tapt noko. I sær når eg veit at eg aldri vil kome attende til den staden.
Slik og under vandringa på Camino de San Olav. Noko til sides for Ausines-grenda ligg der eit gamalt kloster. Kyrkja der er, etter det eg har sett på verdsveven, vakkert utsmykka med relieffar. I sær hovedinngangen. Det er San Quirce kyrkja. Men diverre så låg den så langt unna St.Olavsvegen at det ville ta for mykje tid for meg å gå til den. Og då hamnar også den inn under kyrkjer eg gjerne skulle ha sett, men som eg må vere nøgd med å sjå bilete av på verdsveven.

lørdag 14. juni 2014

De los Ausines

Det var litt regn i lufta då vi braut opp neste morgon for ein ny dag med vandring, men himmelen over landsbyen synte at det var von om sol utover dagen. Spanske frukostar er ikkje alltid det heilt store å starte ein dag på for ein nordboar som er van med kraftigare kost, men ein får berre vone på opne barar i landsbyane framover.
Vegen bar opp over ein ås. Litt sti gjennomjordbrukslandet, og litt grusa jordbruksvegar. Etter kvart som vi kom høgre og fekk utsyn, fekk vi sjå kor store og samanhangande dei var åkrane og markene  rundt landsbyane. Det var tydeleg at her var det basert på stordrift. Vegen bar innover åsen, og det var lett å gå. Eit stykke lenger framme vart vi litt i tvil om kvar det bar. Vegmerket var ikkje eintydig. Det syntest på vise veg ned langs eit stort steinbrot, mot ein større landsby nede på flata. Eg gjekk litt nedover, men såg ikkje noko lei der, så vi valde å fylgje vegen vidare innover åsen.
På venstre sida av vegen var det bratte floget ned mot ein liten landsby i dalbotnen. På toppen av ein rund haug ved landsbyen såg eg noko som likna restene av ei gamal bygdeborg. Så runda vi ein sving på vegen, og framfor oss låg ei lita kyrkje. Ved den, i solveggen, og i le for vinden, sette vi oss, åt litt medbragt, og hadde vår vesle morgonandakt.  Då hadde vi vore undervegs vel ein time alt og sola skein frå ein klår og blå himmel.
Under oss låg Ausines-landsbyane. Tre i talet. Den største hadde vi sett under steinbrotet, og då vi kom ned frå åsen, kom vi inn i den vesle landsbyen San Juan. Litt lenger framme svinga vegen så vi kom over på andre sida av åsen, under dei bratte floga som den vesle kyrkje låg oppe på kanten av. Her ved den tredje landsbyen Sopeña svinga vegen frå sørleg retning til austleg, og vi vandra mellom store åkrar mot neste landsby der vi vona på open pub, kaffi og mat.

Los Ausines

torsdag 12. juni 2014

Umøblert landskap.

Det er kjøleg regn når vi vandrar ut av Burgos, sørover Camino de San Olav. Det er eit gamalt jarnvegsspor vi fylgjer. I starten er det fast dekke på vegen, og vi møter nokre som er ute på sin morgontur i regnet, men til lenger vi kjem frå byen, til færre vert det på vegen, til slutt er vi åleine vandrarar. Etter nokre kilometer vert asfalten bytt ut med grus, noko som er betre for vandrarføter. Vegen går i eit roleg landskap, små skogkrullar og store åpne marker og kornåkrar mellom dei lave åsane. Vegen vi gjekk er og ein annan camino, Camino el Cid som går heilt ut til kysten i aust, og den er og ein populær sykkelveg, men vi såg ikkje mange av dei på to hjul heller. Etter nokre kilometer kom vi til den første landsbyen på vegen vår, Cardiñadijo, og her skulle det vere ein bar, og med det råd å få seg ein kaffipause. Ei kvinne i første huset meinte han var stengt, men vi tok sjangsen , leita oss fram og fann den open. Og då var det godt å få av sekkar og regnkle, og få seg ein kopp varm kaffi til å leske seg på før det var ut at i regnet for nye kilometer etter vegen.

Regnet letta etter kvart, men det var framleis ein kjøleg vind, så det var godt å ha kle som helt oss varme der vi gjekk i det umøblerte landskapet. Umøblert landskap? Kva er det? Ikkje godt å sei, men uttrykket er henta frå ei google-omsetting til norsk av den spanske informasjonen om Sankt Olavs vegen i Spania. Det tyder vel noko slikt som at der er lite vegetasjon og få hus utanom dei få landsbyane. Med andre ord eit ope landskap. 
Men vi går ikkje rett fram og den kortaste vegen i dette umøblerte landskapet. Vegen svingar snart hit og så dit før den neste landsbyen , Modubar de la Emparedada, dukkar opp nede i eit lite dalsøkk. Regnet har så smått byrja dra seg undan, og også her er baren open. Vi har alt gått i fleire timar, og det er tid for å få i seg litt mat. Det gjer godt å få av sekk og poncho, tinge seg ein kaffi kopp og ein bocadillo, finne seg eit bord og nyte kvila. I sær for meg som kom vandrande inn lignande på eit seglskip i kraftig sidevind, etter at skulderreimane på sekken hadde forskove seg. Det grip mi kjære fatt i og sørger for at eg kjem i balanse att. Dei er gode å ha desse kvinnene som har attelet for den einaste hanen i laget.

Men snart er vi vandring att. I eit vegkryss ser vi ikkje merkepålen som står godt gøymt mellom plantene i vegkanten. Det vert nokre meter ekstra, men lokale hjelper oss på rett veg att mot neste landsby, Modubar de la Cuesta. Vi ser ikkje mykje liv i den landsbyen, der vi sit på benkane ved rådhuset, før ein eldre mann kjem køyrande, parkerar og forsvinn inn ei dør. Der var det visst open bar, men det får vere. Vi har endå langt å gå før vi er framme i den tredje modubaren, Modubar de San Cibrian. Der har vi tinga oss husrom for natta. Men før vi kjem så langt må eg på med ponchoen att. På siste stykke inn mot landsbyen kjem ein kraftig floing med vind og regn. Den siste av det slaget på vandringa.
Vel i hus får vi tildelt våre rom med gode senger. Det vert ein minnerik kveld med ei vertinnne som snakkar berre spansk, med som ikkje let seg hindre av det.
 
Modubar de la Emparedada
 
 

tirsdag 10. juni 2014

Vegmerke

Etter ein enkel frukost på ein bar ved hotellet, ( det er ikkje alltid like lett å handtere bestillingane når ei gruppe på seks framandlandske skal ha sin frukost. då kan det lett gå i surr for nokon kvar bak disken),  set vi kursen mot byporten og brua over elva Rio Arlanzon, for så å tråkle oss gjennom bygatene sørover ut av byen. Vinden frå nord er framleis kald, og regndressar og ponchoar må fram. Etter å ha gått under motorvegen dukkar det første vegmerket for Camino de San Olav opp på ei tavle, og seinare finn vi gamle jarnvegssviller med jamne mellomrom der merket er festa opp. Same merket som heime på pilegrimsvegen frå Oslo til Trondheim. Så her er det berre å gå på.
Etter kvart ser vi att ikkje alle merka har fått stå i fred. Berre den raude grunnmalinga er att på stolpane. Det er vel ein kvan som har funne ut at det blank metallmerket er ein fin raritet å ta med seg.
Seks ulike personar på pilegrimstur; kan det gå bra? Nokre er raske til beins, andre hamnar lett i baktroppa. Nokre vil gjerne ha alt klart på førehand, andre tenkjer at det ordnar seg nok.
Ein skulle tru at dette gav grunnlag for problem undervegs, men så oppdagar ein at det går bra likevel. Gruppa finn si rytme og oppgåvefordeling. Og med smil og godt humør, trass i regn og vind, legg vi meter for meter bak seg på pilegrimsvegen sørover..



søndag 8. juni 2014

Burgos

Det bles kald vind frå nord då vi igjen gjekk inn den store byporten og ut på plassen framfor katedralen. For to av oss for første gong. Vi andre fire hadde vore der før fleire gonger, og skulle om få dagar igjen gå inn gjennom den. Men no gjaldt det å skaffe oss pilegrimspass for Camino de San Olav, og dei var å få på turistkontoret, så då stima vi ned ei sidegate rett innanfor porten.                                                  "Pilegrimspass? Nei det hadde dei ikkje. Då måtte vi oppsøkje pilegrimsherberga." "Nei, det er pilegrimspass for Olavsvegen vi ynskjer:" Og då endra alt seg. Ho bak disken leita i hylla bak seg og kom fram med ein heil bunke, og byrja å stemple eit til kvar av oss. Så  måtte vi fortelje kva land vi kom i frå, og kva vi heitte. Noko ho skreiv ned på eit registreringsark. Imponerande nok trong ho ikkje mykje hjelp for å få våre norske namn ned på papiret. Det såg ikkje ut for at så veldig mange hadde fått sine pass der før oss dette året, men no kom det heile seks namn på lista hennar, før ho ynskte oss god tur sørover.
Det neste på programmat var å finne hotellet vårt ikkje langt frå katedralen, og instalere oss på roma våre og få sekkane av ryggen, før dei to nye i byen kunne få sjå inn i katedralen. Vi prøvde å få oss pilegrimsbilettar inn (redusert pris), men nei, det var ikkje råd. Vi måtte hatt stempel frå minst ein dags vandring før Burgos for å få det, og dessutan var ikkje vandrarar på Olavsvegen pilegrimar. Ekte pilegrimar vart berre rekna dei som gjekk vegen til Santiago de Compostela, må vite. Alle andre vegar var berre fjusk og fanteri. Ja, ja, han om det. Men inn kom vi , og katedralen fekk vi vandre gjennom. Med alle sine kapell og all sin vakre og overveldande kyrkjekunst. 
Det sopa kald vind frå nord gjennom gatene i Burgos denne dagen, og det var ikkje lange opphalda mellom regnelingane, så det vart ikkje mykje anna å gjere etter katedralen enn å haste gatelangs for å få litt mat i kroppen, og å kome seg innandørs på hotellet for å førebu oss på morgondagen. Men den spanske værmeldinga på TV lova ikkje så godt for morgondagen, regn og torebyger over heile Nord-Spania. Det kunne verte ein lite triveleg førstedag av vandringa sørover den castillianske landsbygda.

fredag 6. juni 2014

Camino de San Olav

Så er vi / eg vel heime att etter vel gjennomførde vandringar i Spania også dette året. Onsdag 21.mai landa flyet i Bilbao med oss seks pilegrimane frå nordvest-Norge, fem kvinner og meg sjølv som eine mann i fylgjet. Alt der fekk vi eit første møte med vandringsværet dette året. Både sol og regn. Og i bussen på veg sør og opp til Burgos møtte vi eit vær som sette ei lita uro i meg: Er det slikt vær vi skal få, då vert det inga triveleg vandring i dagar som kjem, for då bles det og kraftigt, i tillegg til regnet.
Litt vandring i Bilbao fekk vi tid til, i solskinet  mellom regnelingane. Her er alle mine fem medpilegrimar samla under den store edderkoppen på Guggenheimmuseet. Fire med tidlegare pilegrimserfaringar i kroppen, og to ferske førstegongspilegrimar.