lørdag 31. juli 2010

Hatten min

Den vart kjøpt på gata i Molde, under "Jazzen".
Eg hadde leita ei stund etter ein hatt, før eg fann den.
Det var tyske Judit som var årsaka til mi leiting.
Vi møtte henne ein av desse brennheite dagane under vår første vandring i Frankrike.
"Du er galen", sa ho. "Du må ikkje gå utan noko på hovudet i denne sola".
Eg prøvde å forsvare meg, men ho bles meg av. "Du er akkurat som bror min. Mannfolk!"
Eg tok det til meg, og byrja å leite etter ein hatt. For skulle det vere eit hovudplagg, så måtte det vere hatt, og ikkje ein caps.


No ser den ikkje ny ut lenger, men velbrukt.
Med flekker og skrammer, og svetterender.
Mishandla og bretta saman for å få plass i sekken under flyturane.
Med resultat; den har vorte både bulkete og rar.

Våt har den vore. Både av regn og svette. Men får den tid, tørkar den opp att.
Den har under vandringane verna min blanke skalle for sola sine intense strålar.
Og den har gitt meg ein identifikasjon. "Å, du er amerikanar?"
Attgløymd vart den på hattehylla i eit tog, men då ilte ei fransk kvinne til. "Du gløymde hatten din , min herre."
På ein måte har eg kjent at på pilegrimsvegen er hatten og eg ei symbiose. Utan den manglar ein del av meg.

Men no er eg i tvil.
For den har ein mangel. Den manglar lufting av topploket. Det vert fort varmt og vått under den, når sola steikjer på vandringsvegen.

Her ein dag dukka det opp eit alternativ.
Det var Johan, eit av barnebarna som openberra alternativet for meg.
Og det har fleire nyttige bruksområde.
Det vernar mot sola.
Det vernar mot regnet.
Det har god lufting av skallen.
Og det er lite, lett, og enkelt å pakke vekk når eg ikkje treng det.
I tillegg er det eit enno betre indentifikasjonmerke enn hatten er.


" Å, der er han med paraplyen!"

Men eg er i tvil.
Skal eg velge min velbrukte og kjære hatt seinare i haust?
Eller skal eg låne paraplyhatten hans Johan?
Eg får tenkje over det nokre dagar til, trur eg.

torsdag 29. juli 2010

Ei pilegrimsbøn


Det er torsdag morgon og Olsokdag.
I dag skal minnedagen for kongen Olav Haraldson som vart til Heilag Olav feirast i Nidarosdomen, også av dei pilegrimane som har vandra over Dovrefjell for vere tilstades der.
Mi kjære og eg, skal feira Olsok på Brudevolltunet. Ho med rjomegraut og gudsteneste, Eg står over grauten, og er nøgd med gudstenesta.
Dagen er grå med skodde i toppane. Vonar regnet held seg borte frå bygda.

Sidan Olsok er, og i gamal tid var, også ein pilegrimsdag, så skriv eg i dag ned ei gamal pilegrimsbøn. Den får gjelde også for vandringa til Heilag Olav si grav, sjølv om den opphaveleg er for vandringa mot ei anna grav, Heilag Jakob si.

Eg høyrde den beden første gong ved pilegrimsmessa i Le Puy en Valey, seinare i Conques, Cahor og Lectour.
Den er ein fast lekk i pilegrimsmessene langs vegen mot Jakob si grav, så sjølv om eg ikkje har skjøna dei franske orda, så har den vore der også for meg.
Her ein dag fann eg den på verdsveven i engelsk språkdrakt, og her kjem bøna med mi omsetting.



Ei pilegrimsbøn frå det 12.århundre (Codex Calixtinus)

Herre. Du kalla din tenar Abraham ut frå Ur i Kaldea, og var hans vern under alle hans vandringar.
Du leidde ditt folk hebrarane, då dei kryssa øydemarka.
Vern desse dine born, som av kjærleik til ditt Namn, vandrar som pilegrimar til Compostela.
Ver deira fylgje på vegen, lei dei på rett veg når vegar kryssar kvarandre.
Ver deira styrke når kreftene minkar, deira forsvar i farer, deira vern på vegen og deira skugge på varme dagar.
Ver deira lys i mørket og deira trøyst i motløyse.
Hjelp dei å vere uthaldande på deira veg mot målet dei har sett seg, så dei gjennom di rettleiing kan kome trygt fram.
Og at dei då, rikare på nåde og styrke frå deg, kan vende attende til sine heimar, fylte av sann og varig glede.

tirsdag 27. juli 2010

Ein herleg dag


"Det var en deilig, deilig, dag, men tenk nu er den over"
I går var det mykje grå skyer, men denne dagen var slik.
Sol. Varme. Mild vind.
Og med ein sjøtemperatur som lokka til å prøve det våte elementet.
Herleg.
Måtte vi verte velsigna med fleire slike dagar.

Jakob våthatt

Sist søndag, 25.juli, var det etter primstaven, og gamal sed, Jakob våthatt.
Denne Jakob var ein av Jesus sine læresveinar og bror av Johannes. Dei var opphaveleg fiskarar frå Betsaida som låg aust for der Jordanelva renn ut i Genesaretsjøen.
Landet aust for Jordanelva høyrde til området der Filip var visekonge. Medan i Gallilea vest om elva, var det Herodes Antipas som var visekonge. Dei var brør og søner av Herodes den store.

Jakob, Johannes og Simon Peter høyrde med til den indre krins av Jesus sine læresveinar. Det var mellom anna dei tre som fekk vere med Jesus på fjellet då han vart forklåra.
I år 44 sette Herodes Agrippa (eit barnebarn av Herodes den store) i gang ei forfylging av kyrkjelyden, og då miste Jakob livet ved sverdet. (Ap.gj.12,2)

Måleri av Tiepolo. 1700-talet

Legendene fortel at han hadde virka som misjonær i Spania, og at han etter sin død, på underfult vis vart før attende dit og gravlagd der.
På 800-talet, under kampen mot maurarane i Spania, dukka Jakob opp i Galicia.
I denne kampen fekk han tilnamnet ”maurardreparen”. I dag vert nok ikkje det rekna som noko særleg positivt tilnamn, men med hans "hjelp" vart maurarane etter kvart drivne heilt ut av Spania.

St.Jakob på ei kyrkjedør i Golinhac, Frankrike.

Legendene som vaks fram omkring Jakob, og kyrkja på ”stjernemarkene”, der Jakob sine leivningar er gravlagde (dei finst også andre stadar i Europa, sjølv om han nok ligg gravlagd i Jerusalem), førde til at Santiago de Compostela i mellomalderen vart eit stort pilegrimsmål, ved sida av Roma og Jerusalem.
Santiago de Compostela tyder Sankt Jakob av stjernemarkene.

I dei år då 25.juli fell på ein sundag, er det heilagt år i Santiago de Compostela. Då vert ei spesiell dør opna i katedralen, Og den som vandrar gjennom den døra får eit visst tal syndstilgjevingar. Tusen på tusen vandrar i år pilegrimsvegen dit for å kunne gå gjennom denne døra. 31.desember vert ho igjen stengd, og ho vert ikkje opna att før 1.januar i 2021. Det neste heilage året.

Og våthatten?
Sankt Jakob ber som pilegrim ein hatt med ei kamskjel på.
Slik vi kan sjå han mellom anna på altertavla i Leikong kyrkje.
På primstaven er Jakob sitt merke denne hatten, utan kamskjel. I folketrua har nok pilegrimshatten endra seg til ein regnhatt, og då vart kanskje namnet Jakob våthatt ei naturleg fylgje.

mandag 26. juli 2010

Grå himmel


Dette er visst biletet av nordvest-sommaren i år.
Ikkje så mykje regn, men grått og kjøleg.
Etter eit par-tre dagar med sol og varme, vakna eg til lyden av dråpar som fall.
Har det vore så mykje doggfall at det dryp frå taket? var min tanke. Men mi kjære kunne fortelje meg at det regnar.
Seinare har regnet gått over. Men den strima av blå himmel eg såg i sør-vest tidlegare i dag, er også vorten grå.

lørdag 24. juli 2010

Lurivar


Etter dagar med regn, vakna vi til sommarblå himmel. Og sjølv om natta hadde vore kjøleg, kom sommarvarmen utover formiddagen.
Vi har Romsdalsbesøk i huset, og for å aktivisere dei minste, vart det eit tur til Ivar Åsen tunet.


Her var det Lurivar, tunkatten som drog.


Etter at han med eit var borte, vart det ein liten rundtur på tunet, før vi sette kursen opp gjennom skogen. Opp til toppen av åsen og utsynet frå Høgetua.
Stien var litt våt etter regnet, men vi kom nokolunde tørrskodde både opp og ned. Litt blåbærplukking vart det og høve til langs stien.
Og attende på tunet vart det is til heile flokken.

søndag 18. juli 2010

Gå pilegrim?

Durham Cathedral

Eg les at biskopen i Durham (England)skal forlate stillinga, for igjen å verte professor i NT, ved universitetet i St.Andrew (Skotland)
No har eg vore både i Durham og i den mektige katedralen der keltiskkristne heltar som St.Cuthbert og Bede ligg gravlagde. Og i St.Andrew. I dag mest kjend for den store golfturneringa i byen, men før reformasjonen låg der ein mektig katedral som etter reformasjonen forsvann nesten totalt. I dag er det berre nokre små murrestar igjen av den eingong mektige katedralen.
Begge byane var før reformasjonen store pilegrimsmål.

Biskopen i Durhem har skrive mange bøker under signaturen N.T.Wright, eller Tom Wright. Eg har kjøpt og lest nokre av dei, og dei har, utanom å utvide engelskkunnskapen min, og gitt meg nye tankar når det gjeld kristentrua mi. Sjølv om han ikkje er lutheranar, men anglikanar.
Nett no held eg på å lese ei bok som heiter "Virtue reborn". Eg klarer ikkje heilt å få tak på ordet virtue, men eg les innhaldet i boka til å handle om å øve seg i kristent liv.
Virtue tyder dyd står det i mi ordbok.

Men på verdsveven ligg der ei anna bok av han: "The way of the Lord" - Herrens veg, med undertittel; ei pilegrimsferd gjennom liv og tru.
Og det han fortel i innleiingskapittelet kjenner eg meg att i.

Lindisfarne. Den Heilage Øya

Han fortel om sin bakgrunn. Oppvaksen i nærkontakt med gamle keltiske, tidlegkristne sentrum i det romerske England, som Lindisfarne, Bamburgh og Durham lenger sør.
Men pilegrimstanken var ikkje tilstades i den tradisjonen han vaks opp. Slik den heller ikkje var i min tradisjon.

Reformasjonfedrene kasta ut pilegrimstradisjonen. Det var ikkje plass for den i reformasjonskyrkjene. Der var ingen stad som var så heilag at den skulle utløyse vandringar dit.
Den heilage staden var der ordet vart forkynt og sakramenta forvalta. Og det vart det i kvar kyrkje. Ein trong ikkje å dra lange vegar for å oppleve det.
Dessutan smakte det av gjerningskristendom. Å gå omvegen om heilage kvinner og menn for å få forbøn var meiningslaus. For den truande var bønevegen open direkte til Herren sjølv.

Eg kjenner meg att i orda hans. Også i det som endra hans syn på pilegrimsferd og heilage stader.
Både for han, og for meg, skjedde det noko i Jerusalem første gongen vi var der.
Han hadde si oppleving i gravkyrkja. For meg var det i Getsemanekyrkja.
For oss begge var det ei kjensle av å vere midt i noko ukjent. Noko som eg endå ikkje er istand til å forklare. Men som fyllte meg med ei kjensle av overveldande sorg. Tårene berre rann heilt ukontrolert frå augene mine der eg knelte ved alterringen i kyrkja. Men i same augneblinken eg reiste meg, var kjenslene borte og tårene turka inn.

Alle Nasjonars kyrkje, Jerusalem

Han seier at det må ha noko å gjer med alle dei som har vore der med sine liv, sine kjensler, sine bøner og sine kampar, og dette fyller framleis romet.
Det har også eg kome til. Eg trur det også er grunnen til at eg, særleg i gamle kyrkjer, kan kjenne på ei spesiell atmosfære som rører kjenslene mine.

Det var mi første pilegrimsferd, og eg opplevde den som om eg hadde vore på eit vekkingsmøte og vorten omvend. Eg var kjenslemessig som ein nyfrelst i veker etterpå.
Kanskje er det dette som gjer at eg seinare har vandra, men og nytta tog, fly og buss for å vitje ulike pilegrimsmål.
Men samstundes som eg er pilegrim, er eg også ein vandrar og ein turist.
Og det opplevest ikkje konfliktfyllt for meg.
Derfor meiner eg reformasjonfedrene gjorde eit mistak då dei kasta ut pilegrimstradisjonane. Eg trur dei har noko å gi oss, også i vår moderne og rasjonelle tid.

Eg trur eg må lese også denne boka av Tom Wright.

lørdag 17. juli 2010

Ein dag ved fjorden.


Det er laurdagsfred ved fjorden.
Sjøen ligg roleg.
I hamna ligg båten festa i sine tau.
På moloen står ein ung gut og prøver fiskelykka.
Og i framgrunnen blømer det i raudrosa Geiterams.

Endå ein dag med skiftane skylag.
Men temperaturen er bra.
Vel 20 grader + i lufta,
og 17 grader + i vatnet.

Men to timar seinare endrar alt seg.
Frå vest kjem ein grå vegg.
På fjelltoppane driv skoddeflaka fram, og greinene på trea susar når dei bøyer seg undan vinden.
Og fjorden er ikkje lenger roleg og still.
Der reiser skumkvite bylgjer seg.


Men dagen er ikkje over.
På nytt endrar alt seg.
Bylgjene legg seg. Vinden stilnar og skodda dreg seg bort.
Og mot natta lyser himmelen raud i vest.

Nye sandalar.

Etter mi prøvevandring frå Filefjell og ned dalen til Lærdalsøyri, hadde eg det klart for meg at norske fjellsko var ikkje tingen å gå i.
Men kva skulle eg då ha på føtene det neste året, då eg skulle vere med på vandringa gjennom Valdres, frå Hedalen kyrkje til St.Thomaskyrkja på Filefjell?
Eg fekk det for meg (kvifor,hugsar eg ikkje) at eg skulle gå i sandalar.

Etter fleire runder der eg søkte råd på Ørsta sine skobutikkar,(det var ikkje mykje råd dei hadde å gi. Dei mangla kanskje kunnskap om dette med langvandring på sti og mykje landeveg) så enda eg opp med eit par Ecco-sandalar.
Og dei bar meg fram på den 18 mil lange vandringa. Eg fullførde det ikkje heilt ut. På nokre stykke med røffare underlag, bytte eg til vanlege joggesko. Men eg kom fram med gode føter, og utan eit einaste gnagsår.


Same sandalane har bore meg fram dei neste tre vandringane i Frankrike. Omlag 70 mil.
Men også der har eg hatt eit par andre vandringssko, som eg har brukt på det røffaste underlaget. Men mi kjære har berre brukt sandalar på alle mila vi har gått.

Reaksjonen frå andre vandrar på våre sandalar har vore alt frå spørjande undring til vantru og avvisning. Sandalar høyrer ikkje heime etter pilegrimsvegen. Der skal det vere skikkeleg solide sko.
Og det er nok rett for dei fleste. Men at sandalar kan vere eit alternativ skal ein ikkje sei totalt nei til. For oss to har det vore eit godt alternativ. Men det er vår subjektive erfaring.

Med så opne sandalar er føtene utsette for vær og vind, og ikkje minst for vegen sine utfordringar. Ein må ver litt meir obs på korleis ein set føtene. Men samstundes får føtene luft, så ein slepp fuktige og klame føter. Det meiner eg er ei av årsakene til mellom anna gnagsår.

Regn har ikkje vore noko problem. Det er berre fremst framme det kan verte litt fukt, men det turkar fort. Men det må og seiast. Regn har vi ikkje hatt mykje av under vandringane våre i Frankrike. Då er småstein eit større problem. Men ein lærer fort teknikken med å få dei ut, utan å måtte løyse sandalen.

Men etter 4 år med vandring,hadde eg trong for nye sandalar.
Med mi erfaring frå pilegrimsvegane, hadde eg nokre tankar om kva eg ville ha.
Men å finne det var verre.
Sports og skobutikkane her hadde ikkje det eg ynskte meg, så det vart å søkje på verdsveven. Og der dukka det etter kvart opp eit merke som syntest å oppfylle mine ynskje.

Men kvar var dei å få?
Ingen butikkar her hadde høyrt om dei eingong.
Dei kunne kjøpast på nettet, men då var problemet med rett storleik og byting der.
Så dukka det opp ein sportsbutikk på Lillehammer på veven, og eg byrja førebu meg på ein tur dit.

Då kom vår kjære medvandrar Torbjørg med ein butikk på Moa, Platou. Kunne dei ha dette merket?
Ein telefon dit fortalde meg at det hadde dei.
Og i går køyrde vil Moa for å sjå kva dei kunne tilby av ulikt utstyr for vår komande vandring.


Så her er mine nye Keen vandringssandalar.
Dei er i skinn. Dei toler regn og er vaskbare. Og dei har ei hette framme som hindrar det meste av småstein å kome inn. I tillegg sit det stødigt på foten.
Minuset er at hola for lufting kunne vore større.
Det skal verte spennande å prøve dei ut i Spania i haust.

fredag 16. juli 2010

Førebuing til pilegrimsvandring.

Eg ser det har vore sommarpause på bloggen.
Ikkje eit ord på nesten 10 dagar.
Skam deg, vandrar! Slikt gjer ein ikkje overfor trufaste lesarar.
Har du mangla intiativ? Eller er det stofftørke?
Du kunne då ha skrive om dei to små gledene i etasjen over. Eller den kvite ulldotthunden de har hatt i pensjon i 14 dagar.
Eller dei av storfamilien som drog på Danmarkstur.
Nei, dei emna har eg reservert til det private familieområdet.

Vel, eit bilete tek eg med. Av 2-åringen som fylgjer intenst med i kva 5-åringen gjer. Her gjeld det å fylgje med, for her er det kunnskap å hente.

Været då?


Det er ikkje mykje å skrive om, det heller. Det har vore ein dag sol, og neste dag regn. Som på bilete over. Sola vert jaga bort av komande uvær.

Men etter nokre spørsmål om eg har slutta å skrive, så bryt eg eg summarstilla.
Og det vert med førebuingane til året / hausten si store utfordring.
Vandringa vidare mot Santiago de Compostela.

Biletet er henta frå Aftenposten.

Etter nokre førebuingsmøte er planen for året si vandring lagt. Det vert 14 vandringsdagar på +/- 20 km dagen. Totalt 26,5 mil.
I tillegg kjem 1 kviledag og 1 dag nokre mil sørover frå Burgos til byen Covarrubias, der dotter til kong Håkon Håkonson ligg gravlagd.(Sjå bilete)
Og så, endå eit par mil mot sør for å høyre vakkar gregoriansk munkesong i eit kloster i Santo Domingo de Silos. Den dagen kviler vi føtene og brukar buss.

Flybillettar til og frå Spania er ordna.
Og så langt det har vore råd, har vi også fått tinga oss overnattingplassar. Noko som kan vise seg vere eit stort pluss i eit heilagt år der tusen på tusen er på vandring mot Santiago de Compostela.
Å sove ute under bruer, eller på parkbenkar, er ikkje det mest freistande for "gamalt folk". I alle fall ikkje om det regnar.

Tida nærmar seg. Ikkje mange vekene att.
Det er ikkje fritt at spenninga og forventinga er stigande.