søndag 26. juni 2016

Regnbogen

Det står skrive i den store boka at etter at Gud hadde lete vatnet fløyme ut over heile jorda så alt liv vart sletta ut, unnateke Noa og hans familie og dei dyra han hadde i båten sin, så sette Gud regnbogen på himmelen som eit teikn på at aldri meir skulle ein slik flaum dekke jorda. Årsaka til flaumen var vist at Gud hadde sett seg lei på all vondskapen som rådde grunnen mellom alle dei han i si tid hadde skapt. Skal tru om Gud med det trudde at så ville skje, at vondskapen sine frø ikkje ville spire på nytt i Noa sine etterfylgjarar? I så fall tok han nok grundig feil, det har vår gamle soge så tydeleg synt, og syner enno diverre.

Men det var noko anna den duble regnbogen fortalde meg på jonsokaftan. Den fortalde meg at no vert det værbyte. Som det som så ofte før om åra har vorte ved jonsok. No er vi attende til normalen her ved Stadt, Dei mange soldagane er over for denne gongen. No vert det sørvesten og nordvesten som vil råde grunnen, og med det kjem og regnbygene drivande inn frå havet.  Ein får vone at det vert nokre dagar inn i mellom då sola igjen får velsigne oss med si lys og varme, og at det ikkje vert så gale som ei nettavis spådde; at no er det berre å belage seg på store mengder med regn og flomdigre elvar.

lørdag 25. juni 2016

Snegelen

Laurdag. Ein grå dag. Skodda heng langt ned i fjella. På fjorden sig båtane sakte fram etter småbårene, etter dei heng den tynne nylonsena. Det er laksen dei prøver å få til å bite på sluken i enden.
Sjølv sit eg inne, les avisa, drikk kaffi og prøver å finne ei god stilling for ryggen min. Han er noko vond etter eit stunt som gjekk skeis. Men det ordnar seg nok etter kvart,
Slik går no dagane, er eit ord fleire nyttar når dei summerar opp sine dagar. Alt er med det gamle.
Eller er det det?

Her ein soldag for noko sidan sat eg og såg på noko som har vorte meir vanleg med åra. Ein liten snegel. Ikkje ein brunsnegel som alle ynskjer livet av, eller ein boasnegel (eller kva dei no vert kalla) som alle med eit fann ut var nyttig i kampen mot dei brune. Dei var og ukjende for ikkje så mange åra sidan. Kvar dei kom i frå, og korleis dei med eit vart vanlege over alt, har ingen endå kunne gitt ei rimeleg forklaring på.

Nei ein liten lys ein med hus på ryggen Eg kan ikkje hugse dei heller frå min barndom, men no finn eg slike snegelhus, med og utan snegel i, både titt og ofte. Så eit kvart er det som har endra seg. Klimaet, eller kva det no er?

Han kom sigande over borda på terassen. Eg fanga han opp og fekk han ut på rekkverket, men der likte den seg ikkje. Seig ned på kanten og inn i skuggen. Der slo han seg til ro.
Eg tykkjer husa dei har på ryggen er fasinerande å sjå i sine mange fargar og mønster. Ikkje berre lyse i fargen slik denne var.

torsdag 23. juni 2016

Jonsokkveld

I år vart det ikkje jonsokbål på meg, var heime med vond rygg. I staden lyste regnbogen opp kveldshimmelen for meg.

søndag 19. juni 2016

Ikkje alle dagar er like


Ikkje alle dagar er like her vest. No har vi hatt soldagar lenger enn normalen her på våre kantar. Denne starta med lave skyer som slepte frå seg litt vått. Det betra seg utover dagen, og i skrivande stund skin sola mellom kvite skyer. Men det er teikn å sjå som tyder på at soldagane snart er over. Sørlege vindar vil snart jage bort den kjølege nordavinden, og med sørvesten kan vi vel vente eit våtare værlag, og då er vi attende til det normale været her vest. Men takk for alle gode og solrike dagar vi fekk, om vinden var noko kjøleg av seg på utsette stader.

tirsdag 14. juni 2016

Nipa

Det er triveleg når mandagskafegjengen vert invitert på hyggetreff i strankanten i Grøvika på ein fin solrik dag.
.


Og når staden i tillegg byr på utsyn over eit fagert vestlandsk fjell og fjorlandskap, med Nipa ragande opp som oppreist finger mot den blå himmelen, med Liadalsbygda under, kan ein knapt ha det betre enn her i ytre del av vår kjære fjord.

Og snur ein hovdudet andre vegen så ser ein Rovdefjorden opne seg vestover mot Stadt og opne haver, med Lauparen sin spisse profil på nordsida av fjorden.

mandag 13. juni 2016

Kviven

Det er triveleg å vakne til morgonar der sola skin frå klår himmel og ein kan lage til frukosten inne, for så å bere den ut i morgonsola og nyte den der. Til song frå småfuglane i trea og la auge kvile på fjell og fjord bada i sola sine strålar.
Slike morgonar har vi hatt mange av dei siste vekene, og vi gler oss så lenge det varer, for ein morgon vil kome då skyene heng regntunge over bygda. Og då er det ikkje sikkert kva tid vi igjen får slike morgonar.

Men i går avslutta vi morgonstunda heime og tok turen til ein dal der vi ikkje har vore før.
Det var tillyst friluftsgudsteneste på Kvivssætra over Kalvatn i Austefjorden. Og då nytta vi høvet og tok turen dit.
Det var soknepresten i Hjørundfjord som leidde gudstenesta, og mykje folk var samla på sætervollen.
Det er ikkje nokon lang dal, men han var frå gamalt av ein viktig ferdselveg mellom bygdene våre her på søre Sunnmøre og over Kviven til Hornindal og Stryn i Nordfjord.
Den vegen gjekk over skaret ein ser på biletet, fremst i dalen. Kanskje eg skal prøve meg på den turen ein dag med godvær.

onsdag 1. juni 2016

Nikodemus

Mai er over og juni månad har meldt seg.  Dei varme sommardagane som vi var lova her på nordvestkysten, varde berre nokre få dagar før skodda la seg ned i fjella og byrja gi frå seg væte. Og med solvarmen borte, dala og søyla på gradstokken, Frå heitt soldagane til fjelgt no, og det får ein vel slå seg til tols med.
1.juni er elles ein minnedag på primstaven, og då er det fariesearen og rådsherre Nikodemus som vert minna. Han som kom på nattleg vitjing til rabbien frå Nasaret, Jesus. Den vitjinga som er omtala i det 3.kapittelet i Johannesevangeliet.
Nikodemus vart truleg ein av Jesus sine tilhengarar, og som ein av dei var han og sentral då Jesus vart teken ned av krossen og lagt i den ubrukte grava i hagen.
Det er og ein tradisjon om at Nikodemus fekk smake martyrdøden, og dødsdagen skal visst nok ha vore 1.juni.
Elles er Nikodemus sin dag ein dag då ein kan vere sikker på å få fisk på kroken, difor er og merket hans på primstaven ein fisk på ei snøre.

Henry Ossawa Tanner er meister for dette biletet.