søndag 27. mai 2012

Pentecoste

Vel attende frå pinsegudsteneste i ei fullsett kyrkje. Med 6 dåpsborn og nattverd frå 2 stasjonar. Eg fekk vere med å dele ut på den eine stasjonen i lag med domprost Bjørdal. Kjekt.
I år fell den jødiske påske og pinsehøgtida saman med våre kristne høgtider. Det gjer dei diverre ikkje alltid. Årsaka ligg i eit kyrkjemøte, langt attende i tida, som fastsette at påskedag alltid skulle falle på ein søndag. Og sidan jødane har ein månekalender, og ikkje ein solkalendar som vi, skil det som oftast nokre dagar mellom jødane si  og vår feiring av høgtidene.
Eg tenkjer at vi ved det miste noko av den samanhengen som Bibelen set påska og pinsa i.

Vi kristne  kutta ein god del røter til stamma vår, då vi braut sambandet til  den påska og pinsa som Det gamle testamentet sine skrifter fortel om, og som Jesus og dei første kristne, medrekna Paulus, levde og ånda i.
Derfor kan vi ofte lese og høyre utsegner om våre eldre brør som byggjer på fakta som ikkje heilt held vatn. Mykje er grunna i manglande kunnskap, men mykje har og sin grunn i at kyrkja etterkvart vart ei kyrkje av heidningkristne, og kom til å meine at jødane var forkasta som Guds eigedomsfolk. I staden hadde kyrkja overteke denne retten. Denne erstatningsteologien har regjert i kyrkja sidan 200-300 talet. Først i dei seinare år, særleg etter krigen sine grufulle forfylgingar av Europa sine jødar,  har det reist seg røyster som set spørsmålsteikn ved denne teologien.
Men i år fell jødane sitt Shavout og vår pinsehelg på same dag.

Pinsa kjem alltid på den femtiande dagen etter påskedag. Ordet pinse kjem frå det greske pentecoste som tyder femti. I staden for dagar reknar jødane veker. 7 veker pluss ein dag (= 50) frå påskedag til pinsedag. Derfor talar dei om vekefesten, og dei seier at pinsa er påska sin kroningsdag. Den dagen får påskehendinga si fullending. Korleis skal ein skjøne det?
Påska handla då om frigjeringa frå slavekåret i Egypt, og utferda mot det lova landet.
Likevel seier dei at utan pinsa hadde påska vore til fånyttes.
Kva feirar dei så i pinsa? Kva er pinsehendinga?

Opphaveleg var pinsehøgtida ein grødefest, men alt på Jesu tid hadde dei byrja å feire at femti dagar etter utferda frå Egypt var dei komne til Gudsfjellet i Sinai, og det som hende der.
Då tempelet i Jerusalem vart lagt i ruinar vart grødefesten borte, og Sinaihendinga tok over som grunnlag for pinsa.
Då feirar dei at Gud steig ned på fjellet i eld, røyk og toredøn,  og gav Moses, og folket, Ordet sitt.
Vi kristne talar om at då Israel fekk lova , og vart eit folk under lova, underforstått "lovtrelar", medan vi har fått evangeliet og nåden sin fridom. Men jøden talar ikkje om Toraen som ei lov, men som Guds Ord, og det som for oss er dei 10 bodorda, er for jøden 10 sentrale gudsord.

Men då dei fekk Toraen i Sinai gjorde Gud ei pakt med dei. Dei vart Guds eigedomsfolk til evig tid. Og denne pakta står framleis ved lag.
Det er den gamle pakt seier vi, samstundes som vi høyrer røyster som hevdar at den vart sett ut av funksjon ved Jesus Kristus.
Men seier Paulus, vi er ikkje eit nytt tre, vi er poda, som eit nytt skot, inn i ei gamal stamme.

Og det er her eg tenkjer at erstatningsteologien tek feil. Eg tenkjer at det var ikkje eit brot på Guds frelsande verk som hende då Ordet, Guds Son, slo opp sitt telt mellom oss. Guds frelsande plan  utviklar seg steg for steg gjennom heile Israel si soge. Der er ein kontinuitetsteologi  frå Bibelen sine første ord, og denne teologien tek eit nytt steg med Jesus.
Og som jødane fekk Toraen, som er Guds Ord, i Sinai, så byrja det nye steget då Ordet vart menneske og slo opp sitt telt i mellom oss.

Til jødane sa Gud: Høyr mitt ord og gjer etter dei. Det same sa Jesus: Den som høyrer Orda mine og gjer etter dei.
Kva er forskjela? Begge Orda, eller lovene, er Guds kjærlege vegvisarar for både jøde og oss av heidningætt.
Nåden?
Nåden er ikkje noko nytt for Det nye testamentet. Heile Bibelen er full av Guds nåde.
Berre tenk på den nåde som vart Isak og Abraham til del på Moriafjellet. Og som peikar framover mot at Ordet ein gong ville ta bustad mellom oss.


Les vi forteljinga om då Moses møtte Gud og fekk tavlene med dei 10 orda på fjellet -  og Lukas si forteljing om pinsedagen i Jerusalem - med opne auge. Så ser vi at det er to svært like forteljingar. Og likskapen vert endå større når ein ser korleis teologane på begge sider tolkar det som hende.

Jødane sin pinsedag er deira påske sin kroningsdag. Vår pinsedag burde vere vår påske sin kroningsdag, og ikkje ein halvegs bortgløymd fridag. Det er den dagen då Jesus si gjerning mellom oss nådde si fullending, og alle som trur på han fekk Den Heilage Ande som pant på at dei er Guds born, og dei vart poda inn i Guds eigedomsfolk.
Pinsa er kyrkja sin fødselsdag seier vi, og det er rett. Då utvida Gud si pakt med sitt eigedomsfolk, og tok oss av heidningeætt inn under si pakt. Det vi kallar den nye pakta.
Og vi fekk Den Heilaga Ande til talsmann, forbedar, rådgivar og læremeister, og hans oppgåve er å vise oss løyndomane som ligg og ventar på oss hos Han som er Ordet, komen i kjøt for å pode boss inn i Guds ætt. Hjelpe oss som er Hans born til å fylgje hans Ord, eller lov om ein vil, i dette livet vi har fått å leve her i verda.
God pins.

onsdag 23. mai 2012

Dagmar

Mi kjære og eg har ei stor selje ståande litt nedanfor heimen. Ei selje med mange stammer. Det er eit tre som tek bort mykje utsyn, derfor er det eit tre som vi ikkje kan unngå å sjå på fleire gonger dagleg. Om våren står det lavande fullt av gule "gåsungar", og om sommaren tek det vekk utsynet vårt  med si store og lauvrike krune. Men om vinteren teiknar snøen vakre grafiske teikningar på stammer og greiner.
Så for ho Dagmar forbi i jula, og etter det har denne selja fanga mi undring på korleis ho Dagmar greidde å gjer det ho gjorde med den eine stamma.
Ho gjorde mykje skade ho Dagmar. La ned store granfelt, tok elkraft og telefon, sperra vegar, raserte bustadar og uthus, og heiv båtar på land. Men korleis greidde ho å opne ei fleire meter lang sprekke midt oppe på denne seljestamma? Det skjønar eg ikkje. Har ho fått eit godt grep på den, og så vridt den rundt slik at stamma har klovna i to? Og det utan å bryte stamma av.
Til orientering. Dagmar var ein orkan som for forbi sist             jul.


Eg skreiv litt om trusvandring i eit innlegg for litt sidan. Av ein eller annan grunn så fekk eg her ein dag ein assosiasjon mellom denne sprekka i selja og mi eiga trusvandring. Den klare samanhengen mellom dei to kan eg ikkje forklare, men det er kanskje ikkje så viktig heller.Men eit par artiklar siste dagane har sett meg på sporet av kvar mi vandring er komen no, etter min oppvekst i vestland-pietismen si trusverd.
Eg har i lengre tid kjent meg lite tilfreds med Luther, eller kanskje det er Rosenius, sine trusabsoluttar, nåden åleine, trua åleine. Eg har følt at der er noko som manglar i høve til andre ord frå Jesu munn. Men her ein dag las eg i pater Arnfinn Haram sin blogg ord som la nokre bitar på plass for meg.
Men  eg har og hatt vanskar med å plassere meg i vår tid sitt teologiske landskap. Er eg ein gamalkonservativ fundamentalist, eller dalar eg ned på den liberale sida? Går det ihop? Det må då vere stor avstand mellom to så ulike teologiske ståstadar? Vel, det spørst kva spørsmål ein dreg fram i lyset. Særleg i tilhøvet mellom kyrkja og Israel har eg ikkje kjent meg heime i nokon av leirane. Ikkje har eg funne meg til rette hos den venstrepolitiske israelteologien som ser israel som den store syndebukken.. Men heller ikkje i den eldgamle erstatningsteologien som seier at kyrkja har overteke Israel sin plass som Guds folk. Men idag dukka det opp ein artikkel som la også dei bitane på plass.
Den handla om eit heilt ukjent begrep for meg. Og ordet er dispensasjonalisme.
Eg skal ikkje gi meg ut på forklare det. Det vil kreve for mykje plass. Men av og til vert mi stamme vriden så mykje at det opnar seg nye sprekker i det eg trudde var fast ved. Enn så lenge er eg altså ein dispensasjonalist. Men vandringa er ikkje over  endå.

onsdag 16. mai 2012

Motbakkeløp

Det har vorte populært med motbakkeløp siste åra. Alt fleire plassar kastar seg på trenden og finn seg eit høveleg fjell å springe opp på. Her i bygda skal det om eit par månader igjen springast frå fjøresteinane og opp 1303 høgdemeter til toppen av Saudehornet. Ikkje noko for meg lenger, sjølv ikkje utanfor konkuranseklassa.    Men det er vel noko slikt han slit med denne mauren, der han ryggar opp ein loddrett vegg av glatt keramikk, slepande på si tunge bør.   
Eg såg eit TV-program i går kveld. "Når boblene brister."   Det handla om bakgrunnen til Terraskandalene, der fleire norske kommuner hamna i eit økonomisk uføre etter å ha investert sine trygge pengar i amerikanske hedgefond. Så kom bustadkrakket i USA, og borte var pengane, I staden for økonomiske gevinst sat dei att med stor gjeld.
Programmet intervjua fleire økonomiske ekspertar, og det dei fortalde kasta og lys over den krisa som vår verdsdel opplever no. Alle hadde sin innfallsvinkel til krisa, men summen av det dei sa var ikkje akkurat lys. Heller ikkje for vårt oljerike land.
Det kan nok hende at det er fleire land enn Hellas for får oppleve ein situasjon som liknar litt på mauren sitt motbakkestrev.
Ei av dei fortalde at alle gullaldrane som menneska har opplevd, og vi har hatt fem av dei sidan industrialiseringa byrja i England, er som ei såpeboble.
Det går flott så lenge den er under oppblåsing. Men ein dag sprekk ho, og då kjem krisa.
For noke veker sidan køyrde eg gjennom den spanske grensekommuna til Gibraltar. Medan Gibraltar framleis er utanfor krisa, er den spanske naboen i realiteten konkurs. Kommunekassa er tom, og dei som framleis har arbeid, gjer det utan å få løn.  Der er krisa alt ein vond realitet.
Men, hevda den intervjua, krisa er ikkje slutten sjølv om ho er vond. Den kan bety starten på noko nytt. Ein ny gullalder, ei ny boble kan då få byrja å vekse fram.

Dei intervjua ekspertane vart og spurde om kvar dei plasserte årsaka til krisa. Alle la den i hendene på dei store internasjonale finansinstitusjonane, og på politikarane som ikkje var istand til å ta dei nødvendige stega til å regulere pengemarknaden, då dei har gjort seg avhengige av økonomar som berre ser etter det som kan gjer deira eiga forteneste størst mogeleg. Og der ligg årsaka til Terrakommunene sitt økomiske uføre. Ikkje hos blåøyde norske kommunepolitikarar. Men det er den vanlege kvinne og mann som får svi for andre si grådigheit og mangel på solidaritet.

Då eg slo av fjernsynet og gjekk til sengs, tok eg med meg mange tankar om det eg hadde sett. Eg opplevde protestane mot dette systemet, då dei tok til i Spania, og eg har sett resultatet av politikken der, med arbeidsløyse og fattigdom. Vi har sett protestane kome i Amerika, og her i Europa. Enn så lenge er vi på den grøne greina, men finansfolka har eksportert industrien vår ut av landet. Det er snart berre servicenæring igjen. Og politikarane vil ikkje investere i det framtidsretta. Eg undrar meg på kva vi skal leve av etter kvart. Klippe kvarandre?
Men la oss gløyme dei mørke skyene. Kvar dag har nok med si møde. 
I  morgon skal vi feire 17.mai. Ha ein flott grunnlovsdag.

fredag 11. mai 2012

Under vegs


Tidleg morgon. Fjorden ligg still. Berre nokre små krusingar uroar den blanke flata der fjella speglar seg av. Gradstokken har krope over femtalet. Ingen blank himmel i dag. Regn er lovnaden for denne dagen, men på trea har små grøne blad byrja bryte seg fram frå knoppane.
Om eit par dagar skal vårt fjerde barnebarn konfirmerast. I mi tid var det ein overgang frå barndom til vaksen alder. Idag er det ikkje godt å vite kva tid ein vert rekna som vaksen. Er det først når ein avsluttar tenåra? Eller er det når ein er ferdig med utdaninga? Eg høyrde sagt i fjernsynet i samband med den store rettssaka i Oslo, at dei karakteriserte ungdom under 18 år som barn. Då måtte eg gjer ein liten gallup hjå dei som var rundt meg om kva tid ein avsluttar barndomen. Eg fekk ikkje klare svar. Tidene endrar seg, og med det vårt oppfatning av sanninga.

Eg har lest eit par bøker siste vekene. Det går ikkje så fort når dei er på framande språk. Men det positive i det er at dei utvidar mi språkerfaring, og når dei i tillegg set mi oppfatning av sanninga på prøve, så har eg ikkje noko imot slike utfordringar.
Kva eg snakkar om?
Ja, sei det.
Det er vel om noko som eg kallar mi trusvandring. Frå der eg var som konfirmant og ungdom, til der eg er idag. Oppvaksen i ei vestlandsk-pietistisk trusverd med faste normer og reglar, og der ein ikkje sette spørsmål ved vekkingskristendomen sitt verdigrunnlag. Men gjennom møte med andre retningar innan kristentrua, og ved lesing av bøker som har utfordra mi oppfatning av sanninga, må eg nok erkjenne at eg har vandra eit stykke avgarde frå det eg vaks opp i. Og eg trur det har vore sunt for meg. Trua mi har ikkje vorte svekka av det, heller rikare og djupare. 
Det vil han nok erfare konfirmanten og. Han går søndag inn i ei ny fase i livet, sjølv om han i mange år enno vil vere under utdaning. Så er han under vegs, og livet sine utfordringar vil endre han. Også hans oppfatningar av kva som er sanningar, og med det viktigt i livet. Det som gir livet innhald og retning.

søndag 6. mai 2012

Nerja



Fem mil aust om Malaga ligg den austlegaste byen på Costa del Sol. Det er Nerja. Opphaveleg, som dei fleste av byane på solkysten, ein liten fiskarlandsby. Men så kom turistinvasjonen, og i dag bur der opp mot 20.000 i den koselege og kvite byen, med sine mange sandstrender ved det blå havet.
I 1885 vart byen råka av eit jorskjelv, og det fekk noko av ei framskota klippe til å falle ut i havet. Kong Alfonso XII vitja byen, og han kalla på grunn av utsynet,  det attståande platået for Europabalkongen, der det stikk fram i havet. Og Europabalkongen er ein samlingsstad både for dei lokale og turistane. 














Men byen har ein stor attraksjon til. Tre kilometer inne mellom fjella fann nokre gutar i 1959 fleire grotter. Fleire av dei viste far etter gamal busetning, og hadde i tillegg holemåleri. Den største av dei er open så ein kan kome inn å sjå. Og det var flott. Det var som å vandre i ei stor gotisk katedral, skapt av vatn gjennom tusenvis av år.
I denne grotta er det laga til ein stor konsertsal der det  årleg vert helde ein stor konsert. Då er den spanske dronninga ein fast tilhøyrar.
Nerja

Så er vår vitjing i Andalusia over, og turen går attende til flyplassen i Malaga der flyet heim til gamlelandet ventar.
Eg nyttar høvet til å takke vår guide for ei flott veke, og ynskje henne lukke til med den nye gruppa frå Norge som ho skal ta imot og syne fram Andalusia til. Det vert nok ikkje siste gongen vi dreg på Nytt og Nyttig tur.









lørdag 5. mai 2012

Aper m.m. Gibraltar

I ein liten minibuss, med ein rappkjefta og humoristisk sjåfør-guide vart vi køyrde rundt til Gibraltar sine atraksjonar. Og det gjekk føre seg i god fart. Enkelte meinte nok han kunne hatt hendene litt meir på rattet, og ikkje vore så oppteken med å peike ut det vi måtte sjå. Men vi kom trygt fram. Både ut til sydspissen på klippeøya, der vi kunne sjå over til Afrika, som vi ikkje kunne sjå. Og på smale vegar opp i klippa til ei stor dryppsteinsgrotte, tjuvaktige og nærgåande aper og utsyn over byen, reden og Spania på andre sida av bukta.

Så er den guida turen over og vi vert overletne til å utforske Gibraltar sine gater sjølve.  Til fisk and chips på ein av byen sine restaurantar. Innandørs, endå sola skein, men ute var vinden ikkje varm. Så måtte eg, endå om eg har vore på dei britiske øyane, til Gibraltar for å ete den  mest britiske maten som finst, fish and chips. 
Gibraltar sine gater er stort sett som andre bygater. Butikk på butikk som gjerne vil tilby det heilt spesielle som du må ha. Vel, eg fann ingen ting eg måtte ha, men mi kjære fann seg si fingerbjør frå byen og sin suvenirmagnet til kjøleskapet. Då var vi begge nøgde.







Og når vi i tillegg fekk med nokre bilete av dei erkebritiske monumenta i den vesle kronkolonien, så kunne vi takke for oss og vandre over grensa, der flagga stod rett ut i vinden under klippa, og inn i spanske Andalusia att.

fredag 4. mai 2012

Gibraltar

Gibraltar stod på lista over stadar vi skulle vitje, og nest siste dagen i Andalusia køyrde vi vestover Costa del Sol, eller Costa del Golf  som det og stod på ulike skilt langs vegen. For, må vite, dette er eit av golfarane sine paradis, med golfbaner i mengder.
Så dukke øya ut av disen i vest, med skya hengande over klippa.
Øya?
Det er berre ein smal tange utover frå det spanske Andalusia til det britiske Gibraltar. Eit stykke ut på tangen kjem grensa. Der må vi ut av bussen med alt vårt medbragte, og gå over grensesona, vise fram våre pass, og så er vi på britisk grunn.
Litt lenger ute ligg flyplassen på tvert over tangen, og er der raudt lys får ein pent vente til flyet har landa, eller teke av.
Så er vi der og må ut av bussen. Herifrå vert det minibuss med sjåførguide.
Kor lite det er,  seier mi kjære. Eg trudde det var større. (berre 7 kv.km.)
Kor få, tenkjer eg, då eg får høyre at her bur det knapt 30000.
Og dette vesle stykket land kranglar Spania og England om?
Vel, det er visst innbyggarane her som ikkje vil verte spanske. Dei kallar seg forresten for llanitos, og snakkar ofte seg i mellom på llanito som er ei blanding av andalusisk spansk og engelsk, med sterke innslag av ord frå fleire andre språk.








Heilt ute på sydspissen av Gibraltar ligg der eit fyr. Derifrå er det omlag to mil over til Marokko på sydsida av sundet. Norvasundet som våre forfedre kall det. Det smale sundet. Inn her sigla kong Sigurd Jorsalfare med alle sine 60 skip i 1110. På sitt krosstog til Jorsalaborgi. (Jerusalem.) Då hadde den mauriske festninga oppe i fjellet alt vore der i 400 år. Men i 1713 kom den under britisk styre, og den spanske befolkninga på halvøya vart tvangsflytta inn til fastlandet.

Gibraltar tyder Tariqs berg, etter den mauriske erobraren i 713. Landet rundt berget er ikkje stort, og dei fyller ut i sjøen for å gjer det større. Så dei gamle bymurane som ein gong låg på stranda , er no hamna langt inne i byen.
Oppe frå fjellet har ein godt utsyn over byen, og over til det spanske omlandet. Og på reden låg der skip i mengder.
Og som eit teikn på vår endra tid, så har det islamske igjen fått sitt fotfeste på iberisk jord. Yst ute på spissen, ut mot sundet, ligg det ein kvit moske. Finansiert av den saudi-arabiske kongen.



torsdag 3. mai 2012

Natt

 Det er natt. Frå henne ved sida mi høyrer eg rolege andedrag. Ho søv. Eg skulle gjort det same. Sove. Eg har gjort det, men så hender det som av og til hender. Ein vaknar av svevnen. Kroppen krev sitt sjølv om natta. Vel attende i senga er svevnen langt av lei. Så ligg eg der og vrir meg under det stramme pølseskinnet av eit overlaken som dei brukar der sør, i staden for ei god og ledig dyne, og stirer ut i det halvmørke romet.  Medan tankane sviv gjennom opplevingane siste dagane. Sevilla, Ronda, Cordoba og Granada. Byar som var namn og hendingar eg hadde lest om, og hadde hatt lyst til å vitje. Men som eg no hadde vandra gjennom gatene i, og fått bilete av, festa ein stad inne på hjernebarken. Bilete eg kunne leite fram for mitt indre auge, og vandre i, sjølv om eg var langt borte frå stadane og gatene der.

Eg kjenner ryggen varslar at no er det nok, så eg ålar meg fram frå pølseskinnet, og smyg meg sengekledd ut glipa i døra, ut på den vesle verandaen utanfor, og finn meg ein stol i eit hjørne.
I opninga mellom dei høge bygningane ser eg kvite bylgjer rulle inn over sandstranda, og høyrer bruset av dei i den stille natta.
Ute over havet, ser eg månen segle mot vest, medan månelyset teiknar ein glitrande veg over det mørke havet inn mot stranda, og meg innanfor, oppe på ein liten veranda i det høge hotellet.

Ein liten hund gøyr intenst eit stykke unna. Er det månen tru, eller er den stengt ute i natta og ber om å få kome inn?
Litt lenger borte i gata reiser moskeen sin minaret seg som ei lysande pil mot natthimmelen.
Ein svak trekk kjem inn frå havet. Eg kjenner her er kjølegare enn inne bak den store glasdøra.
Då dukkar det vesle fikentreet oppe i Alpujarras opp. Det som Marta måtte vise oss. Det som stod der med tre bristeferdige knoppar og varsla sommar. 
Straks byrjar tankane å blade i Skrifta. Kva var det med fikentreet? Eg hugsar eit par stadar det er omtala, men tanken vil ikkje roe seg med det. Medan bylgjer bryt nede på stranda, og hunder gøyr intenst, tumlar den vidare med fikentreet. Rullar stein opp bakken, utan å kome av flekken. 
Brått kjenner eg det har vorte kjøleg. Eg er ikkje nett kledd for å sitje ute på ein open veranda, men det er mørkt i alle rom som vender mot meg, så det gjer ikkje så mykje. Menneska innanfor glasdørene søv, og det gjer mi kjære og. Eg smyg meg inn att og åler meg under lakenet. 
Hunden har tagna, men bruset frå stranda sig inn gjennom dørgløtten. Og medan fikentret sviv gjennom tankane, glir eg bort.

onsdag 2. mai 2012

Pampaneira. Alpujarras


Bussen har tråkla seg ned fjellsida igjen, og svingar inn på parkeringsplassen i den lavaste av dei tre byane, Pampaneira. Det første som møter oss er ein gul-oransje kommunal lastebil med påmontert snøplog. Det er vårvarm sol denne dagen, men plogen fortel at her er det ikkje alltid slik, sjølv om det ikkje er mange mil ut til Spania sin solkyst. Byen har så smått byrja å førebu seg på sommaren sine turiststraumar, hovedgata ber preg av det med salgsboder og fristande vareutstillingar.

Det ligg ei fontene eit stykke bort i gata. Mi kjære er bort og smakar på vatnet. Eg vert litt uroa når eg prøver å tyde teksta over fontena. Der står det noko om at den som drikk av dette vatnet vil straks få ein ny kjæraste til å gifte seg med. Er ho lei av meg etter alle desse åra? Ynskjer ho seg ein fyrrig spanjol, istaden for ein forsakt og kjedeleg møring? Eg vert litt rolegare når eg stavar meg litt nærare inn i teksta. Løftet om kjærast og giftarmål gjeld visst berre for ugifte som høyrer til i landsbyen sin kyrkjelyd. Det var då endå godt.

Bortanfor hovedgata kjem vi inn i det som er den eldste bydelen. Der er gatene smalare,og midt i dei renn vatnet nedover og ut av byen.  Eg følte meg med eit ført langt attende i tid. Til lenge før vår tids krav til plass og armrom endra våre stadar. 
To av dei tinga som dreg turistane hit Alpujarras, utanom dei pitoreske byane, og det vakre fjellandskapet, er tepper. Vakre, vovne tepper.
Og jamon. Skinker frå dei andalusiske grisane. Dei som får gå fritt og livnære seg på eikenøtter. Der er to typer av dei. Nokre har brune klauver, medan andre har svarte klauver. Og dei har beste skinka. Men obs! Sjekk om svartfargen er ekte, eller om han er måla på for å få betre pris.
Her oppe i fjella finn ein det heilt ideelle klimaet for å luftturke skinka. Derfor kan ein inne i butikkane finne syn som dette. Skinke på skinke heng ned frå bjelkane. Det er råd å få smake på produkta. Og det smakte. Og når ein tillegg kan nyte litt lokal vin og ost til, så- nam, nam. Ein må berre passe seg og ta av fata med smaksprøver, og ikkje forsyne seg av eit fat som ein annan kunde har kjøpt til eiga glede.  Det vert skjeldan sett særleg stor pris på.
Så er besøket i Alpujarras over. Bussen krokar seg vidare ned svingane, ned til dalbotnen, og ut til kysten ved det solglitrande havet.
Capileira
Pampaneira
Bubion