mandag 22. september 2014

Kvitt i toppane


Så fekk vi værendringa. Laurdag regna det så smått, og meir kom det på søndag. Dagen i dag gav oss eit pusterom med sol før det våte slaget skal kome att i dagane som kjem. Det er vel berre å erkjenne at sommarvarmen er over for denne gong. For idag, synte gradstokken ute berre 4 grader pluss, og på høgste toppane var der kome eit slør av det kvite. Det er å vone at det framleis vil gå både dagar og veker før det vert kvitt her nede ved fjorden. Men framleis er det hausten som rår i liene. Lauvet på bjørkene har byrja å gulne og falle til jorda, medan oren som held ut lengst, framleis er grøn. Og mellom trea i liene er fargeprakta framleis stor og variert, som på dette moseflaket ved ein vegkant. Nærast sjølvlysande i fargen, sjølv utan sollys på seg.

tirsdag 16. september 2014

Haust


"Jeg velger meg april", song Bjørnstjerne Bjørnson. Og visst er våren flott når naturen igjen vaknar av vinterdvalen. Når skog og mark endå ein gong grønkast, og naturen vert oversådd av blomar. Men han er ikkje verst i fargeprakt hausten heller, sjølv om naturen då førebur seg på ein ny vinterdvale. Våren har ein kjøleg grøntone som grunnfarge, medan hausten har ein varm fargetone i botnen. Gult, raudt og brunt. Endå har vi ikkje sett så mykje av han her i bygda. Då vi var i Sogn for nokre dagar sidan såg eg at der vart han komen lenger. Men i godværet siste dagane har eg sett at han er på veg også her. Bjørka har byrja å få gule blad, og oppe i fjella ser  eg at haustfargane byrjar dukke opp. Kanskje der er ein baktanke med det. Den at vi treng noko å varme oss på før alt vert vinter med kvitt og grått som grunntone?
I grunnen er vi heldige her i landet som har våre fire ulike årstider med kvart sitt særpreg. Det gjer dagane spanande og vekslande. Det er få år som er like, og dette siste året har vore av dei skjeldne med mykje godvær på mine kantar av landet. Og det er det berre å takke for.
 

torsdag 11. september 2014

Haustsol


I går var det endå ein av desse herlege solvarme dagane.
Det gjeld å nyte dei medan sola enno auser sin varme over bygda, men eg ser ho kjem endå eit lite hakk nedover sydhimmelen mellom kvar gong dei er her desse solklåre dagane. Det er ikkje råd å unngå det. Det er haust og om nokre veker ser vi nok snøen i fjelltoppane. Eg tykkjer ikkje det er så lenge sidan eg drog grasklipparen over plenen for første gong dette året, og i går, etter at sola hadde turka opp dogga, drog eg han endå ein gong. Var det den siste gongen dette året tru? Er den neste maskina i bruk snøfresen? Vonar det vert lenge til. Men elles nytta eg soltimane som best eg kunne, med å vende kropp og sjel mot dei varme strålane. Og det var eg ikkje åleine om, Over meg hekk ei plante som har byrja få haustbrune blad, men dei blomane som endå er att strekte seg opp mot lyset og varmen.

tirsdag 9. september 2014

Kvile på støylen


Der stod eit bord med eit par benkar ved sida, laga av grove furubord, like utanfor steingarden til den grøne vollen. Der slår vi oss ned, mi kjære og eg, og leitar fram termosane med varm kaffi på, og nisteboks med dei medførde brødskivene i. Her er stilt på støylen, berre vinden ruskar litt i rognen på andre sida steingarden, og det kling litt i saue- og kubjeller frå dei beitande dyra. Då vi gjekk forbi opp mot fjellet for ei stund sidan var det bærplukking på gang i lia ovanfor støylen. No når vi kom attende, er det over. Vi ser ein mann kome frå bekken, berande på ei bøtte med vatn. Han let opp ei dør på eit av dei nyare stølshusa og går inn. Så er det vel matlaging på gang der inne. Kanskje bærplukkarane skal overnatte? Bortanfor steingarden på andre sida av vollen ser vi nokre kvinner går oppover mot fjellet. Dei lyfter hendene og helsar oss to ved bordet. Dei skal vel opp til toppen og registrere seg i turboka der.
Det er eit anna landskap her enn i våre heimegrender. Dei alpine toppene er borte, her er fjella meir avrunda i si form. Mange av dei er høgre, med bratte flog ned mot fjorden under. Men her oppe i dalen mellom fjella rundt, er det mjuke furukledde og lauvskogskledde linjer. Med grøne vollar der støylane ligg, og stille vatn som speglar den skykledde himmelen over. Det er lett å drøyme seg bort i dette rolege landskapet. Annleis på andre sida av fjella vi ser i bakgrunnen, der stuper floget seg mest loddret i fjorden.
Det står ei stor kvige bak deg - seier mi kjære. Ja, eg veit det - svarar eg - ho var nettopp bort i nakken min for snuse på meg, Ville vel vite kva kar eg var. Men ho fann meg ikkje verdt nærare kjennskap for ho held fram med roleg beiting inn opninga i steingarden og attende til vollen. Ikkje lenge etter ringlar det i saubjeller når saueflokken kjem på vitjing for å finne ut kven vi er. Bjellesauen tek nærkontakt medan resten held seg på litt meir ærbødig avstand, men etter litt snusing, spring dei også vidare inn på vollen. Dei stansar ved ein bergknatt som stikk opp av graset, og vert opptekne ved den. Kanskje det vert lagt ut salt til dei der?
I fjella syd for fjorden ser vi at det byrjar å tjukne til for regn. Kva veg dreg det? Kjem det hitover tru, eller dreg det vidare vestover fjella? Kanskje det best å byrje på vegen ned til bygda att så vi slepp å bli våte. Tome termosar og matbokser kjem i sekken, og snart forlet vi støylen og byrjar på stien ned mellom tjukke furuleggar og bærlyng.

mandag 8. september 2014

Vassløysa


Mest oppe på tregrensa ligg han den gamle støylen. Eller støl som dei seier i denne delen av landet. Furuskogen med sine gamle og tjukke tre når ikkje heilt hit opp. Her er det lauvtrea som rår. Men ikkje mange høgdemeterane till oppover mot fjellet, så må dei og vike grunnen for eine og lyng. Ein gong var det berre gangstien som synte vegen hit opp, øvst i dalen under fjellet, men den moderne tida har nådd støylen. Stien er borte, istaden er det grove traktorspor som leier hit opp gjennom furuskogen. Og dei gamle husa som stod her har fått vike grunnen for nyare og bordkledde hus som lyser nymåla mot den grøne vollen. Nei, ikkje heilt alle. Oppe i øvrekanten av vollen, innanfor steingarden, står det eit gamalt hus, farga brungrått av vær og vind. Tidlegare var heile buskapen her oppe på sommarbeite, medan kvinner og gjetargutar heldt til dei små husa, I dag er det sauer og ungfe som får beite her på grønt og friskt fjellgras, og husa er vel meir for rekreasjonhytter å rekne. Her er ingen elstraum å få, om ein ikkje har eige agregat. Og vatnet må ein til den vesle bekken bortanfor vollen for å hente. Noko namnet på støylen fortel om. Når bekken turka inn i turketider, så bar den nok namnet Vassløysa med rette. Hit kom vi, mi kjære og eg, ein septemberdag. Vi var i fylgje med ei dotter og hennar born på veg mot fjelltoppen over støylen. Men noko under toppen snudde vi to ned att til den grøne vollen. På veg ned att såg vi dei andre nå målet på Store Haugmelen.

torsdag 4. september 2014

Kjuke


Ein er aldri for gamal til å sjå, eller lære,  noko nytt. Slik dette bilete syner. Men ei kjuke er eg då ikkje ukjend med? Nei, det er ikkje noko framandt . På gamle tre og stubbar har eg sett dei vekse ut i mange ulike fasongar og fargar, men aldri på ein slik stad. Rett nok er det eit gamalt tre, men det vart saga ned for mange år sidan, avborka og høvla til, og så impregnert med tjørehaldig veske så det skulle stå seg mot roteangrep, og så nytta som stolpe for elkraft eller telefonlinjer i mange år. Etter at den tida var over fekk den ein nytt bruksområde som lysstolpe  i ei lysløype. Men ein godt impregnert stolpe har vel heller ikkje evig liv. Der må vere ein prosess igang inne i stolpen som ikkje synest på den turre utsida. Ein prosess som har gitt livsrom for ei kjuke å vekse ut av ei sprekke i det gamle og turre treet. Og på ein slik stad har eg aldri sett ei kjuke før.

tirsdag 2. september 2014

Haust


.Siste sommardagen i år. Høg, blå, himmel, og sjølv inne i skuggen mellom trea langs elva kjenner eg solvarmen. Stien snor seg fram i skogen ved elvebredden, grus knasar under føtene, og rett bortanfor susar elva over steinar og bergknausar i elvefaret. Bak meg, noko lenger nede ved elva, høyrer eg bruset av fossen og glade rop frå born som badar i kulpen under den. Då står dei der, ein vegg av høgreiste planter mellom stien eg går på og elva nedanfor. Veker attende bar dei blomar i fleng på sine høgreiste plantespir, men no er dei inne i ein ny fase av sitt planteliv. Blomane er borte, i staden er dei dekte av kvit ull. Hausten er komen i deira liv. Så vil dei visne, falme, og når vinteren kjem, verte brotne ned av kvit snø. Medan røtene nede i den svarte jorda kviler seg mot ein ny vår, og ny blomstring der på elvekanten. Stien fører meg vidare inn mellom trea og eg kjem inn på ei lysning, ei gamal eng. Her har det ikkje vore nokon slåttekar denne sommar, heller ikkje beitande dyr. På sidene av stien gjennom enga, står stråa høge og haustgule, medan dei sakte bøyer seg i den lette kveldsvinden. Det er haust rundt meg.

Kor er det, har du nokre pilegrimsplanar? spør han.
Nei, ikkje no. Er det ikkje på tide å gi seg med slikt? spør eg attende.
Nei, ikkje du, - svarar han- du vil nok vere pilegrim i mange år enno.
Heilt til siste turen vert med rullator? spør eg igjen.
Ja, ein pilegrim er alltid ein pilegrim, er det ikkje det du har sagt, seier han med ein smil på leppene.

Likevel, mangt har endra seg sidan eg byrja på mine vandringar, år attende. Eg er komen inn i min haust. Mannens pryd, håret  har minka av til ein krans rundt toppen der oppe, og det har vorte grått i leten. Rundt kjaken har det og vakse fram noko grått.  Ikkje noko frodigt slag til å vere kry av, men mi kjære seier eg skal la det vere når eg ymtar frampå om å ta det bort. Det gøymer dine skape kjakekantar, fortel ho meg. Og det har eg lært meg i livet, at kvinnene kan det vere klokt å høyre på.

Så vandrar eg og mi kjære ein skogssti denne siste dagen av sommarmånadane dette året, og tek steget over i dei komande haustmånadane.
Og han hadde rett; ein pilegrim er alltid ein pilegrim Om det ikkje vert fleire vandringar etter framande vegar mot ukjende mål, så minte dei glade barneropa frå badekulpen, og dei kvite blomestråa ved elvekanten meg om den pilegrimsvandringa gjennom livet vi alle går.

mandag 1. september 2014

Og over reiser fjella seg


I den delen av lander der eg er bufast, er fjella ein vesentleg del av livet. Alle deler av våre liv grip dei inn i. Anten det er kvar vi kan reise våre bustadar eller kvar vegane vi skal ferdast på kan gå. Og fortellingane om korleis fjella har gripe inn bygdene sine soger er mange og sterke, sjølv heilt opp i våre dagar. Tapa av menneskeliv er tallause, anten årsaka var jord-, stein- eller snøskred som reiv bort heimar og liv. Eller det var ved alvorlege ulukker på utrygge vegar, eller under vandring i fjella. Men trass i slike soger som vi ber med oss, dei er ein del av oss, desse farlege men du verda så vakre fjella der dei reiser seg over oss.
Og i går, etter at heitaste dagen var over, tok vi oss ein liten vandrartur, mi kjære og eg, inn mellom dei. Og på heimveg såg vi skyene verte farga av den sigande sola, vest i havet.