torsdag 30. april 2009

Montgros 27.august 2007

Marie er irritert over velkomsten til La Maison de Rosalie. Men det glei over.
Vi fekk etter kvart tildelt rom og instalert oss i eit gjestehus.
Godt å kvile trøtte føter og ta ein god dusj etter ein lang og varm vandringsdag.

Torbjørg og Leif har byrja merke gnagsår, og Bodil har fått eit vondt kne, i tillegg til foten ho skadde andre dagen.

Men då tida for middag nærma seg, er vi benka ved eit av langborda saman med Marie og nokre andre franske medvandrarar.
Og så kjem middagen på bordet. Grønsaksuppe, fløtegratinerte poteter og kalvekjøt (det var i seigaste laget, men godt) og sviskekake til dessert. Og vi greidde å lokke oss til ein kaffikopp også.

Dei franske fortel at værmeldinga for morgondagen varslar uvær, vind og regn.
Så er det tid for å roe seg for natta.


Men morgonen renn opp med sol og blå himmel.


Vi tek farvel med La Maison de Rosalie, og tek fatt på vandringa vidare til høgste punktet dette året, til Aubrac.
Snart forsvinn Montgros bak oss, og vi går ned mot Nasbinals.

onsdag 29. april 2009

Over høgsletta (2) 27.august 2007

Siste kafè før fjellet. Det må nyttast for sola steikjer og det er ikkje eit vindpust. Så her vert det kaffi og is i skuggen under store parasollar.
Fleire vandrar kjem og slår seg ned ved borda.

Ei ung kvinne dukkar opp. Ho er godt kledd. Fleesjakka hennar har store våte flekker. Det er Judit. Ho fortel at ho gått frå Magdeburg ved Berlin. Så vart ho sjuk og sengeliggande i 3 veker, men no er på vegen igjen og målet er Santiago de Compostela. "Er du ikkje redd for å gå åleine?" Nei ho er trygg, ho går med Gud.

Stien opp mot høgda Roc de Loups er god, men her er ikkje mykje skugge å finne, så svetten dryp jamnt frå alle utstikk på kroppen.




Endeleg er vi oppe på høgda og ser utover dalen på andre sida. Der nede buktar ei stille elv seg fram, og ved sidan av den strekker ein asfaltveg seg nedover dalen, forbi ei lita husklynge, ned mot ei bru i det fjerne.



Nede ved elva tek vi ein rast igjen. Marie når oss at.
"Dette hjelper mot varme hovud," seier ho, går ned til elva og bløyter capsen godt og set den opp på hovudet igjen.
Dei andre prøver det same, men eg går med blank skalle.


Judit som er komen til, ser på mitt lett raudnande topplok, lyfter åtvarande peikefingeren;
"Du må ha på deg eit kvart. Det er farleg å gå uten i denne sola."
"Eg brukar ikkje hovudplagg." -
"Du er akkurat like egen som bror min. For nokre sta mannfolk."
Der fekk eg den. Eg får prøve å finne eit kvart å ha på hovudet.

Over høgsletta (1) 27.august 2007

Våre franske vener ved bordet i Aumont-Aubrac fortalde at målet for neste dags vandring var Nasbinals. Dit var det 26 km, men det var over høgsletta der det ville vere lite skugge å finne. Og morgondagen teikna til å verte ein varm dag.
Klarer vi det?
Klart de gjer, var dei oppmuntrande orda vi fekk.
Vi bestemte oss for å prøve, men ville stogge 3 km før, hos La Maison de Rosalie i Montgros, Der var dei kjende for sin gode mat.
Men først tok eg ei lita gransking av kva høgdeprofil strekninga hadde.


Men proviant for dagen måtte vi ha, og sjølv om det var mandag, fann vi ein open butikk med det vi trong.
Og ein liten morgontur inn i kyrkja. Ho var berre så vidt opna, for vi var tidleg ute denne morgonen.



Det går jamt oppover.
Aumont-Aubrac ligg på 1050 m.o.h, og i Montgros skal vi vere oppe i 1234 m.
Litt skog gir skugge, men for det meste er det eit ope og vidt landskap og med gode vandrarstiar.

Etter 4 km dukkar ein landsby opp. Det er La Chaze-de-Peyre.
Det første vi møter er ein fint stelt gravlund.
Her kan dei ikkje bruke mykje pengar på grasslått. Det må halde med litt ugrassprøyting eit par gongar i året.


Landsbyen er ikkje stor, men kyrkja er stor, der ho står innklemt mellom vanlege bustadar.


Vel oppe på høgda etter Aumont-Aubrac møtest to vegar i eit kryss, og midt i krysset ligg ei lita, fredeleg kyrkje. Chapelle de Bastide.
Vi nyttar høvet til ei lita morgonandakt i det vakre kyrkjeromet. Det er ikkje mange kyrkjer i heimlandet som fungar som ei rundkøyringsøy.



Vi kjem ut i eit trelaust heilandskap. Vide og opne vidder.
Lett å gå, men det er varmt nok i sola.



Etter 16 km er vi framme i Finieyrols. Bygda er tydeleg stolt av sin store son, Louis Dalle, som Leiv Arne Grimstad fortel om i boka si.


Louis Dalle var katolsk prest. Han hamna i Buchenwald under krigen, og etter krigen reiste han til Peru som prest og misjonær hos den indianske befolkninga.
Høgt vyrd som ein indianar mellom indianarar.

Vi rastar under skuggefulle tre ved det offentlege toalettet.
Det har som mange toalett langs vegen, berre eit hol i golvet.
Stakkars den som har vonde bein eller dårleg rygg.
Men huset er godt signa. Det har kors på taket.

Aligot 26.august 2007


Vi møtte ei karttavle då vi kom til Aumont-Aubrac. Den synte pilegrimsvegen vi gjekk, og av den forsto vi at no låg halve vegen fram til Conques, bak oss.


Vi hadde tinga oss rom på d’Gite La Ferme du Barry i Aumont-Aubrac.
Dagane før hadde vi drøfta om vi skulle finne ein annan stad, for på ei internettside var det brukt eit tysk ord om staden som ikkje teikne for det heilt store. Men vi valde å utstå prøvinga.
Og bra var det for, det vart ei oppleving å vere der.
Lokaliteten var triveleg og romet var fint med gode senger.


Staden var kjent for at verten serverte aligot til middagen, og underteikna var spent på kva det var.
Då tida nærma seg byrja det å kome gjester, og langborda i matsalen vart etter kvart fulle av forventingsfulle menneske.

Verten, ein blid og triveleg mann, hadde ordna til heile måltidet.
Først ei roleg opning med grønsaksupe, men så byrja showet.
Inn kom han med ei stor gryte med aligot. Med ei stor tresleiv byrja han å røre rundt i gryta for så å lyfte sleive opp og svinge den, rulle den rundt medan aligot hekk som eit langt band ned mot gryta. Og medan han dreiv på med dette, porsjonerte han ut på gjestane sine tallerkenar.



Attåt aligoten fekk vi lammekjøt.


Litt prøvande. Smakar dette norske ganar tru?

Kva aligot er? Det er ein lokal rett i Auvernedistriktet. Hovudinnhaldet er potetstappe blanda med ein spesiell lokal lys ost som ikkje må vere over to dagar gamal.


Eg skryt uhemma, fotograferar showet og er nysjerrig. Og verten vert strålande blid. På våre spørsmål, formidla av franske Marie, kjem verten med osten for vise oss, og fortel om korleis aligot vert laga.
Kven som har gjort arbeidet?
Han har gjort alt, til og med plukka blåbæra til paien.


Tre rettar var vanleg middag på pilegrimsveg, så desserten var blåbærpai.
Eit godt og velsmakande måltid.
Torbjørg smattar. Blåbærpai. Ei herleg avslutning på eit flott måltid.

Til slutt insisterar han på å ta bilde av oss.
Ser vi ikkje mette og nøgde ut?





Aumont-Aubrac

Siesta under furuer

Det vart ei varm vandring mot Aumont-Aubrac.


Inne i eit skogholt kom vi over nokre enkle hytter. Men etter nærare undersøking, kom vi til at det var best å gå vidare.

Vegen kan synest utan ende når han ligg der, open under sola sine strålar, og trea sine skuggar er få.


Etter å ha svetta oss over ein ås, kom vi ned til landsbyen Les Estrets.
No skal det smake med ein kaffikopp. Men nei, her var det ingen serveringsstad lenger.
På eit termometer ved eit herberge les vi +26C. Om kvelden fekk vi høyre at det nok hadde vore over 30.

Men oppe i neste ås var der ein liten furuskog ved vegen, og der var ingen piggtråd som hindra oss i å søkje ly for sola. Så då var det klart for ein liten lur i skuggen.


Og vi var ikkje åleine. Nye medvandrar dukkar opp, andre forsvinn ut.
Her møter vi franske Marie første gong, og vi fylgjest i fleire dagar, medan canadiske Martine er borte.

Men alt har ein ende. Også ei god rast i skuggen.
Vegen kallar.


Det er enno langt fram til herberget.

I eit vegkryss står ein steinkross.
Denne av nokså ny årgang.
Og Leif prøver seg på å omsette dei franske orda.

Søndag

Vi er i St-Alban-sur-Limagngnole, og det er søndag. Og sidan det er søndag tek vi det roleg.
Fram til neste by er det berre 15 km, men vi må ha mat også denne dagen.
Er det råd å få kjøpe mat på ein søndag? spør vi.
Ja, på søndag går det greit, men i morgon kan det verte verre.
Mandag er fridag, då er dei fleste butikkar og kafèar stengde. Så første post i dag er provianthandel på torget ved sida av kyrkja.
Søndag er torgdag.



Eit lite besøk i kyrkja rekk vi og før vi set kursen vidare mot syd-vest.


Det har vore brullup i byen, og det er vel brudeparet desse skal symbolisere.


Morgonskodda lettar snart og når vi rastar ved krossen på Grazières-Mages og ser attende på St-Alban, varmar sola alt godt.
Bak oss ligg byen i åskanten, men vi skal vidare mot sørvest.
Ein lang vandringdag ventar.

Pilegrimspass.

Etter morgonmessa i Le-Puy fekk vi kjøpe oss pilegrimspass. Det er eit lite hefte, og i det er nokre av sidene ruta opp i høvelege kvadrat, store nok til å gi plass til eit stempel.
På kvar overnattingsstad, og i nokre kyrkjer langs vegen, kan ein få passet stempla med staden sitt spesielle stempel.
Og når ein så ein dag er framme ved endepunktet, katedralen i Stantiago de Compostela.
Då kan ein legge fram passet med alle stemplingane som viser at ein har gått pilegrimsvegen, og kor langt ein har gått. Og så få utskrive det synlege beviset til å henge på veggen heime, (eller legge i ei skuff mellom andre minne ein samlar på.)

Eit stykke etter St.Roch-kjelda, kom vi til ei St.Roch kyrkje.
Dette var før eit audt heiområde der det var langt til folk. Derfor vart Le Sauvage og denne St.Roch kyrkja byggt.



Eit lite hus der vegfarande kunne søkje ly i uvær, var reist ved sida av kyrkja.
Då vi kom der, var det ei eldre kvinne som passa kyrkja, og ho stempla samvetsfullt pilegrimspassa våre.



St-Alban-sur-Limagnole 25.august 2007


Vi går i timar gjennom skog og lyngmarker.
Det er eit vakkert landskap.


Det var langt ut på ettermiddagen før vi hadde vandra oss fram til, og rundt St-Alban og fann huset som vi, heime i Norge, hadde tinga oss rom i.
Men nei, her er fullt, sa verten.
Men du har bekrefta ja på vår tinging.
Torbjørg viser han utskrift av hans stadfesting. Og dermed ordnar alt seg.
Feilen var nok litt på begge sider.


Han hadde teke inn eit sveitsisk par i staden for oss, og vi hadde ikkje sendt melding om at vi var undervegs.
Men gode senger fekk vi og triveleg vertskap.
Vi var for seine til middag, men verten køyrde oss inn til St-Alban, og viste oss kvar vi fekk god mat. Det vart pizza. Seint på kvelden rusla vi attende til hospitset i vakkert måneskin.



St-Alban-sur-Limagnole

Og så er vi komne inn i regionen Languedoc-Roussillon





og departementet Lauzére