mandag 31. mai 2010

Kamelen.


I Vikeskåla under Saudehornet brukar det om våren og forsommaren smelte fram to figurar.
Den første er ein kamel, eller kanskje rettare, ein dromedar.(Det er vel dei som har berre ein kuppel på ryggen?)
I dag låg skyene lavt under Saudehornet, men på eit bilete eg tok den siste maidagen i fjor, teiknar kamelen seg tydeleg mot den kvite snøen rundt.

søndag 30. mai 2010

Skorgedalen


Så vart det Skorgedalen to dagar på rad.
Men i dag var det ein strålande og varm dag. Ikkje kald som igår.
Det var ei dotter med ektemann, og to av våre barnebarn som inviterte oss to gamle med opp i fjellheimen for å gå Skorgedalen frå Vartdal til Ørsta.
På Vartdalsida bles det ein litt kjøleg vind.
Her har vi søkt ly for den, med Tverfjellet ruvande i bakgrunnen.


Det var stort sett snøbert første delen av turen.
Vandringa fram over slettene der sætrane ligg på rad etter kvarandre, er ein lysttur.


Men framme ved Asalvatnet på 440 høgdemeter, anar vi at tilhøva er i ferd med å endre seg.
For vatnet er enno ikkje heilt isfritt.
Midt i snøfonna står to grønkledde lerketre og vitnar om komande vår, også i fjellet.
Bak reiser Tverfjellet sin bratte flogvegg.


50 meter høgre oppe ligg Trollkoppvatnet. Og her er det ikkje mykje som vitnar om vår. Nokre lyngrabbar er utan snø, men det meste er enno ei kvit flate. Slik også det isdekte vatnet er det.

Først når vi kom ned til Stillevadet fann vi råsa ber, utan snø.
Og i dalsidene såg vi spora av vinteren sine herjingar. Ryggane etter snøfonnene viste tydeleg at det hadde ikkje vore trygt i dalen, kvar dag i vinter.
Vel heime på sætra var mykje folk samla. Der fekk vi ein god pause med prat og grilling,før vi tok siste delen av turen heim.
Og som det heitte når vi på folkeskulen skulle avslutte ein høveleg stil.
"Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur."

lørdag 29. mai 2010

Skorgedalen

Eg har siste veka lest eit par asiatiske kvinner sine refleksjonar over vår trang til å gå tur.
Og då ikkje ein hyggeleg spasertur, i triveleg lag, til næraste kafe eller kiosk for å kjøpe noko godt.
Nei ein strevsam og svett tur ut i ulendt terreng.
Lite av triveleg samtale undervegs, men ein stille, slitsom tur, der praten for det meste er korte setningar og kommentarar til det ein ser undervegs.
Og når ein vel er attende til startpunktet, så er fasiten: Dette var ein kjekk tur.
For dei asiatiske kvinne, oppvaksen i ein heilt annan kultur, verka heile turen meiningslaus og slitsom, og dei kunne ikkje samstemmme i konklusjonen om at det hadde vore ei flott oppleving.

I dag hadde eg meg ein slik tur.
Opp i Skorgedalen.
For meg ein fin tur, sjølv om eg var heilt åleine.
Men det står ikkje til nekte. Eg var godt sliten då eg kom meg inn døra heime.


Framme ved Blomstøylrabben, tett ved råsa, låg snøfonnene enno meterhøge.


Eg hadde sett meg som mål å kome fram på sætra på 420 høgdemeter.
Men det vart ei heller kjøleg oppleving.
Sola gøymde seg, og vinden var kald.


Sørover heimdalen byrjar liene å verte grøne. Men enno er det ein god del snø att i høgda.


Og dagen sin blome er denne gongen ein myrfiol.

fredag 28. mai 2010

Morgontankar ved vindauget.


Det er morgonsol over bygda.
Eg sit med kaffikoppen og ser ut på aktiviteten, ute der mi kjære forar småfuglane.
Det er visst framleis litt att av det innkjøpte foret, og i går fyllte ho på ny forsyning.
No er det mest grønfink og grønsisisk. Dompapp og meiser er meir sporadiske.
Og aktiviteten er høg.
Det er flaksande venger og gapande nebb, når dei prøver å skaffe seg ein plass ved matfatet.
Her er det storleiken og hissigheita som sigrar.
Og har den sterke først fått plass, så er der ikkje rom for andre.
Dei får greie seg med det som fell til jorda.
Det er lite å sjå av verdiar eg set høgt.
Som venskap og delingsvilje.
Her gjeld det å vere konfliktorientert.

Kanskje er kampen ved fuglebrettet ikkje så ulik vår verd, likevel.
Eg tykkjer det teiknar seg eit bilete av at det er den sterke som vinn i kampen om godbitane.
Den som er liten og veik, evnar ikkje å setje kraft bak sine rettmessige krav, og må greie seg med restane som fell frå den rike sitt bord.
Venskap og solidaritet er flotte ord, men vanskelege å fylle med verkeleg innhald.
Tykkjest det meg.
Som ein i idrettsverda sa om ein annan i den same verda, at han var ikkje konfliktorientert. Og det var ein negativ eigenskap, meinte han.


Ein har sagt at det er gjennom konflikter som krig og omvelting at verda går framover.
Eg har større tru på noko ein anna sa om å elske kvarandre. Om å la kjærleiken, venskapen og solidarieten rå mellom oss.
Han som ba oss om å vere kvarandre sine tenarar.
Derfor trur eg på ein betre veg enn konflikt og kampvegen.
Kjærleiken og venskapen sin veg.

Venskap er en frigjort stillhet
som flyter gjennom oss
som salmestrofer,
som løfter oss ut av oss selv
og gjør oss levende
enskjønt vi er døende.

Vennskap er et bunnløst hav
som overvinner ensomheten
og speiler himmelen over oss,
som setter seg i sjelen vår
og omfavner livet vårt
med de evigunge armene sine.

ÅOU

torsdag 27. mai 2010

Skyer


Over skyer grå
lyser ein himmel blå.

Handlar det om håp om ein varmare og lysare dag, på ein dag då nordanvinden får fjorden til å gå med kvite bylgjetoppar, og skyene er raske på å gøyme den varmande sola?

Eller bør eg ta til meg Piet Hein sine ord;

Pessimisterne er dog
de reneste tåber -
de tror på det modsatte af,
hvad de håber.

Nej, de optimister,
som livet beror på,
er dem, som tør håbe
på noget, de tror på.

onsdag 26. mai 2010

Tur til Bjørka

Ein dag går mot sin ende.
Det var klår himmel på morgonen, men skya meir og meir over.
No på kvelden, når sola snart vert borte bak Blåfjellet, er himmelen igjen mest skyfri og blå.


Eg merka det når eg kom meg på føtene denne morgonen, at dette vert ein tungpustardag.
Vi fekk triveleg Isak-vitjing frå morgonen, og når mi kjære i middagstida tok han og hundane med på trilletur. Så sette eg meg føre å ta litt lungetrening.
Målet var Bjørka. Men eg hadde ei von om å passere den. Kanskje eg kom meg heilt opp i skoggrensa?

Så langt kom eg ikkje, men ei 50 høgdemeter over Bjørka vart det.
Då såg eg regnet sør i Dalsfjordfjella, og framme i Kvandalsfjella.
Eg har ei tru på at eg er vasstett, men er likevel ikkje så veldig glad i å verte regnvåt. Derfor vart det vendereis ned lia igjen.
Men kanskje eg kjem opp over skoggrensa neste gong?


Dagen sin blome er Skogfiolen, som byrjar farge skogbotnen blå, inne mellom all kvitveisen

søndag 23. mai 2010

Kvitsundag


I all sin glans nu stråler solen,
livslyset over nådestolen,
nu er det pinseliljetid,
nu har vi sommer lys og blid,
nu spår oss mer enn englerøst
i Jesu navn en gyllen høst!

Pinse seier vi i vår tid.
Kvitsundag var det gamle norske namnet, ja i heile det norrøne språkområdet.
Det kjem frå det gamalnordiske - Hwita sunnandægr.
Vi finn dagen under det namnet i dag i islandsk og færøyisk.
I engelsk er det og spor etter det, og då skrive som Whitsun eller Whitsunday.
Ein rest frå angel-saksisk tid. Men det vart trengt bort av Pentecoste etter at normannarane erobra England på 1000-talet.
Opphavet ligg truleg i at pinsa var ein stor dåpsdag, og dei døypte bar kvite klede etter dåpen, i opptil ei heil veke.

I vestkyrkjene, både reformasjonskyrkjene og dei katolske, er raudt den liturgiske fargen.
Men i dei ortodokse austkyrkjene er det grønt som er den liturgiske fargen i pinsa, og kyrkjene vert pynta med blomster og grønt lauv.
Er det ein leivning etter den jødiske pinsefeiringa, tru?

I al sin glans nu stråler solen,
livslyset over nåde-stolen,
nu kom vor pinselilje-tid,
nu har vi sommer skær og blid,
nu spår os mer end englerøst
i Jesu navn en gylden høst.

Slik er Gundtvig si danske originaltekst frå 1843 til pinsesalmen.
Der er ikkje store ulikskapane til den norske oversettinga.

lørdag 22. mai 2010

Pinse

Tre dagar attende starta den jødiske vekefesten - Shavuot. Den var fastsett i Thoraen (3 Mosebok 23.15) til å kome 7 veker + 1 dag etter påskefesten.
I morgon det tid for vår pinsefest. Etter gamalt startar den alt kl.18.00 i kveld, når kyrkjeklokkene har ringt høgtida inn.
Pinse kjem av det greske pentacoste, som tyder den femtiande.

Dei skulle falle saman desse to festane, men av ymse grunnar - langt attende i kristendomen si soge - så vart påskefesten - som er utgangspunktet også for pinsa - flytta bort frå den opphavelege jødiske dateringa.
I tillegg brukar vestkyrkje den gregorianske kalendare, medan den ortodokse austkyrkja brukar den julianske kalendare.
Derfor kan det skilje nokre dagar på når den same festen kjem i vestkyrkjene, austkyrkjene eller i den jødisk verda.

Eg har etter som åra har gått, vorte stendig meir oppteken av kva som er skrive i den Hebraiske bibelen, vårt Gamle Testamente, om Guds frelsesplan, og som fekk - eller får - si oppfylling i Jesus Kristus.
Det står at Jesus opna skriftene for sine læresveinar, så dei skulle forstå den djupare meininga med ordet som stod skrive. Og akkurat det synest eg er interessant å dukke ned i. For eg trur at mange skriftstadar, og mange jødisk religiøse skikkar frå Jesus si tid, er profetiar som peikar til Guds frelsesplan, og som kan vere med på å styrkje grunnvollen for mi eiga tru.


Shavuot var opphaveleg ein grødefest etter at året sin kornhaust var ferdig ved at også kveiten var hausta.
Og takka vart framboren i tempelet ved at eit kornband av kveite vart svinga for Herren, og to brød, baka av kveitemjøl med surdeig, vart framborne - men ikkje ofra - for Herrens alter.


Så kom den store katastrofa at tempelet vart øydelagt av romerane i år 70. Utan tempel, inga offerteneste lenger, og Shavuotfesten måtte fyllast med nytt innhald. Og det nye innhaldet som kom var feiringa av at Gud gav dei Lova – Thoraen – gjennom Moses på Sinaifjellet. Femti dagar etter utferda frå Egypt. Ikkje alle av folket som vandra ut var av hebrearætt. Ein stor hop av alle slags folk fylgde med dei, står det skrive.
Då Gud gav dei Lova, skapte han seg og eit utvaldt folk, og gjorde ei pakt med dei.


I Jerusalem denne pinsedagen då Anden kom over dei truande, skapte Gud seg eit nytt folk av både jødar og heidningar, og han gjorde ei pakt med dei som trudde / trur.
Slik vart Guds kyrkje fødd. Samansett av menneske som trur at Jesus er Guds lova Messias, vår frelse. Ei kyrkje der alle er eit i Han.

Jesus var ikkje, og kristentrua er ikkje eit brot med det som var før.
Der er eit framhald, ein kontinuitet mellom den gamle pakta frå Sinai og den nye pakta frå Jerusalem.
Jesus står midt i denne kontinuiteten. Han er oppfyllinga av alt om var lova, og er kjerna i alt som er lova.
På Sinai fekk Moses to tavler av stein, der Gud hadde skrive sine Ord som eit paktsteikn.
Og Anden, Guds Ande, er paktsteiknet, som vart gitt av Gud på pinsedag.
Og dette paktsteiknet har Gud gitt oss som ein Talsmann, som ein Rettleiar og som ein Oppdragar på trusvegen vår gjennom livet.
Guds Ande skriv sine Ord, ikkje på steintavler, men rett inn i våre hjarte, inn i våre liv.
God Pinsehelg.

fredag 21. mai 2010

Leitet


Dei som spår været, trugar med regn i pinsehelga.
Men i dag vakna eg til sol og klår himmel.
Og det måtte nyttast.
Då vart det Leitet, porten til Skorgedalen som lokka.
For å kome opp til Leitet frå Lystad-sida går stien opp urda, langs med Skorgeelva til ein er komen forbi Lød-øyane. Då flyttar den seg bort frå elva, lenger opp i fjellsida, medan den stig opp mot Leitet på omlag 280 m.o.h.

Eg merk etter kvart at eg hadde kledt meg vel godt. Sola varma godt i motbakkane. Men sjølv om sveitten rann, så var det ei fin vandring i elvebruset. Med stien buktande fram i skogen, mellom blømande kvitveis og store steinar.


Med unntak av ei kvinne på veg ned, møtte eg ingen på turen. Det einaste som braut stilla var min eigen, etter kvart tunge pust, fuglesongen og suset frå elva.
Stegfarta minka, til lenger opp eg kom. Men til slutt kunne eg setje meg på den gamle kvileplassen på Leitet.
I min barndom var her vidt utsyn. No tek skogen bort det meste av tidlegare tider vy over fjord og fjell.


Slik er det og når ein kjem inn i dalen. Skogen dekker dalbotnen og liene, der det før var ope lende.
Det har vel både med høgare middeltemperatur, og med at det no er lite av beitande dyr i dalen.
Men om vinterane herjar snøfonnene med den veksane skogen.
Slik også denne vinteren. Restar av snørasa, og nedbroten skog, viste kva som hadde gått føre seg tidlegare i år.

På veg ned att såg eg igjen kvinna eg møtte tidlegare. Ho hadde lagt seg på ein flat stein, og let sola varme seg.
Eg let henne vere i fred i sola.
Men eg tok til meg hennar eksempel. Så vel heime sette eg av resten av varmaste dagen, til å la sola varme også min vinterbleike kropp.

torsdag 20. mai 2010

Opp til bjørka.


Skal denne karen kunne kalle seg vandrar til hausten, når pilegrimsvegen i Spania ventar. Då må det nok ein del kraftigare aktivitet til, enn å gå spaserturar lang allmannavegen.
Så i dag reiv eg meg laus frå solstolen for å starte på litt heftigare kondisjontrening. Og pusttrening.
Sjølv ikkje frykta for angrep frå hordar av blodsugande flått hindra meg.
Målet var ei liggande bjørk, nokre hundre høgdemeter oppover lia.
Og eg kom opp, sjølv om pusten til tider var i mesta laget.
Kor lang tid eg brukte, gjorde eg ikkje noko forsøk på å dokumentere.
Eg var vel nøgd med at eg nådde målet, og slapp nederlaget med å måtte bryte av undervegs.


Eg vakna til ein morgon med skodde mellom fjella.
Ho letta etter kvart, men der låg dis i lufta.
Det er merkbart på dette bilete, som viser sentrum i bygda og vidare framover dalane. Sett frå bjørka.
Bygda og fjella står ikkje så klare fram som eg venta denne maidagen.

Kvitveis, eller?


Ein skogstur opp lia i desse dagar, er ei vandring i kvitveisland. Kvar eg fester augene, så lyser det i kvite blomar.
Men ein kan også finne det som bryt alt det kvite.
I dag kom eg over eit par område i skogen, der det vaks blåfiolette kvitveis.
Eg hadde ikkje sett det før, og dermed måtte eg ned på kne.
Den gamle floraboka mi frå folkeskulen fortel at ein kan finne kvitveis som er fiolett eller blåleg. Det har eg sett litt av på baksida av blomen, men ikkje at heile blomen har vore det.

tirsdag 18. mai 2010

Solblome

"Kjært barn har mange namn" heiter det i eit visdomsord.
Om den er kjær, er eg ikkje så sikker på.
Det vert brukt mykje krefter og energi på å få den bort frå hagar og plenar.
Men denne livsfriske blomen står imot dei fleste forsøk på både forgifting og mekanisk utrydding.
Sjølv ikkje massiv asfalt hindrar den frå å bryte seg livsrom og blomstringsplass.


Kappilaup kalla vi den, då eg var gut.
Mi kjære kom med eit anna namn. Kappekille heitte den i Romsdal.
No heiter den visst Løvetann overalt.


Mykje kan den brukast til, og mykje vert den nytta til.
Kanskje særleg av born. Det er nok mange mødre som har fortvila seg over finkleda borna fekk på, men som berre timar seinare var flekka til av safta frå løvetannstengelen.
For kven har ikkje bore heim til mor bukettar med solgule blomar.
Eller fletta seg kransar til å ha rundt hovudet.
Og når den var avblomstra. Stått med stengelen i handa og pusta kraftig på den kvite frøballen, så frøa sveva avgarde med vinden under sin kvite paraply.




Men sjølv om også eg har gjort mitt for å få den bort frå min/vår eigedom, så gjer denne livsfriske solgule blomen meg glad.
For den er då vakker.
Feilen er vel berre at det vert lett for mange av den.
Hadde den vore skjeldnare, så hadde vi kanskje planta den midt i blomebeddet?

søndag 16. mai 2010

Kyrkjesteinen

Oppe på kanten av Skorgeurda, der djupurda byrjar, ligg det tre store steinblokker inn til kvarandre. Dei ruvar over dei andre store steinane i urda. Og oppe på den flate toppen av den største blokka vaks det i min barndom ei vindskeiv furu.
No var ho ikkje åleine lenger, såg det ut til nedanfrå.
Steinane, eller steinen - for dei går under fellesnamet Kyrkjesteinen - har i alle tider farga fantasien til folket i bygda.


Og fortellinga er at oppe på fjellet bak urda, oppe mellom Blåfjellet og Bjørnastighornet, stod det eingong i tida eit fjell som bar namnet Parishornet.
Men ein dag fall dette fjellet og skapte Skorgeurda, som strekker seg frå toppen av fjellsida og heilt til fjøra.
Restane av raset held fram på fjordbotnen bortover mot andre sida av fjorden, og må skapt ei veldig flodbylgje den gongen fjellet fall.
Men oppe på flata der Kyrkjesteinen står, skal det ha vore busetnad. Segna fortel om ein munkegard som forsvann under steinane. Men hanen berga seg inn i kornbingen, og overlevde. Folk kunne høyre den gale nede i urda i fleire år etter raset.


I min barndom rekna eg det for ei kjempebragd av meg, første gongen eg overvann mi eiga redsle, og kleiv opp klyfta mellom to av steinane, og opp på steinen. Skulekameratane hadde vore der mange gonger alt, før eg våga prøve.
I dag er steinen mykje nytta til klatretrening, og der er hengt opp ein stige på steinen. Det gjer tilgongen lettare til toppen av steinen, enn då vi måtte klive opp klyfta.


Eg var der saman med tre borneborn og ei datter på ettersomaren i fjor. Ynskte å vise dei steinen. Men dei unge romsdalingane var meir opptekne av å plukke blåbær, enn mi fortelling om urda og steinane.
Så vart livet mitt brått og uventa endra, men sist veke var eg der igjen.
Stien eg gjekk lett i fjor, var mykje tyngre denne gongen.

Stien opp gjennom urda vitnar om å vere meir brukt enn då eg var skulegut. Han er veltrakka. Og rundt steinen har skogen vorte tettare. Då eg prøver å få eit bilete av steinen, er det tre i vegen alle stader. Så når trea får si grøne drakt, vil han nok verte gøymd bak lauvdekte tre.

lørdag 15. mai 2010

Vårblomemarker

Så grønn en drakt, så rik en duft har smykket dal og enger!
Nu strykes ømt av lys og luft de fagre urtesenger.
Hør lundens sus og bekkens brus forkynne hva som kommer.
Omsider blir det sommer!



Eg har vore på fotojakt siste veka.
Det er bilete av vårblomsterenger som har lokka meg.
Kvitveisen har vore den lettaste å finne, no når den pryder både skog og mark med sitt kvite blomeflor.
Denne kvitveisenga fann eg ute i Katavika, nord om Rjåneset.


Den kvite Gauksyra lagar ikkje slike store blometeppe, men ein kan finne store tuer av dei.
Denne kom eg over på veg opp mot Kyrkjesteinen i Skorgeurda.


Eg har i minnet mitt, bore med meg nokre bilete av gule Kusymremarker.
Eg trudde eg skulle finne dei ute på Gurskøya. Og det var ein av grunnane til turen i gårkveld.
Men nei. Eg fann dei ikkje.
Men eg fekk eit tips om ein stad nærare heime.
Tidleg i dag morgon var eg der, og der var dei.
Om ikkje gule marker, så i alle fall mange tuer av den kvitgule vårblomen.
Midt mellom mengder av kvitveis.

fredag 14. mai 2010

Kveld ved havet.

Solblank kveld ved havet ute på Hidsneset i Herøy.
Klokka gjekk mot 19 denne vårkvelden i mai.
Havet låg blankt og stille. Berre lyden av dønningane som braut mot stranda, og måsen sine skrik ,braut stilla.


I sør låg skyene over Hakallestranda, og Stadtlandet heilt nede i horisonten.


Nordanfor Sandsøya glitra sjøen frå den dalande sola sitt lys.


Men nordover mellom den avfolka Skorpa og Nerlandsøya, ut Skorpesundet, låg havet blankt og blått.


Inne på Bergsøya ligg husa på Eggesbønes, med Remøyfjellet ruvande over dei i bakgrunnen.
Så dukkar Bølandet fram, og Flåværleia innover mot Herøyholmen og Herøybrua.

Slik fekk eg oppleve havet og øyane ute på Søre Sunnmøre denne fredagskvelden. Ein knapp time med bil heimanfrå, inkludert ein tur ned på 287 meter under overflata av Vartdalsfjorden

Året sitt første


Du er gal, sa mi kjære.
Og kanskje har ho rett.
Eg hadde vore ute og gått ein tur, og var nok litt for godt kledd. I alle fall vart eg varm og svett før eg kom meg heim.
Og då sa han til seg sjølv, at no - no var det på tide med året sitt første sjøbad.
Og for å kunne bevise det, måtte ho vere med for å stadfeste i foto at kallen hadde vore ut i sjøen.


Eg skal ikkje underslå at eg har kjent det varmare, men og kaldare.
14. mai 2010 - klokka 13.15
Lufttemperatur knapt 16 grader + og svak sol.
Vindstille og 9 grader + i sjøen.
Det vart ikkje nokon lang symjetur,
men no er min sjøbadsesongen 2010 offisielt opna.
Brrrr - ikkkkje det sllaaag kaaaldddt; som ei av våre døtre sa eingong.

torsdag 13. mai 2010

Indre Herøy kyrkje


Det byrjar verte månader sidan no, at eg var prestevikar i Herøy.
Men i dag var eg attende i Indre Herøy kyrkje.
Det var triveleg å vere i kyrja på nytt, og møte igjen Anne og Ottar som mine hjelparar i gjennomføringa av Helgetorsdags-gudstenesta.


Indre Herøy kyrkje kom etter at den gamle Herøy kyrkje vart teken ned, og kyrkjestaden i Herøy vart flytta til skaret mellom Eggesbønes og Fosnavåg på Bergsøya. Då ville folket på nordsida av Gurskøya ha si eiga kyrkje, og den vart reist ved Stokksundet.

søndag 2. mai 2010

Sol over breen.


På heimveg frå Sogn, låg Bøyabreen i Fjærland, bada i sol.
Den har vorte noko mindre sidan eg såg den for første gong.Då rakk den ned heile fjellsida. Heilt ned i vatnet som ligg ned for fjellfoten.
I dag ser vi nake fjell langt oppover mot brekanten.

Nede ved Sognefjorden var skogen byrja å verte grøn, men her under breen var alt enno brunt.