torsdag 21. mai 2009

Helgetorsdag. Kristi himmelfartsdag


Helgetorsdag.
Ein dag med store perspektiv over seg.
40 dagar etter at Jesu stod opp påskemorgon og 10 dagar før Den Heilage Ande kjem over dei truande i Jerusalem, og Guds kyrkje på jord vert fødd.
Då, etter tradisjonen, tek den oppstadne Jesus med seg sine vener ut av Jerusalem, ut til Oljeberget, og der, medan han lyfter hendene velsignande over dei, vert han lyft opp, og skya, Guds sky, tek Jesus attende til den herlegdomen han kom frå 33 år tidlegare.

Men noko har vorte annleis på desse 33 åra.
For går vi attende til starten; så skriv Johannes at Ordet var hos Gud, og ordet var Gud. Men så skjedde det… ORDET vart menneske og tok bustad, slo opp sitt telt mellom oss.
Og Paulus skriv at Han som var i Guds skapnad, han gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad på seg og vart menneske lik. Han vart ein av oss. Gud vart eit menneske.

Det er den store skilnaden frå før han kom i Marias liv og vart fødd i stallen i Betlehem, og no når Guds sky tek han attende til Guds herlegdom igjen.
For no er han ikkje lenger berre Gud, som han ein gong var, no er han både Gud og menneske.
Derfor er det ikkje berre Guds einborne son som vert lyft opp i skya denne dagen, men også mennesket Jesus,

Det er nesten noko uhøyrt som skjer når Jesus Kristus set seg ved Guds høgre hand, for no er det ein del av det skapte, mennesket, som set seg på herlegdomens kongsstol, ved Guds side.
For han som vender attende til Guds herlegdom, han har ikkje lagt av seg sin jordiske kropp. Han er framleis mennesket Jesus, sjølv om kroppen hans frå grava er overkledd med oppstoda sin herlegdom. Grava var tom, Jesus er både Gud og menneske. Mennesket har byrja si himmelske tronstigning.

Men før han vert lyft opp i skya så seier han tre ord til sine vener;
Det nest - nest siste er ei konstatering av eit faktum:; Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.
Det nest siste er ei oppfordring: Gå ut og gjer alle folkeslag til mine læresveinar
Og det siste er eit løfte; Eg er med dykk alle dagar.

Så skriv Lukas; Då han hadde sagt dette, lyfte han hendene og velsigna dei.
Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart lyft opp. Så tok skya han bort frå augo deira.
Det siste dei såg av han var hans velsignande hender.
Og Lukas fortel vidare at medan dei stod der og såg etter han, så stod der med eitt to kvitkledde menn hos dei, og mennene seier at slik dei såg han verte lyft opp, slik skal dei sjå han kome att; … med velsignande hender.

Helgetorsdag, den heilage torsdagen.
Ein dag det er verdt å ta vare på, og feire med glede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar