mandag 25. mai 2009

Furukonglar (1)

Det ligg år attende. Eg er på retreat på Sandom. Dette var i si tid eit lite småbruk på stranda av Vågåvatnet. No har det i mange år vore eit retreatsenter. Til venstre for meg er det gamle våningshuset med fellesrom, kjøken, matsal og kontor. På mi høgre side ligg den gamle låven som er ombygd til gjesterom og kapell.
Eg sit på ein benk i bakkanten av den grøne plenen denne seinsommardagen. Bak benken står furu og lauvtre tett oppover lia. Når eg hallar hovudet attende, ser eg opp i greinene på furutreet over meg. Enno heng der brune konglar på greinene.
Eg har vore her nokre dagar alt. No går det mot heimreis, men først skal vi samlast i peisstova til ein delekveld..

Delekveld.
Eg sit åleine i solskinet og ser over vatnet til andre sida. Let augene kvile på gardane der, og vidare oppover den skogkledde lia heilt til åskanten går over i ein himmel der skyer driv.
Kva har eg å dele?
Tankane sviv. Eg trudde dette skulle verte dagar med kvile og påfyll til mi tru. I staden har eg vore rastlaus. Tankane har ofte gått til arbeidet eg forlet, og til dei eg reiste i frå heime.

Samlingane i kapellet morgon og kveld har vore dei gode stundene med ein liturgi som har gitt meg mykje. Samstundes som det store vindauget bak alteret, har opna tankane opp mot verda utanfor Sandom si meditative verd.
Men tekstene eg har fått til å meditere over har vore stengde. Eg har ikkje klart å gå inn i dei. Det har vorte berre ord.
I staden for å verte sitjande på romet og sjå inn i skogen utanfor vindauget, har eg vandra ute langs bygdevegen, på stranda ved vatnet, og opp stien til åstoppen bak Sandom. Rastlaus. Trøytt.
Og no skal det delast tankar og….
Kva har eg å dele?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar