torsdag 7. mai 2009

Pieta.


Påskedag i 2006 var vi for første gong i Roma. Etter at messa i Peterskyrkja var over, kom vi oss inn i kyrkja. Ei mektig kyrkje med mykje interessant å sjå. I eit av sideskipa står Michelangelo sitt vakre skulpturarbeid: Pieta. Maria og den døde Jesus utstrålar fred, ro og harmoni. Maria er avbilda så ung, og Jesus kviler, sovande på hennar fang.

Under messa i Montserrat vart vi sitjande ved eit sidekor til kyrkjeskipet, og der inne hekk eit måleri, eit måla pieta. Maria var her avbilda gamal, prega av sorg og fortviling. Og Jesus søv ikkje. Han er død.

To bileta med same motiv, men likevel fortel dei det så ulikt.
Eg må tilstå. Eg fall for det siste si realisme, framfor det forteikna,vakre, hos Michelangelo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar