onsdag 6. mai 2009

Krossen på gatehjørnet 30.august 2007

Kva sit best att i minnet frå dei 20 mil med vandring på Jakobsvegen i 2007?
Spørsmålet opnar for ulike svar, men noko som fyllte meg med stille undring var dei mange krossane som stod langs vegen. Krossar i eit utal av variasjon når det gjaldt utforming. Ved foten av dei kunne det ligge friske blomar, eller ei lita røys av småstein. Kanskje hekk der ein rosenkrans på dei. Dei var heller ikkje nedtagga av grafitti.
Nokre gamle, slitne av vær og vind. Andre nyare og meir moderne i si utforming. Eit vitnemål for dei vegfarande. Eit vitnemål som stemte sinnet til undring og ettertanke.
Hadde dette vore mogleg i vårt lutherske heimland?
Kva ville skjedd med ein slik kross langs våre vegar.
Måtte den gjerdast inne bak piggtråd for å få stå i fred?


På veg ut av Espalion vandra eg gjennom eit villastrøk.
På eit gatehjørne med eldre og nyare hus på alle kantar, står der ein enkel smijarnskross på ein støypt sokkel.
Dei som eig hagen innanfor, har hengt opp ein grøn plastduk for å verne privatlivet sitt, for her må mange ha stansa opp.

Det ligg ei røys av stein og blomar på sokkelen, og under er det hogge inn; Salut o croix, mon esperance - ver helsa kross, mitt håp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar