onsdag 6. mai 2009

Kviledag i Conques 2 september 2007


Vi hadde ein kviledag utan vandring den 2.september.
Morgonskodda er i ferd med å bli borte for sola sin varme.
Det er søndag og den brukte vi til å nyte Conques.

Før messa i kyrkja, spurde Torbjørg presten om vi, lutheranerar, kunne få delta i nattverden.
Kva tyder nattverden for dykk, spurde han,er den berre symbolsk, eller er den reell for dykk.
Då vi fortalde at for oss var den reell, ynskte han oss hjarteleg velkomne til å delta.
Messa inneheldt både barnedåp og nattverd, og det var interessant å sjå kva som var likt og ulikt med vår norske høgmesse.


Eg brukte ikkje kameraet under messer, så dette er tatt utanom messetid.
Om kvelden var det pilegrimsmesse med alle pilegrimane bak alteret, og endå seinare, til kveldssongen i kyrkja var Torbjørg med som tekstlesar. Desverre ikkje på norsk, men på engelsk.


"Pieta" er eit mykje brukt motiv. Særleg kjend er Michelangelo sin "Pieta" i Peterkyrkja i Rom. Dette er katedralen i Conques sin "Pieta"


Seinare på dagen fekk vi ein intimkonsert i kyrkja, der Michael spelte på gitar for nokre få medvandrar.

Nokre gatebilete frå Conques.








Conques har ei kyrkje til. Den er enklare enn den storslegne katedralen.





Nede i dalbotnen går det ei gamal, usymetrisk, bru over elva.
Der skal vi starte vår neste etappe av vår vandring på pilegrimsvegen.

Litt utanfor byen. Oppe i lia. Ligg det eit lite kapell.
Derifrå er det fin utsikt attende på byen i lia.
Og her trivst også firfisla.






Så kl. 19, og det tid for middag på herberger. Og vi seier farvel til våre medvandrar. I morgon er vår vandring slutt, og vi reiser vidare med buss og tog.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar