fredag 8. mai 2009

Chapelle St. Roch ved Noialhac. 10.september 2008


Så er vi oppe på åsen. Rundt oss lyser det i raud røsslyng.
Eg må gjer nokre justeringar på sekken sine reimar får vi held fram vestover åsen.
Men så er vi på veg.


Vi står i eit vegkryss.
Merket viser ned bakkane til landsbyen Noialhac, men lenger framme på åsen ser vi kapellet St.Roch som vi skal gå forbi.
Skal vi fylgje merka, eller skal vi ta ein "short cut" og gå utanom Noialhac?
Vi vel det siste.
Framme ved kapellet slår vi oss ned under skuggefulle tre og leitar fram maten.


Kapellet vart reist av folket her etter ein pestepedemi, der St.Roch kom til hjelp.


Kapellet er pryda med to versjonar av St. Roch. Ein over inngangsdøra og ein over alterpartiet.
Over inngangsdøra er han avbilda med venste fot avdekt og med pilegrimshatt på hovudet. Over alteret er derimot høgre fot avdekt.


Frå Noialhac og opp til kapellet går det ein prosesjonsveg. Og langs den er det reist 12 krossar med jamne mellomrom.(lik dei 12 meditasjons-stasjonane som alle romersk-katolske kyrkjer har.)
Den siste er større og annleis enn dei andre, og den har fått sin plass ved sida av kapellet


Kapellet har og 2 fine, moderne, glasmåleri.

Vi tek oss tid til å nyte freden, i skuggen ved kapellet. Medan andre pilegrimar kjem, har ein liten stogg, og hastar vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar