tirsdag 19. februar 2013

Camino de San Olav


.
 
Den norske vandringsvegen i Spania, Camino de San Olav. Merka med same pilegrimsmerket som pilegrimsvegen til Nidaros.  Kvifor?                                                                          Bakgrunnen for denne vesle pilegrimsvegen på omlag 60 km sørover frå Burgos er soga til prinsesse Kristina av Tønsberg, dotter til kong Håkon Håkonson. Ho vart sendt sørover for å verte gift inn i det castillianske kongehuset, og ho valde yngste bror til kong Alfonso X,  don Filipe som sin ektemann. Dei busette seg i Sevilla, men etter nokre korte år, døyr Kristina. Don Felipe som i si tid var tiltenkt ei kyrkjeleg stilling i Covarrubias, gravlegg si unge kone i klosterkyrkja der.  Men innan den tid hadde Kristina bedt sin ektemann om å få ei kyrkje vigsla til Heilag Olav i Castillia. Det kom til å gå mange år før den lovnaden vart ein røyndom, men i 2011 vart kapellet vigsla i ein liten dal utanfor Covarrubias. Det vart og lagt ein pilegrimsveg sydover frå Burgos til kapellet i Valle de los lobos - ulvane sin dal - som staden heiter der kapellet ligg..
I fjor vandra den første norske pilegrimen på Camino de San Olav.
Vi var i Covarrubias med bil i 2010 og fekk ei flott omvising i klosterkyrkja og i gamlebyen, Og no er draumen at vi seinare i år skal finne tid til å vandre Camino de San Olav, dei 60 km sørover frå Burgos. Det vil nok ikkje vere nokon stor straum av pilegrimar på den caminoen. Vi får nok gå stort sett åleine. Men det ser ut for å vere fleire spennande ting å sjå undervegs mot Covarrubias.

mandag 18. februar 2013

Mot aust

Om vi kjem oss avgarde til Spania for å gå også i år, så går første veka med til Camino Inglès og Camino Finisterre. Men kva då med den andre veka? Der må det inn ein annan kort vandringsveg.

Og då mi vi flytte på oss. Bort frå området rundt Santiago de Compostela. Lenger austover langs Camino Frances. Til ein by vi har overnatta i tre gonger før på vandringa vår. Og denne gongen går vi nok ikkje dit, vi tek buss på gode motorvegar. Først over fjella til Leon, og så vidare austover  høgsletta til Burgos. Ein by som eg minnest som ein av dei finaste vi vitja under vandringane våre, og der katedralen er byen si perle.

Igjennom Burgos går det to vandringsvegar. Den eine er Camino Frances som fører vest til Santiago de Compostela. Den andre er Camino El Cid som byrjar litt lenger nord, i El Cid sin fødeby, og går søraustover til kysten, til Valencia der han herska dei åra han var på kant med den castillianske kongen.
Men i fjor haust vart det opna ein ny vandringsveg frå Burgos og sydover. Den går mest paralell med El Cid vegen, men er ikkje på langt nær så lang. Den er det vi vonar å bruke siste veka på. Det er den norske vandringsvegen i Spania.

lørdag 16. februar 2013

Verdsens ende

Det gjeld kva vandringsvegar vi rekk å gå i sommar. Om det opnar seg rom for fjorten dagar med vandring i Spania? Det veit eg ikkje enno, men eg vonar på det.
Camino Inglès frå A Coruña og sør til Santiago er på plass, men det er på "berre" tre dagar. Her må meir inn. Og då er det vegen til verdsens ende som ligg nærast. Camino Finisterre, eller Fisterre som det heiter på galisisk.
Det var planen å nytte siste dagen i fjor haust til ein biltur dit, men den regna og bles vekk. Så då bør den inn på vandringsplanen.
Det er 87 km å gå frå Santiago og vestover til kysten og Finisterre. Det vestlegaste punktet på det europeiske fastlandet - seiest det. Vestanfor er det berre hav heilt til ein møter det amerikanske kontinentet.
Fire dagar skulle ein klare å gå det på, og då er første veka brukt.
Der er ein liten sidetur på 28 km nordover til Muxia. Der skal ein kunne sjå restane etter jomfru Maria sitt skip (?) Etter legenda kom Maria i eit steinskip hit til apostelen Jakob for å styrke han då han var misjonær her før han vart avretta i Jerusalem.
Om vegen dit kjem med, vert nok avgjort der og då, nå vi er på dei kantar.

fredag 15. februar 2013

Camino Inglès

Når pilegrimar frå nordlege land - som frå våre kystar - kom med båt til Galisia på veg til Jakob si grav, då landa dei på nordvestspissen av den spanske halvøya. Og der ligg A Coruña, ein by med gamle og sterke pilegrimstradisjonar, og då er der sjølvsagt og ein gamal pilegrimsveg som fører sørover til Santiago de Compostela. Camino Inglès, den engelske vegen, er den kalla. Den er ikkje så lang, omlag 75 km, og ein reknar normalt med at det tek tre dagar å gå den. Sør for byen er det ei "bratt" stigning opp på ein ås, men så flatar det ut sørover mot Santiago.     Men kor lang tid ein brukar er alltid avhengig av den enkelte vandrar. Kor snøgt eller roleg ein ynskjer å gå. Eg ser på verdsveven at der er dei med små born som reknar med å bruke  to veker på vegen.   Og der er sikkert dei som nærast spring den på to dagar.                                   
 

 
 Men då ein må gå 100 km for å få beviset for å ha fullført ei pilegrimsvandring, så har Camino Inglès fått ei utviding litt lenger nordover til byen Ferrol. Frå den er det 110 km å gå til Jakob si grav.
Denne pilegrimsvegen er det vi har planar om å gå løpet av året, men då utan forlenginga til Ferrol, då vi ikkje treng mange pilegrimsbevis liggande vekkgløymde i ei komodeskuff.
Men sidan det tek så få dagar å gå den, må vi legge inn eit par andre korte vegar i tillegg.
Det vert litt kostesamt å reise til Spania for å gå berre ei tre/fire dagar, og så vende attende til heimegrenda att.

lørdag 9. februar 2013

Kva for ein camino?

Kvifor går du ikkje her i landet?
Det spørsmålet høyrer eg ofte, og svaret er ikkje alltid så enkelt å gi då der er fleire grunnar.
Eg har gått pilegrimsvegar i heimlandet og, om ikkje til Nidaros.
Eg har gått, og vonar å gå fleire. Det fremste ynskjemålet er til Selja og til Røldal. Og der er fleire andre, ikkje så lange, pilegrimsvegar som ligg på vent i mine draumar. Men den lange vandringa til Nidaros ligg ikkje på første plass. Det rimelege overnattingsnettverket her i landet er for dårleg utbygt, og i tillegg er det ofte for vått vær for meg. Og då vert det slitsomt med tunge motbakkar for denne vandraren.
Vandring i Israel /Palestine har og ein plass i vandringsdraumane mine. Og Italia. Men kva kan eg rekke over når eg er komen inn i siste fase i livet? Pensjonsalderen.
Så då vert det Spania. Der er overnattingtilhøva lagt godt til rette, og klimaet er stort sett varmt og tørt. Noko som høver meg særs godt.
Då står det berre att, utanom kva for eit tidspunkt, å finne ut  kva camino som vert førstevalget.
Dette kartet som eg fann på verdsveven syner alternativa mine. Den raude og gule caminoen, Le Puy og franskevegen gjekk vi ferdig i haust som var.
Den rosa Via de la Plata har eg lyst på, men sjølv om den  for det meste er flat, sidan den for det meste går over mesetaen, er den på 1000 km, og det vil ta meg 4 år à 250 km å gå.
Den blå, Camino Norte skal vere ein fin veg langs kysten, men den er på 825 km, så den vil og ta 4 år då den er mykje bakke opp og bakke ned.
Den grøne Camino primitivo (her kalla original sidan det var den opphavelege vegen i dei muslimske åra) er berre på 360 km mellom Oviedo og Santiago de Compostela, men her er det ikkje berre bakke opp og bakke ned, men den kryssar høge fjell mellom kysten og franskevegen. Og i fjella kan det vere langt mellom overnattingsstadar. Så sjølv om den er mellom dei vakraste med flotte utsyn, så.. ?
Så er det den portugisiske vegen. Frå Porto. Lenger sør mot Lisboa skal den vere slitsom, vert det sagt. 240 km . Det er overkomeleg. Omlag 10-11 dagar med vandring.
Vegen til verdsens ende - Finisterre -  tek 3-4 dagar å gå, medan  Camino Ingles mot nordspissen av Spania er på 110 km. Det er til Ferrol, og vil ta 5 dagar. Ei kortare engelskveg til A Coroña krev to dagar mindre vandring.
Men så har eg gått to gonger over Pyreneane utan å sjå anna enn skodde.Det burde eg vel rette opp. Og då er det to ruter. Den vi har gått frå St.Jean de Pied de Port til Roncevalles er over fjella i vest. I tillegg er der ein veg over fjella lenger aust. Camino Aragones. Den er på 60 km på fransk side opp til passhøgda, og så 170 km fram til franskevegen på spansk side.
 Og så er der komen til ein ny camino, Frå Burgos og sørover til Covarrubias der prinsesse Kristina er gravlagd. Kor lang den er veit eg ikkje, men den lokkar.
Så her er det berre å velje. Noko må eg sette strek over, det er heilt sikkert. Elles får eg ikkje gjer anna enn å gå resten av livet, og det har eg ikkje tenkt å gjer.
Ei røyst med i valget vil nok mi kjære og ha. Noko som er sjølvsagt. Kanskje ho set strek over alle mine draumar om meir vandring?
Eg har ikkje spurt enno.

torsdag 7. februar 2013

GÅ! - sa Kirkegaard

Ute er det ein solrik vinterdag. Sjølv nyt eg den gjennom vindauga. Har vore litt krimsjuk over ei veke no, og då lokkar ikkje den kalde, men vakre, dagen ute meg. I staden vert det kos med det siste skotet på familietreet, ei lita jente på vel eit år.
Og litt drøyming om nye vandringar i eit varmare landskap.

Kva tid skal de ut å gå att?
Slik er det mange som har spurt meg dei siste månadane. Og eg har ikkje hatt noko klart svar. For det er eit par ting som først må finne sitt svar.
Det første er å finne plass til det på kalendaren. Uforutsette ting har dukka opp som krev sin plass på mi kjære og min sin vekeplan. Men det kan sjå ut for at det i juni, eller i månadskiftet juli/august, eller seinhaustes oktober/november kan verte ledig rom på kalendaren for eit par veker. Så då vi får sjå kva som kan kome til å dukke opp.

Det andre er kva camino vi i såfall skal gå. For Camino Frances gjekk vi ferdig i fjor haust. Og om der endå er mange ting eg gjerne skulle sett etter den vegen. Ting vi gjekk forbi. Anten fordi vi ikkje gav oss tid til å oppsøkje det, eller fordi vi ikkje visste om det, så er det vel heller tvilsamt om eg kjem til å gå den samanhengande fleire gonger.

Men der er andre vandringsvegar til Santiago de Compostela. Mange vegar, både kortare og lengre.

Det er berre å kaste eit blikk på dette kartet, så ser ein det. Men dei lange som Camino Norte, ut mot Biskayabukta, eller Via de la Plata, også kalla sølvruta, frå Sevilla i syd, er ikkje gjort på eit vandringsår for meg. Sjølv om eg godt kunne tenkje meg å gå dei begge, så må eg erkjenne at eg går nok litt for seint. ( Men som han sa ein tyske ungdom då han vart spurd kvifor han hadde så korte dagsetappar. Då svara han: Det er min camino.) Difor  bør det nok heller verte ei av dei kortare vegane, for dei er der dei og. Om det skulle felle på plass med ei vandring i løpet av året.
 

onsdag 6. februar 2013

Han som skal komme

Arnulf Øverland var ein skarp motstandar av kristendomen og kristendomen sin plass i vårt land.
Likevel , trass i sin skarpe kritikk, så henta han mykje frå dei bibelske fortellingane i sine dikt.
Diktet under her er henta frå ei samling med dikt frå krigen sine dage, noko som nok har farga orda.
Biletet er henta frå den enno ikkje ferdige basilikaen "Sagrada Familia" -  "Den heilage familie" sin basilika i Barcelona. Eg fekk stor sans for det det grove, litt rå, uttrykket som scenene på veggen ved den eine porten inn til basilikaen er gitt.

I mørke ufredstider
lød vi en lov;
En måtte alltid våke,
om alle andre sov.
 
Den hårdest forfulgt stamme
blandt folkene hadde en tro;
den levet i alle hjerter,
den brente i alle blod:
 
En konge skulde komme,
hvis mor var mø.
Han skulle frelse og fri sitt folk;
Man han måtte dø.
 
Han kom; og de kjente ham ikke.
Han var en tømmersvenn.
Han vanket i dårlig selskap.
De kjente ham ikke igjen.
 
De sendte en spotteglose
mot korset, der han hang.
Men han vil komme tilbake
ennu engang!

mandag 4. februar 2013

En morgen


En morgen skal skoddene fjernes,
lyset trenge
gjennom veggene av blindhet,
de svarte ordene henge
urørlig under takbjelkene i hjernen.
Og du ser med mer enn dine øyne
at alt omkring deg -
alt du kalte virkelighet
alt du viktet deg med
og gjorde ord om  - alt
er bare hvivlende støvfnugg
som tjener til å gjøre
           lyset synlig.
Hans Børli



fredag 1. februar 2013

Solglytt


Januar var ein stabil månad i år. Mykje kaldt og klårt vær, og eg fekk sjå sola klatre litt meir opp på sørhimmelen , mest kvar dag. Men det har og vore ein innemånad. Eg likar ikkje så godt kulden lenger. I staden har eg fått gle meg, saman med mi kjære, over dagleg omgang med dei siste skota på familietreet.
Men februar kom med værbyte. I dag vakna eg til snøkvite marker. Og det kvite har helde fram med å dale ned utover dagen. Ikkje så mykje, men nokre elingar har det vore, med enkelte solglytt inn i mellom.
Ut på ettermiddagen sit eg ved vindauget og ser ut. Ein snøeling er i ferd med bli borte i austfjella, men ein ny varslar si kome med ein mørknande vesthimmel. Det på den tida då sola er ferdig med sitt lys for dagen. Brått opnar det seg eit hol opp mot det blå i sør, og i det holet ser eg sola stå over åskanten.  Det driv skyer, restar av elingen som var, over åsen, og sollyset teiknar ei mørk skuggerand i skyene, av trea oppe på åskanten. Og bak dei, høgre oppe, i det skarpe sollyset ser eg den svakare teikninga av trea oppe på åsen.  Så gøymer den komande snøelingen sola sitt lys, og alt mørknar av igjen.