tirsdag 18. desember 2018

Rosa morgon


Så nærmar vi oss solsnu også dette året. Berre tre dagar igjen, så går det mot lysare dagar att.
Og denne morgonen fekk vi lita stund med ein utruleg rosa austhimmel.

tirsdag 4. desember 2018

Billedbibel

Det var ei tid  då ikkje kvar og ein kunne lese sjølv, difor var den vanlege mann og kvinne avhengig av prestane si utlegging av Bibelen sine fortellingar. At det ofte vart gjort på latin, gjorde det ikkje enklare for kyrkjelyden å få med seg kva Ordet sa.
Men så kom det noko i kyrkjene som eg kallar folket sin billedbibel. Noko som gjorde at dei også  gjennom augene fekk lære kva Ordet fortalde.
På dei store kyrkjene lenger sør har eg sett den billedbibelen både ute og inne i kyrkjene, både som billedhoggararbeid  og som måleri.
Her heime var dei gamle kyrkjene og meir dekorerte med billete enn våre kyrkjer er i dag.
I den gamle stavkyrkje i mi bygd  var veggborda måla med bibelske skikkelsar, Det kom fram i lyset då Velle gamle skule brann, for der hadde dei nytta gamal  kyrkjemateriale då dei bygde den.
Men enno er her kyrkjer her heime der den gamle kyrkjekunsten framleis er tilstades.


Denne billedfrisa frå kortaket i Ål kyrkje, opphaveleg frå gamle Ål kyrkje,  fortel Maria si soge. Frå Engelen Gabriel som  vitjar henne, Maria si  vitjing hjå Elisabet, Jesus sin fødsel i Betlehem og vismennene som kjem med sine gåver.

Kanskje det snart er på tida i vi i kyrkjene tek fram at denne tradisjonen, no når kunnskapen om Bibelen sine fortellingar minkar ute i folket?

mandag 3. desember 2018

Grått ute

På versida har ikkje denne dagen vore av dei mest minnerike.
Mi kjære har ført logg over været dei siste fem åra, og dagen i dag stemme godt med det som er notert frå tidlegare år. Grått og vått.
Der er ein julesong, eller kanskje vi heller skulle sei ein adventssong, som byrjar slik " Kaldt og mørkt og lite sol, soleis er det fram mot jol.."
Men om veret har vore av det våte og grå i dag, så får ein heller drøyme om den kvelden som synte seg slik for nokre dagar sidan.

søndag 2. desember 2018

Og eg såg..

Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa; Sjå Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei.
Då Jesus stod opp og braut dødens lekkjer, byrjas ei ny tid, den åttande dagen.

Denne dagen, ein gong i framtida, høyrer og med til adventstida. Den dagen då Gud gjenskaper alt med orda "Sjå eg gjer alle ting nye."


Alterpartiet i Spjelkavik kyrkje.

lørdag 1. desember 2018

Maria Gratia Plena.

Maria, full av nåde.

Alt har eit opphav, ein start.
Slik opnar Bibelen sine ord med at i opphavet skapte Gud.
I morgon er det starten på adventsdagane dette året, og starten på eit nytt kyrkjeår.
Ein ny start.
For Maria var det starten på ei reise i hennar liv då ho fekk vitjing av ein utsending frå Israel Gud.
Du skal få ein son, sa engelen.
Men, sa Maria, korleis ska det gå til? Eg har då ikkje vore saman med nokon mann.
Samtalen mellom dei to enda med at Maria sa seg villig til å bere fram, og føde Israel frelse, vår frelse.
Og Maria sa; "Eg er Herrens tenestekvinne. Lat  det gå meg som du har sagt."

For oss byrjar det også ei reise i ettertanke desse adventsdagane, saman med Maria, og Josef, mot fødselen i Betlehem.

Biletet er frå meditasjonsvegen i fjellveggen ved klosteret i Montserrat.

fredag 30. november 2018

Novemberver.


Etter dagar med kaldt og fint ver, skifta det brått på onsdag. På under ein time gjekk temperaturen opp fleire grader, frå minus 3 til pluss 8. Og i går var målaren heilt opp i pluss 14. Det var nok eit sterkt lavtrykk vest i havet som gav oss den varmen ifrå sørlegare breddegrader. Det brukar vere minusgrader og snø no i overgangen mellom november og desember, men ikkje slik i år. Og i natt fekk dei merke sterk vind i ytre strøk. Her inne i fjorden var det berre nokre vindroser, som rett nok tok i så det merkast.
Men no melder Yr kjølegare vindar att, så kanskje vi får ein omgang med snø over helga.
Snøfresen er klar til bruk om behovet skulle melde seg.

torsdag 29. november 2018

Forbanna er den....

I Galatarbrevet  3,13 skriv Paulus,  " Forbanna er den som heng på eit tre"  og då har han orda frå 5.Mos 21.23 i tankane.
I eit kyrkjemuseum i Carrion de los Condes, ein by vest på mesetaen, den vide høgsletta i Spania, såg eg  denne utforminga av Jesu kross der kunstnaren hadde teke Paulus sine ord svært bokstaveleg.


For den krossen vi brukar å sjå Jesus henga på var bytt ut med ei knudrete trestamme.
Det er vel heller tvilsamt om dette er historisk rett, kva ein så tenkjer at Jesus sin kross såg ut. Og det er vel og heller tvilsamt at Simon frå Kyrene var sterk nok til å bere denne krossen fram til Golgata for den utslitne Jesus då dei romerske soldatane tvinga han til det.
Men Paulus sine ord kjem fullt ut til sin rett her.

Også orda frå 5.Mosebok får si fullending i det som hender med Jesus krossfestingsdagen.
For når den som vert hengd opp i eit tre og døyr der, så skal ikkje den døde kroppen hanga  i treet natta over, men gravleggast same dagen.

onsdag 28. november 2018

Lykka?


Lykka....?

Det er vel de stutte stunder
da intet skal hende  og intet har hendt.
Bittesmå stunder, som øyer i havet
utenfor hverdagens grå kontinent.

Der hender iblandt at du møter ditt hjerte
lik en som du aldri har kjent. -

Hans Børli

tirsdag 27. november 2018

Tynne stader

Eg var på Iona, ei lita øy utanfor vestkysten av Skotland.
Hit kom Columba eingong på 600-talet, landsforvist frå sit heimland på den irske øya i vest. Og her bygde han eit lite klostersamfunn.
Vi var på veg frå den store kyrkja som idag står der Columda sette seg bu, vestover mot Columba si bukt der det er råd å sjå over mot det som idag er det britiske Nord-Irland.

På vegen ned mot stranda fekk eg høyre om noko keltarane snakka om, noko dei kalla for tynne stader.
Stader der skiljet mellom Guds verd og vår er tynnare enn til andre tider, andre stader.
Vi tenkjer oss gjerne Guds himmel som noko langt der oppe ein stad, om ikkje like dramatisk som Artur Ericson syng om i ein song at den er åttehundre tusen lysår herifrå.

Kelterane tenkte seg Guds verd nær, men usynleg for oss menneske.Eg tenkjer nær men i ein annan dimensjon, som bak ein usynleg vegg. Stengd for oss, men ikkje for Gud. Og av og til kan vi menneske oppleve at denne veggen opnar seg. At den vert tynn.
Eg trur mange kan fortelje om sine møte med Guds verd på deira tynne stader.


Og går vi til Bibelen sine fortellingar så er dei ikkje få fortellingane om dei som fekk oppleve sine tynne stader. Som Moses og Jakob, og mange fleire utover i den hebraiske Bibelen. Alle profetane har fortellingar om sine møte. Og kjem vi til Jesus, så er dei tynne stadane sine møtepunkt fleire, Frå Maria som får vitjing, hyrdingane på Betlehemsmarka, Josef , læresveinane på fjellet, og Jesus i Getsemanehagen, som er motivet her, henta frå meditasjonsvegen i Montserrat.


Sjølv opplevde eg det her, ved alterringen i den halvmørke Alle nasjonars kyrkje i Getsemane.
Eg trur, om menneska ville fortelje, så hadde vi fått mange, mange fortellingar om den enkelte sine møte på deira tynne stader.

mandag 26. november 2018

Ei tom grav med meir

Framhaldet etter krossfesting, død og grav kjem nok inn under det Ivar Aasen eingong sa; " Vesle vetet det strekk ikkje til, ei tru må stydja opp under."
Og sidan dette kryssar grensene for det som vetet kan fatte, let eg to bilete frå meditasjonsvegen i bratte fjellet på klosteret Montserrat fylgje orda under.


For alle fire evangelia fortel, om enn noko ulikt, at då påskesabbaten var over og det lysna mot dag, så gjekk nokre kvinner - tre står det i to av evangelia - avstad til grava. Men då dei kom fram vart dei møtt av ei tom grav. eller ikkje heilt tom for det vert fortalt at der møtte dei  ein - eller to - menn i skinande kvite klede, og at dei fortalde kvinnene at den døde hadde forlete grava. Han hadde brote dødens makt og var stått opp att.
Det vert og fortalt at Maria Magdalena møtte den oppstadne der ved grava, og fekk gleda av å fortelje den utrulege men glade bodskapen til læresveinane.


Vidare fortel evangelia at dei som hadde vore saman med Jesus før død og grav, fekk møte den oppstadne fleire gonger i dagane som kom, men at han var annleis enn tidlegare. Han kunne forflytte seg gjennom tid og rom, og han kom inn gjennom stengde dører.

Så førti dagar seinare har han kalla dei til å møte han på eit fjell. Og der tek han farvel med dei, han vert lyft opp frå bakken og vert borte i ei sky.

Men før han vart borte hadde han gitt dei eit løfte om at ein dag ville han kome att. Og hadde han sagt til dei at før han kom att skulle dei forlate Jerusalem for å gå ut til byar og landsbyar og fortelje om han og om orda han hadde lært dei den tida dei gjekk saman med han.

Og det har hans læresveinar, dei som trur på han, gjort i snart totusen år. Medan dei har venta på at han ein dag vil kome att på same måten han drog, med velsignande hender over sine vener.

søndag 25. november 2018

Pietá

I 2006 vitja mi kjære og eg  Roma, og då høyrde den store Peterskyrkja med.
Der inne fekk vi sjå Michelangelo sin vakre skulptur, Pieta. Godt sikra bak uknuseleg glas, etter at ein forvirra mann gjekk laus på den med hammar i 1972. Det tok 10 månader og setje den attende til sin noverande utsjånad.


Maria, Jesu mor som held sin avlidne son på fanget var eit ynda motiv i mellomalderen, både i måleri og som skulptur, og Michelangelo sin pieta er vel av dei fremste som er skapt av dette motivet.
Eg veit ikkje om eit einaste av dette motivet her heime, men etter vandringsvegane har eg møtt fleire pieta'er,  om ikkje utførde på same "vakre" måten som av Michelangelo.

Der hans Pieta er utruleg vakker med ei ung Maria, har dei eg har sett i kyrkjer og på kyrkjemuseum, ei "røffare" utforming med ei Maria som er ei eldre og sliten kvinne. 
Ho var i slutten av førtiåra då Jesus, son hennar vart krossfest. Og der Jesus og er merkt av tortur og krossfesting.


Men av alle dei pieta eg har sett er det nok dette måleriet frå den store klosterkyrkja i Montserrat som sit sterkast i minnet.
Eg sat i kyrkja under gudstenesta der då eg vart var det i eit sidekapell rett ved sida mi.
Det greip meg djupt å sitje der og sjå på det.


Det er ikkje så mykje det vakre pieta her , meir det hjarteskjerande hjå mater dolorosa, smertens mor.

lørdag 24. november 2018

Maria, Himmeldronninga

Der er ei side av Maria sitt liv som lutheranaren i meger  heilt framand for. Det var nok tilstades også her i landet i dei fem første hundreåra av kyrkja sitt liv hos oss, men som vart borte etter reformasjonen. Sjølv om det nok levde i vidare lenge i folketrua.
Det er den opphøgde plassen som Maria har i dei katolske landa.
I kyrkjene, men og utanfor kyrkjene har eg funne Maria, ei ung og vakker Maria i vakre klede, sentralt plassert. Gjerne med krune på hovudet.


Kanskje kan desse bileta frå det store klosteret Montserrat, i fjella utanfor Barcelona syne den plassen Maria har i katolsk liv.


Maria, som når ho døyr, vert teken opp til himmelen der Jesus ventar på henne.


Og der ho så vert krona  som Guds mor, himmeldronning.

Desse to siste bileta er frå ein pilegrimsveg, ein meditasjonsveg med fleire stasjonar med bilete frå Jesus og Maria sine liv, uthoggen i bratte fjellveggen frå det store klosteret og til ei mindre kyrkje lenger borte i fjellveggen.
Men motiva fann eg ofte att i dei store kyrkjene langs vandringsvegen, både inne i kyrkjene og som billedfriser, tympanum, over portane inn til kyrkjene.


Denne katolske vørdnaden for Maria er heilt framand for meg med min bakgrunn i luthersk piestisme.

fredag 23. november 2018

Mater dolorosa


På Filefjell var det opphaveleg ei lita stavkyrkje, bygd på 1160-talet og vigd til den engelske erkebiskopen Thomas Becket av Canterbury som vart myrda framfor alteret i kyrkja si.

St Thomaskyrkja på Filefjell var ein samlingsstad for bygdene i Valdres, Lærdal og Årdal i Sogn, men grunna mykje festing i samkomene, fekk presten i Vang kyrkja reven i 1808.


Men i 1997 vart det reist ei ny kyrkje på Kyrkjestølen på Filefjell.


På alteret i den nye St Thomaskyrkja finn ein i dag alterbiletet frå den gamle stavkyrkja.
Og som det einaste alterbilet eg veit om, er alle læresveinane med på det. I ein krans rundt det sentrale biletet av Jesus på krossen, kan ein sjå kva avferd den enkelte av dei fekk.


Det sentrale biletet syner Jesus på krossen, med Maria og Johannes ståande på sidene. Men Jesus er her krossfest på den blømande krossen.

Den blømande krossen har eg sett berre i ei anna kyrkje, i Hornindal kyrkje. Men i armenske kyrkjer finn ein den ofte. Truleg er bakgrunnen Jesus sine ord om at fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eit korn, Men døyr det, gir det stor grøde.
Kanskje handlar den armenske kyrkja sine blomekrossar om dei armenske martyrane sitt blod?


Men i biletkransen over det sentrale biletet finn vi og Maria, men då som Mater Dolorosa.
Her er Maria teikna med fleire sverd inn i kroppen. Bakgrunnen til det finn vi i Lukasevangeliet. 
Der seier Simeon til Maria, den dagen Maria og Josef kjem til tempelet med Jesusbarnet, at gjennom henne skal det og gå eit sverd.

Mater Dolorosa kjem frå ei gamal latinsk hymne frå 1200-talet, som byrjar slik; Stabat Mater Dolorosa. som omsett til mitt mål tyder; Stod der moren, fyllt av smerte.

torsdag 22. november 2018

Maria, Jesu mor

I våre lutherske kyrkjer, i motsetnad til dei romersk katolske eg har vitja, er Maria nesten fråverande i det eg vil kalle kyrkjene sin billedbibel. Med andre ord utsmykking i form av billete, altertavlar og anna kunst. I dei katolske er ho mykje meir tilstades både over alter og i sidealter.


Kanskje hadde ho ein større plass her i landet og før reformasjonen vart innførd ved kongeleg vedtak. No er det mest berre på noke altertavler vi finn henne, og då er det når ho får vitjing av engelen som fortel at ho skal verte mor.


I Betlehem med barnet på fang etter fødselen, og med vitjing av hyrdingar og vismenn frå aust.
Og det er gjerne i form av ei julekrubbe.


Og ståande ved krossen på Golgata.

Slik finn vi henne og i mi heimekyrkje.
På bodskapsdagen i Nasaret, ved krossen på Golgata, på det førreformatorisk alterskåpet.
Og i julekrubba som er av ein nyare tradisjon.

onsdag 21. november 2018

tirsdag 20. november 2018

Morgonen gryr


For meg har morgonane hatt ein eigen plass i livet mitt. Eg har alltid sett med forventing fram til at natta går mot sine ende og lyset svakt byrjar å farge austhimmelen.
I den stunda stig vona opp i meg;
Kjem han denne morgonen? 
Er dette morgonen då Lyset frå Guds verd skal bryte inn som lynet over den mørke nattehimmelen og fortelje at no, no er ventetida over. No kjem han igjen slik han lova at han ein dag skulle gjere då han drog.
Men enno har det berre vore  sola som har runne over fjella der aust. Han har eg måtta vente på  i tallause dagar og netter.

Eg hugsar første gongen eg møtte han.  Då han såg meg i flokken rundt seg og sa. Tomas, kom og fylg meg.
Kvar kjende han meg ifrå? 
Men det var ei slik kraft og varme i orda hans at eg ikkje hadde noko val. Eg måtte berre gi meg i lag med dei andre som gjekk saman med han.

Det var mest i Gallilea at han heldt seg, men tre gonger feira vi påskefesten i Jerusalem, 
Eg skulle vel heller sagt; skulle vi ha feira, for den tredje gongen vart det ingen fest, heller det motsette. For då dagen for det usyrde brødet rann var han alt død. Fanga, hudfletta  og dømd til døden på ein kross.
Og medan han hang der, naken og spikra til krossen,  gøymde eg meg i redsle for sjølv å verte teken og dømd. Berre mor hans, Maria og Johannes stod der ved krossen då han anda ut og døydde. Kanskje var det og nokre andre av kvinnene der, av dei som hadde vore i fylgjet hans. Men vi mennene  sveik og rømde unna.

Sidan han døydde før sabbaten var inne, gjekk ein av dei som høyrde tempeleliten til, Josef som var frå Arimatea,  til landshøvdingen Pilatus og spurde om lov til å ta han ned frå krossen, Og det fekk han løyve til. 
Nokre av oss var der då vi løyste han frå krossen og la han ned på berget.
Kvinnene hadde teke med seg salve som dei  smurde han med før vi la han i gravkledet, og knytte duken om hovudet hans.
Josef hadde ei tom grav i hagen like ved. Der la vi han og rulla steinen for opninga.
Men prestane i tempelet var ikkje trygge for at han ikkje vart fjerna i mørkret, så dei fekk grava forsegla, og sett vaktmenn til å vakte den.

Det var ei tung påskehelg i Jerusalem for oss som hadde vore saman med han. Eg søkte meg husrom borte frå dei andre i påskehelga,for å vere åleine med mi sorg. Seinare fekk eg høyre frå dei andre at  då sabbaten var over  og kveldsmørkret kom gjekk nokre av kvinnene avstad og kjøpte salvar for å kunne gjere ei grundigare salving av lekamen hans.  Og når morgonen kom var dei alt på veg til grava, men kom oppøste attende for steinen var velta frå og grava var tom. 
Peter og Johannes hadde då sprunge til grava og funne den slik kvinnene hadde fortalt. Berre likkleda låg der, og dei hadde dei samla med seg då dei forlet den tome grava.
Då eg noke dagar seinare møtte dei, kunne dei  fortelje om at dei hadde møtt han. Levande hadde han brått stått midt i mellom dei.
Det trur eg  ikkje noko på, hadde eg svara, og sagt at eg trong handfaste bevis på at det verkeleg var han. Han, levande att? Eg hadde då sjølv vore med og teke han død ned frå krossen og lagt han i grava.

 Åtte dagar  etter var eg i lag med dei, bak stengde dører. Brått stod der ein mann mellom oss i kvite klede.  Vi stokk forstøkte attende for det uventa.
 ”Ver ikkje redde, eg kjem med fred”, sa han før han vende seg til meg, rette fram hendene sine og sa: ”Kom med fingeren din og legg den i såra etter naglane, Og sjå her er såret i sida mi etter spydet dei stakk inn”.
Nær i sjokk fall eg på kne framfor han, med panna mi på steingolvet.  Kva eg sa hugsar eg ikkje, men med eit kjende eg handa hans på meg og høyrde at han be meg reise meg.
 ”Tomas,” sa han, ”ver ikkje vantru men truande”. Igjen fall eg på kne framfor han og sa; ”Min Herre og min Gud”.  Kvar eg fekk orda frå veit eg ikkje, men frå då av låg vegen min vidare  i hans hand.

Vi  var saman med han den siste dagen. Oppe på fjellet.
”Gå” , sa han, ”gå og fortel om meg og orda mine. Gå”.  Så lyfte han hendene velsignande over oss og  ei sky  tok han bort frå augene våre. Sidan har eg gått og fortalt om han. Heile tida mot aust, stadig lenger mot aust.
Inn i Syria, vidare gjennom Persia, og hit eg no  er,  langt syd i India. Og heile tida har eg forkynt Ordet om han som synte meg sine sårmerka hender, den dagen i Jerusalem, og menneske har kome til tru på den oppstadne.

Men no er min dag komen, no kjem eg  ikkje lenger.
Han kom ikkje denne morgonen heller, men denne morgonen er det eg som skal gå til møtes med han i den evige heimen, der bak skyene ein stad.  Snart kjem dei og hentar meg ut av fangehola, Ut på den opne plassen. Der skal eg bindast fast til pålen dei har reist for meg. 
Og så, i det sola renn,  vil bogeskytarane rette sine spente bogar mot meg.

Skyene opnar seg


I går lova YR oss sol og klårver, men heile dagen låg skodda over bygda. Men no, i dag, når det leid til middagstid opna skyene seg over fjella i aust, og skyene byrja dra seg bort, og skodda svann bort for solvarmen.

Ein morgon. Ein underleg morgon skal skyene som skil oss frå Guds verd opne seg, og skodda svinne bort for lyset og varmen der i frå.
Det vert ein underleg morgon, den åttande skapingsdagen då Gud stig inn i vår verd og nyskaper vår jord.
Johannes fortel om den morgonen:
Då, når, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vere hans folk, og Gud sjølv skal vere  hjå dei.
Han skal turke kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vere meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var er borte.
Då seier han som sit på kongsstolen; "Sjå eg gjer alle ting nye!"

mandag 19. november 2018

Her er ikkje mann eller kvinne

P.Hansen ; Høstfolk

Paulus er litt dubbel i synet på mann og kvinne, tykkjer eg.
Ein stad seier han at kvinnene skal underordne seg mannen, og teie i forsamlinga, for så å sei at her er ikkje lenger mann eller kvinne, dei er eit og likeverdige kvarandre. Alle er eit i Kristus.

Går vi til Jesus så hadde han ikkje noko gradering av mann og kvinne, hjå han var dei jambyrdingar.
Det var ikkje berre menn i hans fylgje, kvinnene var og sterkt representert, og den første han synte seg for etter oppstoda var ei kvinne.
Og då undrar eg meg på kvifor så mange kristne samfunn så sterkt vektlegg at kvinnene skal underordne seg mannen.
Kvifor må det vere feministar som kjempar for retten til likeverd?

Den første tida sine teologar gjekk bort frå det patriarkalske synet som rådde på den tida, og hevda likeverdet mellom mann og kvinne.

" Kvinna har same andelege verdet som mannen. Begge har same Gud, same lærar, same Kyrkje. Dei pustar, ser, høyrer, veit, vonar og elskar på same vis. Dei har det same livet, nåden og frelsa, og er kalla til å leve på same vis." skriv Klemens av Aleksandria.

"Den Heilage Skrifta set ikkje mannen opp mot kvinna etter deira kjønn. Framfor Gud er kjønnsskilnaden ingenting." skriv Origenes.

" Kvinnene er Guds avbilde på same måten som mannen. Begge kjønna er like verdfulle. Dei er like i dygd , og like i strev. Skulle ein mann kunne tevle med ei kvinne som lever sitt liv med kraft og overtyding?" spør Gregorius av Nyssa.

Og ein annan kallar kvinnene som kom til grava for Apostlane sine apostlar.

Kva tid var det at dette spora av og kyrkja igjen enda opp i det patriarkalske?
Når Gud ikkje skil mellom mann og kvinne,er det då ikkje på tide at vi igjen set likeverdet i høgsetet i kyrkja / kyrkjene?

søndag 18. november 2018

May the light of lights come


Det mørknar tidleg ute no langt ut i november. Berre litt over ein månad att før sola er på sitt lavaste på sørhimmelen.
Det kveldar. Ute er lyset gøymt under eit tungt skydekke.

Då brått opnar det seg ei lang stripe av klår himmel over fjella i sør, og lyset frå ein klår himmel i vest strøymer inn over landet, og teiknar fjellranda der sør mørk og skarp mot det lysane lyset bakanfor.
Ei kort stund.
Og så sloknar alt av att. Lysstrima bleiknar og svinn bort når sola sakte sig i havet der vest.

Då kjem eg i hug ei enkel lita bøn eg eingong las i Carmina Gadelica. Ei lita kveldsbøn frå dei øyane som i norrøn tid av oss nordmenn vart kalla Sudrøyane. Øyane som eingong, langt attende i tida, høyrde inn under norskekongen sitt herredøme, og under Nidaros erkebispesete.
Ei lita keltisk kveldsbøn om lyset. Det store Lyset.
Om Han, Menneskesonen, som sa om seg sjølv at han var DET store Lyset, lyset for verda, og den som hadde det lyset, han slapp å gå i mørkret meir.

Going to rest.

May the light of lights come
To my dark heart from Thy place;
May the Spirit's wisdom come
To my heart's tablet from my Saviour.

Be the peace of the Spirit mine this night,
Be the peace of the Son mine this night,
Be the peace of the Father mine this night,
Each morning and evening of my life. 

torsdag 15. november 2018

Soria Moria slott

Langt oppi fjellet på nordsida av Lustrafjorden ligg der eit stort, kvitt, Soria Moria slott. 500 meter over fjorden.
Det går ein veg dit opp, 7 km lang, smal, bratt og med 13 hårnålssvingar.
Det var nok ikkje enkelt å kome dit opp før bilen kom i ålmen bruk, sjølv om det nokre år på slutten var elektrisk heis dit opp. Den er borte no.
 Det er Harastølen, og det er ikkje noko Soria Moria slott i dag, sterkt prega av tida si tann og manglande vedlikehald.

Bygget vart innvigd i 1902 og hadde då kosta 777000 kr, noko som kan synest lite etter våre dagars kostnadar for eit vanleg lite hus, men kva kosta det ikkje å bygge eit hus med  5000 kvadratmeter golvflate i år 1900.

Det var styret i St. Jørgens Hospital i Bergen som vedtok å reise eit sanatorium for tæringssjuke oppe i fjellet i Luster, då dei hadde tru på at den friske lufta der inne i fjorden ville gjer dei godt.
Ved opninga var det plass til knapt hundre pasientar, men vart gradvis utvida til 150 i 1950, men så kom det medisin for sjukdomen, og få år etter var der tomt der oppe.

Så kom det ei periode då huset vart nytta til psykiatrisk sjukehus, før den drifta og vart flytta til Gaupne, lenger vest i fjorden. Ein vart vel ikkje mindre sjuk av å bu så avsondra frå livet.

Så kjem flyktningestraum frå Balkankrigen til landet på 1990-talet, og Harastølen vert asylmottak eit par år. Kor måtte det kjennast for krigsprega flyktningar å verte plassert høgt oppe i ei fjell side i Sogn, langt frå det pulserande livet nede ved fjorden. Det gjorde vel ikkje krigstraumane enklare å leve med, sjølv om dei hadde både frisk luft og godt utsyn til livet 500 meter lenger nede.


Kvar går Harastølen vidare tru, der huset står godt inngjerda med åtvaringar om å ikkje nærme deg bygninga.
Vert det vidare forfall, eller vert planane om hotelldrift der oppe i fjellet ein realitet?
Det ligg ikkje akkurat rett i turiststraum inn langs fjorden, så dei må nok finne eit anna segment av hotellgjestar for at den drifta skal løna seg.
Men utsynet er det ingen ting å sei på, og der er stiar opp i fjellet på mange kantar av bygninga, og nok rikeleg med snø om vinteren. Så kanskje er det liv laga nokre år vidare?
Time vil show, som det heiter på det målet som vert meir og meir vanleg her til lands.

onsdag 14. november 2018

Velsign meg Gud.

 Dei mørknar morgonane, men enno kan vi sjå himmelen fargast raudgul i aust, slik Jan Inge Sørebø skriv i salmen sin. at Gud "gyller himlens tak i gullsinober.."
Me her i vest veit at det er vestanfrå det skiftande været kjem. Frå Atlanterhavet med  si væte og sine stormar.
Været frå aust er gjerne av eit anna slag, det som kjem frå flatlandet og steppene der.
Så når austhimmelen vert farga i gullsinober om morgonane, så er det fordi der er opne rom mellom skyene i aust så sola får kome til for å farge morgonskyene her vest om fjella. Og dei mørke skyene her kan tyde på at det er væte i kjømda. Kanskje.
Er det kveldshimmelen som vert farga, så er det klårvær vest i havet, og då kan vi vente godvær neste dag. Kanskje.


Då vi vandrarane var på tur ved havranda i vest, på øyane vest om Skotland kjøpte eg med meg eit eksemplar av Carmina Gadelica heim att. Alexander Carmichel si samling av bøner, songar og poesi som levde mellom folket der. Og der finn eg at kjenslene vi kan kjenne på, vi som bur her på kysten av det store havet. Prisgitt det havet har å by oss.
Også når himmlen i aust vert farga i gullsinober om morgonane.

Å Gud, velsign meg,
kvar ting mine auge ser;
Å Gud, velsign meg,
kvar lyd mine øyre høyrer;
Å Gud, velsign meg,
kvar lukt mi nase kjenner,
Å Gud, velsign meg;
kvar smak som kjem til mine lepper,
kvar tone i min song,
kvar stråle som viser meg veg,
kvar ting eg syslar med,
kvar ting som prøver å lokka meg,
Høyr meg,
Du Ande som søkjer mi levande sjel,
Du treeinge som søkjer mitt hjarte. 

tirsdag 13. november 2018

Dale kyrkje

Eit stykke vestover frå Skjolden langs Lustrafjorden ligg Dale, og der finn vi tett ved vegen ei steinkyrkje frå 1200-talet.
Truleg bygd av steinhoggarar frå Orknøyane eller Skottland då der er fleire likskapar med Magnuskatedralen og andre kyrkjer der borte.
Gamle kyrkjer har noko med seg som eg ikkje kan forklare. Kanskje har det med alle dei som i glede og sorg gjennom århundra har samlast i kyrkjeromet.
Så då vart det stogg ved kyrkja. Den ville eg vitje når no høvet baud seg.



I vestenden av kyrkja er det påbygd eit våpenhus i tre, og tårnet er nok og av nyare dato, men når eg går inn døra til våpenhuset møter eg ein stor klebersteinsportal.
Ved den er det rita inn med runer  "St Nicolaus kirke", som viser til at kyrkja var vigd til St Nikolaus av Myra.

Og når ein kjem inn i skipet ser ein at også ved koret er der ein portal, men enklare utforma,
Der er og ein mindre portal utvendig ved sørveggen.

 

Framme i koret finn vi alteret med altertavla , og i koret er veggane dekt med kalkmåleri frå 1600-talet med bibelske motiv, og under dei att måleri frå 1200-talet.  Dei var overmåla med kvit kalk og er berre delvis avdekka. Måleria var nok i si tid, då lesekunsten ikkje var ålmenn, folket sin bibel.
Kanskje hadde vi trengt litt folket sin bibel i våre kyrkjer og, no når dei bibelske fortellingane byrjar å verte framande mellom folk.

Altertavla er frå slutten av 1600-talet og på sidene står Moses og Johannes. Ved korset ser vi to kvinner, Er det Maria Magdalena og Jesu mor, Maria? 
På toppen ser vi den oppstadne Kristus mellom to liggande romerske soldatar.





Ut mot vestportalen ligg galleriet, og taket under den er og rikt dekorert, og på bjelkane som held oppe galleriet er der måla skriftstader.


Framme over korbogen heng eit stort krusifiks som er datert til første halvdel av 1200-talet. Måten det er forma på, kan tolkast inn i ein overgong frå triumfkors til meir vektlegging på den lidande Kristus som seinare vart den vanlege krusifksforma fram mot våre dagar.


På veg ut att ser vi at våpehuset er ikkje mindre dekorert enn koret, med ein stjernehimmel over,  og bibelske fortellingar på veggane.


Tett ved kyrkja ligg prestegarden, og det går ein gang under jorda frå kyrkja til den. Sidan kyrkja vart reist rett etter borgarkrigsåra på 1100-talet, er vel gangen å rekne som ei sikring for prest og øvrigheit i tilfelle nye ufredsår.
Dale kyrkje var verdt vitjinga, og så rulla vi vidare vestover på smale vegar langs fjorden.

mandag 12. november 2018

St. Martin av Tours

Vi hadde vandra frå Burgos, ein av dei austlege byane på pilegrimsvegen Camino Frances, den franske vegen. Men det var ikkje på den vegen vi gjekk eg og mine fem kvinnelige medvandrarar.
Det var Camino de San Olav som var vår veg. Søraustover frå Burgos og inn mellom dei iberiske fjella som strekkjer seg sørover, aust for den store spanske høgsletta, mesetaen.

Vi var på veg mot den vesle byen Covarrubias, seks mil søraust for Burgos. 
Kva var det vi ville der?
Jau det var der at kong Håkon Håkonson si dotter Kristina vart gravlagd, og der er det og, for nokre år sidan, reist eit kapell vigsla til Heilag Olav.

Det var tredje dagen at vi kom ned frå ein ås i Larabygdene, ned til ein liten landsby, mest avfolka som mange av dei små spanske landsbyane er. Der er ikkje arbeid lenger for familiene då jordene er slegne saman til eit eller to store bruk. Med det resultatet at landsbyane er mest tome i vekene, men i helgene endrar biletet seg for då kjem det utflytte landsbyfolket attende til sine helgahus.

Vi gjorde ein liten stogg då vi kom  ned til torget, sjølv om der ikkje var så mykje å sjå. Men eg måtte ein tur bort om kyrkja. Inn kom eg ikkje men bildefrisa over kyrkjedøra fekk meg til å stanse opp ei lita stund.



Det var ikkje eit av dei tympaniuma som eg hadde sett fleire av tidlegare, med bibelske motiv eller heilage menn pent oppstilte., Dette fortalde ei lita soge om ein av dei store heilagmennene i mellomalderen.
Det var no sist sundag eg kom til å minnast den vesle billedfrisa, tympaniumet, på den vesle kyrkja i landsbyen Cubillejo  i Larabygdene.
For den 11.november er det etter primstaven Mortensmesse, og i Danmark har dei Mortensgås på menyen denne dagen.
Det var Morten av Tours eg såg opp for kyrkjedøra. det syner då han ein dag, medan han endå var romersk offiser,  kom over ein nesten naken tiggar som sat på bakken og fraus så han skalv.
Då er det Martin tek opp sverdet og deler kappa si to. Så gir han tiggaren den eine halva.

Martin vart seinare vald til biskop, noko han ikkje ville, og for å ungå det gøymde han seg i ein gåseflokk, men dei kakla så høgt at han vart oppdaga. Der har vi mortensgåsa.
Martin kom til å grunnlegge det store klosteret i Tours. Eit av dei viktigaste klostera i vest-Europa i mellomalderen.

Martin var fødd medan det enno var eit stort romersk rike i Europa, Asia og Afrika, i byen som då heitte Sabaria i dagens Ungarn i år 315, og døydde 11.november 397 i Tours i noverande Frankrike.

Wittgenstein

Under ei vitjing hjå vår yngste dotter i Kaupanger fekk vi ein tur innover Lustrafjorden. Målet var ein nyopna gangveg frå øvre enden av Eidsvatnet og oppover Fortundalen til Fortun.
Men og ei vitjing til den nyrestaurerte hytta til Ludwig Wittgenstein  på ein bergknaus ved Eidsvatnet.

Ludwig Wittgenstein var ein austerisk filosof som budde i fleire perioder frå 1913 til 1950 i Norge, og i 1914 sette han igong arbeidet med å bygge hytta her på berghylla.
Store deler av sitt verk, "Filosofiske undersøkelser " skreiv han her i 1936-37.
Over Fortunelva var det på den tida inga bru, så han måtte nok nytte båt for å kome bort til stranda under hytta.
I dag er det bygt ei hengebru over elva og bort på den store øyra som elva gjennom århundra har lagt opp. Oppe under fjellfoten går stien gjennom storsteina ur vestover mot hytta, men då vi kom dit stien går opp berget til hytta kom vi ikkje lenger. Der hang det skilt som sa at vidae opp vart stien stengd då det framleis var arbeid i gong både på stien og hytta. Så då var det berre ta vegen attende gjennom ura til den store sletta.
Turen opp til hytta får vente til ein annan gong.


Vegen langs elva fram til Fortun var ei fredfull vandring gjennom stor og gamal skog, langs oppdyrka mark og med suset frå elva som bakgrunn, heilt utan bilstøy frå trafikken på andre sida av Fortundalen. Den merka vi godt då vi på vegen attende til Eidsvatnet tok turen over elva til Vassbakken for toalettbesøk, og ein is i sola. 


                                                

søndag 11. november 2018

Mot kveld


No soli bakom blå fjell 
sitt ljose andlet gøymer,
og mørkret over heimen fell, 
og jordi ligg og drøymer.
Gud, lat di åsyn lysa ned,
så heilag fred 
inn i vårt hjarta strøymer!

Elias Blix