søndag 14. januar 2024

Nye dagar, nytt år.

Så glei 2023 over i eit nytt år, 2024. Som vanleg ved eit årsskifte skjedde det med mange glitrande fyrverkeri eksploderande mot ein nattsvart himmel. Men det er alt mange dagar sidan, no som me alt er komne midt ut i januar.
Det nye året byrja med kalde dagar og netter, og isholke overalt. Og takk til mine born som meinte eg var for dårleg skodd på slikt føre og difor gav meg piggsko i julegåve.  Det kom eg til å trenge då alle vegar fraus til. Etter nokre dagar no med temp rundt 0 grader, skal det verte kaldt ei vekes tid. Men så melder værmeldarane at det igjen skal verte varmare temperaturar.  Vel me får sjå . Kanskje det vert nok +grader til å ta knekken på isen?
Mi kjære hadde mykje glede av vintergjestane sine. Det gjekk med nokre kilo med solsikkefrø og jordneter i vintermånadane. Og den  tradisjonen prøver eg å halde oppe. Og mine gjestar, alt frå mange slags småfuglar, til trast og skjor takkar ikkje nei til maten. Særs kjekt er det at også eit ekrorn har funne vegen til matfatet.
No glir timane avgarde mot kveld og natt, og eg sit innfor verandadøra og ser ut på korleis lyset svinn bort over fjord og fjell, og den enno lyse himmelen som også snart vil ha mist sitt lys. Men der oppe heng det ein lys måneskalk som snart skal råde grunnen åleine.