fredag 8. mai 2009

Conques, 10.september 2008


Det var vakkar seinsommarkveld då vi sette oss på nattbussen heime i Ørsta.
Igjen gjekk turen aust om fjella til Gardemoen, og fly til Paris neste morgon.
Men toget sørover til Rodez var vi for seine til. Derfor vart det ein dag og ei natt i Paris, før vi gjekk på toget neste morgon. Denne gongen frå stasjon Gare de Austerlitz.



Ut på ettermiddagen kom vi Rodez, og så vart det ein overfyllt skulebuss vidare nordover til Conques.

Eit år gått og vi fire er attende der vi stogga vår vandring i fjor. I ein gamal, liten by i sørvestkanten av fjellmassivet midt Frankrike. Conques

Sengeplass fekk vi i klosteret sitt herberge, og så vart det vart middag ved torget. Dei andre lo så smått av meg som tok crêpes, medan dei kosa seg med finare rettar. Men franske pannekaker lokka. Ei av grovt mjøl med diverse fyll var hovudrett, og til dessert ei finare og søtare med sukkar til.
Lokal fransk mat kom til å verte trenden på vandringa i år. Det venta mange spennande opplevingar ved middagsborda i dagane framover.


Seinare på kvelden, etter pilegrimsgudsteneste og orgelkonsert i katedralen, kom vi oss til ro på sovesalen i lag med 12 andre.
Morgonen si vekkarklokke var klosterhanen som gol på harde livet i grålysninga.
Etter frukost kjem sekkane på.
Vi skal vidare på Jakobsvegen.




Så står vi på brua nede i dalbotnen.
Hit kom vi for eit sidan.
No skal vi vidare.
Opp første lia.
Inn i ukjent landskap.
Dagar med vandring ligg framfor.
Kva har dei famn, tru?

Enno er det 55 mil at før vi er i Spania. I år er målet å gå 20 til av desse 55

Conques



Conques ligg i departementet Aveyron


og i regionen Midi.Pyrénées

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar