onsdag 27. juli 2016

Og dagane går

Etter at nettavisene i fleire veker har annopnsert " at no kjem sommaren og tropevarme", såg eg nett no ei som skreiv om at no kjem haustværet med regn. Ja det er då godt at vi har nettavisene som kan halde oss orientert om dei viktige sakene i livet.

For meg har det vore ein heller roleg sommar uansett om det har vore sommarsol med tropevarme, eller torevær og regn som har bøtta ned.  Vi har smakt begge deler og er vel nøgde med det vi har fått - så langt.

Men at sommaren er på hell er ikkje til å kome forbi. Blåbæra er modne, og stikkelsbæra byrjar gulne. Så mykje meir har eg ikkje vore i kontakt med av den slags gleder, til det har eg vore for lite mobil. Eit stunt for nokre veker sidan gav med ein vond rygg, og det ser ut for at det vil ta si tid før alt er som før i den delen av meg.
Men ein busk hjå oss har gått inn i si andre periode av å vere fruktbar. Eg har ein hyll nede i bakken som står med raude bær, til glede for bæretande fuglar. Samstundes som den er i gang med si andre bløming. Så det vert nok meir raude bær til glede for fuglane ut på hausten.
Og kanskje ein skal ta litt lærdom av den busken. Ikkje sjå alt som over om ryggen er litt vond, men gå i gang å legge panar for ei "second" bløming til hausten?

søndag 24. juli 2016

Fly

Eg høyrer duren over meg og lyfter augene mot himmelen, og då ser eg dei lyse kondensstripene teikne sine band mot det blå, og litt framfor dei, ein liten lys flykropp.  På enkelte dagar kan det synest som om dei kjem i kø der oppe. Mest frå aust mot vest, men ein del og den andre vegen. Kvar kjem dei ifrå, og kvar er dei på veg? Dei som flyg mot vest skal vel over havet til ein stad i landet der vest, men kvar? Det er det berre for meg å undrast på.

Fly. Eg har opplevd det meste av bygda vår si flysoge, enn så langt.
Mor mi fortalde om då første flyet kom til bygda. Då slepte folk alt dei hadde i hendene og sprang til ein utsiktsstad for å fylgje med på storhendinga.

Sjølv var eg fødd på den tida då fly ikkje varsla berre godt, men krigshandlingar. Mi svigermor som var tenestegjente på ein gard fortalde om ei vårdag i 1940. På tunet låg utslitne soldatar  på veg bort frå kampane på Lesja. Ho hadde mjølka kyrne og fyllt opp sepratoren, men då lyden av den høyrdest var tunet brått tomt for soldatar. Lyden av fly hadde sett sine djupe merke i dei.
Mor mi gøymde seg med vesleguten bak skorsteinen nede i kjellaren medan skotsalvene knitra og braka mellom fjella. Hendinga sette sine spor i meg, så rett etter krigen var over, sprang eg for livet for å kome i hus når lyden av fly lydde i bygda.
No er det i andre land i verda at lyden av fly skaper redsle hjå born og vaksne.

Men med tida endra det seg for meg, og flylyden skapte nyfikne. Det bar bod om at eit sjøfly kom på vitjing, og det var moro å fylgje med på.
I min ungdom fekk bygda ein småflyplass, og flydur kom til å verte daglegdags i åra etterpå. Og ein dag sat eg sjølv i eit fly på veg opp mot det blå og såg fjorden, bygda og fjella verte små under meg.

Og i dag sit eg og ser store fly, det eine etter det andre, teikne sine striper av eksos på himmelen. På veg mot vest, eller aust, med fleire hundre menneske ombord. Og eg tenkjer at det er litt av ei utvikling sidan mi mor sprang føtene av seg for å sjå eit lite fly lande på jordene inne i fjordbotnen.

søndag 17. juli 2016

Vått

Det var ein værmeldar som for nokre dagar sidan sa det om yrket sitt, at det var kvalifisert tipping.
Og det må nok seiast at det er ikkje alltid dei treffer med tippinga si, sjølv om ho er aldri så kvalifisert.
Som i dag. Delvis skya opphaldsvær , melde dei, men det vart nok ein viss bom der, for ute er det heller vått og grått.

mandag 11. juli 2016

Mot kveld

Det vart værbyte. Blå himmel og sol vart bytt til grå skyer over fjordlandet. Slik det ofte hender her ute mot vesthavet.
Men sjølv grå skyer og kveldslys har sin sjarm. Slik såg sørhimmelen ut når det gjekk mot kveld  i går. Men ned mot fjella var der eit område i dei grå der dei var noko tynnare, og der farga den sigande sola dei med eit gyllent skjer. Og borte mot fjella hadde skodda byrja og legge seg som eit tynt slør.. Eit varsel om at når eg vakna denne morgonen ville fjella og liene vere gøymt bak eit skoddeteppe.