lørdag 27. februar 2010

6 månader etter

Eg fekk ei hyggeleg telefonsamtale i dag. Frå ein som er på veg til St.Olav i Trondheim for bypas-operasjon, og som hadde lest mine notatar frå mi tid der.
Takk for praten. Det var triveleg. Eg ynskjer deg lukke til, og velkomen sør att etterpå.
Men samtalen fekk meg til å leite fram att det eg skreiv under "Dagbok frå hospitalet", og då ser eg at det manglar ei avslutning.

Og medan Marit Bjørgen førebur seg til 30 km under OL i Canada, slår eg av lyden, og prøver samle trådane i mi hjartesoge, no 6 månader etter eg vart bypas-operert.


Det gjekk ikkje framover slik eg vona. Pusten vart tyngre og tyngre etter som dagane gjekk. I tillegg vart matlysta borte, og med det minka vekta og kreftene.

Til slutt søkte eg doktor og klaga mi naud. Min fastlege hadde då permisjon, og vikarlegen sende meg til røntgenfotografering av lungene.
Der var væske i dei, men det var ikkje trong for å gjer noko. Det ville turke ut sjølv, var meldinga eg fekk.
I staden vesna situasjonen, og eg hosta mykje.

Etter nokre veker kjende eg meg så restituert i såret i bringa, at eg ville prøve meg på sjukehuset sine kursdagar for hjartepasientar, men eg måtte forlate sjukehuset første kursdagen. Eg var for svak.

Tinga meg igjen tid hos min fastlege, og han sende meg rett på sjukehuset, der eg vart lagt inn.
Denne gongen enda det med at det vart tappa ein liter væske frå eine lunga mi.

Mi kjære sa etterpå at ho la inn ein mann, og fekk ein ny mann heim att.
Og slik kjende eg meg og.
Eg var svak før, men noko heilt anna og betre etterpå.
Sjølv den irriterande hosten som hadde plaga meg, var så og sei borte.
Men før eg reiste heim vart det på nytt teke røntgen av lungene mine.

No var eg i stand til å vere med på kursa som hjartepasientane får ved sjukehuset.
Og når bolken med kursdagar var til ende, byrja eg på hjartetrimmen som sjukehuset sine fysioterapeutar har.
2 gonger veka i 12 veker.

Det var hardt første gongane, men no når den trimmen snart er over for min del, kjenner eg at det har vore verdt sveitten.
No gjeld det berre å finne vegen vidare, så eg ikkje taper det eg har vunne gjennom desse vekene.


Er eg då heilt restituert?
Nei, eg er ikkje det.
Den siste rønkenundersøkinga viste at eg framleis har væske i eine lunga, og legen fortalde meg at det må eg truleg leve med resten av livet. Om det då ikkje turkar ut av seg sjølv.
Til vanleg merkar eg ikkje så mykje av det, men eg kjenner at lungekapasiten er redusert, særleg merkbart når eg pressar mi yteevne.

Men hjartet fungerar prikkfritt.
Trur eg.

Og når eg ser attende på mi hjartesoge, kva då?
Det er fantastisk at ein i dag kan få slik hjelp når ein får hjarteproblem.
Min far fekk det ikkje, og døydde til slutt av det.
Likevel hender det eg har litt kjetterske tankar, for det er ikkje problemfritt.
Eg har møtt fleire, og høyrt om andre, som får komplikasjonar etter inngrepet, sjølv om det er vert sagt vere trygt, og komplikasjonsprosenten er lav.
Men inngrepet treng ikkje føre til ei "evig" løysing. Eg har møtt dei som etter år, på nytt har fått problem med tette årar.

Sjølv om eg i ettertid har skjøna at mine helseproblem hadde med hjartet å gjer, så levde eg godt med dei.
No er mine tette årar bytte ut, og eg er truleg, for år framover, utanfor infarktfaren.
Men i staden har eg fått eit lungeproblem.
Så kva hadde eg valt om eg i august hadde kunna sjå eit halvår framover?
Men slike tankar vert berre vis-vas.


Med dette let eg mi "Dagbok frå hospitalet" få sin slutt, med nokre ord ei syster i Trondheim sa til meg, medan ho undersøkte hjartet mitt med ultralyd.
"Du er i alle fall ikkje hjartelaus."

For å illustrere denne avslutning på mi hjartesoge, legg eg inn tre bilete av morgon og kveldsskyer.
Himmelen over oss kan synes seg fram heilt fantastisk flott . Stundom også med utruleg flotte fargar.
Slik kan livet og vere.
Det gjeld berre å sjå det - og nyte det - medan vi har det.

torsdag 25. februar 2010

Limone

I desse tider då støyten (for å bruke eit gamalt ord på elkrafta) er så rådyr, er det godt å ha ein omn å elde i. Medan ein hissar seg opp over urettferda i att dei som har bestemt dette, slepp undan med tiandeparten i pris. Var det staumsparing det gjaldt, då burde prisen vere høgst der dei brukar mest. Der det bur flest i landet.
Men som sagt, ute er det minus 7, og då er det godt å ha ein omn å elde i.

La meg heller ta meg ein tur til Limone, medan eg likevel sit her framfor omnen og varmar meg.

Køyrer vi nordover stranda til Gardasjøen, bort frå Siminone, dukkar etter ei stund ein ny, liten, by opp. Det er Malcesine. Herifrå går det båt over sjøen til vestsida og til Limone.
Men først skal magen ha sitt. Vi tek inn på ein liten retaurant. Mat får vi, og ei oppleving av korleis ein italiensk kelner sjarmerer kvinnene. Ein hadde visst trengt eit lite kurs i den kunsten, noken kvar.
Dei lagar skinnvarer i byen.Flotte skinnjakker også, men eg motstår freistinga til å tøme lommeboka for Euro.

Så er det tid for båtturen over sjøen. Snart forsvinn Malcine bak festninga ute på neset, og eg vender augo mot vestsida. Bratte fjellskrentar stuper ned i sjøen.
Så kjem vi nærare, og under stupbratte fjell, i nokre bratte bakkar opp frå stranda, ligg Limone.
I floga ovanfor husa er det montert fangnett for å ta fallande stein.
Og innover stranda, mellom husa, er det sett av plass for hagar med sitrontre.
For det er dei lever av her, sitron og turistar.


Ein liten, sjarmerande by ved Gardasjøen.



Suvenirar høyrer med, og her må det verte den vidkjende limonaden frå Limone.
I alle fall seier guiden at den er vidkjend.
I motsetnad til vanleg limonade kan ein verte litt ør i hovudet av Limone-limonaden, så eg bør ikkje køyre bil etter å ha smakt på den, seier ho vidare.
Akk ja.
Flaska er fire år no.
Sidan det framleis er gyldne dråpar att på den, så reiser det seg to spørsmål.
Likte eg ikkje smaken på Limone-limonaden?
eller:
Er det min bruk av slik ør-i-hovudet drikk som er for liten?

Fasitten vert ikkje gitt her.

onsdag 24. februar 2010

Sirmione, Gardasjøen

Det har vore ein lang og kald vinter til nordvestlandet å vere.
Heilt topp.
Stabilt og fint vær, om enn litt i kaldaste laget for nokre. Som meg.
Eg kjenner at eg trivst ikkje så godt med kulden lenger.
Eller rettare sagt. Lungene og fingrane mine trivst ikkje med kulden. Men no har eg tinga meg Jonas-maske og ekstra tjukke vottar, så får eg sjå om det ordnar seg,
--- til neste vinter.

Men om det er litt for kaldt ute, så kan ein drøyme seg bort til varmare dagar og varmare land inne.

Vel, det er ei sanning med visse atterhald. I alle fall då vi var der i påska 2006.
Ved Lagio di Garda, Gardasjøen, nord i Italia.
Sjølv om vi var der midt i april, så hadde det enno ikkje kome skikkeleg vår og varme.
På fjelltoppane låg nysnø, og trea hadde ikkje fått si grøne lauvdrakt.
Hotellet vårt låg oppe i dalsida, aust for sjøen.
Her oppe frå, såg sjøen litt annleis ut, enn då vi kom ned på stranda.



Nede ved sjøen strauk nordavinden , og bårene braut mot stranda.
Det var som å stå i blåsten på ei heimleg strand, ein kald vårdag.



I sørenden av Gardasjøen stikk det eit langt, smalt, nes ut nordover. Heilt ute på neset ligg ein gamal by, omgjeven av murar og vollgraver.
Det er Sirmione.



Denne dagen bles det så mykje at ei svane har søkt ly for vinden inne i den lune vollgrava.



Utover mot neset, i ly for vinden ligg ei strandpromenade. Vi forlet dei overfylte og travle turistgatene, og vandra mest åleine utover under pinjer og sypresar.



Attende i 2010.
Vinteren er enno ikkje over.
Ute er det snø i lufta.

mandag 22. februar 2010

Persok, 22.februar

Så er endå ei kald natt over. Minus 13.5 grader nådde gradstokken. No kl. 10.15 er det berre minus 7, men så har sola vore der med sitt lys i 1.5 time alt.

Det er Persok, eller Peter stol, fortel primstaven i dag.
Og persok er til minne om at Simon Peter vart valgt til den første biskopen i Roma, og med det og den første paven i romarkyrkja.




Peterskyrkja i Roma er bygd over Peter si grav, og inne i kyrkja har Bernini bygt ein bronsebaldakin og eit alter med preikestol over Peter si grav, som er i ei krypt under dette alteret.
Og lyfter ein augo oppover, så ser ein opp i Michelangelo sin mektige kuppel.

søndag 21. februar 2010

Invokavit, 1.s.i faste

Der er ei merkeleg bok i Bibelen.
Vel, der er mange. Det er kanskje det at Bibelen talar med så mange stemmer, som gjer den annleis og spennande.

Og i dag er det Job.
Denne mannen frå Us, som Satan med Guds løyve, får setje på sitt livs største prøving.
Der han sit fattig, barnlaus og sjuk i avfallshaugen, skrapande sine svollar med eit krusbrot, kjem kona hans til han og seier.
”Er du like ulastande no. Spotta heller Gud og døy.”

Så er det store og dirrande spørsmålet der.
Det som har dirra som ein spent harpestreng gjennom alle tider.
Spørsmålet om Gud. Kven, kva, kvar er Gud?
Og det dreg med seg det andre store spørsmålet. Lidinga og det vonde si gåte.
Inn i desse store spørsmåla kjem Job med si liding.
Men eg vert også dregen inn. Kva er min relasjon til dette store X – Gud?

Eg sat og filosoferte over Job, kona hans og Gud i går kveld, medan gule eldlogar lyste ut gjennom ovnsdøra.
Då dukka det opp ein nordisk Job framfor meg.
Ein finske bonde, Paavo; som "bodde på ett frostig hemman, högt bland Saarijärvas moar, skötande dess jord med trägna armar."

Ein trottig slitar på jorda. I strev for kone og born. Men som fekk lite att av sitt slit.
Frosten tok avlinga.
Då er det Paavo si kone kjem og seier til han: "Paavo, Paavo, olycksfödde gubbe!
-- Gud har oss förskjutit."

Men både Job og Paavo er stirrige , dei gir ikkje Gud opp, trass i sine prøvingar.
Dei gir ikkje opp, men dei kjempar med Gud, kvar på sin måte.
Paavo gjennom sin kamp med jorda og naturen, og Job kjempar med Gud gjennom ord, i anklage og vreide over sin lagnad.

Paavo seier: "Herren prövar blott, Han ei förskjuter. – Jag skall gräva dubbelt flere diken, men av Herren vil jag vänta växten."
Og Job svarar si kone: "Du talar som ei uvitig kvinne. - - Skal vi berre ta imot det gode frå Gud? Skal vi ikkje ta imot det vonde og?"

Både Job og Paavo får sine svar av Gud.
Til slutt.
Gud er der i lidinga deira, og har omsorg for dei.
Sjølv om det til tider ser mørkt og grått ut, vil sola, lyset, til slutt bryte igjennom mørkret.


Så får eg bale med mine store spørsmål.
Kven, kva, kvar og korleis er Gud?
Kvifor er det så mykje vondskap og liding på denne vakre jorda vår, når Gud har all makt?
Likevel veit eg, som både Job og Paavo, at eg er ikkje overleten til meg sjølv, kva som enn hender.
Gud er der og har omsorg.
For å bruke Job sine ord: "Eg veit at min atterløyser lever".

fredag 19. februar 2010

Julie sin bryst

William Shakespear let eit av sine drama, Romeo og Julie, ta plass i ein by i Italia, i Verona.
Dit kom vi, ein busslast med norske turistar
Inne i ei trang gate, fører ei dør inn til ein smal gardsplass, og det vert trangt der inne når guiden tek oss med inn porten.

Oppe på veggen av huset til høgre, fortel guiden, kan ein sjå balkongen der Julie sto medan Romeo framførde sin kjærleik til henne.
Det går det med eit opp for meg at no står eg på heilag grunn, der Romeo ein gong stod.
Det er så eg kjenner varme romantiske kjensler strøyme gjennom kroppen.

Men straumen av norske italiafararar fører meg innover mot endeveggen i gardsromet.
Så seg eg henne, Julie. Inst inne, under ein grøn, lauvrik busk, står ho.
Mot henne er det straumen av raudnande turistar går.
Når deira tur er komen, lyfter dei hendene og legg dei på kjolebrystet hennar og stryk henne varmt og kjærleg over brysta.

Eg tenkjer. Der har mange hender vore.
Julie er mørk i huda på hals og hovud, men det som er lenger nede på henne, er blankt og skinande av dei tusenvis av hender som har kjærteikna kroppen hennar.
Til all lukke er ho ikkje av kjøt og blod, men bronse.
For elles ville eg sei: Stakkars kvinne.

Det skal medføre lukke å stryke Julie sine bryst, fortel omvisaren.
Og eg lyfter hendene og stryk det blanke kjolebrystet.

Det var fleire menn enn eg, som nytta høvet.


Om det har gitt meg lukke?
Dersom det er i tydinga hell, så kan eg ikkje finne noko effekt av at eg eingong handfor Julie si bringe.
Men når det gjeld lukke av det slaget som gir livet meining og innhald, er det heilt umogeleg gi eit konkret svar.
For då måtte eg vite korleis lukka ville vore, dersom eg ikkje hadde stroke Julie på brysta.
Men ein verknad var der. Eg hjelpte til med å halde Julie sine bryst skinande blanke.

onsdag 17. februar 2010

Oskeonsdag

Det er morgonstilt i stova.
Og kjøleg. Eg har ikkje fyrt i ovnen enno.
Ute er det 7 kuldegrader og klår himmel.
Og kl 9.00 renn sola over fjella i aust.



Det er oskeonsdag morgon. I dag byrjar fastetida. 40 dagar fram til påskedagane kjem.
I Vårt Land har eg lest Ralph sitt sjuande brev til Notto. Desse to (Ralph Ditlef Kolnes og Notto Thelle) brevvekslar om tru, tvil og livsvandring i avisa, og tankane deira gir meg mykje.
I dag skreiv han om det kaoset som våre liv ofte teiknar, og om Gud som gjerne vil bo hos oss i dette kaoset og nyskape der.

Oskeonsdag
Faste
Tyder orda noko for meg, lutheranaren?
Det er ord som ikkje har hatt stor plass i mitt liv, så langt.
Men der vandringane på pilegrimsvegane siste åra, har ført med seg at også ordet faste har dukka opp i mine tankar.
Og då ikkje berre faste ved å redusere maten, Tv-sjåinga eller andre ting, men som eit høve til å knyte meg sterkare til noko, Jesus Kristus.
"Han som ikkje visste av synd, men som vart gjord til synd for oss, så vi skal verte rettferdige for Gud i han."

Opphaveleg, langt attende i tida, fekk mennene i gudstenesta ved inngangen til fasta, dryssa oske over hovudet med ordet: kom ihug , menneske, at du er støv og skal vende attende til støv.
Kvinnene fekk greie seg med å verte teikna med eit oskekross i panna, eller på handbaken.
På 1200-talet gjekk oskestrøinga på mennene ut. I staden vart alle teikna med oskekrossen.

Slik dei framleis gjer i den katolske kyrkja på oskeonsdag.

Oskekrossen peikar mot Golgata kross og han som hekk der. Krossmerket viser kven ein høyrer til. Den greske bokstaven "chi" er forma som ein kross (som og den hebraiske "tav" er det), og chi er første bokstav i "Christos" og vi finn han i Kristusmonogrammet.
For meg står det å verte teikna med oskekrossen, likt det å bekjenne med munnen: eg høyrer Herren, Kristus, til.

Når kvelden kjem, og det er oskeonsdags-gudstenesta i Ørsta kyrkje, vil eg vere å finne der. Til ei gudsteneste utan teikning med oskekross, men med alment skriftemål og nattverd.

tirsdag 16. februar 2010

Feitetysdag

Siste dag i fastelavn.
Dagen før fasta startar med sine 40 magre dagar.
Då gjaldt det å få i seg litt å tære på.
Den dagen skulle det, som namnet seier, være feit mat på bordet.


Frå barndomen hugsar eg rjomegrauten.
Som eg slapp undan, då graut ikkje var min favorittmat.
Og det er det ikkje i dag heller, så det vert nok ikkje feit graut på vårt bord denne feitetysdagen.
Men kanskje ein Pizza Grandiosa?

mandag 15. februar 2010

Blåmandag

Blåmandag?
Fest og seint oppe i går. Tung og trøytt i hovud og kropp i dag.
Er det ikkje det som vert knytt til blåmandagen?

Andre dag i fastelavn.
Dette er ingen blåmandag i den tydinga.
Sola kom over fjella bak Helevetesdalen alt kl 09.00, og om ho ikkje klatrar Melshornet i dag, så er det ikkje mange dagane til.
Og på bordet står tulipanane og lyser etter morsdagen.


Og så er det kafé-dag og treningsdag.
Det teiknar til å verte ein bra blåmandag, dette.

Men så har ikkje namnet på dagen noko med ein "hang-over" dag å gjere heller.
Opphaveleg.
Namnet har den frå at prestane i mellomalderen si katolske tid, la ein blå duk over alteret, for å markere at no hadde dei byrja på fasta.

søndag 14. februar 2010

Fastelavn

Som tida går. Om eit par dagar byrjar fastetida.
I dag er fastelavn og kveitebollar med krem på.
Det var bollane eg knytte til fastelavn i mine barndomsdagar.
Sidan har det kome andre bollar til, men bollar og fastelavn er godt knytt saman for meg.

Men kva er opphavet til fastelavn?
Ordet kjem frå mellomalder-plattysk, "vastel-avent", og tyder kvelden før faste. Denne kvelden vart så lagt til søndagen før fasta byrjar, og fekk ei utviding til tre dagar med fastelavn-søndag, blåmandag og feitetysdag.


Andre stadar i verda er det karnevalstid no, før dei 40 fastedagane tek til.
Men så er det at hovedteksta for gudstenestene i dag, bryt inn med sterke ord og andre tankar.
"Den som elskar livet sitt, misser det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berge det og få evig liv."
Ikkje mykje fest, kos og karneval der, nei.

Eg fekk eit blad frå "Misjon i Øst" i veka som var. Der var mange fortellingar om trussyskjen rundt om i verda som opplever den harde realiteten av desse orda i livet sitt. -Fornekt trua di og du skal sleppe fengsel eller død-. Men dei som er trufaste mot trua på Jesus Kristus, risikerar nettopp å misse livet. Restriksjonar og trakasering på grunn av ei tru som bryt med fleirtalet si tru, er vanleg for svært mange menneske som lever på denne vakre jorda vår, fortel ein artikkel i Vårt Land.
Ei kvinne i aust-Asia sa at det å misse livet, var ein risiko ein tok når ein valde trua på Jesus Kristus.
For meg vert desse Jesus-orda til eit spørsmål: Kor høgt verdset eg trua mi? Så høgt at den er verd å gi livet for, for å berge livet i Jesus?

Det spørsmålet opplever så mange av mine syskjen i Jesus, i mange land, som ein hard realitet. Og det igjen set karikaturbråket i Oslo desse dagane, i ein skarp kontrast mellom den trusfridomen muslimane har her, og den ufridomen som kristne opplever som kvardag i deira heimland.

Fastelavn.
Så gjekk det som det ofte gjer.
Tankane går sine eigne vegar.
Det var ikkje dette eg var tenkt å skrive om i dag.
Det var bollar med krem og karneval med samba i Rio, maskekarneval i Venezia og blotta kvinnebryst under Mardi Gras i New Orleans.
Og om Julie sine bryst.
Karnevalet får vere, men Julie sine bryst får eg leite fram att ein annan gong.

lørdag 13. februar 2010

Er det draumen, kjære?


Minnest du denne, kjære kone?
Flott, ka?
Dette hadde vore noko anna enn Forden å køyre på handletur til Amfi med.

Eg hadde nok kome meg ned i setet bak rattet, seier du, men du er i større tvil om eg hadde kome meg ut av setet igjen?
Eg er redd du har rett der. Det ser faretruande lavt ut. Det er nok som å sitje heilt nede på vegen det der.

Kanskje eg kunne fått sett inn eit katapultsete?
Du ler?
Du ser for deg kallen i den utskytinga?
Med flagrande hender og føter.
Det hadde nok vore litt av eit syn.
Å, du trur eg hadde kome på førstesida i Møre Nytt då?

Nei, så er den ikkje noko for oss to gamle då.
Men lekker er han, denne Lamborginien, om han ikkje er laga for gamalt folk.

Kanskje den kunne vore noko for han Guttorm lensmann?
Øvrigheita bør då køyre standsmessig.
Ein skikkeleg politibil med stil det der.
Du trur ikkje lensmannsbudsjettet dekker eit slikt køyretøy?
Nei, for ein landsens lensmann har nok ikkje noko slikt prioritet hos justisministeren.

Men vi er vel samde om at den er flott?
Er ikkje vi?

fredag 12. februar 2010

Venezia

I går kveld var bibelgruppa vår samla att, og det var fastelavn-søndagen si tekst som var samtaletemaet.
Halve gruppa hadde ein brunare andletsfarge enn oss andre vinterbleike, men så var dei og nett heimkomne frå to vekers opphald, langt syd i sol og varme.
Eg må nok tilstå at nett no kunne eg og tenkt meg å røme sydover frå snø og kulde. Slik Ivar Aasen seier om nordmannen. "Fram på vetteren stundom han tenkte: Gjev eg var i eit varmare land".

Ikkje godt å sei, men kanskje var desse venene årsaka til at eg i dag leitar opp bilete frå ein tur sydover i 2006.
Ein Nytt og Nyttig-tur som mi kjære tok meg med på til Nord-Italia. Og ein av dagane var Venezia målet.

Så får eg drøyme meg bort frå all snøen, og flytte meg i tankane til denne dagen midt i april, når båten stemner inn mot Dogepalasset ved Markusplassen i denne byen i havet.

Inne på Markusplassen ser eg at vi er ikkje åleine her denne dagen. Køen av dei som vil inn i Markuskyrkja er "uendeleg".

Men eg treng ikkje stå i kø for å beundre dei flotte mosaikkane som pryder kyrkja ute.

Vi hadde for lita tid til å stå lenge i kø for å kome inn i kyrkja. Det får vente til neste gong.
Men ein gondoltur "må" vi ha. Og der slepp vi raskt til og får vår tur på kanalane. Seinare får eg dette bilete av ein gondol som sig forbi, under "Sukkenes bro"

Dagen i Venezia har og på programmet ein båttur ut til glasblåsarøya Murano. Og ein demonstrasjon av kor raskt ein øvd glasblåsar formar ein hest i fullt tan. Det tok ikkje mange minutta.

Når ein har nattely på eit lite hotell oppe ved Gardasjøen, tek det tid både å kome til Venezia, og å kome attende til hotellet. Så reisetida kortar opphaldet i denne byen på grensa av å søkke i havet.
Vel attende frå Murano til hovedøya, vert det farvel med byen. Båten fører oss attende til fastlandet, medan byen bak oss teiknar sin profil mot ein sløra himmel.



Vel attende i notida og vinterlandet, er det eit par varmegrader ute og lett regn.

torsdag 11. februar 2010

Ørsta

I denne formiddagsstunda ved PC´en.
Etter nok ein snøfresmorgon.
Med andre ord har det kome og kjem, endå meir av dette kvite som må flyttast.
No når eg ikkje lenger har lungekapasitet til mykje snørydding med spade og snøskuffe, er eg takksam for sonen som investerte i snøfres.
1 meter snø måler eg no. Det er mange år sidan sist vi målte så mykje her hos oss.

Denne formiddagen leitar eg opp eit tre år gamalt bilde av ei snøkledd og solkledd bygd.
Ho er då fager bygda vår ein slik dag, når ein ser henne så där litt från ovan.

onsdag 10. februar 2010

10.02.2007

Eg vakna til ein gråkald dag. Fineværet frå i går var bytt ut med skya himmel og nedbør aust i Kvandalsfjella. Og Yr melder meir snø utover dagen.
Derfor går eg i dag i arkivet.

Til ein solskinsdag tre år attende.
Då var det klår himmel og kaldt.
Fjorden var islagd, og det skjer ikkje kvart år.
Eg gjekk meg derfor ein tur ned i fjøra for å finne nokre motiv å feste til databrikka.

Fjorden ligg gøymd under ei kvit og jamn isflate. skinande i sollyset.

Og i den isdekte fjøra strevar steinane med å bryte gjennom isen.

Medan eg er der kjem ein godsbåt på veg til terminalen på sørsida av fjorden, og bylgjene lagar sprekker i isen.


Og då kjem elvestraumen, som renn utover på mi side av fjorden, til, og byrjar å arbeide med sprekkene. Snart er den glatte, jamne, isflata vorten til små og store flak med drivis, på veg ut fjorden.

tirsdag 9. februar 2010

9.febr.2010 og 2007

Det er nok no. Det greier seg med snø for denne vinteren.
Idag, som søndag, skin sola.
Men i går snøa det. 20 cm våt og tung snø.
Så tre pensjonistar i prat på vegkanten var samde om i alle fall ein ting. Det er nok no. Men det spørst om vi får vårt ynskje oppfyllt?
Eg har mine tvil.
Eit par bilete frå dagen.

Snøbardane og tippane byrjar å verte dryge.

Men fjorden er utan is.

Foto frå 9.2.2007
Då var det og snø (15 cm med snø ved husa) og sol, men fjorden var islagd og det var kaldt (-14,6)
Det hadde vore ei kuldeperiode, men ikkje mange dagane etter kom mildværet.

Men fjorden fekk ikkje fryse heilt til. Godsbåtane som gjekk inn til terminalen på Rystelandet, sørga for å halde ytre del open.

fredag 5. februar 2010

Ski

Det er mildt ute i dag. Nokre få grader på plussida.
Med mykje snø i skog og mark, er det nok rette tida til å nyte naturen med ski på føtene.
Eg sit framfor den varme ovnen. Gjennom ovnsdøra lyser logane frå den brennande veden ut i det morgonskumre stova.

Skal eg leite fram skiene mine og gjer dei reine frå årsgamalt støv, tru?
Eg kjøpte dei då eg vart AFP-ar. Det er 5 vintrar sidan det no.
Dei har ikkje vorte utslitne av meg desse vinterane. Men eg har ofte undra meg på kvifor eg kjøpte dei.
Hadde eg ei tru på at no byrja eit nytt og betre liv?


Det vert sagt at vi norske vert fødd med ski på føtene.
Det gjeld ikkje meg. Det var eldste bror min som fekk den gjevnaden.
Det var han som sto i kjøkenglaset og såg ut på dei andre borna sin snøleik, og kravde med klår røyst:”E vi ha ti!” og som fekk sine ski.
Vi to yngre brørne kravde visst aldri det. Vi treivst betre i ovnsvarmen.
Vi fekk våre ski, vi og, men vart aldri dei store dyrkarane av dette kalde og kvite som høyrer vinteren til.

Om det ikkje er moro med skiturar?
Jau det skal eg ikkje nekte for.
Gjennom åra har eg hatt mine turar både i dalane og opp på toppane, og hatt glede av dei.
Men eg har og kjent dei vonde bakdelane ved skigåinga, gjennom forfrosne og kvite fingrar og tær. Det hadde vore topp dersom eg hadde vottar og sko med innlagd varme. Men det finst visst ikkje.

Skal eg leite fram skiene, tru?
Nei eg trur dei får stå, enno nokre dagar. Så får eg sjå når påskevarmen kjem.
Om han kjem då?

Kva eg skal med ski som eg aldri brukar?
Godt spørsmål.
Er det ikkje det dei brukar svare politikarane, når dei ikkje veit å svare?
Kanskje eg kan nytte dei til ein skigard?
Dersom eg har mange nok par då.
Slik han hadde gjort eigaren av huset vi gjekk forbi, langt sørvest i Frankrike.

tirsdag 2. februar 2010

Kyndelsmess (2)

Det er alt nokre dagar sidan vi fekk 60 cm nysnø, og i dag skein han av til klår blå himmel. Etter værteikna for kyndelsmess skulle dette love bra for tida som kjem. Trur eg?
I dag målte eg 80 cm snø på flat, urørd mark.
Men på flotørane i småbåthamna har snøen byrja å slå kryl på seg.


Eg ikkje har vore ned i fjøra sida det første store snøfallet kom, så i dag gjekk eg spora etter naboen. Han har vore flinkare enn eg, der.
Fjorden er ikkje frosen, enno. Årsaka ligg nok ein del i sjøtemperaturen. +2 grader målte eg rett etter at sola kom over Osefjellet, kl.11.10.


Dei nordvende sidene av Hovdeåsen og Helgehornet er i skuggelandet, men toppen av Helgehornet lyser i sola.


Den eine moloen er så lav at floa har fjerna snøen på deler av den. På høg flo vert der ein liten dam av vatn inne i moloen. Og der speglar det seg ein naustgavl.


Solvarme og nattekulde har laga ei rekke av isjuklar under nausttaket.

Kyndelsmesse

Primstaven fortel at i dag, 2.februar, er det Kyndelsmesse, og dagen sitt merke er ein 7-arma kandelaber.
Mange stadar på Vestlandet og i Nord-Norge vart dagen rekna som den siste juledagen, slik vi kjenner det i verset: Kyndelsmess Knut, jagar jula ut. Kven denne Knut var, er vel ikkje så godt å vite, men truleg er det ei samanblanding med St.Knuts dag, 7.januar som har eit liknande vers med seg. St. Knut var kong Knut den heilage. Danmark sin helgenkonge.

Opphaveleg var kyndelsmess ein kyrkjeleg festdag, men Struensee fjerna den frå kyrkjekalendaren i 1770.
Men i Danmark er den no på veg inn att, fortel Kirkelig Dagblad i går.

"Kirkerummet vil være oplyst af flere hundrede levende lys, når Dråby kirke ved Ebeltoft, tirsdag aften, den 2. februar, indbyder til kyndelmisse-gudstjeneste. Det sker i flere og flere kirker i disse år."


Kva er bakteppet for Kyndelsmesse?
Kyndel(norrønt: kyndill) tyder «vokslys» og kjem frå det latinske ordet candela, som vi også kjenner att i kandelaber.

Kyndelsmess var ein lysfest. I katolsk tid var det vanleg at under festen vart alle liturgiske lys som skulle brukast i kyrja det komande året, velsigna. Desse velsigna lysa fann og vegen inn i heimane.

I dei katolske kyrkjene vert Kyndelsmesse feira til minne om at Jesus vart boren fram i tempelet, 40 dagar etter at han vart fødd slik Moselova kravde. Då tok Maria og Josef han med til tempelet, og der var det (ifylgje Lukas 2,22-40) to personar til den dagen, Simeon og gamle Anna.
Simeon tek barnet i hendene og seier mellom anna: "...for augo mine har sett di frelse... eit lys til openberring for heidningane".


Festen vart først feira som eit minne om dette møtet i tempelet. Pilegrimen Egeria skriv at den vart feira i Jerusalem alt omkring 386 med ein lysprosesjon mellom gravkyrkja og oppstodebasilikaen. 200 år seinare var den komen til Kostatinopel og Roma.
I det 10.århundre gjekk den over til å verte ein fest for Maria si reinsing etter fødselen. (Luk 2, 22). Men det 2.Vatikankonsil flytta igjen fokuset attende til at Jesus vart boren fram for Herren i tempelet.

Kanskje er det tid for å fylgje kyrkja i Danmark si fornya interesse for Kyndelsmess, og ha ei lysmesse på kvelden, 2.februar. Ei lysmesse for Han som er verda sitt lys.