torsdag 26. januar 2012

Tidlege snøklokker.

26.januar.
Skal tru om det er nokon her som har teke feil av årstida?
Dei er helst ute i tidlegaste laget desse snøklokkene. Det er lite truleg at vinteren er over, sjølv om ein skulle tru det. For i dag er det sju grader pluss ute, og den vesle snøen som var, renn vekk.

tirsdag 24. januar 2012

Bygda under nordlys

Sidan mine vindauge vender mot sør, var nordlyset, for meg, å sjå bak huset. Eg var ut nokre gonger utover kvelden, men då var det lite å sjå. Etter det bileta på nettet fortel, var det eit flott skodespel å vere tilskodar til. For dei som fekk oppleve det. Noko denne karen altså gjekk glipp av. Eg tek likevel med eit vakkert bilete som eg kom over på fjesboka.
Av heimbygda, under nordlyset sine grøne flammeband.

mandag 23. januar 2012

Ikkje nordlys men..


I natt flamma nordlyset seg over bygda. Dette er ikkje akkurat nordlys, men eg tykkjer det er vakre former og fargar likevel.

søndag 22. januar 2012

Endeleg snø

Det er laurdag og pappa er fri. Og ute er det endeleg kome snø.
Og då må storebror Isak ut, og pappa vert med.


Pappa rullar store snøballar. Isak prøver kreftene han og, men vert for veik, endå. Men berre vent.
Pappa legg snøball til snøball, og så står snøhesten der. Og ein stolt og glad liten ryttar rid avgarde.


Men veslebror Aron ville ikkje ut i den kalde snøen. Han ville heller sitje ved kjøkenglaset og sjå på.

lørdag 21. januar 2012

Det finst stunder


Der finst tankar som bøner er.
Der finst stunder
- kva enn kroppen gjer-
då sjela bøyer sine kner.

Victor Hugo


fredag 20. januar 2012

Vinter


To tredjedeler av året sin første månad er unnagjort. Etter kalendaren skulle vi hatt full vinter no, men så langt har det vore lite av den. Vårleg har det heller vore. Mildt og lite snø. Nok til at snøfresen har vore starta tre gonger, men på lite snø.  Blå himmel har vi sett lite av. Men idag lyser sola inn vindauga, og ute lyser nysnøen som kom i natt, rein og kvit. Om det så er berre nokre få centimeter av den.

Men om vi berre så vidt har kome igang med året 2012, så er planlegginga av året sine utflukter alt komen langt.
Både når det gjeld dei siste mila av vandringa til Santiago de Compostela, til hausten. Og eit par turer sydover i nær framtid. Begge turane til stadar mi kjære og eg ikkje har vore før. Vi både gleder oss og er spente på korleis det vert.
Om ei veke  går turen til Gran Canaria. Vonleg til sol og varme.
Og her heime lovar værmeldarane kaldt og fint vintervær, siste veka før vi dreg. Det tek eg med takk imot.

tirsdag 17. januar 2012

Fager er bygda


For første gong skal verdas beste stad å bu i kårast, fortel www.nrk.no  under eit bilete av mi heimbygd. Det var ikkje småtteri. Verdas beste. Ved å lese etterfylgjande tekst ser eg at det berre er heimlandet sin beste stad som skal kårast, men det kan verte vanskeleg nok det.
Eg er er sjølvsagd heilt samd i at bygda på biletet er best, men eg har ein liten mistanke om at det er mange som er usamde med meg der.
Og sjølvsagt hevar det seg lokale røyster som fortel at det ikkje er Ørsta som er hovedmotivet på biletet, men Ivar Aasen si "gamlegrend", Hovdebygda.
Så det kan verte litt ei oppgåve å kåre, om ikkje verdas beste, så i alle fall Norges beste stad å bu.

"Fager er bygda, aldri såg eg den fagrare", sa Gunnar frå Lidarende då han var på veg for å røme bort frå den. Så snudde han hesten og reid attende. Fortel Njåls saga. 
Og han er ikkje åleine om å skildre heimstaden i vakre ord og fargar. Uendeleg er rekkja av tekster til heimbygda sin pris. Men der blandar seg og tonar av malurt inn i koret. Ikkje alle ser med  berre glede attende på barndomens grøne dal. Nokre forlet den for aldri å vende attende. Dei fann at andre stadar og kan vere gode å bu i.
Gunnar vende om og reid heimatt. Det vart hans bane. Uvenene kom over heimgarden hans og brende han og folket hans inne.

Det skal verte spanande å sjå kva stad som vert kåra til Norges beste stad å bu i. Om eg vil ta del i røystinga? Nei, eg trur ikkje det.
Men fager tykkjer eg mi heimbygd er, og ein god stad å bu.

mandag 16. januar 2012

Rundt forbi


"Rundt forbi" sa han. "Det vil verte noko regn rundt forbi."
Eg stussa. Kva var det han sa, og kva tydde det?
Er det eit nyord som eg må lære meg tydinga av?
Området "rundt forbi" er ukjent for meg, så kvar var det at noko regn ville falle?

Eller er ordet i slekt med dette seks år gamle biletet?
Ved første augekast skulle ein tru eg hadde vore ute med fargekorrigering, raudt som det er. Men parabolskjermen sin kvite farge syner at lyset denne nyårsmorgonen verkeleg var så skarlagsraudt.
Då eg, langt attende i tida, byrja å leike med fargefilm, måtte eg og lære meg litt om noko som heiter Kelvin-grader.  Dei vert mellom anna brukt til å måle temperaturen på lyset. Dagslyset er på mellom 5-6000 Kelvingrader, medan morgon og kveldslyset, når sola står lavt ned mot horisonten, er omlag på 3000 Kelvingrader, og då er lyset gulaktig. Og sjølv om våre auge foretek fargekorreksjon på lyset, så viser fargeforskjela seg når vi brukar fotoapperatet. Slik vi ser det på bilete av vakre solopp- eller solnedgongar.
Men dette biletet er ikkje gult eller guloransje som morgonlyset sine Kelvingrader skulle tilsei, men er farga av eit skarlagsraudt  lys.
Var det eit "rundt forbi" lys denne formiddagen, tru?

torsdag 12. januar 2012

For dei som har langt å gå

Eg kom over desse strofene på verdsveven.
Dei var skrivne på engelsk. Kjem her, fritt omsett til norsk av meg.
Når eg las dei, kunne eg kjenne dragninga til igjen å ha "vegen" under føtene. Og at orda sa noko om det eg kjenner på etter "vegen", det udefinerbare som eg har så vondt for å setje ord på ved å vere ein "pilegrim".
Men kanskje hadde den som forma orda, andre og vidare perspektiv av "pilegrimen" i tankane då dei vart skrivne?







Om du kunne sjå
heile vandringa
ville du aldri
byrje å gå;
ville du aldri
våge det første steget
som driv deg
frå stadar
du kjenner
til stadar
ukjende for deg.
Kall det
ei av vegen
sine velsigningar,
at du berre får
sjå den stykkevis
etter som den
opnar seg,
etter som den
vert din,

steg for steg,
eit om gongen

Der er ingenting
anna enn
å gå.
Halde fram å gå,
opne for lovnadane
som pilgrimen får gripe:
vere trufast
mot  det neste steget;
lite på det som
er meir enn kartet
akte på vegmerka,
intuisjonen og draumen;
fylgje stjerna
som berre du
kan sjå,
med opne auge
for alt det vakre
som stien  byd;
det som trenger seg på
bortanfor alt som uroar
bortanfor all utmatting
bortanfor alt som
freistar å føre deg  
bort frå vegen.
Der er lovnader
som berre du
får kjenne;
løynde lovnader
for den vegen som er berre din
og den nye
du måtte finne
når vegen
endrar seg
ved det
du ikkje kunne
ha sett på førehand.
Hald den, bryt den,
skap den igjen:
Kvar lovnad har
del i stien;
ved kvart val skaper
du vegen
som fører deg
til staden
der du tilslutt
kan knele ned
og gi di gåve
den største-
gåva som berre du
kan gi-
før du vender om                                
og går heim
ein annan veg.


onsdag 11. januar 2012

Regndråpar


Eg var på veg ut for å hente avisa på morgonen i dag.. Ute var det framleis halvmørkt, og i løpet av natta hadde marka fått eit slør av kvitt på seg.
Ein skarp lysblink lyser bryt brått opp. Eg rakk å tenkje; er det nokon som blitsar, så kom braket av tora som slo over hovudet mitt. Så var ho der nedbøra, ikkje regn eller snø, men store hagl slo ned rundt meg. 

Det var i mai. Vi var komne til Sahagun på vår vandring mot vest. Det hadde vore ein heit dag å vandre i, og det var godt å kome fram til hospitset, som var av dei betre etter vegen. Nytt som det var. Og verten var stolt av det, og ville gjerne høyre rosande ord frå oss. 
Medan vi var ute og såg oss om i byen, byrja det og drage seg til med mørke skyer. Vi skjøna at det kanskje var best å kome seg innandørs.
Så sat vi i gode stolar innanfor store vindauge og såg uværet kome  frå vest og fare fram med lyn og toreskrall over Sahagun, for så å drage vidare mot aust.
Då det byrja det å lysne over åsane i vest, var sola i ferd med å gå ned for den dagen.
Eg leita fram kameraet for å feste solroden til databrikka. Men kameraet lurte meg, for det fokuserte ikkje på åsane i vest, men på det som var mykje nærare. Regndråpane på vindauget.
Eg kan ikkje sei eg er alt for glad i nedbør, korkje regn, hagl eller snø. Det har vel samanhang med at vi har rikeleg av det her innanfor Stadt, men eg skal ikkje nekte for at dei kan vere vakre. Regndråpane.

mandag 9. januar 2012

God morgon

Eg skreiv for nokre dagar sidan at det eine året er ikkje det andre likt.
Det gjeld dagane i like stor grad.
I går kveld når mi kjære og eg vandre heim etter snølagde vegar, og med minus 4 grader i lufta, dukka fullmånen fram bak fjella i nordaust.
Det var ein vinterkveld av dei fagraste.
Men det var i går.
I dag vakna vi til regn, 4 grader pluss i lufta, og dei snølagde vegane var forvandla til is.
Akk nei. Den eine dagen er ikkje den andre lik.
Biletet viser bygda i fullmåneskin, sett frå Melshornet i går kveld.
Eg var der ikkje, men fotografen K.A.Årset var der.
Sjølv har eg saksa det frå www.smp.no

fredag 6. januar 2012

Tretten dag jul

Jul no igjen?
Etter den gamle kalendaren er det idag jula vart feira, slik dei enno gjer det i dei ortodokse kyrkjene. Hjå oss er det trettandag jul. Dagen då dei vise menn kom og hylla barnet, og gav det rike gåver.

I julesongane syng vi om tre kongar, og om oksar og esel som var tilstades i stallen. Men det står ikkje noko om kongar, oksar og esel i Matteus og Lukas sine evangelium. Dei som fortel om julehendinga.
Kvar har vi det ifrå?
I middelalderen var det eit populært skrift som idag er kalla Pseudo-Matteus. Der står det litt annleis enn slik vi finn det i Matteus evangeliet.
Og her finn vi dyra omtala.
"På den tredje dagen etter fødselen gjekk Maria ut av grotta og inn i ein stall. Der la ho barnet i ei krybbe, og oksar og esel hylla det. Då vart det fullenda som Jesaia skriv: "Oksen kjenner sin eigar, og eselet sin herres krybbe. " Då dyra, oksen og eselet, fekk han imellom seg, hylla dei han. Slik vart det fullført det som profeten Abakuk seier: " Mellom to dyr er du tilstades." I stallen var Josef saman med Maria i tre dagar."
Midtdelen av eit alterskap frå Covarrubias, Spania
Så var det trettande dag jul og pseudo-Matteus si fortelling om vismennene:
"Då det andre året var over, kom det nokre magi (stjernetydarar i Mesopotamia og Persia) frå aust til Jerusalem. Dei spurde jødane der; Kvar er kongen som har vorte fødd hjå dykk? Vi såg stjerna hans i aust, og er komne for å hylla han.
Ordet om dei nådde og kong Herodes, og skremd kalla han til seg dei skriftlærde, farisearane og lærarane i folket, og spurde dei kva profetane hadde sagt om kvar Messias skulle fødast. Dei svara: I Betlehem i Juda. For det står skrive: Og du Betlehem i Judaland, er ikkje den minste av hovdingane i Juda, for frå deg skal han kome som skal føre mitt folk Israel.
Då kong Herodes høyrde det, kalla han magiane til seg og spurde dei nøye ut når dei hadde sett stjerna. Så sende han dei til Betlehem og sa: Gå og leit opp barnet, og når de har funne det, kom så attende til meg og fortel kvar det er, så eg og kan reise dit og hylle det.
Då magiane var på veg mot Betlehem, såg dei stjerna igjen, og den gjekk føre dei til dei kom dit barnet var. Då magiane såg stjerna vart dei storleg glade. og dei gjekk inn i huset, såg barnet Jesus sitje på mora sitt fang. Dei opna veskene sine og gav store gåver til Maria og Josef. Og til barnet gav kvar av dei eit stykke gull. Og sameleis gav ein gull, ein annan røykjelse og ein tredje myrra.
Men då dei skulle vende attende til kong Herodes, vart dei, medan dei sov, varsla av ein engel om å ta ein annan veg attende til sitt land."

Litt annleis enn fortellinga hjå evangelisten Matteus.
Omsettinga frå engelsk er mi.


mandag 2. januar 2012

Bikkjekaldt i fjor, i år...


På denne datoen i fjor var det slik. Fullmånelys kveld. Snø. Og bikkjekaldt.
Då feira mi kjære og eg nyåret i Sogn. I Kaupanger.
Kvelden før hadde eg vore på Sogn folkemuseum for å prøve å få til nokre bilete av dei gamle tuna i lyset frå fullmånen, og med marka dekt av glitrande snø.
Med stivfrosne fingrar og tær måtte eg, før eg var heilt nøgd, søkje inn at i ovnvarmen. Ute var det då nærpå 20 kuldegrader.
Men denne kvelden, for eit år sidan, lokka fullmånen meg ut i kulden endå ein gong.
Denne gongen var det den gamle stavkyrkja som drog meg ut.

Slik var det i fjor. Snøen kom alt i november og vart liggande til våren løyste han av. Og vinteren var så kald at eg ymta frampå om at den varsla klimaendringa var avlyst.
Men det var i fjor.
I år har vi nesten ikkje hatt snø på marka, og knapt nok nokre få kuldegrader.
I dag har gradstokken vist pluss 7,5 på det meste.
I tillegg fekk vi oppleve at juleorkanen for over oss juledagsnatt.

Så på desse to jule og nyårshelgane har vi fått oppleve at det eine året er ikkje det andre likt.

søndag 1. januar 2012

01.01.2012

Så gjekk året 2011 ut, og 2012 inn,  med blinkande lysglimt og sterke smell frå hundrevis av raketter mot nattehimmelen her i fjordbygda.
Eg ynskjer alle som ser innom bloggen eit godt nytt år.