fredag 29. mai 2009

Shavout

Jødane sitt Shavout startar i dag , og vår pinsehelg startar komande søndag. Opphavleg var dei samanfallande, men eit kyrkjekonsil i år 325 flytta påskedag frå sin opphavelege dato til første søndag etter første fullmåne etter vårjamndøger, og då flytta pinsa med.
Shavout er hebraisk, og tyder veker.
Eigentlig er det ei kortform av Ḥag ha-Shavuot som tyder vekefesten., og har sin bakgrunn i at frå påskedag skal det teljast 49 dagar + 1 dag fram til neste fest, pinsa. Med andre ord; 7 veker +. Vi har gitt festen namnet pinse, som kjem frå gresk "pentecost" som tyder 50.

Det er jula som etterkvart har erobra førsteplassen av dei kristne høgtidene, når det gjeld almenn feiring. Vår største høgtid, påska, må finne seg i å kjempe mot suget etter påskefri, hyttetur, vårsol og ski. Den tredje høgtida er pinsa, Heilaganden sin fest. Festen for kyrkja sin fødsel. Til minne om at dei truande fekk Den Heilage Ande, slik Jesus hadde lova. Den festen vert ofte berre ein parantes for mange. Men alle tre festane handlar om det same. Sentrum i dei er ein Gud som bryr seg. Ein Gud som tok bustad i mellom oss.

Der var mykje i Shavout-feiringa som fekk si oppfylling i den første pinsa.
Opphavleg var det ein grødefest for å markere at vårhaustinga, både bygghausten og kveitehausten, var fullførd. Ved tempelet vart det då bore fram to brød av kveitemjøl for å svingast for Gud. Til forskjel frå det eine byggbrødet ved påskefesten, som var eit usyra brød, så var desse to brøda av kveite, baka med bruk av surdeig. Surdeigen var eit teikn på det ureine, synda. At brøda var baka ved bruk av surdeig, fortel at det reine som Gud skapte, hadde vorte smitta av det ureine, synda. Det er dette Paulus tenkjer på når han skriv om at vi er smitta med synda sin surdeig. Men Paulus brukar og eit bilete om dei to som har vorte eit, jøden og heidningen. Skiljet mellom dei er borte, dei har vorte eit i Jesus Kristus (Ef 2,14-15).

Etter at tempelet i Jerusalem vart reve ned av romarane, flytta jødane tyngdepunktet for feiringa frå grødefesten til å feire at dei fekk lova- Thora -på Sinaifjellet. Det markerte og at dei vart eit folk, utvalde av Gud. For den kristne kyrkja er pinsa ei markering at då Den Heilage Ande kom over dei truande i Jerusalem, då skapte Gud seg eit nytt folk, av både jøde- og heiningeætt.

Eit anna hebraisk namn på festen er Yom ha-Bikkurim. ”Den første frukta sin fest.” Det fekk si oppfylling i Jerusalem den første pinsedagen då 3000 vart døypte og lagt til kyrkjelyden. Den første frukta vart hausta inn.

Den jødiske påskefesten har og ein festdag for den første frukta, som på Jesus si tid markerte starten på bygghausten. Påska held så fram med ”Det usyrde brøds fest” resten av påskeveka. Det som er verdt å merke seg er at den dagen då det usyra brødet, det reine brødet, vart svinga for Gud og ofra på alteret, då stod Jesus opp av grava.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar