mandag 31. mars 2014

Graver

Sidan eg er eks-kyrkjeverje veit eg litt om kva som rører seg mellom folk når det er tale om kyrkjegardar og graver. Det har ført til at under vandringane i Frankrike og Spania, og under turar rundt om i fedrelandet, så har augo mine søkt til korleis dei ter seg med gravstadane i dei ulike områda. Men om gravene i andre land enn heimlandet, i utskjånad har skilt seg sterkt ut frå det eg var van med i mitt yrkesliv, så var det ingen ting å sei på stellet av dei. Unntak har eg sjølvsagt og sett.
No skal eg ikkje uttale meg om sed og skikk i Marokko, til det har eg sett for lite av det. Men dei få gravstadane eg såg medan bussen køyrde forbi dei små brunraude landsbyane, må nok kome inn under unntaka. Eg er redd for at om dei kyrkjegardane eg hadde ansvaret for, hadde sett ut som dei, då hadde eg nok  fått kraftig kritikk, både offentleg og direkte refs. Men folk sine kjensler overfor graver er ikkje det same i alle land, så ein skal vere varsam med å døme.
Men ein skilde seg sterkt ut i høve til dei andre eg såg. Det, i tillegg til at det er ei av Marrakech sine største attraksjonar.
I tillegg så er det ein gravstad som var gløymd i mange hundre år. Frå 1672 til 1917, endå den ligg rett innanfor murane til medinaen.

Og då må eg endå ein gong attende i soga til det omtala året 1672. Då samle eit nytt, hardt og arabisk dynasti makta i landet, og den nye sultanen reiv alle bygningar som representerte det gamle saadi-dynastiet. Men innafor murane til Marrakech-medinaen låg gravene til saadi-familien sine herskarar, i det hundreåret dei sat ved makta. Og desse bygningane øydelegg den nye sultanen ikkje, men murar dei inne, og stenger dei ute frå omverda. Over hundre graver, av dei 66 frå saadi-familien, vert gøymde og gløymde heilt fram til 1917.
I 1917 var det franskmennene som var herrar i Marrakech, og dei ville ha bilete av byen sin medina frå lufta, og då vart det oppdaga eit ukjent område bak høge murar. Det var saadi-gravene.

Bussen stansar utanfor ein av desse vakre portane i bymuren. Ja, dei er vakre og ulike dei mange portane i den gamle byen. Eg kunne stå lange stunder å nyte synet av korleis dei er forma og smykka. Vel inne bak muren går vi eit lite stykke før der er ein ny port, og bak den trange gater og smug, og så er vi inne i ein liten hage bak høge murar. På det grøne graset ligg det flate, flisdekte heller. Det er gravene til tenarane og soldatane.
I eit hjørne ligg eit raudt hus med opne portar inn i huset.

Inne i denne bygninga ligg gravene frå saadi-familien. Utanfor i hagen er dei andre gravene. Nokre med flat topp, andre med ein slags kjøl, og alle dekorete med fajansefliser.
Dei flate er kvinnegraver, medan dei med kjøl er mannsgraver.

Saadi var ein stor persisk tenkar og poet, ein sufi. og truleg var dette dynastiet sterkt påvirka av Saadi sine tankar, og gjorde at sufismen kom inn i Marokko. Den største av saadidynastiet var Ahmad al-Mansour (1578-1603)



Innvendig er bygningen pryda med søyler, vakker fajansemosaikk, stukkatur og sedertre.

Eg kan ikkje kalle det anna enn fagert dekorasjonsarbeid.

lørdag 29. mars 2014

Koutoubia-moskeen



Det var ikkje vanskeleg å sjå at vi var i eit muslimsk land. I alle landsbyar av små jordbrune hus, raga minareten opp over dei andre bygningane. Og i byane såg vi dei firkanta tårna reise seg  mot himmelen. Sidan vi ikkje var truande muslimar, var det ikkje tilgjenge for oss inn i moskeane. Berre to moskear i heile landet er opne for ikkje muslimar. Den eine ligg oppe i Atlasfjella. Den andre ligg i hovedstaden, og den fekk vi høve til å vitje. Men elles måtte vi vere nøgde med å sjå dei utanfrå.
Koutoubia- moskeen i Marrakech er eit landemerke inne i medinaen. Sjølve moskebygningen er ikkje så høg, og synest mest ikkje då den er omgitt av eit stort parkområde, men minareten synest desto meir, der den ragar 77 meter høg. I tillegg kjem spiret på 8 meter.
Moskeen vart reist i åra 1184-1199 av almuhadkalifen Yacoub El-Mansour. Som biletet syner er der restar av ei tidlegare bygning ved sida av moskeen. Det er frå ei bygning som almoravidleiaren Ali Ibn Yusuf hadde reist, men almohadane ville ikkje ha noko bygning frå dei, så den vart teken ned, og deira almohadmoske vart påbyrja.
Denne minareten er modell for den som står ved sida av katedralen i Sevilla, og som no fungerar som kyrkjetårn, og ein halvferdig som står i hovedstaden Rabat. Og for svært mange andre mindre minaretar som vi såg rundt om i byane.
For at muezzinen (bøneutroparen) skulle sleppe å gå alle 70 meterane opp, har minareten,- som i Sevilla - ein rampe innvendig som gjer at muezzinen kunne ri opp til utropsplassen.

På toppen av Koutioubia-minareten er der eit spir med fire koparkuler. Opphaveleg - seiest det - var kulene av reint gull - og berre tre. Den fjerde - og øverste - har ei eiga soge. Den vart gitt ei av konene til kalif Yacoub El-Mansour. Ho kom eingong under ramadan i skade for å ete under fastetida. Og for å bøte på det tok ho alle sine smykke  av gull, og fekk dei omsmelta til ei kule, den fjerde på moskespiret. Der er sjølvsagt andre versjonar av legendene om desse kulene.

Galgen vi ser ved sida av spiret er ikkje til å henge folk i, men nokre tider i året, vert der hengt opp eit grønt bøneflagg der. Og vart det sagt, den skal og vise bøneretninga til Mekka for dei som ber utanfor moskeen.

torsdag 27. mars 2014

Litt soge

Marrakech har "to" bydelar. Den nye og moderne "ville nouvelle" som franskmennene byrja på i si tid som herrar i Marokko, med breie gater og store, opne, plassar. Og det gamle Marrakech innanfor bymuren, medinaen,, med sine tronge gater og basarar. Begge bydelane er prega av dei raude husa. Innanfor i eit hjørne av medinaen er der og ein annan mur som omkransar det jødiske kvarteret, mellah.
Men før eg går inn bak bymuren, la meg ta ein rask gjennomgang av marokkansk soge.

Det er berberane som lever i det nord og vestlege Afrika når vår soge byrjar. Interessant er det at dei har ein del felles DNA-trekk med dei samiske folka. Men her kjem andre og. Fønikiarane byggjer tidleg handelsstasjonar lang nord og vestkysten. Så dukkar Kartago opp på arenaen, og når dei vert knuste er det romarane som overtek. I folkevandringstida dukkar eit germansk folk opp. Det er vandalane som i 429 kryssar Gibraltarssundet og skaper eit rike i nord-Afrika og på Middelhavsøyane. Namnet Andalusia i Spania er eit minne om dei.Men ei ny germansk folkestamme dukkar opp i Spania, og set og over stredet til Afrika, det er vest-goterane..  Vandalane og vestgoterane var ariske kristne, samstundes som den romersk-katolske kyrkja hadde vore der frå tidlegare. Men berberane hadde og kome i kontakt med islam etter at araberane kom i 714, og mange hadde gått over til islams tru. Berberane og araberane siglar så over stredet til det vestgotiske Spania, og erobrar halvøya, og ei tid langt opp i Frankrike.

I dei neste par hundreåra er Fes hovedstad i riket, men i 1062 kjem ei berberstamme frå ørkenen i sør og overtek landet, det er almoravidane. Og vest for Atlasfjella ligg der ei oase, og som ørkenfolk etablerar dei seg i denne oasen, og det er her Marrakech si soge byrjar. Almoravidane praktiserar ei tolerant form for islam. Det er under dei at Granada i Andalusia veks fram som det store kultursenteret. Men i fjella i nord-Afrika dukkar ei ny stamme opp, ei meir rettruande stamme, ei talibanliknande stamme, og dei knuser almoravidane og overtek makta i 1242, og gullalderen i Granada er over. Det er almohadane. Så skifter ulike berberdynasti om makta fram til det noverande dynastiet kjem til makta i 1554. Utover 1300-talet byrjar Spania og Portugal å etablere utpostar på kysten, men vert etter kvart fordrevne frå Marokko, og så i 1912 vert landet eit fransk protektorat, til det i 1956 vert sjølvstendig att. Marokko har i dag flest av arabisk avstemming, litt mindre er den berbiske delen av folket.
I Marokko var det gjennom mange hundre år ei høvevis stor jødisk folkegruppe, men i dag er der under 4000 att, medan det i 1948 var 265.000. Det er likevel det islamske landet som har flest jødar. Også dei franske er på det meste borte, men offisielle språk er arabisk, berbisk og fransk.
På vår rundtur i Marokko var det ofte stadar og soger frå almovidar og almohadar og fram til vår tid vi fekk møte, med innslag av det jødiske og portugiske nærveret.


onsdag 26. mars 2014

Krimsjuk

Vi kom heim frå sol og varme i Marokko til snø og kulde. Men så snudde det til eit nydeleg vårvær. Med sol og høg, blå himmel. Og knapt nok ei vindgræle på fjorden. Og så vert ein råka av krimsjuka. Fineværet har eg for det meste fått nyte innanfrå gjennom glas. Istaden har det gått på ymse slag pillarar, hostesaft og "fiskerens venn". Akk ja, det kan synast noko urettferdig, men det er vel helst sjølvforskyldt. Eg skrytte så svært til mi kjære for noko sidan om at no var det lenge sidan eg hadde vore småsjuk, eg som før var det jamt. Så då er det vel ikkje anna å vente enn at eg måtte få eit kvart lite. Men som Bjørnson sa: Løft ditt hodet du raske gutt. Om et håp eller to blir brutt, blinker et nytt i ditt øye , straks det får glans av dert høye.
Fineværet skal vare nokre dagar, seier YR, Så kanskje når eg att i noko av det. Berre eg vert ferdig med denne krimsjuka.

mandag 24. mars 2014

Marrakech

Bussen rulla over fjellet gjennom natta. Svevn brukar det å verte lite av for meg på slike bussturar, men når det lysna av dag var mi kjære og eg framme ved flyplassen, og vi kunne sjekke inn for flyturen mot Afrika. Det gjekk raskt og greit, utamom at eg hadde gløymt at mi kjære hadde eit beger yougurt i handbagasjen min, så då måtte ho ta seg ein ut om  sikkerheitssjekken att for å ete den, og så ta sjekken på nytt. . Etter fem timar i lufta sette flyet hjula på bakken i Marokko. I Marrakech. Eit namn som for meg alltid har hatt noko særleg ved seg. Eg kan ikkje heilt forklare kva det er, men det er noko med ørken, med ei "tusen og ei natt" steming. Og no var vi her.
Men å kome ut av flyplassen det tok si tid. Køen framfor passkontrollen var lang, og mennene bak skranken hadde ingen hast. Men tilslutt var det vår tur og vi kom oss igjennom og kunne møte dei andre i gruppa rundt vår guide med sitt norske flagg.


Men om det tok tid å kome gjennom passkontrollen, så tok det ikkje lange stunda, (10 min)  før bussen vår var framme ved hotellet der vi skulle bu under opphaldet. Rett overfor jarnvegstasjonen i Marrakech. Men langt nok til at vi kunne sjå byen sin farge, Den var raud, Alle hus var raude som jorda i området. Og utanfor romet vårt rann trafikken jamt, bussar, privatbilar, jordfarga drosjar og mopedar i mengder.

Marrakech byvåpen

Etter ei roleg stund på romet der eg prøvde å ta att litt av den tapte sømnen frå sist natt, var det ut for å møte litt av mine draumar om det framandarta Marrakech. Ut til middag på ein fin restaurant med ei utsmykking av tak og vegger som eg kjende att frå det mauriske Andalusia, i Granada og Cordoba. Og til maten fekk vi underhaldning i form av musikk og magedans. Underleg å sjå kontrasten frå dei tildekte kvinnene på gata utanfor, og til den nesten nakne kvinna som erotisk svinga seg i dansen framfor nyfikne middagsgjestar. Er det menns erotiske drifter kvinnene utanfor må skjerme seg for?
På TV-en på romet stod det ofte på ein kanal med musikkvideoar. Det var vel ho som rydda som likte den kanalen. Eg er ingen flittig brukar av den slags kanalar, men det slo meg at den musikken og bileta som rulla på skjermen på hotellet, hadde ein sterk undertone av nettopp erotikk. Ikkje akkurat det eg hadde venta i eit muslimsk land, om det ikkje det strengaste landet.




lørdag 22. mars 2014

Og så - dessert

Det var vanlegare i tidlegare år. Ikkje så vanleg no lenger.
Det er den tredje retten i eit måltid eg tenkjer på. Desserten.
Når eg har vore ute på tur, enten i ei gruppereise som no, eller under vandringane våre, så har det alltid vore tre rettar ved middagsbordet. Stundom har dei første vore så mektige at eg har hatt vanskar med å makte den siste. Min mage har vorte i minste laget for mektige måltid med åra.
Dessertane eg fekk i Marokka var for det meste kjende, men to skilde seg ut.
Den eine møtte eg både ved frukost og lunsj, og den var noko så enkelt som appelsinskiver. Ikkje som appelsinbåtar men som skrella appelsin, kutta på tvers i skiver. Og så det nye for meg. Skivene hadde fått litt kanel oppå seg. Kan dette smake godt, undra eg meg, men det gjorde det.

 Den andre fekk vi servert som tredje rett ved eit par middagar. Ei kake som vart kalla bryllupskake, og som skulle vere svært populær i landet.

Då ho kom på bordet tenkte eg; Eit vanleg sukkerbrød med melisglasur. Dette har eg  då smakt før. Men så kom overraskinga. Kelnaren kom med kniv og gaffel og ville dele opp kaka for oss ved bordet. Og då han sette kniven midt i kaka, fall den høge kaka saman som eit korthus. Så skar han ho opp og fordelte den på oss. Damene først, vi mennene måtte vente til dei hadde fått.


Og då synte det seg at dette var ikkje noko vanleg norsk kake med melisglasur. Kaka var laga av nokre tynne plater med ein konsistens som tjukt potetgull, men utan den smaken. Og for å få desse skivene i seg måtte ein bryte dei opp med skei eller gaffel i mindre stykke. Og den kvite "melisen" var heller ikkje det eg trudde.  Den hadde ein smak som tjukt, søtt, vatn.                                                              Første gongen vi fekk den var ikkje mine smaksløkar heilt med på notane. Eg ytra noko om at hadde mi kjære servert denne i eit lag heime, så ville den nok ikkje vekt stormande applaus. Andre gongen smakte den vesentleg betre. Så kanskje, om eg hadde fått den endå ein gong. så hadde eg sagt noko om den var verkeleg god. Men det får eg nok aldri vite.


fredag 21. mars 2014

Mat skal ein ha






Å kome til eit anna land, ein annan matkultur kan vere spanande - av og til vel spanande for ein som i barne og ungdomsåra var noko kresen på kva som fekk kome innanfor tennene. Men  trass i eit lite handicap i matvegen har det gått merkeleg bra. Men det har eg oppdaga, eg er ikkje åleine om det handicapet. I dag seier eg til meg sjølv; Lat ikkje synet døme om det er godt, smak og et før du feller domen.

 Og så til Marokko. Ein kan ikkje alt om maten i dette landet etter berre ei veke, men etter desse få dagane der eg fekk smake på litt av kvart, er erfaringa mi at alt var velsmakande, om ikkje alt høyrde til mellom det mine smaksløkar var van
med. Men sidan lunsj og middagar var tinga på stadar som ikkje var tinga av meg, så hadde eg heller ikkje valet av kva rettar eg fekk sett framfor meg. Og då var og matvalet borte. Ein fekk ta imot det ein fekk. Og takk for den utfordringa og spaninga.
Og mi erfaring etter desse dagane er at dei i Marokko brukar mykje grønsaker - og lite kjøt, i høve til det eg er van med. Og at krydderet dei brukar er litt meir variert enn våre to sortar; salt og peppar.
Ein middag innheldt, som i andre land, tre rettar der forretten enten var salat eller suppe. Så kom hovedretten, og den var litt meir uvanleg. Då kom det på bordet ei stor og varm keramikksak. Ei fat med høge sider, og med ein kjegleforma topp. Vi ser fleire av denne typa på biletet over. Så vart loket teke av, og under låg retten, rykande varm, og med nok mat til alle ved bordet. I våre tilfelle ofte 8 personar. Så kom der to sett med skeier og gaflar på fatet, og så var det berre å byrje å forsyne seg etter trong.
Dette fatet er kalla "tagine" (uttale: tadjin )
                                                                            På biletet her er der mykje, og mange sortar grønsaker, på toppen, og under var der eit stykke lammekjøt til kvar ved bordet. Kjøtet var mørt og godt, så truleg hadde det fått ei koketid først, før grønsakene vart lagt opp på toppen. At det fall i smak kunne spørsmåla etter oppskrifta frå kvinnene tyde på. Ein annan gong var kjøtstykka storfekjøt, men det hadde fått litt for lite koketid, desverre. Elles fekk vi andre stader servert steikt fisk, og steikt egg med små kjøtbollar under, på tagine. Det tyder nok på at tagine-rettar er mykje brukt i landet. 
 

onsdag 19. mars 2014

Heime att.

Så er vi heime att, mi kjære og eg.  Etter ei lang dag og natts ferd frå sol og varme i sør til ein snøkvit vårmorgon ved fjorden her i nordvest.
7 dagar brukte vi på vår ferd rundt om i Marokko.
Og vi fekk oppleve eit kontrastane sitt land - sjølv om det vart berre ein liten bit av landet vi fekk sjå,  dei få dagane vi var der.
Stor rikdom og stor fattigdom, moderne storby og gamle tradisjonsrike landsbyar. Ei grøderik kystslette og halvørken i det indre og i fjella.
Og - meinte eg å sjå - eit land i endring. Spørsmålet er berre kvar endringa går?
Ein god ferdaleiar auste frå kjelder om historie og kultur -  og korleis dagen sitt Marokka ter seg, sett frå vårt norske synsfelt. Godt hjelpt av vår lokale fylgjeguide.
Kartet viser byar vi var innom, med Marrakech, Essaouira og Rabat som hjørna i ein trekant. Det vert ikkje store biten av det lange og kontrastrike landet vi vitja.
Det vart mykje å sjå, høyre og oppleve på nokre få dagar, og vel heime att, kjem bearbeidinga av opplevingane i minnet. Noko som dei mange bileta vi tok på rundreise vil hjelpe til med. Men no kjenner eg at den lange ferda heim krev sitt, så det får kome som små glimt her på sida mi seinare, i dagane som kjem.

onsdag 5. mars 2014

Ny hobby tru?

Kva skal ein med avslutta yrkesliv fylle dagane med tru? Vel, eg har ikkje hatt så store vanskar med den saka. Det har vore pilegrimsvandringar, prøve å lære spansk, interessante bøker, vere litt turist, litt uteaktivitetar, familevitjingar. Og om eg skulle gå heilt tom, så har eg fire små i huset som gjerne vil ha litt tid frå besten, sjølv om det nok er besta som har største romet hjå dei.
Men etter eg kom heim frå øya syd i havet, har eg prøvt meg på noko som er nytt for meg. Baking og matlaging.Det siste kom eg så smått igang med for nokre år sidan då mine døtre pressa meg til å prøve. Det har resultert i at eg har nokre få enkle rettar som eg kan by mi kjære på. Men ikkje noko avansert omnsarbeid, takk. Kjøkenarbeid har aldri fått nokon høg prioritet hjå meg.Skulekjøken vart aldri eit av mine favorittfag.
Men no har eg så smått prøvt meg. Det første eg prøvde meg på var ein rett eg likar godt, spansk potetomelett, Tortillo Español, og den vart faktisk god. Det var den ikkje alle gongane på øya der sør.
Men brød er ein viktig del av vårt kosthald, og sidan magen min ikkje er særleg glad i kjøpebrød, så har eit krav til mi kjære vore heimebaka brød. Og ho har prøvt seg på ulike blandingar dei siste åra, og kallen har vore vel nøgd. Sjølv prøvde han seg ein gong, men resultatet vart heller mislukka, så det vart med den eine gongen. Men no har han funne ein måte å bake brøk på som sjølv "far" får til. Det var ei av døtrene våre som kom med eit brød av type eltefrie, og det fann eg så velsmakande, og det høyrdest ut til å ha ein så enkel bakeprosess, at eg kasta meg ut i ei prøvingsperiode.
Eg har enno att å få finne ut av hevingstid, og steiketid, før eg er heilt nøgd. Og ikkje minst, halde fingertuppane unna ei glovarn jarngryte. Det har vorte nokre svidde fingar. Men eg nærmar meg. Så spørst det berre om resultatet vert så bra at mi kjære på sikt let meg overta heile brødbaking, eller om ho helst vil ha styringa på kjøkensektoren sjølv? Kanskje han far vågar å prøve seg på meir avanserte saker med tida? Aldri godt å spå om framtida.

tirsdag 4. mars 2014

Kom, vener --

Eg kom over tre vers av skalden frå Herøy, Bjarne Rabben.
Eg tykkjer dei høver no når vi snart går inn i fastetida.

Kom, vener, når det lid
til heilag påsketid
og lat oss minnast dagen
då frelsaren i hagen
heldt ut den harde strid.

Kom, vener, lat oss gå
til Golgata og sjå
vår frelsars kross og kvide
som han for oss fekk lide,
så me skal himlen nå.

Kom, vener, til den stad
der Jesus sterk og glad
ifrå si grav i hagen
stod opp att påskedagen.
Syng høgt halleluja!

lørdag 1. mars 2014

Vår

1.mars. Vårmånaden er her. Men rett skal vere rett. Det har likna på vår lenge her på vår kyst. Mildt og lite snø har det vore heile vinteren, eg har knapt starta snøfresen desse vintermånadane. Snøen ser vi berre høgt oppe i fjella. Kuldegrader? Ikkje mykje av korkje regn eller kulde. Har det vore så kaldt at marka har tela, så har det vart berre nokre få dagar, og så har det vorte mildt att. Nedbøra, både regn og snø, har stort sett helde seg lenger syd og aust. Gjenomsnittstemperaturen dei siste tre månadane har vore +3.6 grader, og det er 4.3 over normalen. Snøklokkene har blomstra lenge, og no lyser det i gule hestehov langs vegkantane. Selja står med kvite knoppar, klare til å sprette ut i gule gåsungar. Og på vivendelen som alltid er tidleg ute har grøne blad byrja å folde seg ut. Ja, sjølv eit plometre i nærleiken, står med kvite blomar. Det vårast her ved fjorden no når mars er her. Det kan nok kome snø og kulde enno, men den vil nok ikke vare lenge. Så det spørs om det vert påskesnø og skiføre dette året. For meg kan det vere det same. Eg er vel nøgd med desse vintermånadane vi fekk i år.