onsdag 30. desember 2009

Tankane flyg

Det har kome snø.
På lokalradioen snakkar dei om snøkaos i ytre strok.
Her har det kome opp mot 15 cm. Det er til å leve med.
Men nok til at eg på morgonen hadde meg ei ykt med snøfresaren. For første gong denne vinteren for meg.


No sit eg i godstolen ved verandadøra, med pc'en på fanget, og med den uunverlige kaffikoppen innan rekkevidde.

Ute står trea snøtunge, men snøkaven har drege seg litt undan, og i sør er det tendensar til ein lysare himmmel.
På fuglebrettet, som har vore med på mange bilete på bloggen, har småfuglane det travelt. Meiser av mange slag, eit par raudstrupar blandar seg inn i gildet av og til, men er meir varsame av seg. Også ein svarttrast med gult nebb, sit på rekkverket og ser på aktiviteten.

Katten sat utanfor døra på morgonen. No ligg han godt samankrulla på golvet og nyt innevarmen.
Og mine tankar flyg mot sør. Mot eit varmare land og ei varmare årstid. Det var iallefall det då vi vandrarane var der, men dei fekk visst smake vinteren og kulden der og, tidlegare denne månaden.

Det er varm kveld der vi sit med kvar vår kaffikopp ved eit bord på fortauskanten i Aire-sur-l'Adour ( Aire ved elva Adour) Tyske Ude hadde også ein stol ved bordet, men forlet bordet og isen sin, då han fekk ein telefon heimanfrå. Han ville vel vere i privatromet då, men han hadde så kraftig stemme at han høyrdest godt likevel.


På vegen, siste timen, hadde vi hatt eit kraftigt regnvær, men det drog vidare før vi kom inn i byen.
Rett overfor låg den store kyrkja, der kyrkjeromet var under restaurering. Vi hadde vore inne og beundra det flotte resultatet. Kontrasten mellom oppussa og ikkje oppussa hadde vore stor.

Eg er ei uroleg fotosjel. Klarer ikkje å sitje i ro så lenge, før eg er på leit etter fotomotiv. Så eg forlet bordfellesskapet for å sjå litt på omgjevnaden ved elva. Kyrkja fanga mi interesse for tårnet var noko spesielt. Det var ikkje rettvinkla, men kyrkja var så innebygd av andre hus, at eg fekk ikkje det motivet eg ynskte. Så eg hamna ved bordet igjen.


Då vi seinare tok farvel med Ude for å gå opp bakkane til hospitset,(Han stengde døra kl 21.00, var verten sin klare beskjed) gjorde vi ein sving inn ein gatestubb bak kyrkja. Eg hadde framleis ei von å få kyrkjetårnet i søkjaren. Gata enda på ein parkeingsplass. Eg fekk mitt bilete av kyrkjetårnet, men der dukka også eit nytt fotomotiv opp. Ikkje av kyrkjetårnet, men ein liten vaktpost ( eller to) midt i eit blomsterbed.


To litt uvanlege vaktpostar.


Ute strevar ein svarttrast, med flaksane vingar, å halde balansen på ein svingande meisebolle. På matbrettet er det spettmeisa som rår grunnen, og spreier solsikkefrø rundt seg, medan raudstrupen sit i snøen på rekkverket og ser på dei flygande frøa. Snart vil han vere nede på snøen og forsyne seg av det spettmeisa slo vrak på.
Og inn i mellom, som på biletet over, får kjøtmeisene rå grunnen åleine.
I vest tetnar det til. Ei ny snøkave er på veg.

søndag 27. desember 2009

Julekrubbe

I min barndomsheim hadde vi ei julekrubbe. Den var enkel i si utforming. Eit bilete trykt på papp, men slik utforma at ved å trekke fram deler av den, vart stallen skapt, med barnet, Maria og Josef inne i, og hyrdingane og vismennene knelande utanfor.
Eg kan enno minnast den vesle guten sin undrande fasinasjon framfor den enkle krubba.

Når eg kom saman med Bodil, og vi stifta vår heim, og borna våre vaks til, fann vi ut at vi måtte ha ei julekrubbe. Den laga Bodil og eg saman. Eg snikra stallen og ho fann små dokker og kledde dei opp.
Det har vore vår julekrubbe frå tidleg på 70-talet.
Dei seinare åra har englehæren ved krubba auka, og nye dyr har vandra inn, til og med ein yak-okse har dukka opp framfor stallen. Det er Bodil som er sjef for utviklinga. Den er kanskje ikkje så stilrein og flott som ei ferdig produsert krubbe, kjøpt i ein butikk. Men ho er vår heim si krubbe.
For våre born trur eg at krubba har vore like viktig som juletreet i markeringa av at no er det jul.
På stykket om inkarnasjonen avslutta eg med eit bilete av vår krubbe.


Det har etter kvart vorte vanleg med julekrubber også i kyrkjene. Krubber i svært ulik utforming.
Men Ørsta kyrkje hadde ikkje noko slikt, så då kyrkjelyden stod som arrangør av ein pilegrimstur til Israel på 90-talet, vedtok soknerådet å løyve midlar til å kjøpe figurar til ei krubbe i Betlehem eller Jerusalem.
Det vart i Jerusalem, midt i gamlebyen.
Guiden vår, ei israelsk gift, dansk kvinne, hjelpte til med å forhandle fram kjøpet. Og så fekk vi figurane; den heilage familien, gjetarar, dyr og vismenn, overlevert i to plastsekkar. To av oss fekk oppgåva å bere dei gjennom gamlebyen fram til bussen utanfor bymuren. Det var ein tung bør og sekkane rivna så smått under vekta, men figurane kom fram utan skade.
For flyturen heim vart dei fordelt utover i koffertane til dei ulike pilegrimane frå Ørsta.

Sidan då har dei hatt sin plass inne i kyrkja ved kvar jul.
Under gudstenestene juleaftan vert den heilage familien, gjetarane og dyra borna inn i prosesjon, og plassert i grotta under preikestolen.
Dei tre vismenne får vente enno ei tid får dei kjem.
Det skjer først på Kristi openberringsdag, Heilag trekongarsdag, første søndag etter nyåret.

Biletet under viser denne krubba, slik ho syner seg i grotta under preikestolen, før vismenne er komne.

fredag 25. desember 2009

Inkarnert

Det var mange fleire som hadde sett av tid til høgmessa kl.11.00, enn på juleotta kl.07.00.
Ørstakoret deltok med song frå kyrkjelemen (galleriet), og forrettande prest var Matias Austrheim.
Eg og var der, men ein time ute i gudstenesta, byrja eg å merke at det hadde vore ei kort natt for meg., og eg valde å forlate varmen i kyrkja til fordel for varmen heime.

Men soknepresten sine tankar til dei første versa i Johannes-evangeliet, det som er kalla Johannes.prologen, fekk eg med meg.
Det er av mine kjerneord i Bibelen. Ord eg ofte har fordjupa meg i.
Dei er Johannes-evangeliet sitt juleevangelium sjølv om ingen ting av det kjende frå Lukas kap.2 er nemnt.


Kjerna hos Johannes er framandordet; inkarnasjon. Som tyder ”kle i kjøt”, og den som vert ikledt kjøt er Gud.
Og det er tankesprengande for det rasjonelle mennesket. Men det var ein utenkjeleg tanke også i tidlegare tider enn våre.
Høyr berre:
” I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Alt vart til ved Han, og utan Han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I Han var liv, og livet var lyset for menneska. Og lyset skein i mørkret, men menneska ville ikkje ta imot det”

”Jødar støyter seg på det, og heidningane held det for dårskap”, skriv Paulus om menneska i si tid. Og det gjeld visst ikkje berre for Paulus si samtid.
Det må noko meir enn rasjonell tenking til for å fatte dette, Ei tru må stydje oppunder når vetet ikkje strekkjer til, skreiv ein kjend sambygding: Ivar Aasen.
Eg synest ordet inkarnasjon inneheld ein heilt fantastisk tanke.

Så er det at Gud ikler seg kjøt, og let seg føde som eit menneskebarn, kjerna i alt som har med Jesus å gjer. Utan inkarnasjon er han berre eit vanleg menneske som eg. Ingen ting meir.
Men ved inkarnasjonen vert han både Gud og menneske, og kan gå inn i den oppgåva han har teke på seg. Opne vegen attende til Gud, for mennesket som hadde valgt ein veg bort frå Gud.
”Han kom og slo opp sitt telt i mellom oss”
Det er det store, det fantastiske, det grensesprengande, i jula sin bodskap.


Soknepresten nemnde Finn Bjørnseth sin diktsyklus: Logos, i slutten av sine juletankar, ( Ei tankevekkande diktsamling. Les den) og han avslutta med nokre strofer der det enkelte menneske vert sett i forhold til Ordet – Logos-
Der vert også eg sett i forhold til det inkarnerte Ordet, - barnet i Betlehem, som slo opp sitt telt i mellom oss .

det skjedde ikkje i Betlehem
mens Kvirinius var landshøvding i Syria
det var i et lite blåmalt
svært alminnelig rom
en seng et bord og en hvit stol
der var ingen hyrder eller engler
men en tynn lysstråle
trengte seg gjennom huden og ribbenene
og inn i hjertet
- plutselig visste jeg alt det
jeg før hadde prøvd å forstå
og barnet sa:
slik er jeg født
gang på gang
årtusen etter årtusen
jeg er alt i alle
Ordet Sannheten Veien og Livet
den som tar imot meg
her og nå
er blitt en del av evigheten

Juleotte

Er du sprø?
Meinar du å stå opp av varme senga kl.06 juledags morgon for å fare til gudsteneste?
Nei takk, eg foretrekker sengevarmen.
Og eg var då i kyrkja juleaftan, det får vere nok med det.
(Tre gudstenester juleaftan, med fullsett kyrkje under kvar av dei)

Men der er nokre som gjer det.
Forlet sengevarmen tidleg juledagsmorgon for å vere i Ørsta kyrkje kl. 07.00 når juleottegudstenesta vert ringt inn.
Men det minkar av, år for år, med dei som orkar å stå så tidleg opp.
Vi som er gamle nok, og har tradisjonen i blodet, vi hugsar fullsett kyrkje også ved ottepreika.
Tidlegare sokneprest Schanke Eikum prøvde å flytte ottepreika til kl.08.00, men det fall ikkje i god jord. Kl.07.00 juledagsmorgon er tidspunktet.


I år var det kald og klår morgon, med skikkeleg kyrkjeknirk under skorne når eg gjekk opp mot kyrkja.
Men inne var det lunt og lyst.
Kyrkjekoret under leiing av Ida Teige leidde songen, og sokneprest Arne Moltubakk hadde meditasjonen. I år over Matteus sitt juleevangelium. Om Maria, og Josef, og englevitjinga hos Josef, og barnet som skal få namnet Jesus, Imanuel, som tyder "Gud med oss".


Og så vart alterskåpet opna igjen. Det har vore attlete i adventstida.
Etterpå var det dekka til ottefrukost med julebrød og kaffi nede i kyrkjestova, ope for alle som hadde tid til også eit slikt fellesskap.

Vel heime hadde morgonen vorte lysare og dagranda i aust sterkare. Biletet vart litt uskarpt fordi eg ikkje klarte å vere stødig nok på handa, men stemninga på ein tidleg julemorgon er der likevel

torsdag 24. desember 2009

Julekvelden

Dagen er komen. Kl. 17.00 ringer kyrkjeklokkene julehelga inn og freden kan senke seg over bygd og by.
Dei siste dagane har det vore klåre og kalde morgonar, men i dag var himmelen overskya, og temperaturen utanfor stoveglasa, no kl. 8 om morgonen, viste 4-5 kuldegrader.

Eg har slept inn klimaflyktningen vår, og henta avisene for ei roleg morgonstund i godstolen.
Frå radioen kjem morgonandakta med gode ord og vakkar Carola-song.
På kaffitraktaren har den brune veska byrja å renne, så snart er det von om ein liten styrketår. Men det vert berre med ein kopp for vi er bedne på frukost hos vår nesteldste denne morgonen.


God morgon til alle dennne julekveldsmorgonen.

På dataen har eg liggande utviklinga av den nynorske Bibelen, med målprøver av juleevangeliet, frå starten i 1868. Og så dei ulike utgåvene fram til 1938-Bibelen, som var mi første Bibel.
Det var midt på 1800-talet dei byrja å prøve seg med omsetjingar til bygdemål og landsmål. Ein mann i Tresfjord var den først kjende, då han gjorde ei omsetting til Tresfjordmål, eg trur det var av juleevangeliet. Men det forsøket har vorte borte (trur eg).

I 1868 gjorde presten Anton Chr. Bang ei omsetting. For meg synest den prega av målføra i Sogn eller Hordaland. Men så les eg at han var fødd på Helgeland, på Dønna. Og at han gjorde teneste mellom anna på Gran og i Tromsø før han vart biskop i Oslo. Lite av vestlandserfaring å sjå i livsvandringa hans.
I kyrkjene seinare i dag vert julefortellinga lest frå sist omsettinga som kom i 2005.
Men lat oss sjå korleis det vart omsett i 1868.


Gudspjallet aa fyrste joladagen
av Evangelisten Lukas, kap 2 vers 1-14, omsett av Anton Christian Bang

Men dat bar til i hine dagar, at dar kom bodord fraa keisar Augustus, at dar i heile verdi skulde ritast mantal.
Denne fyrste mantalsritningi byrjade, daa Kyrenius var jarl yver Syrialandet.
Og alle gingo at verda ritne, kvar til sit herad.
Men upp gjekk ogso Joseph or Nazareth borg til Judæa, til Davids borg, som heiter Bethlehem, di at han var av Davids kyn og ætt,
at verda riten med Maria, festarkona hans, som var fremmeleg.
Men dat bar til, medan dei voro dar, at dagarne hennar Maria fyldest, at ho skulde føda,
og ho fødde son sin hin frumborne, og ho sveipte honom og lagde honom i ei krubba, di at dar inkje var rum fyre deim i gjestarstova.
Og dar voro hyrdingar i dette herad, og dei laago ute paa marki og heldo vakor um notti yver buskapen deira.
Og sjaa! ein drottens engil stod hjaa deim, og drottens dyrd glimade yver deim og dei vordo ovrædde.
Og engilen sagde til deim: Inkje skulo de ræddast, di at eg bodar dykk myken fagnad, som skal vera fyre heile lyden,
di at idag vart dykk boren ein frelsar, som er Christus, drotten i Davids borg.
Og dette er merket fyre dykk: de skulo finna eit barn, sveipt liggjande i ei krubba.
Og strakst vardt dar hjaa engilen ein himelsk herjarfjølde[1], som lovade Gud og sagde:
Dyrd vere Gud i høgdom og frid paa jordi i dei mennom, som han hever hugnad til.

Det er vel til å skjøne alt. Det er berre første ordet eg må gi tapt for. "Gudspjallet" skjønar eg ikkje.

Men sidan dette vert julekvelden sine ord på bloggen, må eg og ta med ei songhelsing.
Adams jolsong. Korkje norsk eller svensk er originalmålet for songen. Men vi høyrer den oftast i svensk måldrakt. Er det denne songaren som er skuld i det?
Er det Jussi Bjørling si tolking gjennom 78-platene som har gjort at den er svensk?
Herleg song er det i alle fall.





onsdag 23. desember 2009

Likkjejulafta.

Dagen før dagen. Er det ikkje det dagen vert kalla i NRK?
Eit kors er primstaven sitt merke den 23.desember, for Tollesmesse.
Tolles er ei fornorsking av St. Thorlak. Ein islandsk biskop som vart fødd på Lidarende i 1113, og døydde 60 år seinare. Islendingane gjorde alt få år etter hans dødsdag, 23.desember, til sin eigen islandske helgen, men først i 1985 vart han av pave Johannes Paul offisielt godkjend.

Eg har drive med litt trearbeid ute desse siste, kalde, dagane. I dag gjorde eg meg ferdig med den viktigaste delen, så får eg ta att resten når julefreden er over. Då har det vonleg vorte varmare vær. Han er litt snarfrosen, denne karen.
Inne må eg snart til med støvsugar og vaskeklut.
Men først ein kopp kaffi.Det er vel for å utsetje den nødvendige reingjeringa i det lengste, at eg sit her med kaffien og formar nokre tankar.
For etter gamalt så skulle alt grovarbeid vere ferdig i dag. I dei neste tre vekene var det berre det aller nødvendigste som kunne gjerast.

Men eg må og setje av litt tid til leseøving. Eg har lova å hjelpe til i ei av gudstenestene i morgon. Både med tekstlesing og som brannvakt. Derfor må det nok litt øving til på Jesaiateksta som eg skal lese.
Ei tekst som vi kristne ser som ein Messias-profeti. Jødane ser nok den teksta i eit anna perspektiv.

Slik lyder den.

Det folket som ferdast i mørkret skal sjå eit stort ljos;
over dei som bur i skuggelandet, skal ljoset stråle.
Du let dei fegnast, gjer gleda stor.
Dei gleder seg for ditt åsyn
som ein gleder seg i kornskurden,
som ein jublar når herfang vert utskift.

For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven.
Herreveldet kviler på hans akslar, og han skal kallast:
Underfull rådgjevar,
Veldig Gud,
Evig Far,
fredsfyrste.
Så skal herredømet hans verta stort og freden utan ende over Davids kongsstol og over riket hans.
Han skal grunnfesta det og halda det oppe med rett og rettferd frå no, og til evig tid. I sin brennhug skal Herren, Allhærs Gud, gjera dette.


Profeten Jesaia levde vel 700 år før vår tidsrekning tok til.
Ein teiknar har sett situasjonen då Jesaia skreiv denne teksta, på denne måten.
Men no er kaffikoppen tom. Støvsugaren og vaskefilla ventar.
På tide å slutte dette ved å trykke på publiser.

søndag 20. desember 2009

Litt sært ? (3) Ha-Ot

Vi fekk besøk av Isak denne morgonen.
No er frukosten over. Frå omnen lyser varme loger og spreier lun varme ut i romet.
Og far i stova har fått med den faste programposten på sundagsmorgonen; ”Syng med oss”.
I Aust har vi sett dagranda vekse frå ei smal og svak strime av lys himmel over fjella, til morgonen no er i ferd med å gå over i dag. Ein mild dag etter kulden som var for eit par dagar sidan. Tempen svingar rundt 0 på gradstokken.

Og i dag har Bodil tent alle dei fire lysa i adventskransen. Tent dei for 4.søndag i advent.
Skitnesøndagen er den og kalla frå gamalt. Denne søndagen kunne ein våge seg til å gjer litt arbeid for å førebu helga som stunda til.


Den fjerde peikar framover mot noko som enno er framtid. Noko som enno er ukjent.
Slik den 23. bokstaven i det hebraiske alfabetet. Den ukjende.
For bokstavrekkja endar ikkje med Shin og Tav.
Der er ein gøymd bokstav, fortel kabbalistiske tekster. (Kabbala er ei jødisk trusretning)
Der er ein 23. bokstav som ingen veit korleis han vert skriven, eller korleis han vert uttala. Det er Ha-Ot, som tyder bokstav eller teikn.

Legendene fortel at då Moses, i sinne over gullkalven israelittane hadde laga seg, knuste dei to tavlene. Då returnerte alle bokstavane attende til Gud. Og nå Moses fekk nye tavler, så var det berre 22 bokstavar som var med på dei. Den 23 vart verande hos Gud. Kjend av han, men ukjend for oss.

I Zohar, ei kabbalistisk tekst frå det 13.hundreåret, er den kalla alle bokstavars mor. Korleis den er teikna er som sagt ukjent, men der er enkelte skriftlærde som trur den liknar Shin, men den har fire ”flammmer” mot Shin sine tre. Og saman med Shin teiknar den det fullkomne, 3+4=7.

Frå ein kristen synstad så ser eg Ha-Ot som ein profeti om det som endå ventar.
Den verd Gud skapte fullkome, fall i synd, og miste si fullkomenheit.
Derfor ligg det ein ny dag i framtida då Gud skal nyskape vår verd, og gjere det ufullkome – fullkome.
Ha-Ot gir meg ein adventvisjon om at Guds dag ein dag vil vere der, og med den vil Kristus kome i himmelens skyer.
Den dagen tek Gud bustad mellom oss, og Guds evige Shalom vil bryte fram mellom oss.


Kanskje er det den dagen leseteksta i dag, frå profeten Jesaia, fortel om:

Sjå Herren din Gud kjem med velde,
hans arm gir han herredøme.
Dei han fekk i løn, er med han,
dei han vann går føre han.
Som ein hyrding skal han gjeta sin hjord.
Han skal samla lamma i armen,
og bera dei ved barmen,
og lamsauene skal han leia.

I søndagens evangelietekst talar Johannes døyparen om at han er venen som gleder seg over å høyre røysta til brudgommen, når han kjem. Og svenske Artur Erikson syng om den dagen.

lørdag 19. desember 2009

Litt sært? (2) Tav

Laurdag morgon. Det er stilt i stova. Ute har det kome 9cm lett snø i løpet av i går kveld og natta. Og temp er litt under 0 ute. Men det skal verte kaldare igjen, lovar værmeldinga.


Eg gjorde meg nokre tankar om bokstaven Shin i går. I dag vil eg undre meg litt over
Tav, den siste bokstaven i den hebraiske bokstavrekkja.







I første Mosebok finn vi den tragiske forteljinga om Kain og Abel som ber fram sine offer til Gud. Det som endar med at Kain drep broren, og at Gud så gjer Kain fredlaus på jorda. Men før Kain må dra bort frå heimen, set Gud eit merke i panna hans som eit vern.


Flyttar eg meg til profeten Esekiel finn eg noko som liknar. Profeten sit i Babel og får ein visjon. Han vert flytta til Jerusalem der han får høyre at Gud vil straffe byen for deira vonde framferd. Men før straffa vert sett i verk, sender Gud ein mann, kledd i lin og med skrivesaker hengande i belte, gjennom byen for å setje eit merke på panna til alle som skal verte sparde frå Guds straff.

Begge stader er det eit merke som vernar, men korleis såg merket ut?
Mest truleg var det enkelt å setje, og tydeleg. Ikkje til å ta feil av.
Og korleis ville eg ha laga eit slikt merke?
Som to linjer som kryssa kvarandre i eit kryss eller ein kross?
Og der er bokstaven Tav. På den måten vart han teikna i si eldste utforming.

Eg undrar meg: Korleis vert Tav tolka i dei jødiske skriftene?
Eg les at Tav fortel om fullending.
Fullendinga av Guds skaparverk.
Fullendinga av Guds rettferd.
Fullendinga av Guds frelse der Guds kjærleik kjem oss i møte gjennom Hans Ord –
Ordet er Guds teikn, Guds signatur til oss. Med ein evig kjærleik har Gud elska oss.


Tav sin venstre fot har ein sving oppover. Som ein fot som sparkar ein ball.
Og Tav er ikkje slutten, Tav sender oss attende til starten, til Alef. Til ein ny start. Til ein dag i morgon som rein og ubrukt står, med blanke ark og fargestifter til.
Slik det og er med Gud. I Gud er der ingen start eller slutt. I Gud er berre eit no, ei æve.

Så vert bokstaven Tav for meg eit teikn på Han som kom – og Han som kjem: Guds Messias, Jesus vår bror. Han som kom med Guds fullendte kjærleik og gir oss ein ny start, Han som gav oss krossen som teikn.

Og sidan fjerde søndag i advent står for døra, legg eg inn ein liten video der ei irsk kvinne syng ei gamal keltisk hymne med tekst og melodi frå 1200-talet.
The Wexford carol.

Den er og komen i norske språkdrakt, omsett av Stein Versto. "No høyr de gode folk" er å høyre på Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga si juleplate.

fredag 18. desember 2009

Litt sært ? (1) Shin

Så er det snart helgekveld att.
Det er fjerde søndag i advent som bankar på. Og igjen er det Johannes som har fokuset i søndagens sine evangelietekster.
Johannes som kom for å vise veg, peike på han som skulle kome. Jesus.
Johannes. Ein profet som lyfte handa og peika.

I adventstida vert det gjerne henta fram og lest tekster frå den hebraiske bibel ( der NT ikkje er med). Tekster som peikar framover mot Messias sitt kome.

Eg sat og las litt om dei hebraiske bokstavane på verdsveven. Dei er 22 i alt, og berre konsonantar. Frå gamalt har det berre vore brukt konsonantar i skrift. I nyare tid har dei sett inn vokalar i tekstene, men ikkje som bokstavar. Vokalane er eit system med punkt (prikkar) som fortel kva vokal som skal uttalast.
Men dei hebraiske bokstavane er ikkje berre bokstavar. Dei er også teikn som har noko å fortelje. Noko om Gud.
Og her ser eg ein samanhengen med profeten Johannes og bokstavane. Begge peikar på Gud.
Dei to siste i alfabetet heiter Shin og Tav.

Først Shin, den nest siste bokstaven i alfabetet.
Den fortel meg om det fullkomne, om Gud.
Kanskje kan vi tenkje på Shin neste gong vi tenner eit adventslys, for Shin tyder flamme, og bokstaven teiknar for meg flammer over brennande kol.


Men Shin kan og tyde uforanderleg, slik Gud er evig og uforanderleg.
Gud sa: Eg er Gud, evig, utan endring.
Den same før skapinga som etter nyskapinga ein gong i framtida.
Men der er og eit paradoks i Guds flamme; den ytre flamma er i stadig endring kring den uforanderlige indre flamma. Som eg kan sjå på mine adventslys.

Det namnet Bibelen brukar på Gud i skapinga, er Elohim, og det er det einaste namn på Gud som er brukt i fleirtal. ”Lat oss skape”, sa Gud.
Shin teiknar tre flammer over det brennande kolet, og Jesus snakkar om Faderen, Sonen og Anden.

I Midjan-øydemarka synte Gud seg som ei flamme, og Moses måtte ta av seg skorne framfor den brennande tornebusken.

Når eg ser på flammene over lysa i denne adventstida, så ser eg tre lag i kvart brennande lys.

Inst inne er eit lag med svart lys rundt veiken, så kjem eit lag med kvitt lys utanpå, som så går over i ein lysaura ytterst.
Kva fortel denne tredelte flamma meg?
Heile flamma symboliserar kjærleiken,
Kjerna rundt veiken, det svarte lyset, kjærleiken til Guds folk.
Det kvite lyset symboliserar kjærleiken til Ordet, Guds Ord.
Og auraen ytterst, kjærleiken til Gud som omsluttar alt.

Men kanskje kan eg og snu det heile?
Kanskje er det like rett å sei at kjerna, det svarte lyset, er kjærleiken til Gud. Det er sentrum. Så kjem det kvite lyset, kjærleiken til Ordet. Og så Auraen som omsluttar alt, kjærleiken til Guds folk.

Eit anna ord som kjem frå rota Shin, og som fyller meg med glede er Shalom.
Fred. Guds uforanderlige, evige fred. Guds fred som går over all forstand.

onsdag 16. desember 2009

Illusjon?

Til K-festen sist laurdag var eg beden om å sette saman nokre bilete frå vandringa vår i Frankrike, og knyte nokre tankar til bileta.
Eg fann det vanskeleg, så eg enda opp med å by på ein serie bilete ifrå dei tre åra med vandring, utan djupe tankar til.

Kvifor vart det vanskeleg?
Mykje fordi at før vi tok til på vandringa, i 2007, så hadde eg ein illusjon om at pilegrimsvegen skulle gi meg ei åndeleg oppleving. Det å gå vegen skulle berøre mitt trusliv på ein spesiell måte.
Men den erfaringa har eg ikkje fått.
I staden er det vegen som har fylt dagane og sinnet alle desse 80 mila vi har gått.

Vegen og atter vegen. Det er vegen eller stien under føtene, og føtene som går på den i time etter time, som er nummer ein i sinn og tanke. Så kjem mat og drikke og kvild på dei neste plassane.

Mykje derfor torer eg ikkje kalle meg ein pilegrim, fordi det ordet, for meg, har ein slags åndeleg dimensjon som eg enno ikkje har klart å finne att i meg.
Dette trass i flotte kyrkjer og mengder av krusifiks og andre vakre meditative inntrykk som har strøymt på undervegs.

Mine medvandrarar vil nok ikkje vere samde med meg, men eg har så langt heller valgt å kalle meg ein vandrar.

Men eg må innrømme at eg hadde ein illusjon før eg tok til på pilegrimsvegen. Kanskje fordi eg hadde lese andre pilegrimar sine fortellingar om, og opplevingar på vegen.

Kanskje er det slik i livet elles og – at der er ikkje så få illusjonar tilstades hos oss, --eller?.

Eg har møtt to hus på mine vandringsvegar.


Det eine er på ein gard i Sør-Aurdal. Knut Hamsun budde i dette huset då han skreiv ”Victoria”. Og romanar er vel og ei form for dikta illusjon, slik huset syner ein optisk illusjon.


Det andre er frå Montreal du Gers i Frankrike. Det og framfører ein illusjon, og kanskje er den lettare å sjå, enn på huset frå Aurdal.
Er det slik i trua si verd og at det vi trur, delvis kan vere ein illusjon. Stor eller liten?

Ein muslim, ein jøde, budhist eller human-etikar vil nok hevde at mi tru er ein illusjon, og at deira tru er den rette. Medan eg på mi side vil sei at mi tru er den som held vatn, og at deira tru kviler på illusjonar.
Svaret vil vi ikkje få før dette livet er avslutta og Gud viser oss den heile og fulle sanninga, utan noko form for illusjonar.

Det var nok dei som rista på hovudet til andakta på konsertane eg var på søndag. For dei var nok orda, talaren sine illusjonar, sjølv om han meinte det djupt annleis.


På ein åsrygg i Seviac, nær Montreal du Gers, ligg restane av ein flott romervilla med mellom anna fleire golvmosaikkar. Ein av dei viser eit tredimensjonalt bilde, noko som gjer at den forandrar seg, alt etter frå kva side av mosaikken ein ser den.

Kanskje ikkje like lett å sjå på eit bilete som når ein står ved mosaikken på åsen i Seviac.

Er det slik med alle illusjonar?
Også med trua?
At dei forandrar seg alt etter som standpunkta endrar seg.
Er det heile eit spørsmål om tolking?

Trass i mine spørsmål ovanfor.
For meg, trass i alle spørsmål som vert reist, og kor mange som vil hevde at mi tru kviler på ein illusjon. For meg er Bibelen sine ord og truvedkjenninga som kyrkja på 300-talet vart samde om var summen av den kristne trua. For meg er, og vert det sanninga – og mi tru. Uansett kva kjensler eg måtte ha eller ikkje ha langs pilegrimsvegen gjennom livet.
For mi tru kviler ikkje på kjensler, men på tru. Tru på Han som vi snart skal feire minne om. Jesus, Maria sin son. Menneskesonen og Guds Son.
Det er for meg ingen illusjon men røynd sanning.

Husa sin illusjon er nokre vindauge og dører som ikkje er ekte. Dei er malte på veggen.

Men dette er ingen illusjon. Trur eg.
Slik såg morgonen ut frå Sætre, onsdag 16.desmber kl.8.30

lørdag 12. desember 2009

3.s.i advent


Dagen hallar.
Ute rodnar himmelen i sør.
Snart går laurdagen over i helgekvelden.
Om nokre timar er 3.søndag i advent komen.


Det er Jochanan ben Sacharja. Johannes son av Sakarja eller Johannes døyparen som står fram denne tredje søndagen i det nye kyrkjeåret. Botssøndagen er den og kalla. Kanskje fordi Johannes kalla til bot og omvending då han var verksam. Før Herodes Antipas fekk sett han i fangehola på Macherusborga, aust om Dødehavet. Herodes let seinare let Johannes verte avrette der, omkring år 30. Det er den jødiske historikaren Josefus som skriv dette i ei av bøkene sine. Evangelia fortel at Johannes vart halshoggen på Salome sitt ynskje.


Jesus og Johannes var i slekt. Mødrene deira var nærskyld, kanskje syskjenborn.
Det var Johannes som vigsla Jesus til hans gjerning ved å døype han i Jordanelva.
Men for meg er ikkje botsprofeten den viktigaste, men Johannes si andre oppgåve.
For han er herolden som går føre kongen og rydder veg for han.
Han er " røysta som ropar i øydemarka: Rydd veg for Herren. Gjer stigane hans rette!"

Jesus kallar Johannes den største, fødd av kvinner. Sjølv sa han at han var ikkje verdig å løyse sandalreima på han som kom etter.

Johannes si oppgåve var å peike på han som var Messias, Kyrios, eller Herren på vårt språk. Han som var Guds Lam som skulle bere bort verda si synd. Jesus. Guds Son og Menneskesonen.
Vår tid treng menneske som går i Johannes sine fotspor og peikar på Jesus, sjølv om det skulle koste mykje. For enkelte kostar det livet.

Eg har leita etter julesongar på YouTube. Gjerne frå andre kulturar enn vår eigen.
Eg fann ein kaldeisk (Irak). Den er på eit språk eg ikkje skjønar, arabisk, men den er teksta på engelsk, så innhaldet får eg med meg. Og den har også eit anna melodispråk enn vårt.

Songen, eller hymna, er tileigna ein kaldeisk prest som gav livet sitt for vitnemålet om Han som kom, -- og Han som kjem.
Det tek nokre minutt å lytte til den, men kanskje har den noke å gi også oss?
Etter at songen er slutt, fortel den kvar bileta i videoen er henta frå.

God helg. 3.søndag i advent.
Dagen til Johannes døyparen sitt minne.
Dagen vigsla til alle heroldar for Han som kom - og Han som kjem.

lørdag 5. desember 2009

2.s.i advent


I tekstene for 2.s. i advent les eg om forventing.
Om å vente og å vere klar til Jesus kjem att for andre gong.
Hos profeten Joel les eg om dramatiske hendingar som vil hende då, den dagen der framme. Om teikn som syner seg på himmel og jord, blod, eld og røyksøyler.
Sola som vert omskapt. Ho svatnar og månen vert som blod, føre dagen, Herrens dag, kjem.
Kanskje kan dei skreme ved sine sterke bilete.

Men er det ikkje i slike bilete dei talar, desse som åtvarar mot vår øydelegging av klimaet?
Så kanskje ligg det ikkje så langt framme tid?
Men om eg får oppleve det er vel kanskje meir tvilsamt.
Mine attståande år på jorda er nok ikkje så mange lenger.
Men som det heiter i eit gruk av Kumbel:
Husk å leve mens du ennå lever, og husk å elske mens du ennå tør.
Og det er vel også det Jesus er inne på i Lukasteksta for dagen.
Ver derfor klare, førebudde til det skjer, så ikkje dagen kjem uventa, som når ein tjuv bryt seg inn i huset medan alle søv.
"Spenn beltet om livet og lat lampene brenna. Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå gjestebod, og står ferdige til å late opp så snart han kjem og bankar på".

Men så skjer det eit uventa brot i Jesus sine ord.
For det neste som skjer er ikkje at tenarane går herren til hende når han endeleg dukkar opp. Men det motsette.
Tenarane vert bedne om å setje seg til bords, og så er det herren som vartar dei opp.
Det er tenarane, dei vakne tenarane som vert bodne til fest.

Så treng ikkje dei sterke bileta skreme. Det som skal hende er føderier som kjem over det skapte. Føderier når det skapte vert omskapt, fødd på nytt til ei ny og betre verd der det vonde som har plaga vår verd, vert teke bort, reinsa ut. Og i den nyskapte verda er Gud sentrum som lyser for oss, og vi er gjester ved hans bord.

Derfor kan vi ha forventinga si glede i møte med tekstene, for er vi klare når han kjem, så er det fest han ber oss inn til.

Og sidan det er snart 2. søndag i advent, forventinga sin søndag, og vi skal kveike to adventslys, så unner vi oss noko vakkert å lytte til.
Og kva kan vere vakrare å høyre enn vår songfugl, Sissel Kyrkjebø, som syng Pie Jesus av Andrew Lloyd Webber.

tirsdag 1. desember 2009

Den namnlause

Det ringer på døra og eg må opp av godstolen. Utanfor står det to utsendingar frå eit trussamfunnet som eg alltid hamnar i ordskifte med. Desverre.
Denne gongen er det Guds namn dei vil legge inn på meg.

Guds namn som er Jehova. Eg har lese deira bibelomsetting. Der står det Jehova alle stader der det er råd å bruke det. Jehova er Guds namn, seier den av dei som fører ordet. Jehova er det namnet vi må bruke, for det, sa Gud til Moses gjennom den brennande tornebusken. Det er mitt namn til alle tider. Bruk Jehova, ikkje Gud.
Men filologane har funne ut at Jehova er ei feiltolking av JHWH, og feiltolkinga vart gjort då den engelske King James-oversettinga vart gjort. Filologane seier i dag at Jahve er ei rettare tolking av JHWH, prøver eg meg.

(JHWH er fire hebraiske bokstavar som vert tolka til eit namn på Gud, men ingen veit korleis det skal uttalast, eller kva vokalar som skal inn mellom dei fire konsonantane. Guds namn har ikkje vore uttalt mellom jødane sidan før Jesu tid. Det var berre øvstepresten når han bar fram offeret inne i Det Høgheilage i tempelet, ein gong i året, som hadde lov å uttale namnet. I dag brukar jødane ei omskriving av namnet når dei møter JHWH i skrifta.)

Ordskiftet går mellom oss, og dei brukar Bibelens ord aktivt for å overtyde meg om at eg tek feil i mine argument. Utan å lukkast. Vi har prøvt det før. At dei ikkje veit at her nyttar det ikkje. Eg vil ikkje overtydast.

Kanskje er korkje Jahve eller Jehova Guds namn, prøver eg meg, - for i 2. Mos 3.14 er JHWH ein eigenskap hos Gud, ikkje eit namn, JHWH, Jehova, Jahve tyder Eg er den eg er.
Det er Herren, Abraham, Isak og Jakobs Gud som sender Moses, Fedrene sin Gud.
Og namnet Herren er og ein eigeskap, og heller ikkje eit namn.
Ordskiftet mellom oss stansar opp.
Dei har utført si oppgåve: Eit husbesøk og kan sette eit kryss i sin rapport til hovedkvarteret. Eg får nokre blad til avskil og dei går vidare til nye besøk.

Men tanken på Guds namn lever vidare i meg. Om Gud, den namnlause. For namnet Gud er vel også eit ord for ein eigenskap. Sjølv om vi har gjort det til eit særnamn.
Israels folk hadde mange namn på Gud, men alle namna fortel om eigenskapar hos Gud.
Og kanskje er det best slik?
At Gud er den namnlause?
Kanskje er det først då Gud kan vere Gud?

Men noko undrar meg, og det er dei skråsikre. Dei som veit svara. Dei undrar meg. Og eg finn dei mellom dei truande (av alle trusretningar), men og mellom realistane (humanetikkarar m.m.) som avviser alt som ikkje vår vesle tankekraft kan forstå.
Då får eg meir frå dei som let seg utfordre av det som ligg utanfor det våre hender kan ta på og våre auge kan sjå og våre øyre kan høyre.
Som Gud, den usynlege, Gud, den namnlause.
Slik den spennande brevvekslinga vi no finn i Vårt Land mellom to undrande teologar Notto Thelle og Ralph Kolnes.

Andre som ofte gir tanken nye spor, er lyrikarar som let seg utfordre av tankar og ord til vers. Vers som når inn til meg og set spor, som når Hans Børli let tømmermannøksa hogge ut orda i Den navnløse. Rå og ærlege, men likevel. Der er ei kjerne som er verdt å ta med. Også for meg som har prøvt å forme det store mysteriet i små, hjelpelause og ofte lunkne ord frå ein talarstol.

Kristendommen - tja,
den kan vere temmelig lunken,
Som en prestefis i sakrestiet.

Alt dette ulne Jesus-pratet
har gjort Vårherre til
en tannløs gammel gubbe
som lever på kår hos Sønnen.

Er det rett å ta lynet ut av Jehovas hånd
på denne snakkesalige måten? Nei -
den som alltid ferdes til fots
undrer åpen himmel, den som
skjelver for tordenværets velde,
slåss mot vinterstormene,
lytter ved sommerengene,
han aner
en høgere guddom:
Den ansiktsløse. Den navnløse
som bor i boliger av lys
der du må legge av deg din menneskehám
ved porten før du trår inn,
slik husmenn i gamle dager
måtte kippe av seg de jordete skoene
før de gikk inn til husbonden.

Det er ikke mulig for oss mennesker
å uttale Den navnløses navn
fordi vi har ord
og tunge.