fredag 8. mai 2009

Lauzerte. 18.september 2008


Verten fylgjer oss eit lite stykke, denne morgonen.
Gå den vegen, så kjem de inn på pilegrimsvegen, helsar han til avskil.
Ikkje lenge etter ser vi merka.
Eit par kjem bak oss, men er raskt forbi.
Ho går lausreipa, men han er spent føre ei lita tohjula vogn der all deira bagasje ligg festa.

Så er vi er framme på åskanten, Ein hund stormgjøyr mot oss vandrarane frå det siste tunet. No går det ned, og det vert bratt etter kvart. Heldigvis er det tørr bakke, men det er vanskeleg nok likevel.

Bodil slepper seg laus og let tyngdekrafta styre farta, og det går bra. Vi andre prøver å ta det litt meir forsiktig nedover , men så er vi alle nede i dalbotnen.


Dalen er flat og vid, men framme på sletta stig det opp ein rund åstopp.
Oppe på den ligg Lauzerte som ei levning frå den tida då byar låg best til når dei var lette å forsvare.

Lauzerte er ein slik by og har ei lang og kronglete soge frå det 12.århundre av. Gjennom engelsk okkupasjon, hundreårskrig og religionskrig med angrep, plyndring og øydelegging.
Byen var ein viktig festningsby mellom Cahors og Moissac. Og byen er merka av si lange soge, og har teke vare på sitt særpreg inn i vår tid.


Det er nokre tunge bakkar opp til Lauzerte frå dalbotnen, men til slutt er vi oppe og kjem inn på torget ved kyrkja frå 1500-talet.


Det har vore kraftig vind på torget eingong, Eit hjørne av brulegginga har reist seg.


Trange gater og smug, og på åskanten, utanfor husa, er det eit vidt utsyn, dalen rundt til alle sider.


Men vi fekk oss ikkje husrom i Lauzerte.
Vår vertinne i La Bouysse prøvde, men det var fullt alle stader. Til slutt lukkast det i eit hestesenter, noko utanfor Lauzerte.
Vår vertinne der skal kome og hente oss på byens parkeringsplass, for å ta oss med til vår overnattingsstad.


Vi får ei campingvogn til nattekvarter, og den er grei nok. 2 soverom, opphaldsrom, dusj og WC. Og middag får vi i matsalen på senteret.
Men natta vart lang og tung for Torbjørg. Magen slår seg vrang.

Morgonen etter drøftar vi framhaldet.
Vi vert samde om å ta drosje vidare til Moissac. Og så vil vi prøve å booke om våre flybilettar heim.


Vertinna køyrer oss inn til Lauzerte igjen, og vi tek det roleg oppe på torget medan vi ventar på drosjen. Eg får kontakt med flyselskapet og får ordna ombookinga. Neste morgon må vi vere i Paris for fly heim.
Så er drosjen der, og vi køyrer mot Moissac.

Frå La Bouysse til Lauzerte er det omlag 22 km, og høgda over havet ligg på mellom 150-240m.


Lauzerte


Med Lauzerte eit nytt departement; Tarn-et-Garonne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar