onsdag 6. mai 2009

Kveld i katedralen 2 september 2007


Om kvelden var det pilegrimsmesse, og då vart pilegrimane henta fram i koret bak alteret, for å vere forsongarar i liturgien.
Desverre, sjølv med liturgihefte i handa, vart det nok berre nokre famlande forsøk frå denne pilegrimen. Ei trøyst var det å sjå at heller ikkje dei franske var så flinke til å vere med i sangen. Men eg reiste meg og sette meg i takt med dei 3 prestane, som hadde flotte songstemmer.


Etter messa tok ein av prestane oss med ut for kyrkja. Der han heldt eit inspiret foredrag om tympanumet. Dei som snakka fransk hadde nok ein fordel. Dei deltok aktivt i foredraget, og det var tydeleg dei koste seg i kveldsmørkret.
Desverre fall denne pilegrimen av også her.


Vel ferdig tok han tilhøyrarane med inn i kyrkja igjen.
Denne gongen for å sette seg ved orgelet oppe på galleriet.
Så heldt han ein halvtimes orgelkonsert, medan han samstundes spelte på lyssettinga i kyrkja Og då slik at lyset i kyrkja understreka klangfargen i musikken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar