torsdag 31. oktober 2013

31.10.2013

Siste dagen i oktober vart mild i år. 12 C+-grader har gradstokken synt på det meste. Og været? skiftande mellom opphald og regn. Nokre solstrålar har og lurt seg inn vindauget. Eit lite glimt fekk vi i det sola vart borte bak Melshornet, og drivande regnskyer frå sørvest. Det merkast at dagane vert kortare. Med sommartida sin ende kom kveldsmørkret brått mykje tidlegare. Men om to månader har sola vendt og er på veg opp over fjella att. Heldigvis er bilen klar for vinterføret når det kjem. Ein tur til Sogn for eit par veker sidan gjorde at eg la om før tida var koma.
Dagen elles har elles vore roleg. Spansksamling med litt hyggeleg drøs. Litt anna lesing, og mykje kaffi. Og så har vi fastsett at i slutten av mai vert det vandring i Spania att. Så no byrjar månadane med førebuing Det er Camino de St. Olav og Camino Ingles som ventar på oss fire vandrarane, orsak; pilegrimane.. 

lørdag 26. oktober 2013

Vegg - veg


Underleg kva berre ein bokstav kan utgjere. Legg ein bokstav til eit ord, eller ta bort ein, og du får eit heilt anna ord med ein heilt anna tyding. Som  veg - vegg. Vegen er open, fri, og strekkjer seg ut i det uendelege. Om ein vil nytte den fullt ut. Veggen stenger inne, og lukkar ute. Uten opningar i veggen vert det mørkt i romet bak den, men eit vindauge kan sleppe lys inn bak veggen. Men for å kome inn eller ut av romet bak veggen, må ein ha ei dør som opnar opp veggen.Gir ein høve til å gå gjennom den. Møter eg veggen i livet, då er det stopp. Då må eg finne ein veg rundt veggen for å kome vidare.
Som pilegrim - vandrar - har vegen vore det som har fasinert meg mest. Kvar byd han meg, kvar fører han meg og kven møter eg der? Men dei mange veggane vegen har ført meg langs har og gitt meg mange tankar. Ved sida av den opne vegen har dei reist seg og stengt meg ute frå romet bak dei.  Eg har undra meg; Kva skjer der? Korleis ser der ut? Kven er dei som lever og bur der bak veggen?
Og dei der inne, kva tenkjer dei når dei ser meg gå forbi?
Veg - vegg.
Er desse tankane overførbare til våre liv - trusliv?
Meisteren sa ein gong at han var vegen som førde til Gud, vår Far. Og dei første som kom til tru på han, kalla seg: dei som går på vegen. Og - dei levde sitt trusliv i stor grad på denne vegen. Noko som vart sett, lagt merke til, og førde til at fleire kom til tru og byrja gå på same vegen. Sjølv om det både storma og bles der. Eg har ei tru om at det var gjerningane deira, saman med orda, som skapte etterfylgjinga.
I dag høyrer vi ofte at vi som trur stenger oss inne bak veggane. Vi er inne i det trygge romet og seier: kom inn til oss og vert som oss. At vi lever som det står i sangstrofa, Hør hvor det stormer der ute, her er det fredfullt og tyst. Eg er redd for at då tagnar og det vitnemålet vi skulle vere ute på vegen der folket ferdast. Og flokken der inne bak veggen minkar, og vert eldre for kvart år som går.
Nei la oss fylgje Paulus sitt råd om ta på oss Guds fulle rustning og kom oss ut på vegen igjen, om det både stormar, regnar og bles der. Vere vandrande pilegrimar på Vegen med stor V.
 
 

onsdag 23. oktober 2013

"Gudsfrykt med nøisomhet."

Eg les i avisene om kva inntekt ein må ha for å ikkje kome under fattigdomsgrensa. Og eg ser at mi kjære og eg nok høyrer til i den gruppa som vert rekna som fattige. Men no har vi fått ny regjering, og ny retning på politikken i landet. Kanskje det er ei von om betring? I mellomtida må eg nok leve i vona om den store lottovinsten. Undrar meg på om eg har lodd, forresten?
Eit par sundagar sidan vart eg i gudstenesta sine skriftlesingar mint på noko Paulus sa til sin læresvein Timoteus, og som tidlegare tider lydde slik;  "Gudsfrygt med nøisomhet er en stor vinding." I dag, i den siste omsetting til mitt mål, lyder det: "Å frykta Gud og vera nøgd med det ein har, er ei stor vinning."
I det fattige Norge, for 50-100 år sidan fortalde det noko rett inn i folks kvardag. Men i dag, når dei fleste har meir enn nok, både av pengar og materielle ting? Sjølv eg som høyrer til under fattigdomsgrensa. Har ordet noko å sei oss?  Har det vorte heilt utdatert, uaktuelt? Og kva gjer rikdomen med oss, som folk? Har vi vorte lukkelegare av den - eller har vi vorte meir egoistiske? Kanskje det er på tide å lyfte fram att Paulus sine ord. Få dei opp på stoveveggane igjen. Brodert med gullbokstavar, og pent innrama. Slik våre besteforeldre hadde det på veggane i sine stover. Det er ikkje alt som kan kjøpast for pengar.


tirsdag 15. oktober 2013

Og så?

Eg fann att det runde ChiRho-symbolet då eg kom fram til Santiago. Oppe på ei søyle ved ein av portane inn til katedralen stod det, vokta av to dyr som eg ikkje skjønar kva er. Men symbolet var greit nok.  XP som er dei to første bokstavane i det greske ordet for Kristus, ΧΡΙΣΤΟΣ. I tillegg hadde symbolet  på katedralen i Santiago, også fått med seg ei horisontal linje gjennom sentrum. Krossen var fletta inn. Men noko var ulikt dei eg før hadde sett.  Alfa og Omega var der, men dei hadde bytta plass. Omega hadde fått førsteplassen framfor Alfa. Den siste hadde vorte den første. Kva var det steinhoggaren i si tid hadde hatt i tankane? For noko må då ha vore grunnen til denne endringa. Var det ei påminning til alle pilegrimane som etter si lange vandring endeleg var framme ved målet, om at de kan ikkje legge ned vandringsstaven enno.  No står vandringa attende til utgangspunktet att. No kan de byrje på vandringa heim att.
Men kva seier det til vår tids pilegrimar. Dei som, når dei er framme, ikkje vender om og tek fatt på den lange vandringa heim, men set seg på buss, tog eller fly, og er heime på nokre få timar. Og ikkje etter veker, månader og år. Seier det at no ventar nye vandringar, nye vegar, nye heilage mål? Du er ikkje framme enno.
Eller låg der teologiske tankar bak? At etter livet her er over, så byrjar eit nytt? Er der eit æveperspektiv bak den endra rekkefylgja på dei to bokstavane? I tilfelle så er det ei ukjend framtid, sjølv om skrifta , og Jesus, gir oss nokre bilete av den framtida. Biletet som ofte vert brukt i mange kyrkjelydar, og av mange forkynnarar, som bilete på himmelen sine "gleder" rett etter vårt jordliv er over. Og bilete brukt på ein måte som eg ikkje trur samsvarar heilt med det skrifta fortel. Ein britisk teolog skriv om "life after life after death". Det tyder i så fall på ei lengre "vandring" - på den andre sida - fram mot den nye jord der fred og rettferd bor - enn det vanlegvis vert sagt. Men det har ingen hast å få vite det.
I staden tolkar pilegrimen i meg den ombytte rekkfylgja av bokstavane som at Santiago er ikkje endepunktet men meir ein av mange delmål for meg, for nye vegar å vandre ventar, som pilegrim på jord. Medan eg enno er her.


lørdag 12. oktober 2013

I mål?

Eg fall for denne utgådde vandrarstøvelen som stod på ein stein då vi kom over brua ved Puenta del Reina. Vel, kanskje ikkje berre støvelen, men saman med  snegelen som hadde gått til ro på den.
Slik hadde eg ei ei tru på at livet som pensjonist skulle verte. Når eg vel hadde teke av meg yrkeslivet sine slitne sko, då skulle få eg nyte roa og freden som denne snegelen.
Men det er vel igrunnen bra at ein kan ta feil. Resultatet hadde nok ikkje vorte av det beste for meg, om så vart røyndom.
Kanskje er det mi eiga skuld, men eg har så lett for å setje meg nokre mål som kan vere slitsomme å nå, som den tidlegare omtala muren ved vegen ned til huset. Den eg har streva med i mange år alt. Eg trudde det var eit lite og overkomeleg prosjekt då eg byrja, men det vaks meg nesten over hovudet etter som arbeidet gjekk fram. Og endå er eg ikkje komen i mål, men det nærmar seg, sjølv om eg ikkje er heilt nøgd med resultatet.
Men i dag kom eg i mål med eit anna av prosjekta. Å få ny grus på vegen ned til huset. Det er mange år sidan sist, og no trongst det ny grus på den. Det er godt å kome i mål med det. Då får det våge seg om ryggen protesterte svært så kraftig etter kvart. Men det er vel nok eg har skuld i sjølv. eg har vel nytt sofalivet for mykje siste året. Vandraren skulle nok snørt skoene på og teke føtene fatt, så hadde nok ryggen og tolt meir. Så det får vere eit nytt mål utover seinhausten; å ta med meg mi kjære ut å gå nokre dagar i veka.


tirsdag 8. oktober 2013

Å oppdage ei symbolverd

Frå langt attende i min ungdom har eg sett dei, symbola, men igrunnen utan å legge dei noko særleg på minnet. Så fekk eg meg eit yrke som førde meg i nærkontakt med kyrkjeromet, og eg byrja å legge meir merke til dei.  Men det var først under dei to siste dagane på vår første vandring etter Jakobsvegen, at dei steig retteleg fram. Og den utløysande faktoren var tympanumet i Conques. Den seine kvelden eg stod på plassen utanfor kyrkja og høyrde presten legge ut om bileta over kyrkjedøra. Endå eg ikkje skjøna eit ord av hans franske mål. Men det kveikte noko hjå meg. Ei nyfikne på kyrkjekunst og kristne symbol, og den har vakse seg alt sterkare for kvart år sidan. Kanskje er det pilgrimen i meg som stikk hovudet fram?

Vi fekk husrom hjå eit eldre ektepar nede i fransk baskarland, og fekk eit triveleg opphald der. Heimen deira låg oppe i ein åskant eit stykke frå landsbyen. Vi rusla ein tur inn dit i kveldinga for å sjå oss rundt, og vitje kyrkja. Men der var det stengde dører. "Det er ikkje noko problem", sa verten, "Nøkkelen ligg ved portstolpen. Det er berre å ta den og låse seg inn." Og det gjorde eg.
Kyrkja mangla litt på vedlikehaldet. På golvet låg der bitar av murpuss som hadde falle ned frå taket. Dei har vel ikkje så alt for mykje til vedlikehald, små kyrkjelydar på landsbygda i Frankrike heller? Men utanom det, så var det mangt der inne som fanga meg. I koret mellom anna to vakre og fargerike glasmåleri. Det eine fylgjer orda mine her.
Vi ser kvite duer over ein font. Er det ein døypefont? Og på toppen fleire logar som lyfter seg. Begge deler er symbol for Guds Ande. Men mellom duene og logane er eit symbol eg fann att mange stader på vegen mot Santiago. Eit ChiRho teikn, eit symbol forma av dei første bokstavane i det greske ordet for Kristus. Men der er to greske bokstavar til. Ein A og O, den første og siste bokstaven. Starten og slutten. Vert då alt omslutta av dei, alt so er mellom dei to, slik ringen rundt dei viser? Kva er i såfall att utanfor?
Og ein formasteleg tanke. Kva skil i så fall vandraren ifrå pilegrimen?
Er det rett det Maxim Gorki eingong skreiv: " Alle er vi pilegrimar på denne jorda. Eg har jamvel høyrt sagt at i himmelen er sjølv jorda ein pilegrim."


lørdag 5. oktober 2013

Vegen ved krossen

Vi hadde fått ei seng og mat  i den vesle landsbyen oppe i fjellet. Vegboka mi fortalde at landsbyen ei tid hadde vore folktom, at husa forfall og ramla saman. Men no hadde grenda så smått byrja å vakne til liv att. Den hadde opplevd ei oppstode frå ruin og død.
Det var tidleg morgon då vi kom ut i landsbygata, klar for å vandre vidare opp mot toppen på fjellet. Då ser eg, litt attende i landsbygata, krossen teikne seg mot den lysare austhimmelen som raudna av lyset frå den stigande sola, endå var under himmelranda.
Ein pilegrimsveg, ein kross, ein landsby som opplevde ei oppstode, og ein komande ny dag. Der i den mørke landsbygata,  steig dei fram for meg som symbol metta med innhald.
Krossen, det mest kjende av alle kristne symbol. Krossen som fortel om han som fullenda all rettferd, med å gi sitt eige liv som ei soning for all vår urettferd. Til det er eg komen, sa han, det er mi oppgåve.
Landsbyen der dei fleste av husa framleis låg i ruinar, men som så smått hadde byrja å reise seg til eit nytt liv. Og den raudfarga lysstripa i aust som fortalde om at snart byrja ein ny dag for oss.
Den tredje dagen , i solrenninga, vart grava hans tom. Berre likkleda låg att. Oppstoda hans er grunnsteinen i vår kristne tru. Den lovar ein ny start. Etter død og ruin.
Og vegen vi hadde kome vandrande, og som vi snart skulle gå vidare på. Jakobsvegen. Pilegrimsvegen. Eg er vegen, sa han. Gå meg. Gå med meg.
Eg vender meg om og går oppover den mørke gata. Eit stykke lenger oppe når eg att mine medvandrar, og saman går vi opp mot fjellet medan det lysnar av dag rundt oss.

Vandrar eller pilegrim? Vandrar, ja. Framfor ligg mange mil fram til Santiago. Men pilegrim? Jau, også pilegrim. Kvifor? Fordi når vandraren i meg også tek med seg på vegen, Han som sa; Eg er vegen. då skaper Han vandrarvegen om til ein pilegrimsveg. Og vandraren i meg, slik eg tenkjer,  vert omskapt til ein pilegrim som vandrar saman med Han på den lange livsvegen, men og på den kortare vegen til eit heilagt jordisk mål.

Sakte steig vegen oppover mot fjellet der skodda omkransa vegen, skogen og den store røysa under jarnkrossen på Cruz de Ferro. Og medan sola sine strålar braut gjennom skodda, vart tankane mine bytt bort i handling. Ta bilete av oss, høyrde eg frå mine medvandrar oppe ved krossen på den store røysa.

torsdag 3. oktober 2013

Inn i det ukjende

Det var vel heller ikkje heilt i samsvar med sanninga det andre eg skreiv om den lange vegen. At vi kan sjå langt framover på vår vandring. Anten det er etter Jakobsvegen, andre vegar, eller livsvegen, så ser vi ikkje så veldig langt fram. Det kan nok liknast litt med å vandre i eit skoddelagt landskap. Vel kan vi kjøpe  bøker som fortel kva som møter oss framanfor, men likevel så klarer ikkje bøkene å gi eit fullstendig kjennskap til kva som er rundt neste sving eller over neste bakketopp. Erfaringane som vegen byd får vi først nyte i etterkant. Det trur eg vi skal vere glade for. Det er det ukjende som skaper spenninga i vandringa. Det uventa. Det motsette kan lett verte ei bør. Eg har ståande i bokhylla mi Gabriel Scott si bok; Det gyldne evangelium. Den skildrar ei vandring Vår Herre og Sankt Peter gjorde på jord, og der Peter får høve til å prøve ut endringsforslag på Vår Herre sitt skaparverk. Mellom anna får han prøve ut å kunne sjå framover i tid til kva som vil hende. På den måten vil han vere førebudd når det hender. Det går heller dårleg, og det endar med at Peter ber Vår Herre om å verte friteken for den evna. Eg trur vi skal vere glade for at vi ikkje har ei slik evne til å sjå framover, og at det istaden er når vi ser attende at vegen opnar seg i si fulle lengde for oss. Med alt det den gav oss under vandringa. Både dei tunge motbakkane, og dei opne flate viddene.

tirsdag 1. oktober 2013

Motbakkar

Lyg eg ikkje litt når eg påstår at vandringa mi har vore utan motbakkar? Jau, det er nok ikkje heilt i tråd med sanninga. Vandringa etter Jakobsvegen var nok ikkje utan tunge motbakkar. Heller ikkje steineste  og utfordrandre stiar. Slik er det nok også når det gjeld livsvandringa. Den går ikkje berre etter flate landevegen. Eg kjenner dei som har fått oppleve både tunge og steinete motbakkar på si vandring. Både i eige liv og i nær familie. Og eg møtte menneske etter Jakobsvegen som hadde ei vandring i tårer. Livet er ikkje alltidt like enkelt for alle.
Dei siste månadane har vi både sett, lest og høyrt om prøvingar på verdsarenaen som for meg syneste uoverkomelege, og eg må spørje meg" Kvar kjem all vondskapen frå?". Mykje av det grufulle vi ser hender, kjem frå menneske som trur seg å handle på guds vegne. Er gud vond, som mange hevdar, eller er det menneska som har gløymt gud, og gjer seg sjølv til gud? Til herre over andre sine liv og død.
Nei, sanneleg. Pilegrimsvegen er så visst ikkje utan motbakkar.