fredag 8. mai 2009

St.Felix. 12.september 2008


Det ligg morgonskodde i dalsøkka bortover, når startar vandringa frå Montredon.


Det er vorte middagstid når vi kjem opp bakkane til St.Felix.


Kyrkja, ei romansk kyrkje frå 1100-talet har over hoveddøra eit tympanum som viser Adam og Eva i Edens hage.


Kyrkja er ikkje så stor, men har mange av dei draga som eg har sett i dei katolske kyrkjene.
Eg ser og at alterbordet er drege fram frå sjølve alteret.
Dette fordi vatikankonsilet gjorde vedtak om at presten skal stå vend mot kyrkjelyden under messa.
Ikkje som i alle eldre norske kyrkjer, og i dei fleste nyare, der presten står med ryggen til kyrkjelyden under liturgien.


Sjølv om kyrkja er lita, så er det heile 5 heilagfigurar i koret.
I tillegg kjem 3 i glasmåleria. Mellom dei er St. Felix som kyrkja er vigd til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar