fredag 8. mai 2009

Over brua, og opp. 17.september 2008

Det vert ei kald natt i eit gamalt hus. Eg er glad for at har ein varm rygg at med meg.
Verten serverer oss frukost inne i privaten, og han hjelper oss med å finne husrom for neste natt.
Det er ikkje enkelt. Alt er fullt. Men til slutt lukkast det på ein bondegard i nærleiken av Lascabanes.
Vertinna vil plukke oss opp ved Chapelle St-Jean.
Det er 26km dit, men ikkje store stigningane. Vi skal opp i omlag 300m.o.h.

I det vi går forbi eit apotek, viser gradestokken +6. Og når vi kjem ned til Lot, driv morgonskodda på elva.


Vi går langs elvebredden mot den gamle, befesta brua over elva, Pont Valentré frå 1500-talet.


Ho er eit flott syn der ho strekkjer seg over elva i morgonsola, med sine tårn og murar.



På andre sida skal vi først over den trafikkerte bilvegen nedover Lot-dalen.
Og så... så ventar den stupbratte fjellveggen.
Vi finn der stien opp byrjar.
Der er støypt trinn, høge trinn, opp fjellet.
Men der er ingen ting som vernar mot stupet, om vi skulle trø feil.

Vi klatrar oppover og held oss fast som best vi kan.
Trappene går over i sti, men framles er det bratt, både oppover mot åskanten, og utfor kanten.


Til slutt kan vi puste ut. Vi er oppe og ser ned på brua rett under oss.

Vi går bortover åsen og kjem om ei tid fram til den stor krossen, Croix de Magne, som står på kanten av åsen, ute på stupet ned mot vegen og elva.
Her er det gjerde som vernar mot å falle utfor, og ei storslegen utsikt over byen på andre sida av Lot. Den morgonen held vi vår morgonbøn ved krossen.


Vi kastar eit siste blikk mot byen før vi vender auge og føter innover åsen, vidare mot sørvest.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar