mandag 28. juni 2010

Skapinga. Mennesket

Eg ligg på sofaen ei sein kveldsstund.
Framfor meg lyser TV-skjermen.
Det er ein av desse populær-vitskaplege kanalane som er der med eit program om korleis jorda vart til.
Eg høyrer ein fortel om eit kvitt hol der ute.
(Det var nytt. Svarte hol har eg høyrt om før, men kvite hol er nytt for meg.)
Dei kvite hola støyter materien ut. Dei dreg den ikkje til seg som dei umettelige svarte hola.

Det er i desse kvite hola at alt startar, fortel stemma. Der har jorda, månen og planetane sitt opphav.
Ut frå desse kvite hola kom det ein meteorsverm inn mot den unge jorda. Og desse meteorane bar med seg spirane til livet.
Dei sette igong utviklinga av livet på jorda, slik evolusjonslæra har terpa på det i fleire generasjonar alt.

Eg ligg på sofaen og kjenner tvilen reise seg i meg.
Kan dei bevise dette, eller - er det reinspika tøv. Ein ny ide, spunne i hop i hjerna på ein eller annan forskar?

Job tvilte og på Gud og Guds makt, men ut av stormen høyrer han Gud sei:
"Kven er det som gjer mi rådgerd uklår med uklåre ord?
Spenn beltet om livet som ein mann! Så vil eg spørje deg, og du skal svare meg.
Kvar var du då eg grunnla jorda? Sei fram om du har skjøn."

Den andre dag. Glasmåleri frå St.Maria-kyrkja i Kjøpenhavn.

Ein ny kveld, og eit anna program fangar meg.
Nye bilete rullar over skjermen.
Denne gongen er det oss det gjeld.
Homo sapiens sapiens. Det oppreiste mennesket. Oss.
Vi er som menneske mellom 70-100.000 år gamle. Det har dei klart å bevise gjennom beinrestar.
Starten skjedde på sydspissen av Afrika.
Der levde nokre få individ av arta Homo sapiens.
Ein liten rest som hadde overlevd tørke og hungersnaud.
Og der, kva overlevde dei på?
På sjømat, Skjel, fisk, krabbar m.m. Og denne sjømaten, rik på omega 3 og 6, gjorde at hjerna deira byrja å vekse i storleik. Og ved det vart vi til.

Igjen undrast eg:
Kvifor har ikkje då dei menneske som i årtusen nesten berre har ete sjømat, ikkje vorte menneskerasen sin høgste og mest utvikla klasse?
Eller er det noko med teorien som går i tullball?
Er det igjen berre ein teori som dukka opp i ei forskarhjerne, men som det ikkje er råd å bevise?

Og dersom utviklingslæra stemmer, at vi stammer frå apene. Kvifor er det då framleis aper til?
Og kvifor lever det arter av liv i djupet, som ikkje har gått oppover evolusjonsstigen, men har stagnert på eit så tidleg utviklingstrinn?
Kanskje skapingssoga er like sann i sine grunndrag, som desse teoriane som ikkje kan bevisast?

Den sjette dag.

Der skulle vel aldri vere ein skapingsvilje bak det heile?
Ein Gud som; Eg vil - og så var det til?
Ein Gud som sa: "Lat oss skape mennesket i vårt bilete. I vår likning."
Så skapte Gud mennesket i sitt bilete. I Guds bilete skapte han dei. Til mann og kvinne skapte han dei.

Det er in å uttrykkje tvil på Gud og Guds eksistens, i vår tid.
Men er det mogeleg å uttrykkje tvil om sanninga i nokre av vår tids "vitskaplege" teoriar?

torsdag 24. juni 2010

Skapinga: Menneska

Eg er åleine nokre timar.
Mi kjære har reist frå meg for å selje brukte ting på bruktbutikken i Volda.
I grunnen har eg berre godt av å vere åleine. Det får meg til å kjenne at eg saknar henne. Om det berre er for nokre få timar.

Det minner meg om noko Wilfrid Stinissen skriv i ”Sant menneske”.
”Mannen klare seg ikke alene. Han finner det vanskeligere enn kvinnen å klare seg alene. Han trenger en partner. Det er på grunn av mannens utilstrekkelighet at Gud skaper kvinnen.”(Ta den, kjære medmenn.)
Og det seier WS som er kamelittmunk, og har levd i eit mannssamfunn heile sitt vaksne liv?
I det klosteret er det vel ikkje mange kvinner?
Men nett no kjenner eg på at der er ei kjerne av sanning i det han skriv.

For som det står i skapingssoga.
Adam gjekk rundt og gav alle skapningane namn, og det var alltid to av dei. Men sjølv var han einsam.
Og Gud såg mannen si einsemd, og sa: ”Det er ikkje godt for mannen å vere åleine. Eg vil gi han ei hjelp som høver for han.” Og hjelpa vart kvinna.
Og når mannen møter kvinna, så jublar han:” Dette er kjøt av mitt kjøt, og bein av mitt bein. Ho skal kallast kvinne for ho er teken av ein mann.
Her er eit ordspel som vert borte i omsettinga frå hebraisk. ish=mann, ishá=kvinne. Eit ordspel som fortel meg at dei to er likeverdige, om dei er ein han og ei ho.


Dette vakre biletet har eg lånteke frå ei anna side.
Slik ser eg for meg dei to, hand i hand, i Edens hage.

Eg har vel (veit vel) ingen annan grunn å legge skulda på enn syndefallet, for at mannen alt for ofte seier seg å vere den første, største og viktigast, i høve til kvinna.
Men eg er heilt overbevist om det var ikkje tenkt slik frå starten.
Tvert om trur eg at Gud tenkte likeverd, hjelp og støtte mellom dei to.
For å sitere litt meir av karmelittbroren:
”Både for være og forstå seg selv, må man vere to. Mennesket trenger et speil for å se seg selv og vite hvem man er. Man oppdager først seg selv når man kan speile seg i et annet menneskes kjærlighetsfylte øyne.”

Det står skrive at Gud brukte eit av mannen sine ribbein for å skape kvinna. Til det skriv WS:
”Ribbenet sier noe mer om forholdet mellom mann og kvinne. Ribbenet ligger nærmest hjertet. Hjertet kunne ikkje Gud ta, for da ville mannen bli hjerteløs. At Gud nettopp tar et ribben, og ikke en fot eller hodet, viser at det råder likestilling mellom mann og kvinne. Ingen er større eller mindre enn den andre. Dessuten betegner det hebriske ordet ikke bare ribben, men også, og framfor alt, side. Mann og kvinne går side ved side. De er fullt ut jevnbyrdige.”

Den sjuande dag. Del av glasmåleri over skapingsdagane. Frå Skt.Mariæ kirke i København.

Når eg les skapingssoga, og Wilfred Stinissen sine ord til skapinga av dei to første menneska, så høyrer eg gjenklangen av Johannes sine ord:
” Mine kjære, elsk kvarandre. For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar er fødd av Gud.
Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud, og Gud i han.”

onsdag 23. juni 2010

Tiriltunge


Så blømer Tiriltunga.
Det er midtsommarstid.

mandag 21. juni 2010

Skapinga. Gud.

I bibelgruppa eg er med i, dukka ein gong spørsmålet om skapinga opp.
Kva trur vi om forteljinga i 1.Mosebok om korleis Gud skapte verda og alt som høyrer med?
Tek vi den bokstaveleg, eller ser vi på den berre som ei legende?


Vi har i vår tid ei gruppe som står på ei bokstaveleg forståing av skapingssoga.
Så har vi ei anna gruppe som kallar seg kreasjonistar, som prøver å knyte trådar mellom skapingssoga og naturvitskapen.
Og så har vi ei tredje gruppe som legg grunnlaget i det naturvitskapen fortel, og seier at skapingssoga er gamle myter uten grunnlag i den verkelege verda. Desse siste ser heilt bort frå at skapinga har ei kjelde utanfor Big Bang, og hevdar at alt liv har si årsak i tilfeldigheiter.

Eg skal ikkje ta med noko av den etterfylgjande praten, men den førde til at eg på nytt måtte tenke igjennom kvar min ståstad er i spørsmålet om skapingssoga.

Eg klarer ikkje å sjå bort frå kva naturvitskapen fortel om jorda og utviklinga av livet på den.
Men eg finn ikkje at dette kolliderar med mi tru på at bak det heile ligg der ein skapingsvilje.
Ein kan kalle det ei kraft, ein person eller ein Gud.
Person synest eg er eit vanskeleg ord i denne samanhangen, for då tenkjer eg så lett i retning av eit menneske. For denne krafta, denne guden, er langt utanfor mi forstillingsevne.
Men om skapingssoga er ei forteljing som har vorte overlevert gjennom generasjonane, så finn eg likevel ikkje at den kolliderar med naturvitskapen sine forteljingar på ein slik måte at den kan avvisast som ei rein myte.


I skapingssoga er det for meg to ord som reiser seg som monumentale fjelltoppar over dei andre.
Det første er Gud, og det andre er mennesket.
I musikken er der eit omgrep som er kalla kontrapunkt. To tema som spelar mot kvarandre, og i samklang med kvarandre.
Eg opplever desse to orda; gud og menneske som kontrapunkt til kvarandre, både i skapingssoga spesielt, og i heile Bibelen si lange forteljing frå byrjing til slutt.

Medan naturvitskapen startar med Big Bang, så startar skapingssoga med det som var før BB, med Gud.
Gud er for meg opphavet, den kjelda, den krafta som var der før.
Gud er for meg den som trykte på startknappen og sette det heile i gang.


Skapingssoga fortel om ei tomt rom, eit mørkt rom, eit rom der kaos rår.
Men i dette romet kom Gud (Elohim).Guds Ande (Ruach) var der i mørkret over kaosvatnet.
Elohim og Ruach er ikkje særnamn som Per og Kari, men ord som fortel om ein eigenskap hos den som er bærar av ordet. Derfor fortel orda Gud og Guds Ande om ein eigenskap hos denne krafta, denne Gud som var der før alt. Før Gud sa; ”Det verte lys.” Og det vart lys.

På hebraisk er det ordet Shekinah som fortel om dette lyset frå Gud. Shekinah fortel også om ein eigenskap, og kan omsetjast med Guds herlegdom. Shekinah er eit feminint ord. Det vert tenkt som Guds kvinnelege del. Det vert ofte brukt i samband med eit lys eller ei flamme, ein eld. Shekinah fortel at Gud er tilstades.
Døme er den brennande tornebusken, eldstolpen som gjekk føre folket i øydemarka, Guds nærvær i tabernakel og tempel, og lyset over hyrdingane på Betlehemsmarka.
Det finst også andre ord for dette gudslyset. I Salomos ordtak kap.8 vert det kalla visdomen.
Johannes skriv om dette lyset i opninga av sitt evangelium, og koblar det då til Logos. Ordet. Som han igjen koblar til Gud gjennom Sonen, slik vi som kristne ser Gud som ein treeinig gud.
”I Han var liv, og livet var Lyset for menneska.”

Om skapinga starta med Big Bang , og om det tok millionar av år, og om det var ei gradvis utvikling og endring av livet frå ein sped start og fram til oss menneske. Så er ikkje det så viktig for meg.
For meg er det viktige at Gud var der først, og at Gud var den som sette det i gang, og at Gud er den som har styringa av det heile.
Framleis.

Den første dag i skapinga. Glasmåleri frå St. Maria-kyrkja i Kjøpenhamn. Biletet er henta frå Kristelig dagblad.

Uansett om det vert påpeika feil i fortellinga.
Uansett kva naturvitskapen evnar å forske fram.
Uansett om det ikkje er mogleg å finne Guds fotefar i det skapte, anna gjennom tru, så kan det heller ikkje provast at Gud er fråverande i skapingssoga..
Berre alt dette fantastisk flotte samspelet i det skapte, provar ein skapars vilje, og kan ikkje vere eit tilfeldigheitene sitt meinigslause sjangsespel.

Men eg kjem nok ikkje utanom trua.
Som Ivar Aasen skreiv: Nei, vesle vetet det strekk ikkje til. Ei tru må stydje opp under.

søndag 20. juni 2010

Midtsommar?


Eg hadde sett meg godt til rette i godstolen i dag tidleg, då eg såg at eg hadde fått besøk av ein neslesommarfugl.
Han søkte mot glaset og lyset i døra, så eg slepte han ut.
Men det var visst i kjølegaste laget, for han slo seg ned på terasseborda medan han venta på at sola sine varme strålar skulle nå han.


Sidan, på veg til kyrkje, såg eg at vikingen under Saudehornet var dekt av nysnø.
Og i morgon, kl.13.28 er det midtsommar. Sommarsolverv.
Då stig ikkje sola lenger, men byrjar å dale, og dagane vert kortare.
Men den store sommarvarmen, den ventar vi framleis på.

fredag 18. juni 2010

Den gamle kongevegen.

Eg les på Statens vegvesen sine prosjektsider, og i dag på Aftenposten nett, at vegvesenet har planar om å lage ein vandrarveg frå Øye i Valdres, over Filefjell og ned Lærdalen til Lærdalsøyri.
Planen er at den skal fylgje den gamle kongevegen over fjellet frå vest mot aust. Eller motsett.


Marmorsteinen som vart reist då Kongsvegen vart opna på 1700-talet. Den markerte skilje mellom Bergenhus Amt og Akerhus Amt.

Saman med min eldste bror gjekk eg mykje av strekninga frå Kyrkjestølen på Filefjell, over fjellet, og ned dalen til Lærdalsøyri i 2005. Det var for meg ei prøvevandring på kva det førde med seg å gå langt.
Eg rekna strekninga for å vere omlag 6 mil, og planla å bruke 2 dagar.
Det var for optimistisk. Sekken var for tung. Skorna ikkje egna for å gå mykje på asfalt, og etappene for lange.
Men det tok ikkje motet frå meg. Året etter var eg med på opningvandringa av pilegrimsvegen gjennom Valdres. Og i 2007 starta vi på vandringa mot Santiago de Compostela.


Vegen gjennom Vindhella.

Då i 2005 var det berre korte strekningar av Kongevegen som var open for vandring.
Over Filefjell til Maristova, og frå Borgund stavkyrkje over Vindhella og gjennom Galdane. Resten gjekk vi på Europavegen. Ikkje det heilt store.


Olavsklemma, ved inngangen (eller utgangen frå) til Galdane.

Men dette er det vegvesenet vil gjere noko med, slik at det vert ein samanhangande vandrarveg heilt frå Øye til Lærdalsøyri. Flott.
Vonar eg framleis er i alder og form til å gå den, når den eingong vert ferdig.

tirsdag 15. juni 2010

Vikingen

For tre veker sidan fortalde eg om dei to figurane som snøsmeltinga skaper i Vikeskåla under Saudehornet.


Det er kamelen som kjem først i i slutten av mai månad.
Og ser vi på biletet av den, kan vi lenger opp mot Saudehornet, sjå at vikingen er i ferd med å tine fram.


No tre veker seinare er kamelen borte, og i vekene rundt jonsok vil vikingen råde grunnen åleine nokre dagar.
Men ein dag vil også han vere borte for i år. Tina vekk av sommaren sin varme.
Men framleis står han avteikna i snøen, med skjoldet lyft framfor seg.

mandag 14. juni 2010

Runde

Det kom eit brev ein dag. Frå Helse Sunnmøre - Volda sjukehus.
Kva er det no? , var min første tanke.
Konvolutten viste seg å innhalde ei innbyding frå Hjarterehabiliteringa til ein tur på Rundefjellet.
Vi møtest på parkeringsplassern i Goksøyra, stod det.
Og i dag var dagen.
Eg har vore ein del plaga med dårleg pust og hoste i dei siste månadane, og særleg ille har det vore i gråvær.
Men Yr lovde bra vær, så eg var tidleg oppe å sjekka skyene.
Det såg lovande ut.
Men då eg drog, regna det godt.
Her er det best å snu for å ta med regnkle, fann eg ut - og snudde.
Men ikkje lenge etter dukka eg ned i Eiksundtunnelen, med regnklea liggande i baksetet.


Vel framme var mange alt komne - og fleire kom. Så vi var vel omlag 30-35 då vi byrja vandringa innover mot husa i Goksøyra.
Og været såg lovande ut.
Turen skulle gå frå husa og opp i skaret til venstre. Vidare opp på høgste toppen, før vi returnerte langs fjellkanten ned til granfeltet. Og så attende ned i Goksøyra.
Det teikna til å verte ein fin tur.
Og opp på desse fjella på nordenden av Runde hadde eg ikkje vore før.


Her er gjennom sesongen stor trafikk av fugleinteresserte opp frå Goksøyra, så på første stigninga av stien, var det lagt asfalt.
Men jammen var det brattare enn eg kunne hugse. Det kjendest på pusten.


Men etter første stigninga er over, flatar det litt ut. Og om ikkje lenge er vi framme på kanten av fuglefjellet.


Fjellet stuper bratt ned i sjøen her. Men fugl var det ikkje så veldig mykje av.
Men borte i floget ser vi eit parti der det er kvitt av fugl.
Og jammen ser vi og eit par personar som har teke seg ned lia, heilt ned til sjøkanten. Dei er vel ute etter nærbilete av fugl.


Sjølv er eg vel nøgd med det utsnittet telelinsa gjev meg.


Men turfylgje gjer som fuglen. Slår oss ned i grasbakken, under kanten av fjellet. I ly for vinden. Og nyt medførd mat og drikke, og utsikta til hav og øyar framfor oss. Og fuglefjellet bortanfor oss.


Storslegen utsikt sørover bygdene og øyane i Herøy.


Men rett under oss, bryt havdønningen mot klippene.


Desse sauene har lagt seg til i graset ved kanten av floget. Kanskje dei nyt utsikta nordover leia mot Ålesund og øyane lenger ute i horisonten.
Medan andre av flokken hoppa frå stein til stein nede i floget, på leit etter det grønaste graset.


Oppe på høgste pynten vert det oppstilling for gruppebilete, med storhavet som bakgrunn.
Ikkje alle er med her. Nokre avbraut før siste motbakkane. Andre er opptekne av å fotografere gruppa. Som eg.


Så er motbakkane over. Vi vender stega mot lavare lende.
Litt lenger nede ser vi husa ute ved Runde fyr dukke opp. Omkransa av bratte fjellet på ein sida, og havbåra som bryt mot stranda framfor dei.


Men stien vender seg ned lia mot Goksøyra og bilane som ventar på parkeringsplassen.

Regnkleda?
Eg bar dei med meg, men eg fekk ikkje bruk for dei mot regn.
Men jakka var god å finne mot litt kjøleg vind.

søndag 13. juni 2010

Over de syngende øde moer


Over de syngende øde moer
Stien -

Stor
må ensomheten bli
og stille som himmelrendene
før alle føtter i skogen
slår inn på samme sti
over de syngende øde moer.

skriv Hans Børli.

Han var skogen sin diktar, og eg er ikkje skogen sin mann.
Det er i fjellet og ved fjorden eg er heime.
Likevel er det noko ved denne skogen og dei aude skogsmoane si stemme som rører ved meg.
Som dette vesle verset som samlar så mykje visdom i seg.
Der tankane kan finne stiar i så mange retningar.
Men i dag vart det stien tankane feste seg i.

Og sidan denne karen vandrar lite i skogen, så får biletet før vere frå det aude, syngande, fjellet, der den gamle kongsvegen buktar seg fram over Filefjell.
Stien som ligg der og byd seg fram.
Kom og gå meg.

Kva er det med stien som dreg meg til å gå?
Det finst då enklare, lettare måtar å kome seg fram på.
Uten svette. Utan gnagsår, utan å verte trøytt og sliten.
Likevel lokkar stien.

Nokre stiar ligg der mest ubrukte og sier: Bruk augene, sansane, så finn du meg. Om det no er få som går meg, så ligg eg her og ventar på deg.
Andre er slitne av føter i mengder, og ropar etter kvile og ro.
Spar meg. Finn ein annan sti å gå.
Eg er ikkje sti lenger. Eg er eit ope sår.
Eg treng kvile og rekonvalesens.

Stiane ligg der og ventar på oss.
Anten det er i det aude fjell, eller over dei øde syngende moer.
Eller den stien eg /vi har vandra langt i sør.
Gjennom eit framandt landskap.
Stiar skapt langt attende i tida av nokre som ville gå til ein heilag mann si grav.
Stiar skapt av menneske og dyr som vandra i kvarandre sine spor.

lørdag 12. juni 2010

Eg - ein pilegrim?

Det er laurdag, og det regnar ute.
Og eg?
Eg sit Pc´en på fanget og les nettaviser.
På danske Kristelig Dagblad dukkar det opp ein artikkel om pilegrim kontra vandrar.
Og det spørsmålet har eg enno ikkje klart å finne svaret på.
På vår --- etter kvart årlege fottur --- er eg då ein vandrar?
Eller torer eg å sei om meg sjølv at eg er ein pilegrim?
Den danske pilegrimspresten set denne definisjonen på pilegrimen, kontra vandraren.


Hvad er forskellen på vandring og pilgrimsvandring?
Ifølge pilgrimspræst Elisabeth Lidell handler vandring om at komme fra A til B. Pilgrimsvandring inddrager en yderligere dimension.

Når man vandrer som pilgrim, føjer man en ekstra dimension til den ydre fysiske vandring. Længslen efter en åndelig destination er en del af rejsen
Den ydre, fysiske vandring hører sammen med den indre, åndelige vandring: længslen efter Gud. Du bevæger dig ikke bare fra A til B men vandrer sammen med Gud

Pointen er, at det nogle gange er vigtigt at flytte sig fysisk for at flytte sig mentalt eller åndeligt. Pilgrimsvandringen er derfor langt mere end blot en fysisk vandring.
Når man går som pilgrimsvandrer, går man med Gud. Man vender sind og tanker opad, fortæller Elisabeth Lidel


Vart eg noko klokare?
Eg er ikkje sikker ---
for eg må nok erkjenne at det ikkje er tanken på Gud som har vore mest framme i meg under vandringsvekene.
Det er nok heller trivielle ting som vegen, maten og kvila.

torsdag 10. juni 2010

Å, for ein strålande morgon..


For mange år sidan. Den gong då eg framleis var ung, såg eg filmen Oklahoma.
Der var det ein song som beit seg fast i meg.
Refrenget er slik:
Oh, what a beautiful mornin', Oh what a beautiful day.
I got a beautiful feelin'. Ev'rything's goin' my way.

Dette var ein slik morgon.
Og det er ein slik dag.
Sol.
Klår himmel.
Vindstille.
Fuglar som syng i trea.

Då er det godt å kunne sitje i solvarmen, med kaffikoppen og ei bok.
Lese litt, nyte litt kaffi.
Men mest drøyme seg vekk og nyte stilla og freden.
Medan fjella kviler i soldisen. Langt i det fjerne.


Å, for ein strålande morgon, å, for ein strålande dag.
Strålande glad kan eg kjenna: lukka og eg er i lag.

tirsdag 8. juni 2010

Herøyholmen


Overgongen frå vår til sommar er tida for utflukter.
Først ute i år var Y´s Men´s klubben med fylgje. I år gjekk turen til Herøy gard og gamle Herøy kyrkjestad på Herøyholmen.
For den gamle middelalderkyrkja i Herøy stod på ei liten, naken holme. Midt i skipsleia langs kysten.
Her er nokre av fylgjet på over brua til holmen og Herøy gard. Ein gamal handelsstad på ytre søre Sunnmøre.
Været var varmt og vindstille, men lenger aust i sundet bles nordanvindan kaldt.


Oppe på haugen, aust på holmen, låg den gamle marmorkyrkja.
Utan kyrkja var der inga busetnad på holmen, før handelsstaden kom på 1700-talet.
Og eg undrar meg: Kvifor vart ho reist her yst ute på ein naken holme, og ikkje nede i søkket der handelsstaden ligg? Der er det då mykje lunare i høve til vær og vind.
Men der oppe på haugen får vi høyre soga om kyrkjene i Herøy.
Frå den første ..


Til den andre, som vart reist like nedanfor haugen, etter at steinkyrkja vart teken ned i 1860. Men denne vart ikkje gamal. Alt i 1916 var den flytta over sundet til Bergsøya. Der den fjerde kyrkja står idag. Den tredje brann for nokre få år sidan.


Tomta for den gamle kyrkja er markert med heller i graset, og den gamle altersteinen ligg på eit nyreist alter.
Men vi vandrar bort frå det gamle, inn i nyare tider.


Men først får vi ei stans på den gamle kyrkjegarden...


Ved grava til Anna og barnet.
Ei forferdeleg soge om ei kvinne som skulle føde sitt sjuande barn, men døydde under fødslen, ... og vart gravlagd.
Men så var ho ikkje død likevel, og ho fødde sitt barn der i grava.
Medan det stod på, høyrde ein mann gråt frå grava, og det vart sett igong arbeid for å opne grava att. Men det vart forseint for både mor og barn. Dei var begge døde før hjelpa nådde fram.
Dette skulle ha hendt i 1841, om det er sant då?


Men så er vi attende i vår eiga tid, og medlem av klubben, Peter, skal fortelje om lokalhistorikaren og forfattaren Bjarne Rabben.
Vi samlast på tunet av den gamle handelsstaden, der fleire er i gang med å nymåle bygninga.


Peter har mykje forvitneleg å fortelje, men så får han hjarteproblem, og sig saman.
Heldigvis står der ein doktor i ein stige like ved, og det vert sett igang hjelpetiltak med ein gong.
Ambulanse og helikopter vert bodsendt, og kjem raskt tilstades med hjelpeutstyr og øvde personale.


Og vi andre, vi kan berre stå ottesame og fylgje med i det livreddande dramaet som spelar seg ut for augo våre.
Men dei lukkast med livreddinga og får han stabilisert.
Og medan helikopteret tek han til Volda sjukehus, held doktoren fram med målinga av husveggen, og vi forflyttar lenger aust i sundet til nordanviden og Lanterna kafe, og .. kjøtsupe med kaffi og sjokoladepudding til dessert.

mandag 7. juni 2010

Ulf Ekman

Eg har i nokre år no, meint at tre store ulukker har råka den kristne kyrkja.
Den første ulukka hende under kyrkjemøtet i Nikea på 300-talet då dei aust-ortodokse kyrkjene vart skuve ut i kulden fordi dei ikkje var rettruande nok.
Den neste store ulukka hende då dei gresk-katolske og romersk-katolske ikkje kunne einast om eit ord i truvedkjenninga, og skilde lag.
Den tredje ulukka hende ved reformasjonen, der Zwingli og Luther valde å bryte med romar-kyrkja.
Og vi held fram med å skilje lag.
På protestantisk mark finst dei eit utal kyrkjer i verda idag. Og mange reknar andre kristne for å vere vantruande.
Vi skulle vere eit, sa Jesus. Men er det noko vi kristne har demonstrert, og demonstrerar, så er det at eit - det klarer vi ikkje å vere.
Syrgjeleg er det.

Men no les eg denne morgonen at Livets Ord pastoren, Ulf Ekman, har kome til det same som eg, at vegen framover går ikkje gjennom å skape nye kyrkjer. Men å samlast igjen i den eine urgamle, universelle, kyrkja. Den kyrkja der Jesus ba oss om å vere eit - og å elske kvarandre.
Eg får vel sei; Velkomen etter.
Men dit er det nok ein lang veg å gå.
Desverre.

lørdag 5. juni 2010

Eit bilete av Gud?

Eg les i media at SV og grupper innan AP, med sterk støtte frå media og sentralt plasserte personar innan regjering og statsmakt, ynskjer ei endå sterkare sekularisering av det norske samfunnet.
Gud skal berre vere tilstades i den private sfære. Og for å få det til, må religiøse symbol, i alle fall kristne og jødiske, bort frå det offentlege rom som skule og barnehagar.
På motsett side av det religiøse, vert det nye og sekulære samfunnet sikra rom gjennom at homofile og andre nymotens samlivsformer vert framheva som likeverdig med det familiesynet som har vore samlande i landet vårt gjennom årtusena.
Og i dette spelet er borna ei viktig målgruppe, for det er gjennom å påverke og endre borna sitt syn at det nye sekulære samfunnet skal formast.
På same måte må liberal teologi framelskast, medan den gamle (konservative) teologien og livssynet er samfunnsfiendtleg og må trykkast ned.
Les eg mellom linjene.

Det synest meg som at dei prøver på det same som sovjetmakta prøvde på i 70 år utan å lukkast. Å skape ein stat der Gud er radert bort frå samfunnet.
Og eg undrast.
Kva slags bilete er det dei har av Gud.?
Det kan ikkje vere noko særleg positivt, så mykje arbeid som dei legg ned for fjerne han frå vårt folk.


Eg tok eit bilete av eit lite myrhol, inne i ein skog.
Vatnet var mørkt, og i ferd med å turke inn.
Graset rundt var brunt og visent.
Ingen grøn og frodig grasbakke som innbaud til rast og kvile.
Bak stod granskogen mørk.
Mørket der inne vart berre brote av nokre lysstrålar som braut seg veg mellom greinene på trea. Eg kunne sjå refleksar av dette lyset spegle seg i det mørke vatnet.

Er det slik deira gudsbilete er?
Då er det kanskje ikkje så rart at dei ynskjer å fjerne det religiøse, og Gud, frå det offentlege rom, og frå den oppveksande slekt.

Men er dette biletet av Gud sant?
Det er i alle fall ikkje det biletet eg har av Gud.
For Gud er då så mykje, mykje større og annorleis enn bilete av myrholet fortel.