lørdag 2. mai 2009

Over høgsletta (3) 28.august 2007

Etter 3km dukka Nasbinals opp.
Vi rundar kyrkja og finn oss ein plass på torget bak den.
Damene nyttar høvet til å proviantere,og forsvinn bort gjennom gatene.


Sjølv tek eg ein liten sightseeing rundt kyrkja.
Prøver å kome inn, men finn at døra er stengd.
Franske Marie fortel meg seinare at eg hadde nok ikkje brukt nok kraft i mitt forsøk, for ho hadde vore inn.
Eg er kanskje noko så skjeldan som ein varsam sunnmøring?
Eller er det kreftene som er for små, tru?
I staden beundrar eg kamskjel-merket framfor kyrkjedøra.


Men vassfontena på torget vart eg ikkje heilt trygg på, sjølv om det stod skrive at det var vatn ein kunne drikke trygt.


På veg ut av byen passerte vi eit buss-stop.
Det gav og oss ei påminning om kor langt vi var komne, og kor langt det var att.
78 km til Conques, 640 til Roncevalles og 1396 Santiago de Compostella.
Det vert nokre steg før vi er i mål.


Men vi får og denne helsinga med når vi forlet byen.


Det er 9 km frå Nasbinals til Aubrac, og vegen stig frå 1180 til 1307 m i Aubrac.
Regnet som værmeldinga truga med, kom ikkje. I staden vart det sol frå klår himmel frå morgonen av, men heldigvis, ikkje så varmt som dagen før.



Landskapet fram til Aubrac er det same opne fjellandet som dagen i går synte oss.


Men heilt audt er det ikkje. Vi ser flokkar av beitande kveg.
Men dei gardane som har vore der tidlegare, er det berre grunnmurane av husa igjen av. Det er visst stordrifta som rår grunnen her.


Rett før Aubrac når vi høgste punktet på 1340m.


Så dukkar Aubrac opp.


Ei flott St.Roch fontene syrjer for at vi får sløkkje tørsten før vi ruslar inn mellom husa.


Vi trudde Aubrac var ein liten by, men det syner seg å vere berre ei lita klynge med hus rundt eit gamalt pilegrimsherge.
Det vart bygt på 1100-talet. Desse aude traktene var tilhaldsstad for røvarbander. Det vart derfor reist eit kloster her som og hadde vepna riddarar for å verne vegfarande. Og for å hjelpe vegfarande i uvær.

Ved eit hotell fekk vi bestilt oss ein pilegrimslunsj. Den unge jenta som serverte rekna nok med at desse vandrarane var svoltne som ulvar, for det vart i mesta laget. Først kom ho med to store terrinar med kjøtsuppe, som vi forsynte oss litt for grundig av. For etterpå kom ho med to store fat med salat og andekjøt.
Så då vi ikkje orka meir mat, var det framleis mykje att. Ho undrast på om vi ikkje likte maten sidan det var så mykje att.
Med hjelp av Marie, som var komen til, prøvde vi å forklare at slik var det ikkje. Vi hadde berre ikkje plass til meir.
Det heile enda med at Michael, som og var komen til, fekk seg eit gratismåltid.


I eit hus er det tilbod om overnatting, men Torbjørg er noko tvilande til standarden.



Aubrac sin start var dette klosteret. Tårnet nærast er "Det engelske tårnet". Der er i dag eit pilegrimsherberge, med sengeplassar oppover i bygget.



Etter Aubrac går det nedover i 8 km gjennom skog til St.Chély´-d'Aubrac på 808 m.o.h.
Aubrac var den høgste byen på ruta før vi kjem til Pyreneane.
No skal vi ned i dalane langs elva Lot.



Lia var bratt ned, og då gjer det godt å strekke ut kroppen, og ta ein liten rast i skuggen.






Seint på ettermiddagen er vi nede ved hospitset vårt i St.Chély´-d'Aubrac.
Det vert kveldsmat på romet, før vi kryp i silkeposane, og dreg teppa over oss.





Nasbinals




Etter Nasbinals gjekk vi inn i ein ny region, Midi-Pyrénées.


og inn i departementet Aveyron

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar