onsdag 29. juni 2011

Monasterio de San Marcos - Parador Nacional

1-2. juli 2011

Det vart ein stans med overnatting i Leon, på turen attende til heimegrendene.
Årsak:
Monestario de San Marcos, som no også innheld - utanom ei kyrkje og eit lite museum - Parador Nacional Hotel.
Der hadde mine medvandrar tinga oss rom for ei natt.



Kyrkja og museumet har inngang i eine enden av den store bygninga.



Der er ein smijarnsvegg mellom skipet og koret i kyrkja.
Vi har sett mykje flott arbeid i smijarn langs pilegrimsvegen.Både i kyrkjer, på offentlege bygningar og private heimar. Reja er det kalla på spansk.



Bygninga var tidlegare eit kloster, som og var ope for pilegrimar på veg mot Santiago. Eit pilegrimsherberge.
No har staten overteke dei gamle pilegrimsherberga og gjort dei om til ei kjede av flotte hotell. Parador Nacional.
Rosevindauget i kyrkja syner tilknytinga til Santiago. Kamskjela som krinsar vindauget, og Jakobskrossen, ein sverdkross, i midten.


St. Jakob finn vi og utvendes på bygninga, men der er det Jakob Matamoros, med lyfta sverd, som er avbilda. Ikkje pilegrimsvandraren med stav i hand.
Tilnamnet matamoros kjem frå tida då kampen for å drive bort det muslimske riket i Spania gjekk føre seg. Då oppstod legenda om Jakob på den kvite hesten, som reid først i slaget. Mata tyder å drepe, og moros er maurarar eller muslimar.


Bygninga er forma som eit åttetal. I romet nærast kyrkja, er der ein vakker klosterhage.


Det er ein litt annan stil over dette herberget vårt, enn dei vi tidlage har nytta under vandringa. Sjølv om nokre av dei har vore svært bra.


Ute på den store plassen framfor bygninga, sit der ein pilegrim og kviler ryggen mot ei søyle. Mine medvandrarar set seg og ned og held han med selskap.


Men alt har ein ende.
Vi har gjort vår siste vandring opp gjennom byen til katedralen på Plaza Regla, og vi har nytt vårt siste måltid med cecina på Plaza de los Guzmanes.
Også denne vitjinga i Leon, og på Paradoren, er over.
Sekkane er komne på ryggen att, og neste mål er bussen til Madrid.

tirsdag 28. juni 2011

Astorga

31.mai 2011


Siste vandringsdagen rann med sol og blå himmel.
I vest over Leon-fjella låg der enno nokre skyer etter gårsdagen sitt regnvær, men det teikna til å verte endå ein fin dag.
Frå verandaen utanfor hostelromet, kunne eg sjå bortover gata mot skogholtet og brua over elva. Og over trea skimta eg tvillingtårna på katedralen.
Det ville verte ei kort vandring denne dagen, berre fem kilometer pluss vandringa i bygatene.


Morgonsola strevar litt med å løyse opp skyene austanfor oss, der vi vandrar forbi kyrkja og ut av landsbyen.


Vel over brua og gjennom skogholtet, opnar sletta seg fram mot Astorga, og den gamle bydelen som ligg oppe på ei lita høgd.


Vegen går ikkje strake vegen. Han kronglar seg fram både i krok og krik.
Over ei gamal bru ..


...og opp - og ned - gjennom eit underleg byggverk av ei gangbru over jarnbanelinja.


Oppe på høgda i Astorga ligg pilegrimsherberget, og utfor står denne vandraren som ikkje har sekk, men koffert på ryggen.
Vi leitar opp turistkontoret, og får ei oversikt over hostel i byen. Etter litt telefonering får vi napp, og kan leite opp eit husvære for komande natt.
Ikkje så langt frå pilegrimshospitset.


Lenger borte i byen, side ved side, ligg dei to bygningane som har første prioritet av det vi ynskjer å sjå. Antonio Gaudi sitt byggverk, Palacio Episcopale (biskopen sitt palass) og katedralen Catedral de Santa Maria.


Først katedralen.
Frå ei sidegate får eg med meg litt av vestfronten, men det eine tårnet vert borte bak gatehjørnet.



Tympanumet over døra skildrar når Jesus vert teken ned frå korset, men resten har eg litt vanskar med å tolke. Det på venstre sida skal vise ein knelande St. Roch framfor Jesus. Men her er så mange ulike personar og detaljar samanvevde at eg klarer ikkje å sjå kven og kva det handlar om. Men under scena til venstre står det "Pietas"(tilbeding) og under det til høgre "Innocentia"(uskuld).




Innvendig er der, utanom høgalteret, fleire sidealter.
Maria er tilstades på mange av dei. Men vi finn og Peter og Paulus, og sjølvsagt Santiago.


Over døra på sydveggen finn vi Maria som vert krona.


Vi finn oss ein restaurant ved katedralen. Det er ein litt kald vind ute, trass i sola, så vi søkjer inn. Som vi sit der og nyt vår kaffi med noko attåt, står Reidun med eit ved bordet.
Ho hadde gått vel ei mil vidare frå Astorga, og så teke drosje attende.
Brått ringer Reidun sin telefon. Det er turistkontoret. Ein drosjesjåfør har vore innom med ein portemone. Saknar ho sin?
Ho gjer ikkje vegen lang til turistkontoret som ligg berre nokre få hus frå restauranten. Når ho er attende vert spørsmålet om korleis ho skal få takke sjåføren, aktuelt.


Noko seinare sit vi ved eit bord tett ved katedralen. Då ser vi eit ungt par med to born vandre forbi. Eg komenterar at det er ikkje alle pilegrimar som er så gamle, og undrast på om eg skal ta med eit par barnebarn neste gong. Men mi kjære trur ikkje det er nokon god ide.


På veg attende til husværet vårt, støyter vi på paret med borna igjen. Reidun tek kontakt, og så viser det seg at dei er frå Isfjorden. Dei går ikkje heile vegen men tek og buss inni mellom.
Det er ved ein drosjehaldeplass vi står og pratar med dei.
Ei drosje køyrer ut, og sjåføren i den neste stig ut og rullar bilen fram. Så går han bak, opnar bagasjeromet og tek ut ei flaske.
Kjem så bort til oss og rekkjer Reidun ei flaske frå Sylte Mineralvatn.
Det er sjåføren som hadde køyrt henne tidlegare på dagen, og då er problemet med takk løyst, og takkeklem vert utdelt til ein del lått frå dei som står rundt.





Palacio Episcopale må vi og vitje. Eit spennande bygg i jugendstil, både ute og inne. Diverre var der fotoforbod, så eg har ikkje bilete frå det vakre indre av bygninga.


Vi møtte Eli att her i Astorga. Ho skulle vandre vidare over Leon-fjella og inn i Galicia.
Vi derimot, avslutta vandringa her. Fjella og Galicia får vente til neste år.

Dagen etter, den 1.juli byrjar vi på vår lange heimreis. Først med buss til Leon og med overnatting på Paradoren. Så ny buss inn i natta til Madrid og resten av natta på flyplassen der. Derifrå fly til Dusseldorf og mange timar der før eit nytt fly tek oss vidare til Gardemoen. Og så til slutt buss gjennom ei ny natt, over fjella og heim.



Busstasjonen ligg utanfor bymuren, og vi får eit siste glimt av katedralen og biskopen si borg, før bussen køyrer oss til Leon neste dag.


Og på eit av katedralen sine spir helsar Pero Mato oss velkomne attende neste år.

Pero Mato er ein legendarisk helt(frå den lokale folkestamma i fjella; maragatos) som kjempa saman med Santiago mot maurarane i slaget ved Clavijo i det 9.århundret.

Astorga sitt våpenmerke

mandag 27. juni 2011

Inn mellom åsane

30.mai 2011


Himmelen syner at noko er på veg, når vi forlet Hospital de Orbigo denne morgonen.
Reidun forlet oss om morgonen. Ho ville gå fram til Astorga denne dagen, og så gå vidare eit stykke opp mot fjellet neste dag. Før ho returnerte attende til Astorga for å møte oss igjen der.



Framme i Villares de Orbigo tek vi ein god rast på gata utanfor baren.
På veggen av herberget heng klesvasken til tørk.
Det er fleire vandrarar som både kjem og gjeng vidare. Tre kvinner dukkar opp, og når dei høyrer vi snakkar, gir dei seg i prat med oss, og så syner det seg at dei er frå sveariket, nabolandet i aust.


Men kva slags feiring som er bakgrunnen for dette, får eg ikkje kjennskap til.



Vi er komne vestanfor den flate sletta no.
Det går både opp og ned mellom dei lave åsane.


Så dukkar neste landsby opp, Sanitibañez de Valdeiglesias.
Kyrkjetårnet, eller rettare; kyrkja sitt klokketårn, ragar opp over hustaka.


Det er visst meir dyrehald enn korn her inne mellom åsane.
Ei gjetar kjem gjennom gatene med saueflokken sin.



Eg stiltrar meg inn for kyrkjedøra, og hamnar midt i gudstenesta, der presten er i gang med nattverdsliturgien.



Etter gudstenesta hamnar vi utanfor baren og nyt sola og freden.
Nokre pilegrimar vert ståande å sjå på kuflokken som vert dreven forbi, og eg nyttar høvet til eit situasjonbilete.


Eit par unge amerikanarar kjem og går inn i baren. Då dei kjem ut at vert eg merksam på deira noko uvanlege vandrarsko. Slike har eg ikkje sett før.
Dei er gode å gå, men ein treng litt tilvenning, då dei har så tunn sole, fortel dei.
Det er som å gå berrføtt utan å vere det.





Så er det inn mellom åsane att.
Det har vorte fleire pilegrimar no etter Leon. Til tider er det heile fylgja som dreg forbi oss.





Men stien er god å gå, sjølv om det i nedoverbakkane er litt små rullestein.
Skyene tek etterkvart meir dramatiske former, og vi byrjar høyre tora slå i det fjerne.


Ein pilegrim har vore ute og gitt ei melding.
Eg kan berre samtykke i meldinga.
Det er ikkje kor langt ein klarer å gå på ein dag, som er det viktigaste.
Men at ein har eit tempo ein kan trivast med, og at ein gir seg høve til å oppleve det som omgir pilegrimsvegen.
Mange går så fort fram at dei går forbi, ser ikkje, dei små gledene langs vegen.
Det har pilegrimsvegen lært meg etter fem år med vandringar.


Framme på åskanten ser vi Astorga for første gong, men over byen ligg der eit grått teppe av regn.


Der vegen bikkar utfor åskanten ned mot landsbyen vi skal overnatte i, San Justo de la Vega, står ein stor kross til minne om Santo Toribo. Ein biskop til Astorga i det 5-århundre. Han kom på kant med folket, og måtte forlate staden. Her oppe på åskanten tok han av sandalane sine, riste dei og sa at ikkje eingongen støvet frå Astorga ville han ta med seg.

Nede i bakken fell dei første regndråpane. Vi leiter fram regncapane og får dei på oss.
Men 200 meter seinare er regnet over. Og det vart det regnet vi kom utfor under vandringa dette året.
Det har regna tidlegare. Regna mykje og, men då har vi vore under tak.


Dei er glade i å flagge offentleg, spanjolane.
Heime kan det hende vi finn kommuneflagget på rådhuset.
På rådhuset i San Justo de la Vega er der fire flagg. Her frå venstre: Regionflagget for Castilla y Leon, det spanske nasjonalflagget, provinsflagget for Leon og så kommuneflagget.
Mange har og eit femte flagg, EU-flagget.


Landsbyen si kyrkje er utvendig ei blanding av gamalt og nytt,
Klokketårnet er frå ei tidlegare kyrkje, men skipet kan ikkje vere mange åra gamalt.
Eg går rundt den, og prøver døra, som sjølvsagd er stengd.
Men eg ser gjennom vindauga at ho har nokre fargerike glasmåleri.
Ho ser i det heile teke spanande ut, men kva hjelp er det i det når eg ikkje kjem meg inn.


Litt ut på kvelden er eg på hospitsromet. Då byrjar kyrkjeklokkene å ringe.
Kyrkja må vere opa no, seier mi kjære.
Eg triv kameraet og er raskt ute av døra.

Eg prøver kyrkjedøra. Jau, ho er opa, og eg smyg meg innanfor.
Inne i kyrkja snur nokre eldre kvinner seg og ser undrande på framandkaren som kjem inn døra.
Eg helsar dei med eit lite smil og eit nikk, og finn meg plass på ein av dei bakre benkane i skipet.

Eg ser at her er berre kvinner. For det meste eldre, men og nokre unge.
Dei berre sit der, stille i benkane.
Torbjørg og Bodil kjem inn og set seg ved sida mi, medan stadig fleire kvinner kjem inn, helsar kvarandre, og finn seg plass i benkane.

Minutta går medan eg syg inn inntrykket av romet. Enkelt, vakkert, men og med store kontrastar i utsmykkinga.
Fondveggen minner meg om fondveggen i Vartdal kyrkje heime med si enkle skildring av scener frå Jesu liv. Medan vindauga strålar nonfigurativt i sterke og klåre fargar, og den skulpturelle utsmykkinga er noko midt i mellom.

Ei kvinne går inn i eit siderom, kjem ut at og går fram til korpartiet. Tenner lysa på alteret, slår på ein mikrofon, og opnar ei tekstbok på lesepulten. Går så og set seg nede i benkane.
Så kjem det ei kvinnestemme over høgtalarane og byrjar lese ei tekst, og kvinnene fell unisont inn.
Eg skjønar nokre av orda, og det går opp for meg at det er eit Ave Maria som vert lese, og som vert teke opp att gong etter gong, som bøneperlene på ein rosenkrans.
Og heile tida kjem det nye kvinner inn døra. Gjer ei lita knebøying, korsar seg og finn seg ein plass i benkane, og fell inn i koret av kvinnestemmer.

Vi reiser oss stilt og smyg oss ut døra.
Ut på trappa møter vi presten på veg inn, og nokre menn som har venta på han ute.


Det rører seg ei undring i meg, vestlandspietisten, der vi ruslar attende til hostellet.
Ei undring over kor ulikt tru kan uttrykkast, alt etter kva samanheng ein står i.
Og var kvinnemøtet i kyrkja, før presten kom og forretta messa for dei, mindre verdt enn eit bønemøte heim før eit kveldsmøte på bedehuset?
Det eine med ei fast bøn som vart repetert gong etter gong, i motsetning til den frie bøna heime, som også har sin faste liturgi i kva det skal beast om.
Der har og pilegrimsvegen endra meg. I dag er eg nok mykje mindre pietist enn eg var, og meir open for at andre kan ha ei likeverdig tru. Trass i at vi kan uttrykke den noko ulikt, både i ord og symbol.



Frå Hospital de Orbigo til Astorga gjekk vi den merka caminoen. Mellom Virgen de la Camino og Hospital de Orbigo gjekk vi ei anna rute enn vist på kartet.

San Justo de la Vega sitt våpenmerke