onsdag 26. august 2009

Onsdag. Siste morgon på St. Olav.

Denne morgonen er ikkje husa i åsen over elva farga gylne av morgonsol.
Himmelen som kvelver seg over byen og fjorden er grå.
For meg er det siste morgon i 9.etasje i Høgblokka på St. Olav Hospital.
Om ikkje mange timane vert eg køyrd i ambulanse nokre få hundre meter nærare fjorden til St. Elisabeth sykehuset for innlegging der og bypassoperasjon i morgon.

Eg vart spurd i går kveld om eg ville ha ein innsovningstabelett. Eg takka for tilbodet men sa det gjekk greit utan. Og det gjorde det. Eg har sove godt og roleg.
Men tanken på kva som ventar er der.

-Kor stor er prosenten for at det ikkje vert vellukka? spurde han legen.
-Å den er ikkje stor. 1-1000.
-Kva nummer i rekka er eg då? Kor mange har de operert sidan den siste som ikkje vart vellukka?

Prosenten for at går bra er mange og nitti, men ingen er garantert eit godt resultat.
Den tanken har eg nok med meg, sjølv om eg kjenner meg roleg og trygg.
Og i dag kjem Bodil. Det gler eg meg til. Eg har sakna henne.

Dei tre andre har og sitt i dag.
Ein skal på benken for undersøking av årane. Kanskje gjer dei seg ferdige med litt utblokking, og så får han reise heim til hunden sin.
Den andre som framleis søv tungt ved sida mi, skal til gastroskopi, for å sjå om det er i magen problema hans ligg. Han har det travelt i sykesenga. Driv firmaet sitt derifrå, så for han er det ingen ferie.
Den tredje får ein kviledag, før han skal på ny utblokking i morgon. Helsa hans gjorde at dei fekk ikkje gjer seg ferdige i første inngrepet.
I korridoren er sengene borte. Dei som låg der har nok seg plass på roma.
Og i dag vert mi seng ledig for ein ny mann.

tirsdag 25. august 2009

Tysdag. Beskjeden

"Kan eg gå ned i første til kiosken og finne meg noko å lese i?"
"Nei, det får du ikkje. Ikkje uten at vi er med, eller vi kan gå for deg."
"Nei vel. Då får det vere trur eg. Eg er vanskeleg på lesestoffet, og de har nok å gjere."

Ho smiler og seier at dei fylgjer meg gjerne, men eg får ikkje lov å gå utanfor avdelinga utan fylgje. For, eg kan få eit infarkt og då må dei vere der så dei kan gi meg hjelp.

Det har så smått byrja å gå opp for meg situasjonen min er ikkje heilt Ok, sjølv om kjenner meg heilt på topp. Frisk som ein fisk. Skjønt, dei er visst ikkje så friske alltid dei heller.

Tenk om det hadde hendt midt nede i Frankrike, på ei aude strekning der. Det hadde vorte krise det. Og eg som trudde at det var eg som var den sprekaste. Dette skulle han visst fastlegen min då eg spurde han på siste kontrollen om eg kunne ta turen. Ja, berre reis, sa han, det er det ingen ting i vegen for.

Eg har henta meg ein kaffikopp og ein pakke kaffisukker. Sit på stolen ved senga og skal nyte den. Då står ho ved sida mi att.
"Det vert torsdag. I morgon formidddag vert du overflytta til St. Elisabeth."
Og reaksjonen min er:- "alt torsdag".

Ho gir meg ei briefing over kva som skal gjerast før morgondagen og spør det spørsmålet eg ofte har høyrt i TV: "Korleis følest det no? Kjennest det greit ut?"

Og det gjer det. Det kjennnest greit ut. Eg har inga uro i kroppen for det som ventar. Kanskje eg er dum som ikkje har det, men eg er roleg og trygg, sjølv om eg veit at inngrepet ikkje er utan risiko.
Og i morgon kjem Bodil oppover og vert verande til vi reiser heim saman.

Så vert eg henta ned til ultralyd-undersøking av hjartet. Og det er heilt perfekt, ingen lekkasje i hjerteklaffane og hjertemuskelen fungerar som han skal.
Ho spør om eg vil ha med meg ein attest på eg ikkje er hjertelaus. Eg takkar ja, men den vert gløymd når eg går derifrå.

Så dukkar fysioterapeuten opp med sin informasjon om kva som er viktig etter operasjonen.
Men til neste punkt får eg ikkje gå: Ingen hjertepasientar får gå ut av avdelinga, seier portøren. Eg var då nettopp ute og gjekk i trapp.
No vert eg trilla i stol ned til røntgen i første og fotografering av lungene.
Men på veg opp igjen, greier eg å overtale han til ein liten omveg inn i kiosken ved hovedinngangen. Så får eg finne meg ei bok til dagane som kjem, og det utan å plage dei på avdelinga.

No ventar EKG, men den tek dei vel her i avdelinga, reknar eg med.
Og det gjer dei, men etterpå vil ho skifte kanyla i handa. Men det vert ikkje enkelt. Først stikk ho, og bommar tre gonger. Så er der ein elev som prøver seg og bommar. Ein ny pleiar verte henta, og ved andre forsøket hennar lukkast det.
Eg kan ikkje la ver å erte dei litt undervegs, men det er vel ærekjensla deira som er mest såra, trur eg.

Nedtellinga er i gang.

Tysdag. Eg skriv.

"Morning has broken" Slik opnar ein av desse nye songane eg er glad i.
No har morgonen brote ut over byen ved fjorden. Ein ny ny dag bankar på.
Klokka går mot 7, Eg høyrer duren av toga på andre sida av elva, under åsen der husa alt har misst den gyldne morgonfargen.

Ulstein heiter ho som har passa oss i natt, og er frå Ulstein.
Vakna i firetida av noko rørde meg på skuldra. Og der stod ho smilande bøygd over meg. Ei av ledningane på bringa hadde falle av og måtte festast igjen.

Tok meg eg ein liten tur over korridoren når eg først var vaken. Det var halvmørkt der, og nattestillt i dei mange sengene som står langs eine veggen.
Det var ingen kø på toalettet i natt. Her er eit (ei skål) for menn og eit for kvinner pluss eit på deling for dei som treng større rom rundt seg når behovet er der.
Men det vert forandring når avdelinga flyttar inn i nybygget i april. Der vert det einerom med dusj og toalett, fortel dei her, og gler seg til å flytte.
Då skal alt samlast på ein stad. Også det på ST. Elisabeth.

Kvifor skriv eg og legg det ut til allmenn lesing?
En ny hobby, seier Bodil. "No igjen. Du er flittig med Pc-en".
Ein hobby. Ja. Ein form for leik. Ja. Eit tidsfordriv. Ja.
Det er nok alt dette, men samstundes og litt meir.

Eg festar. Prøver å feste, halde fast i augneblinken, i tanken. Forme den i ord, i setningar, før den forsvinn og er borte.
Ikkje nokon store tankar, men det små, enkle, det som er der akkurat no.

Det er som med draumen. Du hugsar den ein lita stund, men etter ei tid er det vanskeleg å kalle den fram att. Du hugsar at du hadde ein draum, der var noko du ville minnast, men kva?

Slik er det med tankane og, Dei er der i augneblinken, du held dei fast ei stund, men så vandrar tanken vidare, og det første som du ville halde på og arbeide vidare med, er borte og erstatta av nye tankar.

Men tankane kan og vere som eit tre, Det byrjar med ei rot, og ut frå rota veks stamma og greinene. Eg veit i grunnen ikkje kvar det ber når eg byrjar med første ordet eller setninga. Der er ei rot og kvar det går veit eg ikkje, heller ikkje om det vert eit tre eller ein skarve liten busk. Men det er interresant å sjå kvar det endar.

Når eg formar tankane i ord, skriv dei ned, så står dei der, Festa ikkje berre på papiret eller databrikka, men og i minnet. Eg kan leite det opp att og la orda og tanken spinne vidare på det som var ein gong.

Derfor.
I tillegg tykkjer eg det er interresant og moro.
Og om nokon les orda mine og finn glede i det, så gir det meg og glede. Men det er ikkje det viktigaste.
Gleda ligg i å forma tankane til ord. Til å stable ord på ord til setningar og små stubbar av tankar som står der og kan hentast fram att.
Når eg også kan legge foto, bilete som som eg synst er fine og ber minne med seg, inn i orda, så gir det meg ei ekstra glede.

Men eg må visst endre overskrifta mi. Det skulle vere om vandringa til Santiago de Compostela - og litt meir.
Dette - ymse anna - har vorte mykje meir enn opphaveleg tenkt.

Så var det dette med rota og greinene.
Rota var der i dag og, men det vart ein annan busk enn eg hadde tenkt.
Ha ein god tysdag.

mandag 24. august 2009

Mandag. Dagen over

"Det mørkner over heien, og natten stunder til. Da stenger jeg for stall og for låve", heiter det i eit vers av Arnulf Øverland.
No har eg ikkje noko å stenge for, men første del av verset høver i alle fall, for ute mørknar det over Byåsen.
Det er ein stille dag på rom 909, Hjarteklinikken på St.Olav som går mot natt.

Eg har vore trøytt i dag. Det er vel den litt korte natta som har sett sine spor.
Doktor Ose i legevisitten sa ikkje så mykje utover at eg på St. Elisabeth er sett opp på prioritert liste. Med andre ord kan eg verte overflytta dit for operasjon før helga, pluss / minus.

Det eg skreiv om røntgen tidlegare i dag var litt feil. Det var ikkje hjartet dei skulle ha røntgenbilete av, men lungene. Dei vert lagt flate under operasjonen, og eg vil puste med hjelp av ei pustemaskin. Derfor treng dei å vite korleis det er med mine lunger.

Elles byrjar det å fyllest opp med senger i korridoren. Helga er over.
Han frå Ulstein som kom i natt, hamna raskt på undersøkelsen i dag, men er ikkje komen attende enno.
Den andre som kom i natt må vente til onsdag før han kjem på bordet.
Tredjemann som skulle reise heim i dag, har fått utsett heimreisa nokre dagar.

Så, -- ein roleg dag. Ein ventedag.
Har lest ut " Jeg forbanner tidens elv". Lat gå at ho har fått Nordisk Råd Pris og eit par andre høgt verdsette prisar, og rosande kritikkar i mange land.
Eg har lest den. Den er sikkert ei bok som vil leve nokre år, men -- den trefte ikkje meg. Beklager Per Petterson.

TV underheld med fotball i kveld. Brann taper visst mot Sandefjord. Ikkje den store entusiasmen framfor skjermen. Det vert vel meir engasjement seinare i kveld når Rosenborg møter Real Madrid.

Nei, eg får finne eit vakkert bilde frå Nesje til å avslutte denne dagen med.
Begge gutane er skulegutar no. Den yngste byrja for nokre dagar sidan

Mandag. Morgontankar.

Eg har vore vaken sidan før fem, Måtte visitere eit anna rom, og attende i senga var søvnen borte. Har ligge og sett husa i Byåsen få farge av ei komande morgonsol.
Vart litt kort natta. Det kom to nye inn på romet seint i går, og då er det alltid litt styr ei stund med prøver, medisinering og oppfylgjing frå pleiarane si side. Men det roa seg med kvart.

Eg har eit lite jubileum i dag. Må feire det med eit par roser.



Eg har byrja på andre veka mi sidan eg vart innlagd på Volda sjukehus, og seinare overførd til St. Olav Hopital her i Trondheim.

Skjønt, er det noko å feire med roser?
Eg har då kjent meg heilt frisk heile tida utanom det vesle infarktet som førde meg til Volda.
Vel litt smmårusk har det vore, men det har eg hatt i alle år, så det merkar eg knapt.
Han er der nok tanken:
Kva går eg her etter, og tek opp plassen for andre som treng han betre enn èg?
Eg får vel sei som Ingeborg Refling Hagen seier det i opningsstrofa i diktet "Eg vil hem" "Eg vil hem at, søster Anne. Hem til gamlelandet..." Men så får eg stoppe, for resten vonar eg ikkje stemmer for meg, - enno. For dei neste orda er; "-- for å dø"

Men eg kan nok tenkje meg å reise heim.
Heim til kjende fjell, heim til Bodil, heim til roma våre og alle kassene med bøker som skal bort, køyrast til Bokbyen i Fjærland.
For vi har flytta ei etasje ned, Bodil og eg. Og då vart det ikkje plass lenger til alt vi har samla. Vi hadde for mykje midel, og det overflødige måtte bort.
Og det er ingen enkel prosess. Derfor står der att kasse på kasse som vi endå ikkje har makta å fjerne.

Og endå er vi heldige, for vi har framleis nokså godt med plass.
Eg tenkjer på dei som flyttar frå store hus og inn i eit husvære på stove og kjøkenkrok. Då er det eit liv som skal bort. Det kan ikkje vere berre enkelt.

Å tøme første etasje gjekk nokså greit, men loftet har vorte ståande att.
Det har vorte: No skal vi ta det.--- men så har det vorte utsett -- gong på gong.
Men for ein månad sidan tinga eg kontainer.
No skulle det skje. Borna skulle vere der og hjelpe, men to av dei kunne ikkje då dagen var der. Så det vart Tone og Maria som kasta, og borneborna Johan, Signe og Iver som hjelpte meg å fylle kontainaren.
Dvs. det vart ein til før loftet var tomt.
Det var berre å late att augene og kaste.
Kaste.
Eit vekkstua liv.

Kvifor samlar vi på så mykje?
Jau eg veit det er minner, samla, lagt til sides frå eit heilt liv.
Men ein gong må dei bort, og då er det kanskje best å gjer det sjølv og ikkje overlate det til dei som kjem etter.
Kanskje?

Det var enklare før. Dei hadde ikkje så mykje midel, og det dei hadde vart nytta vidare av neste generasjon.
I dag vert vi lokka til kjøpe stadig meir.
Kom og kjøp! Betal i morgon! Dette Må du ha!
Og så fylle vi liva våre, husa våre av ting vi strengt tatt ikkje har bruk for.

Men slik er samfunnet vårt bygt opp.
På å produsere stadig meir, og når det vert produsert meir, så må det også kjøpast meir elles stansar samfunnet opp. Økonomien stansar, fabrikkane vert lagt ned eller flytta ut av landet, og vi får arbeidsløyse med alt det negative det fører med seg.

Nei vi treng ein ny politikk som stansar denne runddansen om tinga, og set andre verdiar i høgsetet.
Den vi har er utsliten og har spelt falitt.
Vi ser det berre ikkje enno.
Ikkje før realiteten med eit slår til over oss.

Men først skulle eg vore heime og fått bort alle kassene som berre står der, er i vegen og samlar støv.
Få dei bort så eg kan kjøpe meg nye ting.

No byrjar det å livne i dei andre sengene og.
Ein slepper ein kraftig nordavind.
Ein annan dreg han framleis tungt på djupet.
Ein pleiar var som snarast inn om døra, og i Byåsen er gyllefargen på husa borte og erstatta av klårt solskin.
Det vert kanskje ein fin dag.

Eg skal, ein gong i dag, på røntgen igjen. Dei vil visst ha ein ny kik på hjartet mitt.
Og på St. Elisabet vil hjartemøtet ta ei avgjer på gangen vidare for meg.
Det vert nok ikkje heim på nokre dagar enno.

Men snart er det frukost, måling av blodtrykk og puls, medisin og ei sprøyte i magen.
Den ser etter kvart ut som eit kart over eit ukjent øylandskap. Han er full av blå flekker, og inni mellom ragar det opp ein liten mørk topp, som basaltrestane etter eit gamalt vulkanutbrot. Det var ein av desse toppane som byrja blø i går.

søndag 23. august 2009

Søndag. Og dagen sig mot natt

Det har klårna av att. Sola sig sakte mot vest over Byåsen.
Ligg på senga og kjenner sola varmar.
I morgon er det legemøte att, og kanskje vert eg sett på prioritetslista av legane på St.Elisabet.

Vi er to på romet no. Ålesundaren var brått borte. Han reiste heim, sa han som er att.
Han kom inn for hjertet, men det var ikkje det som var årsaka. Kanskje noko med magen.
Vi held deg til observasjon til mandag, sa legen, og så tek vi ein del prøver.

Ellers er her nokså tomt og roleg.
Sengene står oppmasjert ute i vestibylen og ventar på innrykket.
Nokre få har kome inn i dag, men det kjem vel fleire til kvelden, og i morgon fyllest det opp.

Det er vi St.Elisabet pasientane som er i fleirtal no.
Eg er sett opp på fredag, sa ein. Enn du?
Veit ikkje ; neste helg pluss minus.
Til helga, sa ein annan, dei tek bort blodfortynninga fem dagar før.

Kva er framdrifta? spurde eg ei av dei kvite.
Er der noko endringar i medisineringa før operasjonen?
Nei, ikkje anna enn at dei tek bort Flavixen før. Med den miste du på fredag.
Enn desse sprøytene med blodfortynning?
Dei skal du ha vidare.

Eg måtte bort og spørre ei om hjelp. Alle sprøytene i magen hadde gitt meg ei vorte med blod. Med eit såg eg at det rann blod frå henne.
Vaska rein skjorta, og la eit tørkepapir over. Vona det ville stogge, men nei. Det koagulerar dårleg no, så eg måtte få på ein lapp bandasje og plaster.

Ventetida hastar ikkje avgarde.
Ligg på senga og les.
Opp og rusle litt, prate litt med dei andre, rusle igjen, legge seg nedpå att, leite opp boka igjen, prøve å sove. Hente seg ein kopp kaffi, av og til smakar han surt, men det er då kaffi.
Så melder kroppen ifrå, kaffien må ut att. Ein tur på toalettet. Er det ledig, tru?
Hente meir kaffi.
Det er VM på fjernsynet, ser litt, vert lei, går til romet og senga.
Etter ei stund, ny runde.
Merkjeleg. Det synest lettare å fordrive tid heime enn her.

Eit hyggeleg avbrot. Telefonen ringer og eg får ein liten prat heim.

Sakte sig sola mot nordvest og kveld.
Om nokre timar er dagen over og ein kan legge seg i ei ikkje alt for veloppreidd seng etter dagen sine mange besøk i den.
Og i morgon ventar ein ny dag, og vonleg, ei avgjerd om kva dag eg vert flytta til St. Elisabet for bypassoperasjonen.

Men først eit hyggeleg avbrekk. Kveldsmat.

Søndag. Røter

Når ein legg seg tidleg, vaknar ein tidleg og.
Klokka var ikkje mykje over seks når eg var ut på badet og gjorde unna morgonstellet.
Det var stille i korridoren, og det er stille på romet. Dei to andre søv enno. Ei av nattevaktene er innom døra så vidt før ho er borte igjen.

Eg er ein tur bort i korridoren til bordet med kaffikannene og anna drikke. Hentar meg eit glas med kaldt vatn. Gjennom ei opa dør mot aust, ser eg sola henge stor og gyllen over Moholt.
På mi side av bygget, mot vest, har eg Byåsen. Der lyser husa varmt i morgonen. Ein solblanke morgon i Trøndelag.
Og til frukost får vi egg og laks. Herleg.

Har lest eit par kapittel av den "høgverdige" boka eg kjøpte i går. Det var Per Petterson si "Jeg forbanner tidens elv." Ser ut for at det kan verte eit interessant møte.
Til avveksling har eg Miroslav Volf si bok. Den krev litt tid å lese, men det er greit å ha to ulike å veksle mellom.
Aviser har eg på nettet. Den er grei å ha denne vesle PC-en eg kjøpte før vandringa i sommar. Eg har fått meg passord til gjestenettet, så den vert flittigt brukt.

Fekk nokre SMS-meldingar frå borna i går før eg kraup under dyna. Dei varma ein som så smått saknar mine og det heimekjende landskapet.

Det er noko underleg dette å kjenne at her, .. her høyrer eg heime.
Det treng ikkje alltid vere der ein er fødd og vaks opp, eller der ein har sin heim.
Sjølv om akkurat det kan vere sterke røter.
Eg hadde gravferd til ein som vaks opp i Nord-Norge. Kona hans fortalde at han måtte nordover minst to gongar i året, og det sjølv om foreldra var borte og søskena utflytta. Det var der røtene hans var.

Eg las boka "Røtter" då den serien gjekk på TV for mange år sidan.
For dei som ikkje kjenner soga, så handlar den om ein amerikanar, ein slave-etterkomar som byrjar å leite opp sine røter og kjem attende til Vest-Afrika. I boka og TV-serien fylgjer vi ein Kunte Kinte frå han vert teken i landsbyen , førd over havet og seld som slave, og livet hans og etterkomarane hans i USA.

Røter.
Kven er eg? Kvar kjem eg frå?
Eit spørsmål som eg trur vil verte brennaktuelt for mange menneske i åra framover, no etter at styresmaktene har opna for ulike former for mors- eller farsskap. Mennesket treng å kjenne sine røter. Eg trur ikkje det er nok med berre dagen i dag. Eg trur ein treng å kjenne til kven ein er og kva tre ein er runnen frå.
Det er vel ein av grunnane til at interessa for slekt og slektsgransking aukar med alderen.

Ei, for meg litt underleg hending om røter. Bodil og eg er på vår første tur i Israel.
For å plassere oss i landskapet. Vi hadde vore på Karmel-fjellet. Bussen køyrer lia ned til, og kryssar den store sletta som strekker seg frå Haifa ved havet og austover mot Genesaretsjøen. Den ber stundom namnet Harmageddon-sletta etter Megido som i si tid låg der. I dag er byen berre ein ruinhaug, ein Tel.
På nordsida går det ein dal opp mot nord-aust. Vi køyrer oppover denne dalen. Mot øvre Galilea.
Mot vest ligg ruinbyen Zippori, byen som Josef og Jesus truleg var med på å bygge sidan dei var tømmermenn. Oppe i åsen mot aust ligg Kana og det nye jødiske Nasaret.
Det arabiske, bibelske, Nasaret ligg ned på andre sida av åsen.

Dalen ligg der open mellom åsane på begge sidar. Virkar tørr og kjedelig no tidleg på ettervinteren. Mot vest ligg landsbyane tett etter kvarandre. Åkrane strekker seg over dalen mot vegen vi køyrer på. Bak ligg dei kvite husa i ei tett klynge, og over dei ragar minaretane.
Så, brått kjem det ei undeleg sterk kjensle over meg, nesten som ei vissheit. Her høyrer du heime. Her har du dine røter.

Korleis kan slikt forklarast? Eg kjenner mine røter. Og der er ingen ting der som tyder på noken forbindelse til ein dal i Galilea.
Så langt eg har funne ut er mine røter trygt planta i sunnmørsk jord, og ikkje i ein kjedelig dal langt mot sør.

Eller har Thor Heyerdal rett i sine teoriar om at Odin, - og med det Ola Normann- stammar frå Kaukasus. Eller den teorien andre hevdar; at vi, endå lenger attende i tid, stammar frå ei av dei 1O forsvunne stammene i Israel som assyrarane førde bort.
I så fall er vi invandrarar alle saman, og har vore røter på stadar vi ikkje veit om.

lørdag 22. august 2009

Laurdag. Ventetid

Ei hand tek meg på skuldra, og eg høyrer ei stemme sei: Vi skal flytte deg til eit anna rom. Ei anna treng romet her.
Det midt på natta og mørkt. Eg har vore åleine på romet sidan kameraten min reiste i går. No vert eg trilla inn på naboromet. Eg ser tre ryggar ligge i sine senger. Eg får senga trilla bort til vidauget.
Så kjem nattbordet og kleda mine, og lyset vert sløkt. Eg glir på ny inn i sømnen.

Når eg vaknar i sekstida ser eg ut på ein morgonblank himmel over Byåsen. Dei andre tre søv enno.
Eg leitar fram PC-en og slår den på. Tankane i den stille morgonen formar seg i ord, setning for setning.

Dei andre vaknar etter kvart og dukkar fram frå dynene. Min romkamerat frå Volda og Hareid er der. Han var på bordet i går og vonar på heimreis i dag. Ein frå Skodje skal og reise. Den tredje er frå byen her. Han vonar og på heimreis i dag, men er usikker.

Den klåre himmelen skyar til frå vest og vert mørk.
Avdelinga vaknar etter kvart og morgonrutinene kjem igang.

Nattskiftet går snart av, men først er det blodtrykksmåling, medisinutdeling og frukost.
Eg er komen inn i vanen med kaffi og juice, og 2 skiver brød med kvit ost og sylte . Ho såg undrande på meg den første som eg ba om sylte til brødskivene. Ville eg ha sylte? Eg var snar til å utvidet det til syltetøy. Men ho i dag fortalde at ho tidleg hadde lært seg, i møte med mange møringar, at sylte kan vere to ting.

Elles var blodtrykket mitt uvanleg høgt i dag, for første gong sidan eg vart innlagt.
Seinare på dagen kjende eg trykk i bringa. Eg fekk ein nitro då. Det har eg ikkje prøvt før, men den tok bort trykket. I staden vart eg nokså ør i topplokket.
Men alt har ein overgang.

Himmelen har skifta mellom glimt av sol over byen og fjorden, og regn. Så i dag er det heilgardering.

Det vert rolege dagar dette. Ikkje mykje å sysselsette seg med. Litt lesing, litt PC-bruk, litt prat, mykje kaffidrikking og litt TV.
Sit mykje på senga med føtene rett ut, men her er og to små sofakrokar der ein kan treffe andre pasientar til sosialt samver.

Tok meg en tur ned i 1-etasje før middag. Ville sjå om eg fann meg noko “høgverdig” litteratur.
Men då eg kom opp att vart eg møtt av ei som leitte etter meg. Eg var sakna.
Eg går med overvåkningsboks på meg, og når eg tok heisa ned, braut eg kontakta med skjermen deira.
Så då måtte eg pent love å sei ifrå neste gong eg tok meg tur på eiga hand.

Har fått inn ein ny sunnmøring på romet, men han reiser vel snart igjen, ferdig som han er med utblokkinga.

Eg har hatt telefonopplæring av Bodil i korleis ho skal legge bilete inn i stykka mine på bloggen. Mitt einaste ynskje har vore at ho vel bilete som eg kan drøyme meg attende til. Landskap eg kjenner meg heime i.

Så går det mot kveld. Snart går dagvakta av og nattvakta kjem. Men først er det kveldsmat. Karbonade i dag. Så er det sprøyta med blodfortynningmedisin og ein pillar mot kolestrolen.Til slutt skal blodtrykk m.m. målast.
Etter det er det berre å vente på at klokka kjem så langt at ein kan krype under dyna og sei God Natt.

Farisearen og tollaren

Det går ein debatt omkring syndsvedkjenninga i gudstenesta. Om både utforminga og plasseringa.
Eg har fått prøve korleis det vert i forslaget til ny liturgi, og eg er ikkje overbevist om at det nye er løysinga.
Eg meiner at plasseringa først i gudstenesta har sin klare funksjon, og at utforminga av den er reell også inn i vår tid..
Og her er det fortellinga om dei to som gjekk til tempelet for å be, farisearen og tollaren, kjem inn.

Jesus stiller den fromme og høgverdige farisearen i relieff til tollaren. Han som gjekk romarane sitt ærend, og som i alle sine auge var syndaren.
Så snur Jesus det heile opp ned.
Det er tollaren som går rettferdig heim, ikkje den fromme og feilfrie farisearen.

Eg skulle delta i gudstenesta i Ørsta frikyrkje i morgon med tankar til denne teksta.
I staden er eg innlagd på St.Olav i Trondheim og ventar på hjarteoperasjon, ein bypassoperasjon.

Er det ein bypassoperasjon kyrkja er i ferd med å gjer med syndsvedkjenninga sin plass og utforming i gudstenesta?
“Gå utanom“ sa Bøygen til Peer Gynt ei mørk natt, og det vart Peer sin livsveg. Han gjekk utanom gjennom livet.

Det er ein trend i tida at synda og syndsvedkjenninga har vorte nedtona og til dels borte både i kyrkje og i samfunnet generelt.
Enkeltsynder kan nok verte opphausa , med til dels kraftige oppslag i media med gjensidige anklager frå ulike sider i samfunnet.
Men synda som grunnskade i oss menneske. Den skaden vi fekk i oss gjennom Adam og Eva sitt fall. Den skaden sine utslag i oss som vi i syndsvedkjenninga i gudstenesta legg fram for Gud gjennom vedkjenning og bøn. Den er vi ikkje så glad i.
Vi kjenner oss råka og såra. For vi er då ikkje slik. Vi gjer då så godt vi kan. Vi er då like gode vi som alle andre. Vi treng ikkje å stille oss fram og vedkjenne oss noko vi ikkje har behov for å vedkjenner oss.

Er det derfor ein vil flytte den ut og ufarleggjere den gjennom orda ein vel, og samstundes er ein snar til å legge plaster på eventuelle erkjenningar som måtte dukke opp hos enkelte som likevel måtte kjenne seg råka av orda.
Er vi ferd med å utføre ein bypassopreasjon?

Spørsmålet heng der med sitt kvifor.
Kva er det Jesus vil sei gjennom si fortelling?
Og plasserar vi oss sjølve inn i fortellinga. Kva vil han sei oss om vår situasjon,
og kva er løysinga?

Eg har med meg ei bok under mitt sjukehusopphald.
Miroslav Volf si bok: Free of Charge. Giving and forgiving i a culture stripped og grace.
Han er jugoslav, kroat og lutheranar. Innvandrar i USA og teologisk professor ved Yale Divinity School.
Og sidan engelsk ikkje er hans morsmål, skriv han eit korrekt og for meg eit litt tungt språk, så eg brukar lang tid på å lese.

Første delen av boka handlar om å gi. Den andre om å tilgi. Der er eg no. I tilgjevinga.
Og i fortellinga om farisearen og tollaren. Begge er komne til tempelet og stiller seg fram for Gud med sine liv.
Fariseren har eit flott papir å legge fram. Her er det ikkje mykje å sette fingeren på,menneskelig sett.
Og han veit det og viser til det overfor Gud. Her er eg. Her er mitt liv. Er ikkje det flott Gud. Du må då vere fornøgde med meg.
Eg er er i alle fall mykje betre enn han der nede ved døra.

Og likevel. Det er ikkje farisearen som går rettferdiggjort heim frå bønestunda i tempelet.

Volf skriv at vi kan nok tilgi, men for at tilgjevinga skal gjere si gjerning hos skadevoldaren , så må der ei erkjenning av skuld til. Og stoltheit kan ofte hindre denne erkjenninga.
Er det ikkje det vi ser hos farisearen. Stoltheit. Han er stolt over livet sitt, og denne stoltheita hindrar han frå å erkjenne sine mindre gode sider, erkjenne grunnskaden sin, synda.

Då er det annleis med tollaren langt der nede ved døra.
Han er seg fullt bevisst kven han er og kva han er. Så bevisst at han ikkje eingong vågar lyfte augene opp mot den Heilage.
Han vedkjenner seg sitt liv på godt og vondt, ærleg og audmjukt.
Og seier Jesus. Det er han som går rettferdiggjort heim.

Eg kom fram på eit bilete på nettet. Det var frå ei svensk lokalavis, men det var og brukt i ein svensk blogg, og då hadde det fått ei overskrift knytt til seg.
Biletet viste ein naken person som sit med ryggen til på ein bryggekant. Framfor ligg ein fin stille innsjø med skog bak, og over kvelver det seg ein solblå himmel.

Orda som gjorde at eg festa meg ved biletet var overskrifa det bar: At kle seg naken for Gud.

Der er forskjela mellom tollaren og syndaren.
Den eine kledde seg naken. Den andre dekka seg til med meir kle.
Eg har lest at ved oppgjeret etter apartheidtida i Sør-Afrika, i sanningkommisjonen sitt arbeid, så måtte det erkjenning til.
Den som stod skuldig for brotsverk, måtte erkjenne, vedstå seg, kle seg naken for sine gjereningar, og så kunne tilgjevinga kome som neste post.
Ikkje tilgjeving først og så erkjennig, for då ville aldri erkjenninga verte sann.
Eg har og lest at AA seier i sitt program at for å kome ut av misbruket, så må misbrukaren vedstå seg sitt misbruk, erkjenne sanninga om livet sitt. Då først opnar vegen seg ut av misbruket.

Eg trur at slik er det også med synda.
Gud har ikkje bruk for vår syndserkjenning, for Jesus har allereide gitt oss, kjøpt oss tilgjevinga. Den kjøpte han oss ved sin død på krossen. Den ligg der ferdig for oss. Og den er gratis, fri, seier Guds Ord.

Men vi har bruk for erkjenninga.
Ikkje for at Gud skal få døme oss, knuse oss under skuldkjensler, men for at han skal få setje oss fri.
Vi har bruk for å vedstå oss vår grunnskade. Erkjenne vår synd, og det både ved ei almenn syndsvedkjenning ved starten av kvar gudsteneste, og ei meir personleg syndsvedkjenning for våre eigne liv.

Vi har bruk for å ta oss det vi dekker oss med. Kle av oss plagg for plagg. Kle oss nakne for Gud.
Då kan han få kome til med sin reinsande nåde og sende oss ut i dagen igjen med reine, kvite ark og fargestifter til.

Så la oss halde fast ved syndserkjenninga ved inngangen til gudstenestene, og i liva våre.
Vi treng å kle oss nakne for han, så han kan få reinse oss til å møte han etter våre Kyrie Eleison - Herre miskunna deg.
Men kanskje skulle vi gi plass for ei nådehelsing frå Han som reinsar for synd og lækjer frå alle misgjerrningar før vi bryt ut i vårt Gloria - vårt Ære, vere Gud i det høgste.

Slik kom tankane til meg ein tidleg laurdag morgon på eit firemanns rom i 9.etasje i høgblokka på St.Olavs Hospital i Trondheim.

fredag 21. august 2009

Fredag. Resultatet

Nok ei natt er over. Sov stort sett bra. Var vaken eit par gonger, og då tek det litt tid å sovne igjen.
Men så er morgonen der og ein kjem inn i rutinene igjen med blodtrykk, medisin, morgonstell og frukost.
Det har vore fullt i korridoren i natt.

Legen kjem i 11-tida og han gir meg den endelege stadfestinga. Eg har innsnevra årar som gir meg mine problem med pust, verk i høgrehanda og av og til infarkt. Og det har vorte verre seg sidan eg var her sist. Derfor er deira løysing det eg trudde var minst aktuelt, operasjon og transplantering av nye årar der innsnevringane er.
Men dei skal ha legemøte seinare i dag, og han vil kome attende etter det.

Min romkamerat reiser heim idag, så no er eg åleine på romet.
Korridorpasientane blir borte i løpet av dagen. Helga nærmar seg og det tømest både for pleiarar og pasientar.

Legen kom attende, og han kunne fortelje meg at eg no er førd opp på lista hos St. Elisabet for hjertepasientar som ventar på operasjon, ein bypassoperasjon.
Kva tid kunne han ikkje sei. Til neste helg eller over den. Kanskje.
Dersom det vart ledig kapasitet før, kunne det kome raskare også.
Så no er det berre å ta det med tol og vente.

Det er pleiarskifte, og det kom inn ein ny kar Han gav litt informasjon om gangen fram mot overføringa til St. Elisabet. Tidleg i neste veke, sa han. Så får vi sjå med kvart.

Det har klårna av ute. Sola stikk etter kvart fram over Byåsen.

Torsdag. Utredning.

Vaknar tidleg. Enno er det mørkt ute.
I dag skal eg på benken for å undersøke årane inn til hjartet.
Romkameraten vert henta tidleg. Sjølv vert eg liggande utover formiddagen, men 12.30 får eg meldinga. No er det min tur. Men det går endå ein time før portøren kjem og hentar meg ei etasje ned.

Så er eg på operasjonsromet og vert plassert på benken og dekka til etter alle kunstens reglar.
Doktoren vil sjå på filmen frå sist eg var her, før jul i 2007. og også sjå kva som då vart skrive om meg. Men så kjem dei i gang.

Han vel å gå inn i venstre arm denne gongen, og eg får sjå korleis strengen vert førd oppover gjennom armen. Så kjem hjartet på skjermen.
Doktoren pratar litt med meg, litt med ein kandidat og med dei pleiarane som assisterer.

Det er kransarteriane legen har på skjermen. Bildet frå åra i armen der strengen er, er borte. Eg byrjar å kjenne smerte i handa.
Skjermbildet flakkar rundt hjartet i ulike vinklar, men held seg mykje til årane. Ei kraftig tjukk stamme som brått vert avslutta i ein klump og derifrå spreier seg ut i mange tynne greiner.
Smerten i armen er aukande. Eg seier den liknar på den eg hadde i armen i mange år, og lik den som starta infarktet eg fekk søndag.

Han avbryt og dei går ut i eit siderom. Der står dei og samtalar ei stund.
Så kjem dei inn att, og han tek eit nytt blikk på dei mørke blodårane på skjermen. Så seier han at dei avsluttar, og eg kjenner korleis strengen glir ned gjennom armen når han dreg den ut.
Så er det over og eg vert bandsjert over inngrepsstaden.

Han seier ikkje mykje. Dei skal kome attende til meg etter legemøtet i morgon, men eg har ein kronisk sjukdom, er meldinga han gir.

Eg vert avkledd innngrepsutstyret og kryp attende til mi eiga seng.
Så vert eg trilla ut på gangen. Det kjem ein portør og tek meg attende til romet, seier dei før dei vert borte.

To timar har gått då eg er attende på romet, og om ei stund kjem også romkameraten.
Han har fått opna ei åre som var nesten tett.
Sjølv ringer eg og sender meldingar til Bodil og borna om stoda.

Pleiaren som har ansvar for meg kjem ofte og tek blodtrykk og sjekkar trykkbandasjen. Eg forhøyrer meg med henne, men ho veit ikkje så mykje.
Men eg skal få besøk av ein lege seinare.

Så er han der, ein Ose som ættar frå Ørsta.
Eg har tre trange årar, seier han, og dersom eg er villig, vert det nok oprerasjon.
Han forklarar litt om kva det går ut på, men eg skal få nærarar orientering både om inngrepet, og kva tid det kan skje etter legemøtet ut på dagen i morgon.

Sjukepleiaren kjem inn etterpå og vi har ein heil prat omkring det legen snakka om
Så ringer eg og sender melding heim til mine om situasjonen og ynskjer dei ei god natt.

Det endar altså med det siste alternativet mitt, operasjon.
Eg kjenner meg roleg og trygg over for det, men eg vil ha Bodil oppover dersom inngrepet kjem raskt. Snakke med pleiaren om det, og dei vil hjelpe med å ordne opphald for henne. Men no får eg vente til i morgon.

Ute er det varmt. Det har skya opp utover dagen, og vinden har auka på.

Onsdag. Til St.Olav

Vakna til klår himmel. Låg og såg korleis sola seig nedover fjella over Folkestad.
Tok ein dusj og gjorde meg klar.

Ambulansen køyrde meg til Hovden flyplass. Der kom ambulanseflyet og henta meg 9.15 og flaug meg til Værnes, og så ny ambulanse til St.Olav.

Fint flyvær. Eg er åleine passasjer.
Det vert litt skyer over nordre Sunnmøre, men over Romsdal klårnar det av igjen og eg får nyte utsynet over fjell, øyar og fjordar nordover til Værnes.
På St.Olav vert eg innregistrert og dei tek blodprøve og blodtrykk, før eg vert trilla opp i 9.etasje til hjerteklinikken.

Det ser ut for at eg vert korridorpasient, men så reiser ein heim og eg kjem på rom med ein frå Brønnøy.

Ein må ha god tid på sykehus. Det skjer ikkje så mykje. Ein liten prat med ein doktor langt om lenge.
Eg vert barbert på dei nødvendige stadane,i lysken og på armane, og om kvelden tek eg dusj. Så er eg klar for neste dag og inngrepet.
Det vert nokre sms-meldingar og telefonsamtaler til mine utover dagen og kvelden. Dei vil gjerne verte orientert om kor det er med meg, Som naturleg er.
Har det riveleg på romet, og dei kvitkledde er hjelpsame og hyggelege.

Tysdag. Volda.

Legevisitten fastslår at eg skal til Trondheim.
Kva tid kan den ikkje sei enno. Dei ventar på tilbakemelding frå St.Olav.

Så får eg meldinga. Det vert i morgon tidleg med fly frå Hovden.
Eg seier eg reiser åleine.
Bodil er ikkje heilt happy for det. Ho ville nok gjerne vore med.
Men sagt er sagt.
Ho kjem bort og har med gode kaker frå i går kveld.
Om kvelden er Berit, Idar og Isak og med.

Blodet byrjar å verte så tynt at det renn sjølv etter tynne sprøytespissar.
Elles går dagen med mat og prat og lesing.
Ein av dei som kom i går, reiste heim i dag. I staden kom det inn ein ny.
Ute har det vore grått, men det letna utover dagen og vi fekk etter kvart sol inn vindauga.

Mandag. Volda

Eg hadde ei god og roleg natt, der eg var åleine på romet.
Eg kjem heim i morgon, sa eg til Bodil då ho var bort søndag kveld. Slik gjekk det ikkje.
Eg fekk beskjed om å halde senga til legevisitten hadde gått, og meldinga eg fekk av den var at det vert nok ein tur til Trondheim på meg. Dei hadde funne teikn i blodprøvene som tydde på eit lite infarkt.
Hadde det vore for eit par år sidan så hadde dei ikkje gjort noko med det,sa legen. Men i dag tok dei også slike små.
Dei skulle kontakte St.Olav og så skulle eg få endeleg melding seinare.

Eg skulle få lov å stå opp,og det var godt. Eg kjenner meg heilt frisk.
Ringer til Hilde på prostekontoret og til Hjertvik i frikyrkja for å gi melding om at eg nok vert forhindra frå å fullføre dei tenestene eg har sagt ja til.
Prost Ruth ringer. Biskopen vil dra attende alle leke sine fullmakter til å halde gudstenester m.m. Så vil ho skrive ut nye fullmakter. Ruth ynskjer å ha meg på den nye lista. Eg seier ja til hennar ynskje.

Utover dagen får eg sprøyter med blodtynnande innhald og fleire pillar, og nye blodprøver vert tekne.
Eg ikkje åleine på romet lenger, og før natta er alle fire sengene opptekne.
Bodil kjem med kle og toalettsaker og ei bok.
Om kvelden feirar ho dag heime. Eg skulle gjerne vore der i lag med henne.

Trondheim og St.Olav. Kva kan eg vente meg der? eg ser tre alternativ. A. Utreidining og så heimsending. B) Utreidning og blokking. C) Operasjon.
Eg har mest tru på det første.

Dagen har vore grå ute med skodde ned i fjella over Folkestad.

Søndag. Infarkt

Eg har hatt gudsteneste etter ny liturgi i, med dåp og nattverd i Gursken kyrkje. Bodil har vore med.
No er vi på heimveg. På veg ned mot Myrvågskiftet seier ho at eg køyrer så ukonsentrert.
Eg svarar at eg er trøytt og spør om ho vil overta. Det seier ho ja til.
Eg køyrer inn på ei busslomme og ho overek rattet. Det er godt å setje seg inn i setet og slappe av.
Så er vi i Eiksund. Køyrer over brua og inn i tunnelen. Snart er vi nede i botnen og tek fatt på den 4 km lange, rette oppstigning mot dagslyset inne på andre sida av Vartdalsfjorden og Liaveten.

Ved flyplassen byrjar eg å merke at eg har smerter i skuldra.
Vel igjennom Ørsta sentrum har smerten forplanta seg til heile handa, og når ho parkerar bilen heime er smerten der også i bringa.

Eg ber Bodil gå føre og låse opp døra vår så eg kan vere rask med å finne sofaen.
Eg kjenner teikna. Eg har eit lite infarkt, men reknar med at det vil gå over når eg får ligge ned ei stund.

Smerten avtek litt etter ei stund, så eg vil ikkje gjer noko med det. Men kone og son er urolege, og sidan doktoren, sist eg hadde infarkt, sa eg måtte ringe lege om eg kjende noko, så ringer eg likevel legevakta.

Eg har visst eit lite infarkt, seier eg. Ho i andre enden av linja vert oppøst i stemma, men eg roar henne med at det går bra.
Ho spør meg ut, medan ho tydlegvis også har kontakt med andre.
Eg får eg høyre at ambulanse er på veg.
Og så er dei der. To raudkledda menn og ein kvinnleg lege.
Det tek ikkje lenge før eg ligg i ambulansen på veg til Volda.
Smerten er nesten over, men eg skal vere smertefri, så det vert både nitroglyserin og morfin på meg medan eg ligg i bilen. Eg er derfor nokså ør i hovudet når eg vert trilla inn på mottakinga.

Ny utspørjing av ein ny doktor, med prøvetaking innimellom.
Etter ei tid vert eg førd opp på indremedisin i fjerde etasje. Der eg vert teken hand om på beste måte.
Her tek dei fleire nye prøver.

Eg har rom åleine resten av dagen og natta.
Bodil kjem bort om kvelden.

Eg seier eg reknar med å kome heim i morgon, for dette er for lite. Eg kjenner meg heilt frisk.
Ute har det vore gråvær og regn.

mandag 10. august 2009

Avisa Valdres 2006


Etter vandringa i 2006, hadde eg eit stykke i Avisa Valdres.
Dette har eg funne at på www.pilegrim.info
Her er mi forteljing frå 2006.


Pilegrim i Valdres
Vandring gjennom Valdres, frå opninga av pilegrimsvegen
Harald Sætre, Avisa Valdres 20.07.2006


23. juni byrja pilegrimane som skulle gå pilegrimsvegen gjennom Valdres å samle seg på Ildjarntunet i Hedalen. Leiarar på turen var soknepresten i Vestre Slidre, Tordis Ødegaard og Jahn Børe Jahnsen frå Valdres Folkemuseum.


Slik kan ein rast på pilegrimsvandring vere, her ved Vangsmjøsa med Bergsfell i bakgrunnen.

Utanom desse to var vi om lag 40 vandrarar, frå Fauske i nord til Mandal i sør. I alder frå om lag 20 til 70 år, og med kvinnene i klart fleirtal. Tidleg jonsokdag hadde vi keltisk morgonbøn i Hedalen stavkyrkje. Etter ei lita samling på kyrkjebakken, var det klart for ordføraren i Sør-Aurdal å klippe den raude snora, og med det markere at pilegrimsvegen gjennom Valdres var opna. Sekkene kom på og 40 par føter byrja å gå.



Naturoppleving
For underteikna vart vandringa ei naturoppleving av dei store. Heile vegen vandra vi mellom blomstrar i mengder og i eit stort artsmangfald. Dei to første dagane var ei vandring over åsar, myrar og i stor granskog. På stiar og etter skogsvegar, forbi småvatn og setervollar. For ein som har vakse opp mellom fjord og fjell, var dette eit nytt landskap. Vi gjekk for det meste etter den gamle prestevegen mellom Hedalen og Reinli kyrkjer.

Etter å ha vandra over åsane og vassa over Muggedøla, vandra nye åsar og myrar, kom vi om kvelden fram til Smørhølet. Der hadde Sør–Aurdal sokneråd stelt fint til for oss med god og varm mat, og telt for overnatting. Men Smørhølet svara ikkje til namnet den kvelden og natta. Vinden hadde dei inga styring med. Det bles kaldt då vi var der, så natta vart kanskje i lengste laget for nokre av oss, og på morgonen kom regnet. Men kven har sagt ein skal ha berre gode dagar på si ferd, også det sure og leie hører med. Smørhølet vart også eit minne som vi tek med oss vidare.


Luksuspilegrimar

Neste dag bar det vidare gjennom skog og forbi setrar ned mot Bagn og så til Reinli. Sokneråda i Valdres hadde på heile vegen ordna med god overnatting og velsmakande mat, og det var ordna med ein fylgjebil som frakta bagasjen vår. Under vandringa bar vi berre med ein liten sekk med det vi trong for dagen. Slik sett var vi ein flokk luksuspilegrimar. Det er nok ikkje alle pilegrimar som får oppleve slik service undervegs.

Gode opphald fekk vi heile vegen oppover dalen. Utanom teltnatta i Smørhølet fekk vi nytte skular. På Fossheim i Røn fekk vi hytter med seng å ligge i. Siste natta, på Kyrkjestølen, kom vi nærare vanleg pilegrimsstandard. Fire av oss mennene sov "godt" den natta også på lasteplanet i fylgjebilen, til selskap av svirrande mygg. I tillegg til dei som stilte opp for oss med middag og frukost, var alle dei som stod langs vegen med kald drikke og gode kaker med på å gi oss mange gode minne.

Jernbanetraseen
Reinli stavkyrkje var andre kyrkja vi besøkte på vandringa, så fylgde, Aurdal og Ulnes kyrkje, Mo kyrkjeruin, Slidredomen, Lomen og Høre stavkyrkje. Heensåsen kyrkje og Øye gjenreiste stavkyrkje før vi kom fram til St. Tomaskyrkja.

Tredje dagen gjekk vi frå Reinli om Sundvollen til Aurdal kyrkje. Derifrå fylgde vi traseen til den nedlagde Valdresbanen fram til Leira. Eit stykke av den hadde pukkunderlag, ikkje det beste når ein har litt gnagsår, men ein representant for kommunen lova på Fagernes at dette skulle rettast på, det skal verte god gang og sykkelveg der det i dag er pukk og laus sand. Undervegs vart det eit besøk hos Jul Haganæs som fortalde om Knut Hamsun si tid i Aurdal.

Heimekjent
Fjerde dag bar vegen forbi Fagernes og bratt opp Bergastigen til kvileplassen med praktfull utsikt over bygdene rundt Strandefjorden.

Femte dag berre 12 kilometer til Slidre. Reine kviledagen, men ein solvarm dag. Sjette dag det lengste stykket frå Slidre til Hensåsen. For ein vestlending kjendest det heimekjent å kome inn mellom fjella med fossande elvar igjen, og sjå mørk granskogen verte bytt med ein lysare grøn lauvskog. Sjuande dag kom vi ned til Vangsmjøsa og til Øye, med ein rast ved kvernhusa ved Vennis. Vel framme på Øye hadde vi kveldssamlinga vår inne i den enkle, men vakre stavkyrkja.

Så stod siste vandringsdag for døra. Over fjellet frå Øye til Filefjell. Vel framme ved kyrkja gjekk vi inn og la våre stavar og blomar på altaret. Ei pilegrimsvandring frå Hedalen stavkyrkje til St. Tomaskyrkja på Filefjell var over.



Syftesok
Søndag 2. juli var det Syftesok, dagen for det gamle Syftesokstemnet på Filefjell. Det er messe i kyrkja. Relikvieskrinet frå den gamle kyrkja skal berast inn i den nye St. Tomaskyrkja. I prosesjonen er vi som har vandra vegen med.



Messa er over, det er tid for farvel og takk for fylgjet. 10 dagar har mange av oss vore saman og åtte dagar har vi delt vegen. Forventingane til turen var nok ulike, slik ståstadene i tru også var. Likevel trur eg vandringa gjorde noko med kvar enkelt, noko kanskje ikkje minst presten vår, Tordis, hadde æra for med sine ord til ettertanke:

– Takk til mine medvandrarar for varme og venskap.
– Takk til alle valdrisar eg møtte langs vegen.
– Takk til Jahn Børe Jahnsen og Tordis Ødegaard for alt dei gav.

Kvifor ikkje setje av nokre dagar til å gå pilegrimsvegen gjennom Valdres, heilt eller delvis. Der ligg opplevingar og ventar. Den beste tida må vere midtsommar med alle blomane langs vegen.