fredag 8. mai 2009

La Cassagnolle. 12.september 2008

La Cassagnolle viste seg å vere eit triveleg herberge med fleire hus.
Vi vart plassert i eit av dei, og hadde berre selskap av ei eldre fransk kvinne i naboromet.
Verten var ein stor, kraftig kar av vagabondtype.
Vi var fleire der den kvelden.


Eit heilt langbord til middagen.
Den kom verten med. Plasserte den midt på bordet.Heldt eit foredrag på fransk, og så var det; ver så god, forsyn dykk, men del på godene.
Same prosedyre med desserten.
Det var mest franske gjestar, men engelsmannen frå Livinhac var der og, og han var letta over å kunne snakke engelsk igjen.


Etter måltidet var det dugnad ved oppvask-kummane.
Men enkelte kom seg ikkje opp frå sitjande stilling.
Det er 25km frå Montredon til La Cassagnolle, og etter å ha vore nede i 195 m i Figeac, er vi no oppe i 300m igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar