torsdag 7. mai 2009

Ei blomstekasse, Barcelona 2007


Vi går gatelangs frå Sagrada Familia til Plaza Catalonia i Barcelona. Bodil er den som brukar å sjå det som er på bakkenivå. Eg held helst augene litt høgre oppe. Men brått var der noko som stansa meg.
Kva var det? Eg må attende for å sjå.
Ei blomsterkasse av uthoggen stein, full av grøne planter. Men på sida er der hogd ein relieff i steinen. Det var den som med eit stogga meg opp, og fekk til å ta fram fotoapperatet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar