mandag 27. mars 2023

Sein vår

Eg var i ferd med å tru på vår for ei veke sidan, men den gong ei. Sist søndag kom snøen igjen og la si kvite dyne over alt som minte om vår. Men det var i går, i dag skein sola frå klår blå himmel og det lokka meg ut å gå. Den halve mila vart det, ut til Skorgeelva og heim att. Eg må nytte dei dagane det ikkje er nedbør til å gå sjølv om motbakkane på vegen tek på pusten. Då får lungene mine verkeleg prøve seg så det høyrest slik som eg pesar. Men vonleg så gjer det meg godt. 

I Skorgeelva har einkvan vore der med sag, så no når trea er borte kjem både elva og kvernhusa betre fram. I eit av dei sat min far ei sein kveldstund under krigen og mol mjøl av kornet han hadde med. Mjøl til henne som var heime med oss borna.  Mjøl som skulle verte til brød på bordet.

fredag 10. mars 2023

Sus i myrull

Livet er ikke alltid
et hesblesende kappløp med døden.

Livet er ikke bare 
titusen strevsomme steg
mot små mål.

Nei, livet er rikt nok til
å være bare sus i myrull - - -
                                   Hans Børli


onsdag 8. mars 2023

Nedstryn kyrkje

Så fekk eg kome inn i ei kyrkje eg ikkje har vore i før. Det var Nedstryn kyrkje. Kyrkjekoret eg syng i hadde øvingshelg no i mars på Innvik Fjordhotell, og den øvingshelga avslutta vi tok del i gudstenesta i Nedstryn kyrkje. Vi fekk og synge tre songar for kyrkjelyden, men under liturgien vart eg stum. For deira melodiar til mellom anna nattverdsliturgien var heilt framande for meg. Men likte den gjorde eg, sjølv om eg ikkje kunne delta med mi eiga røyst.
Det er alltid spanande å kome inn i framande kyrkjer for å få sjå korleis det er der. Og Nedstryn kyrkje hadde mykje spanande å sjå.
I sær fanga alteret og kopien av det gamle antipendiet ( alterfrontbiletet) augo mine.
Alterskapet hadde opphaveleg vore ei katekismetavle, mendei tekstene var seinare overmala med bibelske motiv. 
Men det gamle antipendiet fortalde i åtte medaljongar korset si soge. Originalen er i Bergen museum.