søndag 26. februar 2023

Satan, freistingar og eg

Arne prest heldt ei god og tankevekkande preike i dag, noko han gjer ofte. Men i dag på 1.søndag i fasta var teksta om Jesus sine 40 dagar i øydemarka der han vart freista av djevelen. Den var han innom, men han tok utgangspunkt i leseteksta frå Jakobs brev 1.12-16, og då særleg vers 14-15a der Jakob talar om at freistinga kjem ikkje frå ei vond makt utanfor oss sjølve. Freistinga kjem i staden frå vårt eige indre, og når vi let freistinga få rom i oss, opnar vi for å falle i synd, for det vonde.  
Det minner meg om det som vart sagt av jødiske lærde, at vi har to viljar i oss, ein god og ein vond. Spørsmålet er berre kva for ein vilje vi let få rom i oss.  
Eller som det vart sagt av indianske vismenn; vi har to ulvar i oss, ein vond og ein god. Spørmålet er berre dette; kva for ein ulv forar vi.
Så drog han fram Jesu si freisting i øydemarka. Freistingane hans kom ikkje frå ein freistande djevel, freistingane kom ifrå Jesus sitt eige sinn,  der Jesus vart freista til å vinne jordisk makt og ære, til å avstå frå den oppgåva han var gitt av Gud, den han var komen for.
Slik det og var med hans freisting i Getsemane hagen der han ba om at at han måtte sleppe å tøme den skåla som låg framføre han,  men svaret hans både i øydemarka, og i Getsemane var :  ikkje som eg vil, berre som du Far vil.

onsdag 22. februar 2023

Telt

Når vi les vidare i Johannes evangelet 1.14 finn vi og i den greske teksta eit ord som vi ikkje finn i nokon av  våre Bibelar. Det er ordet telt.
På gresk står det; kai eskenosen en hemin, og på vårt mål, ord for ord, vert det; [ordet vart kjøt] og telta mellom oss. Og her er det teltet som vert borte i våre omsettingar, for omsetjarane nyttar andre ord her,; ord som at han tok bustad mellom oss, eller som ;, slo opp sin bolig mellom oss, eller,: bodde iblandt oss,
Teltet høyrer til ei anna tid til, ei tid utan fast bustad, det er folk som fylgjer sine vandrande dyreflokkar som har det flyttbare teltet som bustad. 
Kan det nyttast i vår tid med faste bustader, vi som bur i landsbyar og byar ?
Jødane held framleis telttradisjonen ved like i det enkle teltet som vert reist under lauvhyttefesten. Til minne om deira vandring dei 40 åra i øydemarka.
Men telt finn vi tidleg i sentrale tekster. Abraham budde i telt og Moses fekk på Sinaifjellet påbod om å reise eit møtetelt mellom folket.  Det vart Tabernakelet der Jahve møtte folket gjennom å stige ned i  teltet i form av ei sky. Tabernakelet fylgde dei heilt til kong Salomo reiste det faste tempelet på Sionshøgda i Jerusalem. Då det vart vigsla flytta og skya frå det flyttbare  tabernakelet, over til den nye møtestaden, det faste tempelet.
Eg tenkjer , trur, at Johannes brukar teltmetaforen for å fortelje kven han var Han som då han var  i Guds skapnad  ikkje heldt det for eit ran å vere Gud lik, men som gav avkall på sitt eige og tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik, slik Paulus skriv om i Filliparbrevet
Og kva misser vi når teltmetaforen er borte frå teksta?  Teltet, møtestaden mellom Jahve og folket, Han som kom, han er møtestaden, tabernakelet, der Han som er Gud møter oss.
Men vi kan finne også ein annan teltmetafor. 
Eit telt har ikkje nokon  fast stad, det er flyttbart. Og legg vi til tre små ord som er nødvendige i samband med telt så får vi fylgjande; å slå opp sitt telt, og å rive sitt telt. Eit telt står ikkje evig på sin plass, det vert reist, og etter ei tid teken ned at for flytting.
Og det skjedde med han som tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik.
Han tok på seg ein tenars skapnad ved sitt første andedrag i Betlehem, og avslutta den gudgitte tida då han vel 30 år seinare gav opp sin ande på krossen. 
Eller for å vere i teltmetaforen. Han slo ned sine teltpluggar i Betlehem, og drog dei oppatt på Golgata då han sa, Det er fullført  - og gav opp anden og døydde.
Han var her nokre dagar etter Golgata, men då var han ikkje lenger i tenaren sin skapnad, han var ikledd ein ny skapnad. Den vi som døyr i han eingong skal få.
Det er mine tankar som eg trur at teltmetaforen som Johannes brukar her i det 14.verset er bevist brukt for å fortelje oss kven han var, kven han er, han som kom og reiste sitt telt i mellom oss


mandag 20. februar 2023

Sarks

I Johannes 1,14 står det i siste omsetting slik; Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss.
Sarks som her er omsett med menneske er eit gresk ord som har volda omsetjarane noko hovedbry, slik og med den komande  nyomsetjinga, eller kanskje ikkje av
omsetjarane, men i grupper av leiarar i kyrkjene og lekmannsrørslene. Den vanlege lesar av ordet har lite meldt seg på diskusjonen, så langt eg har sett.
Kva står der igrunnen med greske ord, og korleis vert det med ei bokstaveleg omsetting til vårt mål?
På gresk: Kai ho logos sarks egeneto. Ord for ord på vårt mål vert det: Og Ordet kjøt vart.

Sarks tyder heilt enkelt kjøt, og kjøt er det vi har på middagsbordet. Kjøt frå slakta dyr, men kan ordet brukast om han som vart fødd i Betlehem og døydde på Golgata kross? Kanskje helst ikkje eit så rått ord, sjølv om Paulus har nytta det, og då kjem omskrivingar inn for å mildne ordet. Slik ser det ut for at kritikarane av å omsetje sarks med kjøt tenkjer.
Men korleis har sarks vorte omsett i tidlegare omsettingar?
Den danske Bibelomsettinga som kom etter Luther si tyske omsetting, nyttar kjød.  Sjølv om det norske ordet er kjøt, kom det danske ordet kjød til å verte nytta lenge i seinare norske bokmålsomsetjingar. Også i Norsk Bibel si omsetting frå 1988. Kanskje var ikkje kjød kjøt for norske øyrer.
Men då Bibelen kom på landsmål i 1921 vart sarks omsett med kjøt, om ikkje i bokmålsbibelen. Slik var det framleis i 1938 omsettinga, men i den neste omsettinga i 1978 vart kjøt bytt ut med menneske i begge målføre. Som og Jakob Jervel nyttar i si omsetting frå 2002. Eit unntak Jehovas Vitne sin Ny Verden omsetjing frå 1996 som nyttar kjød, men den har nok ein omsettingsbakgrunn frå USA.

Kanskje tenkte omsetjarane; la oss finne eit anna ord for sarks så ingen kan kome til å tenkje på middagsbordet sitt blodige kjøt. Ikkje veit eg,  men når eg ser kva dei ulike omsettinga nyttar for sarks så finn ein ikkje lenger at kjøt er nytta. Unntaket er katolikken Erik Gunnes som skriv at han vart menneske av kjøt og blod.
I engelske Biblar kan vi finne, utanom flesh, slikt som: Kristus tok vår menneskelige natur, eller ; ble et menneskelig vesen. Eller ,; gikk inn i en ny eksistensform.
Det skal verte spanande å sjå kva den neste omsettinga kjem til nytte på ordet sarks. Det vert nok neppe kjøt.

PS. Eg må tilstå at eg likte godt Erik Gunnes 
si omsetting når han i tillegg til kjøt skriv; vart menneske av kjøt og blod. Eg tykkjer det fortel litt om kva han var, men som han forlet og tok på seg, for ei tid, vår tilstand, vart menneske av kjøt og blod.
Og så ser eg i Vårt Land at Bibelselskapet ser ut til å vende attende å nytte kjøt for det greske ordet sarks i den nye omsettinga som kjem om få år.



lørdag 18. februar 2023

Ordet

Eg sit ofte innfor døra ut mot platten og ser ut på det skiftande været og på fuglane som flyg inn for å få seg litt mat, og medan driv tankane sine eigne vegar. I dag er været skiftande med korte solglimt mellom drivande snøbyger. 
Og tankane kvar driv dei? 
Eg kom fram på ein gamal bibel som er komen hit frå mi kjære sin heim, trykt i 1875. Den er nok ikkje så lettlest for vår tids born, trykt som den er med gotisk skrift. 
Og den er heller ikkje eit lite og hendig format, ingen lommebibel akkurat, då den veg 1,450 kg.
Orda er nok heller ikkje dei same som i våre dagar. Då i 1875 var nok norsk skriftmål enno sterkt prega av dansk skriftnorm. Ein bibel på landsmål kom først 1921.
Det har vore ein del debatt omkring at det skal kome ei ny bibelomsetting om nokre få år. Det er gjerne spørsmål om korleis nokre greske ord skal omsetjast, usemja står om kva ord som skal nyttast på vårt mål.
Skal det mest mogeleg nyttast ord som samsvarar med det opphavelege greske ordet, eller skal ein nytte ord i vårt mål som dempar den opphavelege tydinga. For ikkje å støte lesarane i dag.
Koranen har ikkje det problemet då den igrunnen ikkje skal omsetjast i det heile då den bokstaveleg tala er Allahs ord, på gamalarabisk. Og det er det borna terpar på i koranskulane. Eit mål ingen talar i dag. Då er det imamen si oppgåve å forklare orda, i den grad han sjølv forstår dei.
Då er det enklare at vi får orda omsett til eit mål vi der vi skjønar orda, om vi kan vere noko usamde om korleis orda skal omsetjast.
Same korleis det greske ordet vert omsett er det likevel rikelege nok av høve til å få mange tankar over dei djupter som ligg  i nokre enkle ord.
Som her i opningsorda frå St. Johannes's Evangelium. Den sokaĺla Johannesprologen. Som for meg er eit av høgdepunkta  i Ordet.


søndag 12. februar 2023

Dikt avlar rosor

Det var i den tida eg fungerte som prestevikar, då tenestegjorde eg i fleire sokn, ikkje berre med å halde gudstenester, men og med gravferder. Ei av desse gravferdene var i mi heimekyrkje. 
Ei eldre kvinne i mi heimegrend var død, og eg fekk gravferda for henne. Før gravferda byrja kom døtrene hennar til meg og spurde om eg kunne lese nokre vers ved båra,  vers som mor deira hadde vore særs glad i.  No er eg noko kjenslevar, noko som gjer at mi røyst stundom vert påvirka av kjensler eg har vondt for å styre, så eg tveka litt men det vart eit ja til deira bøn. Diktet heitte "Dikt avlar rosor."
Desse versa kjende eg frå min eigen barndom då også mi mor sette stor pris på dei, så stort at ho hadde fått dei rama inn og hengt dei opp på veggen i mine foreldre sitt soverom, og der hadde eg lest dei mange gonger i barne og ungdomsåra.
Det var hennar sambygding, diktarpresten Andres Hovden som hadde skrive dei.
Så det å lese dei i denne gravferda kom til å minne meg sterkt om mi eiga mor.

fredag 10. februar 2023

Eit augnevitne

Jonas Peson var finne, men busette seg her på Sunnmøre og livnærte seg som kunstmålar. Og hans særmerkte måleri finn ein i mange kykjer på søre luten av dette fogderiet. Mellom dei er Vartdal kyrkje der han dekorert alle tre veggane i koret. På nordveggen ser ein dette motivet, henta frå fortellinga om den gongen Jesus vart openberra for tre av læresveinane på eit fjell i Galilea. Og tilstades då det hende var og to for lang tid sidan avlidne personar, Elia og Moses.
Og som augnevitne om hendinga skriv Simon Peter seinare, slik vi finn det i hans andre brev. " Vi fylgde ikkje klokt uttenkte myter då vi kunngjorde for dykk vår Herre Jesu Kristi makt og hans kome. Nei, vi var augnevitne og såg hans guddomelige velde. For han fekk ære og herlegdom frå Gud, sin Far, den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen : " Dette er Son min, han eg elskar, i han har eg mi glede. " Vi høyrde sjølve denne røysta kome frå himmelen då vi var saman med han på det heilage fjellet."

torsdag 9. februar 2023

Kveldsgull

Det er ikke vakkert i verda
før sola i vest går ned
og takker med kveldsgull for ferda
over hvert velkjent sted.
                                    Hans Børli

lørdag 4. februar 2023

Teikna fortel.

Ei av mine døtre sende meg ein snapp frå Domen i Trondheim. Det gjaldt mi undring over zodiacteikna framfor alteret i domen. Ho hadde fått ei folkelig tolking av ei kvinne der. Som var at ein fekk synder tilgjevne når ein trakka på dei. I Spania har kyrkjer heilage dører som gir syndstilgjeving når ein går gjennom dei. Eg trur helst tilgjevinga er å finne andre srader. 
Men til tolkinga av zodiacteikna i kykjene. Eg veit ikkje korleis tankane bak teikna i Nidarosdomen eller Ørsta kyrkje er, men der er mange ulike tolkingar ute og går.  I Bologna i Italia gir  teikna astronomiske forklaringar. Eit lite hol i kyrkjetaket sender ein tynn solstråle ned på golvet. Denne vandrar gjennom året rundt til dei ulike zodiacteikna på golvet og er slik med på å fastsetje ulike datoar i året. Til dømes datoen for påskedag. Eit døme på tidlegare tider sitt samarbeid mellom kyrkje og astronomi.
Teikna i Ørsta kyrkje

I ei kyrkje i London knyter teikna seg til ulike deler av skapingssoga, og til eigenskapane i natur, menneske og Kristus.
Der Væren er den skapande krafta, med andre ord Gud. Tyren er skapinga av himmel og jord.
Tvillingane symboliserar Kristus som både Gud og menneske. Jomfrua tyder skapinga av oss,  mennesket. Krepsen tyder skapinga av månen og havet., medan løva fortel om skapinga av sola og det faste landet. Så kjem skorpionen og fortel om døden og oppstoda. Skyttaren tek for seg heile mennesket med vår doble natur. Vekta fortel om menneskeheita si evne til både godt og vondt. Vannmannen fortel så om gjenfødinga gjennom dåpen, medan fiskane representerar Kristus og hans to naturar, både gud og menneske.
Andre kyrkjer knyter teikna til dei 12 apostlane, men eg har ikkje nokon stad funne ei tilknyting til vår moderne tids bruk av dei som horoskop, at livet vårt står skrive i stjernene.