søndag 31. august 2014

Romedalen

Vi har hatt solvarme dagar no dei siste dagane av august. Men i går var der skyer mellom oss og sola. Slik sett var det eit godt vær for ein tur i fjella, og mi kjære og eg vart invitert med av dotter og svigerson på ein tur i Romedalen. Ein seterdal mellom flogbratte fjell. 7 km  lang frå Follestaddalen og fram til fremste støylen, Steinestøylen. Den ligg under det karakteristiske fjellet Hallehornet. Derifrå kan ein gå vidare over skaret og ned til Barstadvik, eller vidare fram dalen og ned til Nordre Vartdal. Ein tredje veg er opp til skaret ved Hallehornet, og så vidare over eit nytt skar til Molladalen.

Eit av dei mest kjende fjella i området er Kolåstinden som ein kan nå frå Standaleidet. Ikkje like lett å nå den frå Romedalen. Då ein nok vere klatrekyndig, men den er mellom dei fjella som gir dalen sin karakter.

lørdag 16. august 2014

Nokre ord om Gud


Ei vandring kan gå føre seg på mange måtar. Ikkje berre ved å gå på føtene, men og ved å vandre i synsmåtar, tankar og utvikling som menneske. Når eg ser attende på livet mitt, så ser eg at den vegen eg har vandra i livet mitt, har endra meg og mine tankar om dei store tinga i livet. Og eg har vorte mindre fastlåst enn eg var i yngre år om korleis eg tenkjer som Kristustruande, og om kven Gud er, og kva bilete eg har av "Han". Mine tankar i dag om det er at eg ser, og skjønar, berre små bitar av det store bilete som Bibelen gir oss av Gud, Kristus og forsoninga. Og det eg ikkje fattar, det overlet eg til trua, og tiltrua til Guds handlingar i meg og gjennom meg.  Men for å ha noko handfast å halde meg til i mitt liv, har eg Kristus, Messias, som gir meg eit bilete av kven Gud er. Det som sette denne tankevandringa i gong i meg var på mange måtar mine vitjingar i Israel .

I avisa Vårt Land har det siste tida vore fleire innlegg om synet på Bibelen, der kunnskap og erfaring vert sett opp mot kvarandre. Det undrar meg at der ikkje finst ein tredje veg inn i dette viktige spørsmålet. Ein slik veg kjem i alle fall lite fram i alle innlegga, anten det er frå dei med eit "konservativt, låst" bibelsyn, eller dei som let bibelsynet sitt verte påvirka og endra av tida sine tankar. Det same ser eg når eg les debattar mellom truande og ikkje truande. Dei er kvar på sin stad fastlåste i sitt syn, og evnar ikkje, eller vil ikkje, opne for at det går å tenke nye tankar.
I dagens Vårt Land står der eit lesverdig intervju med Israrels ambassadør hjå oss, og han hadde nokre tankar inn i dette spørsmålet om kven Gud er.
Eg saksar litt av det:
På hebraisk er ordet for himmelen "shamaim". Det er fleirtal av "sham", som tyder "der". Himmelen tyder altså "der, der, der.", altså overalt. Når vi sier at Gud er i himmelen, da mener vi at han er overalt. Vi er alle deler av en stor energi, en stor kontinuitet som er guddommen selv, Du kan se Gud i alt og alle.  Han er alt. Det er ikke noe forbi Gud. Han er uendelig og evig, begreper vi ikke har forutsetninger til å forstå. Den eneste måten å komme nær Gud på, er gjennom å samle små biter av det store bildet ved hjelp av språket. Det er vårt beste verktøy, ingenting er mer hellig enn det. Språket eksisterte før mennesket ble skapt. Det er mye mer enn et komunikasjonsverktøy. Jeg tror at kraften av skapelse er kraften av ordet.

Eg trur eg må ofre nokre tankar på desse orda hans, men det rann meg i hug to setningar frå Bibelen. Den første er opningsordet i Johannesevangeliet. I opphavet var ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Og det andre er eit ord av Paulus om Gud der Paulus seier at det er i Gud vi lever, rører oss, og er til. Men det kan ikkje vere slik at gud er i alle ting, men heller at alle ting er i Gud. God helg.

torsdag 14. august 2014

49 år

Gradestokken synte heitt i dag, og eg tykte at den var sann i det, så eg kom til at ein tur i fjøra for å sjekke sjøtempen kunne vere på sin plass. Eg vil vere med, sa mi kjære, og så vart det både temp sjekk og ein liten symjetur. Men i i aust truga det med regn, så turen i fjøra vart ikkje av det lange slaget. Då var det noko anna for 49 år sidan. Då ville gradestokken synt kokheitt, om ikkje brennheitt. Det var ein av dei få solvarme summardagane det året, men det vart ikkje noko sjøbad den dagen. Årsaka var at mi kjære og eg feira brullaup på farsgarden hennar, og då var me opptekne med andre ting enn å tenkje på sjøbad. Eg veit ikkje om eg kan sei at været i dag var symptomatiske for åra som har gått, for i dag rulla tora mellom fjella i aust, og himmelen vart mørk og tung av regn. Men hit til vår heim ved fjorden kom det ikkje. Her skein sola mest heile tida. Slik har dei 49 åra vore, seier mi kjære, og godt er det om dei orda er sanne, men eg har ein liten mistanke om at då ser ho bort frå både litt regn og torebrak. Men heldigvis er det lett å gløyme slike ting til fordel for solskinnsdagane, og dei har vi hatt mange av, vi to. Og takk for det mi kjære.


søndag 10. august 2014

Det kveldar


Det går mot kveld i fjordbygda. I går kveld hekk skyene tunge over fjella i aust, og vermeldarane snakka om ein komande hausstorm. Og han kom, men her ved fjorden nord for Stadt merka vi ikkje mykje til den. Det regna litt i løpet av natta og morgonen, og austanvinden skapte noko uro utover natta, men det var til å leve med. Då var det nok meir leven lenger sør på kysten. Der snakka dei om at lokale vindrekordar kom i løpet av nattetimane. Men denne kvelden er himmelen annleis. Høg, klår og blå, og fjorden ligg der still. Og den varsla hauststorm nr.2 skal visst ikkje nå Stadt han heller, men herje ifrå seg lenger sør. Men, været er berre ein biting i desse siste månadane. Der skal vere krig og rykte om krig, seier den store boka, og bror skal reise seg mot bror og far mot son. Og har vi høyrt om anna siste året? Syria, Afganistan, Sør-Sudan, Den Sentral-afrikanske republik, Nigeria, Somalia - og no sist Ukraina, Gaza og Irak. Ikkje alle landa er like aktuelle for media, men sogene vi høyrer og les ifrå dei er ikkje eigna til å gjer ein lett og glad til sins med all den liding dei vitnar om. Eg undrar meg på kva det er som får menneske til å vere så vonde mot kvarandre?  Kva det er er som gjer at der er så lite toleranse til stades overfor menneske som har ei anna tru, eller høyrer til ei anna stamme?  Diverre er det ikkje noko nytt i vår vesle klode si soge, men det er det lite hjelp i. Det burde tvert om ha lært oss at der er betre vegar til sameksistens enn det vi har vore vitne til siste året. Vi kunne sanneleg trenge ein høg, klår og blå himmel over vår vesle verd, ein himmel som varsla at ein ny dag utan vald og krig, men med fredeleg sameksistens, skal renne for alle nasjonar og stammer.
 

lørdag 9. august 2014

Hauststorm i august?


Det har vore eit uvanleg vær for oss her på nordvesthjørnet av landet vårt sidan før jul. Lite nedbør og varmare enn normalt, og det sjølv om det har vore meir enn nok nedbør både nord, sør og aust for oss.  Vi har høyrt om rekordnedbør og flaum både her og der i landet vårt. Sjølve fekk vi berre ein smak av det for nokre dagar sidan i eit skjeldent kraftigt lyn og torevær. Men i heimen vår fekk vi greie oss med å sitje i parkett og vere tilskoderar til showet. Men no spørst det om vi og får smake det. Værmeldarane fortel om at to sokalla ekstremvær med mykje både regn og vind er på veg oppover kysten. Så spørst det om Stadt'en bergar oss denne gongen og. Det i seg sjølv høyrer ikkje til normalen, for Stadt'en har tidlegare hatt eit lag til å drage til seg alt som uvær heiter. Men når eg kastar eit blikk fram i fjellrekka i aust, ser eg at eit kvart er i ferd med å lage seg til. Så får vi berre å vente og sjå om året sin første hausstorm kjem over oss i løpet av natta og morgonen. Den neste, som er restane av ein tropisk orkan på amerikakysten, er varsla neste natt. Så er det berre å vente og sjå om det reiser forbi oss her inne i fjordbygda denne gongen og.