fredag 28. desember 2012

Kors kirkia i Ærst

 Slik står "mi" kyrkje under flaumlyset i mørke vinterkveldar. Fagert reiser ho seg på Vallabakken ved Nekken der to elvar møtest. Der var og møtestadane for bygdevegane i gamal tid. Vegen framover dalane, vegen utover nørestranda og vegen mot sør til Hovdebygda og Volda. Kyrkja og kyrkjebakken var sentrum i bygda ved fjorden.
Den noverande kyrkja vart reist i 1864, samstundes som den den gamle kyrkja vart teken ned, og bygningsmateriala vart nytta i andre kommunale bygg, eller seldt på auksjon. Og med det enda den gamle stavkyrkja sine dagar.
Det første vitnemålet om den er frå eit diplom som vart skrive i 1385 i samband med ei stadfesting av ein eigdomshandel. Og stadfestinga gjekk føre seg på kyrkjebakken ved Kors kirkia i Ærst.
Men då hadde nok kyrkja alt stått mange år på kyrkjebakken på Velle, og mange generasjonar låg alt innanfor murane på kyrkjegarden.
 

Eg fekk ei vakker bok til jul. Ei om kyrkjene på Sunnmøre. Der står det og ein del om den gamle kyrkja. Kors kyrkje i Ørsta.
Forvitneleg var det å lese at av stavkyrkjene her i landet var 10 av dei 11 største kyrkjene i landet her på Sunnmøre, og Ørstakyrkja var i flatemål den 4. største med ei grunnflate på 257 kvm.
 
Kors kyrkje i Ørsta er namnet som er brukt i diplomet frå 1385. Kyrkja på Vallabakken var korsforma, men det var det mange av kyrkjene på våre kantar og som var uten at det gav seg utslag av at dei bar korsnamnet. Så grunnen måtte vere ein annan.
I katolsk tid var kyrkjene ofte vigsla til eit heilagt person, eller ein ting som var heilag. Slik vi framleis finn det dei katolske områda. Her på Sunnmøre har vi St.Jetmund på Åheim, men eg har i mi tid som prestevikar funne ei St.Olav kyrkje i Syvde og på Rovde var der ei Maria kyrkje. Langs pilegrimsvegen gjennom Valdres fann eg fleire kyrkjer som bar, eller hadde bore, helgennamn.
Eg har difor for moro skuld sagt at den gamle stavkyrkja i Ørsta måtte vere vigsla til Den Heilage Krossen. Det må vere grunnen til at ho på diplomet er nemnt som Kors kirkia.
Morosamt var det derfor å lese at Øystein Ekroll i boka stadfestar min vage teori om namnet. Kanskje var det nettopp på grunn av at kyrkja var vigsla til Den Heilage Krossen ( og kanskje hadde som relikvie ein bit av krossen liggane i ei fordjupning i alterbordet) at eit av dei fem alterskåpa som Habsburgarprinsessa Elsbeth (dronning Elisabeth) gav til kyrkja i Norge gjennom erkebiskop Erik Valkendorf. At det eine alterskåpet med krossfestinga som motiv, i omlag år 1520,  kom til Kors kyrkje i Ørsta. Det som endå har sin plass på alteret i noverande Ørsta kyrkje.


søndag 23. desember 2012

God Jul

 
Eg har siste åra, på julekvelden, brukt å legge ut julevangeliet, slik det har vore skrive i dei ulike utgåvene av Bibelen på nynorsk. Eg byrja med den eldste utgåva frå 1868, og no er eg komen fram til 1921-utgåva. Den som vart kalla Fyrebelsbibelen. Sidan eg denne jula feirar høgtida i Romsdals fogderi, kjem juleevangeliet denne gongen på veslejulekvelden.
Biletet er henta frå bronsedøra inn til kyrkja i Virgen del Camino - jomfrua til vegen - nokre kilometer vest om Leon.
Og med dette ynskjer eg mine lesarar ei God Jul.
 

I dei dagarne let keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi.
Dette var fyrste gongen dei tok manntal med Kvirinius var landshovding i Syria.
Då for alle heim, kvar til sin eigen by, og skulde skriva seg i manntalet.
Josef og for frå Galilæa, frå den byen som heiter Nasaret, upp til Judæa, til Davidsbyen, den som dei kallar Betlehem - for han høyrde til Davids hus og ætt - og vilde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med honom; ho gjekk då med barn, og med dei var der, bar det so til at tidi hennar kom,
og ho åtte den fyrste sonen sin; ho sveipte honom og lagde honom i ei krubba, for det var ikkje rom åt dei i herbyrget.

Det var nokre hyrdingar der i bygdi som låg ute og vakta buskapen sin um natti.
Best det var, stod ein engel frå Herren innmed deim, og Herrens herlegdom lyste kringum deim. Då vart dei fælande rædde; men engelen sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Eg kjem med bod til dykk um ei stor gleda som skal timast alt folket:
I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren!
Og det skal de hava til merke: de skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubba.»
Og brått var det ein stor her av himmelånder med engelen; dei lova Gud og kvad:
«Æra vere Gud i det høgste, og fred på jordi, og hugnad med menneskje!»

Då englarne hadde fare burt att og upp til himmelen, sagde hyrdingarne seg imillom: «Lat oss no ganga radt til Betlehem og sjå dette som hev hendt, og som Herren hev vitra oss um!»
So skunda dei seg dit, og fann Maria og Josef, og det vesle barnet som låg i krubba.
Og då dei hadde set det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt deim um dette barnet.
Alle som høyrde på hyrdingarne, undra seg yver det dei fortalde; men Maria gøymde alle desse ordi i hjarta, og gruna på deim.
Og hyrdingarne for heim att, og lova og prisa Gud for alt det dei hadde høyrt og set, og som høvde so vel med det som var sagt deim.

torsdag 20. desember 2012

2012.12.21

Det går mot natt den 20.desember 2012. Det bør vel verte ei lang natt dette, den siste før dommedag.
For i morgon er det 21.12.2012, og då er det ein lenge spådd dramatisk  dag. Ein som i fylgje noko dei gamla maya-indianarane sin kalender veit å fortelje er den siste. Det fortel både radio, fjernsyn og aviser desse dagane føre. Så denne natta får eg nytte til siste minutt.
I morgon er det vintersolverv, og kl 12.12 vender sola og byrjar stige att. Spørsmålet er om vi får oppleve at sola igjen dukkar opp over fjella i sør? Om ikkje så har vi kjøpt julegåver i fleng som ingen får gleda av å få, og ingen får gleda over å gi. Heilt vekkasta med andre ord. Og mi kjære som har baka lefser idag. Dei får eg knapt nok smake.
Skal tru om det var denne datoen tympanumet på kyrkja i Conques fortalde om?
Nei, eg trur eg tek det med knusande ro, og ventar på ei julehelg der eg igjen får feire at Gud kledde seg i menneskeskapnad, fødd som eit lite barn av ei ung jente, i Betlehem i den romerske provinsen Palestina.
Derfor feirar eg jul. Ikkje på grunn av god mat, gåver og nissar og juletre. Det kan godt hende at både år og dato er feil utrekna på 5-600-talet, men det spelar inga rolle. Eg feirar jul fordi ein frelsar vart fødd. Ein frelsar som som nokre år seinare skulle døy på ein kross for å opne vegen attende til Gud.
Ein dag skal han kome att, men den dagen veit berre Gud. Derfor går ikkje verda under i morgon, eller andre datoar som menneske trur seg å vite. Derfor ser eg med glede fram til å feire jul om nokre få dagar. Og om endå nokre dagar seinare, sjå sola igjen stige over fjella i sør.
Biletet over er teke 2006.01.03, og har difor ikkje noko med datoen 2012.12.21 å gjere.

torsdag 13. desember 2012

Drama i stein (8)

 
Den siste domen. Dit er dramaet på tympanumet peikar.
På skriftbandet rundt Kristus står orda hans frå likninga om den siste domen i Matt. 25. " Kom hit de velsigna borna åt Far min." og " Gå bort frå meg de bannstøytte" 
Drammatiske ord, men er det dom som strålar ut frå Han, der Han, kongen og domaren, sit på den himmelske trona?  Viser ikkje hendene til noko heilt anna?
Han har utstrekte hender med opne handflater. Velsignande hender.
Dreg vi ei linje over desse handflatene endar linja oppe ved sida av herlegdomens kross, der Guds nåde strøymer, bylgjer ned.
 
Og i andre enden av linja ser eg ein skikkelse som ligg under Satan sine føter. Ein skikkelse som er i ferd med å reise seg. Verte sett fri.
Og eg hugsar orda hans; "Eg er ikkje komen for å døme, men for å frelse." Og Peter fortel at Han, Kristus, då han var i grava, steig ned til dødsriket for å forkynne for åndene som var i fangenskap der.
Det strøymer nåde frå Gud gjennom hendene hans ned til sjelene i dødsriket.
Er då den siste domen ein dom over synda, medan syndaren vert tilrekna Kristi rettferd, tympanumet i Conques si store fortelling?

Der er to englar som bles i horn, ved sida av herlegdomens kors.
Hjå den eine, usynleg for meg nede på brusteinane, står det skrive to ord på arabisk nede på kjortelen. Gloria og fred er dei tyda til.
Eg vert ståande i kveldsmørket ved klosterkyrkja i Conques denne kvelden. Kyrkja som er tileigna den unge gjenta som for si tru, måtte lide martyrdøden i Agen, nokre mil lenger mor sørvest.
Eg høyrer presten fortelje tilhøyrarane om kva dei ser der oppe over dørene, men eg skjønar ikkje eit ord.
Men scenene oppe på veggen greip fatt i meg på ein slik måte at dei i åra sidan har levd sitt eige liv i meg. Eg har ofte leita fram bileta eg tok av tympanumet og undra meg kva det er eg ser. Dei har ført meg inn i ei leiting etter kva dei fortalde tilskodarane på 1100-talet, då dramaet stod der med sterke og klåre fargar. Men og kva dei fortel vandraren frå det 20-århundret som står der ved kyrkja, ein tussmørk kveld.

onsdag 12. desember 2012

Drama i stein (7)

 I mylderet av skikkelsar oppe på veggen, er det ein som skil seg ut i storleik og i plassering.
Det er hovedpersonen i dramaet.
 Han sit på ei trone, kledd i staselege klede, og med teiknet på høg rang, beltet, om livet. Høgre sida han er avdekt, og føtene kviler på ein skrå fotskammel. Og eg legg merke til at den hallar mot den delen av dødsriket der Satan rår.Han har med seg fire englar som bær symbol på hans makt. Ein av dei har ei bok i hendene.Er det Livsens bok? Og under han er eit båret hav av krystall. Det er Johannes sitt syn på Patmos (Joh.Op. kap.4) eg ser avbilda.
På den avdekte sida hans kan eg sjå sårmerket frå der spydet gjekk inn i hjartet, og på glorien rundt hovudet les eg; IUDEX REX - domar konge.
Det er Guds son  Menneskesonen, Jesus Kristus som sit på Guds kongsstol,  Erkeengelen Mikael er ferdig med sin skålvektsdom. No er domen i hendene på den rettferdige domar og konge.


 

Men eg ser meir hjå kongen. Eg ser hendene hans. Dei er utstrekte til velsigning.
Ein gong for lenge sidan, etter oppstoda frå grava, var han og læresveinane samla til avskil. Og medan han vart lyfta opp frå dei, og skya tok han bort så dei ikkje kunne sjå han lenger, velsigna han dei med lyfta hender.
Så var han borte, men brått var der englar mellom dei, og dei fortalde at slik han hadde reist, slik skulle han kome att. Med hendene lyfte til velsigning.
Det er den atterkoma eg ser oppe over dørene.
Den eine handa er vendt oppover mot Gud og Guds nåde. Den andre er vendt nedover mot dei i dødsriket. Ikkje til dom, men med nåde.
Det er dei sjuke som treng lækjar, ikkje dei friske, sa han. Og; eg er ikkje komen for å døme verda, men for å frelse.
Det er æva som er i ferd med å bryte inn.

Og der i æva ser vi herlegdomens kross, som ikkje er krossen frå Golgata. Den var fornedringa sin kross. Herlegdomens kross symboliserar Jesus Kristus sin siger ved slutten på tida då ropet lyder. Sjå eg gjer alle ting nye.
 Dei to englane ber symbola på sigeren, spydet som vart stukke i sida hans og naglane han vart festa til krossen med.

Og ser vi etter, så ser vi at der går ei linje nedover frå herlegdomens kross, ned gjennom alle tider. Ned til den første domen då  vi døydde og vart dømde for våre gjerningar,  og hamna i dødsriket.
I ei norrøn preikesamling står det om krossen at når den står oppreist, står ein del fast i jorda, medan ein annan del står opp i lufta, for Kristus sameinar dei himmelske ting med dei jordiske.
Linja formar ein kross, og tek vi med det skrå fotbrettet, får vi ein gresk-ortodoks kross.
Det jordiske og det himmelske sameinar seg i Kristi kross.
No-tida er over. Tida renn ut. Tida for den andre domen er koma. (Joh.op. 20, 11 ff.)

mandag 10. desember 2012

Drama i stein (6)

 Og då får eg flytte meg over på høgresida. Til helvete der Satan er herre. Der er tympanumet delt i tre deler
 Det er no-tidsplanet som er delt i to. Eit nærast Kristus, og eit heilt borte under bogen.
Og sidan frankarkongar og kyrkjelege hovdingar var med i rekkja på venstre sida av Kristus, så finn vi og slike menn på den høgre sida. Men her er det ikkje frankarane som er med, men Henrik 4, og sonen hans Henrik 5 . To tysk-romerske keisarar som har hamna  hjå demonane. Henrik 4 er kjend i soga gjennom sin strid med paven omkring kven som hadde rett til å utpeike biskopane i kyrkja. Noko som enda med at keisaren måtte krype til korset og så i snø og kulde utanfor borga Canossa for få att paven sin nåde. Han hadde og utnemnt eit par antipavar i striden. Dei er og å finne hjå demonane.
Heilt borte ved bogen finn vi mellom anna Lillith. Den kvinna som Gud først skapte til å vere Adam si kvinne. I fylgje gamle legender. Her vert ho avkledd sin vakre bunad, og dømd til evig fortaping.
 Saman med Satan finn vi fleire ulike mennesketyper. Her er  den pengekjære, med pengesekken rundt halsen. Soldaten som har utført vold. Løgnaren, avgudsdyrkaren og kvinna som har brote ekteskapet. Og fylgjene av brota er ikkje gode. Det er alt frå at tunger vert skorne av, til å verte rista over elden.
Etter å ha sett på bileta på veggen, skjønar eg meir av middelalderdiktet Draumkvedet si skildring av domen.

Det var sankte såle-Mikkjel, hans bles i luren lange:
"Og no sko alle såline fram fyr domen gange!"
Men då skolv dei synde-såline, som ospelauv for vinde,
og kvor den, kvor den sål der var, ho gret fyr syndine sine.

Og så fortel Olav Åsteson om kven han såg i rekkja av sjeler.

Mitt i tympanumet sitt grunnplan ser vi domen falle. Erkengelen Mikael veg dei avsovna sjelene sine gjerningar på skålvekt, og bikkar skåla ned på Paradis-sida, då hamnar sjela der. Mot han sit ein demon og prøver å få skålvekta til å bikke mot seg, og han prøver seg med eit tjuvtriks. Ein finger på skåla.
Og Draumkvdet held fram slik:
Og det var sankte såle-Mikkjel. han vog i skåle-vikt;
så vog han alle synde-såline bort til Jesum Krist.

Under ser vi ein annan demon, det er Charon, som med klubbe jagar sjeler inn i gapet til Cerberus. Men han greier ikkje å ha full kontroll. Bak Charon sin rygg bergar ein engel ei sjel over til Paradis.
Charon og Cerberus er frå gresk mytologi. Charon er fergemannen som fraktar sjelene over elva Styx til dødsriket, og Cerberus er ein trehovuda hund som vaktar portane til det same riket.

søndag 9. desember 2012

Drama i stein (5)

 Det er 124 skikkelsar i tympanumet på St.Foy kyrkja i Conques. Sist namngav eg hovedaktørane i dramaet som spelar seg ut oppe over dørene inn til kyrkja.
Lat oss sjå på nokre av dei andre personane som er der. Og då først dei på venstre sida av Kristus. Dei som er i Paradis.

 Nede på det første planet er det fortida sine personar, og då er det dei frå Det gamle testamentet vi ser.  Der er seks bogar, kvar med to personar i. Unnataket er den eine som har tre personar, og der er det Abraham som sit. Med Isak og Jakob ståande ved sida hans.
Heilt ute til høgre finn vi profetane Eseiel og Jeremia. Vidare kjem Aron og Moses.
På andre sida av Abraham kjem først Melkisedek og Sakarias. Så kjem, to kvinner, Dronninga av Saba og Ester. Og heilt ute under den lavaste bogen står to andre kvinner. Maria og Maria Magdalena.
Over dei til høgre er det martyrar som vert reist opp frå gravene av englar. Og oppe til venstre ser vi eit alter, og ein tom kongsstol, og ei knelande St.Foy som strekkjer hendene i bøn fram mot Guds hand.
På no-tidsplanet er der og ei rad med personar. Dei byrjar i begge ytterkantane med år 0, medan personane i midten representar No-tida då tympanmumet vart skapt.
Nærast Kristus, til høgre finn vi Møy Maria, så kjem St. Peter. (år 64) Den tredje personen er eremitten som bygde den førsta kyrkja i Conques, Dadon.(år 750)
Til venstre er det Maria Magdalena (den minste skikkelsen). Så kjem St. Foy. (år 303) Over henne tek ein engel martyrkruna hennar med til himmelen. Så fylgjer St Antonius,den store ørkenrøysta frå Egypt,(år 356) og så St. Hieronimus (år 370).Han som i Betlehem omsette Bibelen til latin.
Personane i midten høyrer tympanumet si nære NO-tid til. Han med bispetaven er abbeden i Conques, så kjem den store frankarkongen, Karlamagnus, Karl den store, over skuldrane hans kikar eit par av slektningane hans fram, Den eine er hertug av Toulouse, Guillaume. Den andre er Ludvig den fromme. Dei to resterande er benediktinarmunkar, sidan klosteret i Conques høyrde under den munkeordenen. Vi er på den tida då kampane  mot dei islamske maurarane gjekk føre seg, både i Frankrike og i Spania, Og frankarane var sterkt inne i den kampen.
Politikken blanda seg inn i trua si sfære på den tida og.

fredag 7. desember 2012

Drama i stein (4)

 Så  er det vel på tid  presentere deltakarane i denne rettsaka som spelar seg ut på tympanumet over poprten inn til St.Foy kyrkja i Conques. Ja, for det er ei rettsak som spelar seg ut i bileta til høgre i midtfeltet. Det er domen over dei som går ut av livet og inn til dødsriket som vert forkynt.
Paulus skriv slik om den domen i Romarbrevet: "Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som let seg leie av uretten og ikkje lyder sanninga har vreide og harme i vente." Det er den personlege domen over våre liv som står for døra.
Og i alle rettsaker er der domarar, forsvararar, aktorar og rettstenarar.

 Sentralt i tympanumet sit den som har domsmyndet, Menneskesonen Jesus Kristus. Johannes skriv at Gud har gitt han fullmakt til å halde dom fordi han er Menneskesonen. Vi ser at han sit på same plan som dei mennerska som enno lever. Som er i NO-tida. Men vi ser og at skiljet mellom notid og framtid er brote over hovudet hans.  Det tyder at Han ikkje berre skal døme oss når vi døyr og går til dødsriket, men at det også er han som dømer i den endelege domen, når æva bryt inn og himmelen vert rulla saman som ei bok.
                                                                                                                              På same planet som Kristus sit, er det til venstre for han ei rad med personar. To av dei er våre forsvarar, og begge er kvinner. Nærast Kristus står Møy Maria med hendene lagt saman framfor bringa. Og heilt borte ved enden av rada står St. Foy. Foy kan og omsettast med  "tru".  Ho har i eine handa palmbladet som teikn på sin martyrdom.                                                     .
 


Men alle rettsaker treng og ein aktor, og på tympanumet er det Satan, og han er plassert i Helvete.
Men vi finn og ein rettstenar. Ein engel. Det er erkeengelen Mikael som sit der med si skålvekt og veg gjerningane våre. Vi ser han har ein motpart, ein demon prøver seg med eit lite tjuvtriks. Ein finger bort på eine skåla for å gi den ekstra tyngde ned.






torsdag 6. desember 2012

Drama i stein (3)

 Når eg står og ser opp på tympanumet, ser eg at det er delt i tre deler. Det minste er det øvre feltet, heilt oppe under bogen. Så er der eit midtfelt og eit nedre felt. Og under kvar av dei er der ei linje med skrift. Det ser ut som eit hus med tre etasjer eller tre plan. Det største feltet er midtfeltet, medan det nedre er litt mindre i høgd. Og desse felta er viktige for å skjøne kva tympanumet vil forelje tilskodaren.
Det fortel først om tre tidsbolkar.
Det øvre feltet handlar om noko som framleis er framtid. Det er den framtida englane som held firmamentet ventar på. Då dei får ordre om å rulle himmelen saman som ein bokrull. Den dagen den andre domen vil kome, og Han som sit sentralt i tympanumet seier; "Sjå eg gjer alle ting nye," og eva bryt fram. Men det er som sagt, enno framtid,  og tympanumet fortel ikkje mykje meir om den.
 Det nedre feltet derimot fortel om det som var. Det handlar om fortida, og dei som er der, i dødsriket. Då må midtfeltet handle om notida og dei som lever i den. Både for dei som levde då tympanumet vart skapt. Og for oss som lever i vår tid. Ja, for alle som kjem til å leve i si NO-tid.
 Men dei to store felta, fortid og notid, vert og delt i eit felt til venstre, og eit til høgre, og det desse to felta fortel er to heilt ulike fortellingar.
Feltet til venstre, det over her, er prega av fred, ro og harmoni.
Medan det til høgre si fortelling er heilt motsett, Der er er det redsle, gru og fortviling som rår. Og der er det ikkje englar, men mengder av demonar.
Den nedste delen er Tartarus (tartar, tyrkar) fortel teksta. Slik vart det kalla på 1100-talet då tyrkarane var den store skrekken. I dag kallar vi det helst Helvete. Og det utan at det  skremer oss så mykje. Hovedpersonen der sit midt i sitt rike.
Motparten er den nedre venstre delen der freden råder. Det er dei himmelske salar, Paradis.

Der er mange linkar til Bibelen sine ord i desse bileta. Både i ord og likningar frå Jesus, men og mange andre. Ei som særleg fell meg i hug når eg ser på typanumet, er likninga frå Matteus 25 om domens dag, då menneska vert dømde etter sine gjerningar. Nokre går til høgre, inn i dødsriket sine salar, medan andre går til venstre.
Og eg trur at det er den dagen tympanumet si fortelling byrjar. Men først må hovedpersonane presenterast.

tirsdag 4. desember 2012

Drama i stein (2)

 
Om kvelden når tympanumet vert lyst opp av eit varmare lys enn dagslyset, stig scenene oppe veggen fram på ein annleis måte. Og sidan eg ikkje skjøna eit einaste ord av presten si fortelling, måtte eg søkje andre kjelder for å skjøne kva det var eg såg.
Og då syner det seg at det er ikkje den siste domens dag eg ser skildra.  Innhaldet fortel noko heilt anna enn eg trudde då eg stod nedanfor tympanumet og såg opp på alle skikkelsane der oppe.
Eg må flytte meg attende nokre hundre år, til då det vart laga i dei første åra av 1100-talet. Til dei åra og den teologien som då var rådande. Og då, som no, vart teologien tolka inn i den aktuelle politiske situasjonen.  Og den er ein del av det som vert skildra oppe over dørene.
Men det er fleire som ivrig fylgjer med i kva som skjer under dei. Det er nesten berre nasene, augene og fingrane som syner der dei nyfikne kikar fram fra frå baksida av sceneteppet. "Dette er noko som til og med englar lengtar etter å sjå inn i " (1.Pet.1.12) Dei er englar, 14 i talet.  Sceneteppet er delt i to, og engelen på toppen hald dei to delane saman.


Sceneteppet er det som vart kalla firmamentet, himmelen med sol, måne og stjerner, som er rulla saman.
La meg gå litt nærare ein av dei, der han held  himmelen mellom hendene sine. Han kikar nyfiken fram, og ventar på det utløysandet ordet, Men enno er det ikkje klart for sceneskifte. Enno er det notid. Sceneskiftet ligg i framtida. Når
 " Himmelen skal rivne og rulle seg saman som ein bokrull." (Joh. Openb. 6.14) 
På scena nedfor ventar dramaet på si fullending. Då først vil det hende.

mandag 3. desember 2012

Drama i stein. Tympanum St Foy, Conques (1)

Den lange vandringa etter pilegrimsvegen frå Le Puy til Santiago de Compostela gav meg mange aha-opplevingar.
Vi hadde vandra frå oss dette første året og var komne fram til Conques. Ein pitoresk  liten by i ei dalside, vest i fjella vi hadde gått gjennom.  Eg visste ingen ting om den då eg kom dit, men den viste seg å vere ein viktig by på pilegrimsvegen. I tillegg til at den sjølv var eit pilegrimsmål ved relikvia etter ei lita martyrjente, St. Foy. Som munkane rett nok hadde stole frå ein annan by, Agen, langt attende i tida.
Den store kyrkja var sjølvsagt vigd til henne, og over porten inn i kyrkja la eg for første gong merke til det som er kalla eit tympanum.  Ei billedfrise.
Eg hadde nok gått forbi mange andre tympanum tidlegare dette året, men dei var då utanfor mi interesse, og eg hadde ikkje festa meg ved dei.
Dette skal vere det best bevarte tympanumet i Frankrike. Om kvelden, i mørkret, tok presten kyrkjelyden med ut på torget i front av kyrkja, og fortalde om kva dei såg oppe over dørene. Det var ei levande fortelling som tilhøyrarne  var heilt med i. Der var bådde lått og respons på presten sine ord. Diverre så fekk eg ikkje med meg ei einaste ord, då alt som vart sagt var på fransk.  Men der og då, oppdaga eg kva eit tympanum var, og det vekte mi interesse for desse veggbileta som nokre gamle kyrkjer er smykka med.

Tympanumet på St.Foy kyrkja i Conques hentar sin motivkrets frå Johannes Openberring, og handlar om domens dag. Med eit sterkt biletspråk.  Vi ser at frisa opphaveleg var måla i klare og sterke fargar, noko som sikkert ikkje svekka bodskapen tympanumet skulle formidle til den og dei som stansa opp for lese bileta.
Dei var ein del av biletbibelen for dåtida sine menneske. Men kva såg dei? Eg vil gå litt nærare bileta neste gong eg skriv på sida mi.


torsdag 29. november 2012

Farga glas (5)

Eg avrundar desse bileta av dei ulike typene farga glasa eg har sett undrer vandringa vår langs Jakobsvegen, med fire glasmåleri som har eit meir moderne uttrykk. Dei er frå to kyrkjer i Frankrike, og ein kan sjå at stilen til dei to kunstnarane er nokså ulik i desse kyrkjene. Og at dei skil seg klårt ut frå dei andre typene glaskunst eg har lagt ut i dei fire tidlegare stykka.






Dei to over er frå eit lite St. Roch kapell ved landsbyen Noailhac, på åsen vest om Conques. Kapellet vart reist i 1880-åra til takk for at innbyggarane vart berga gjennom ein pestepidemi. Frå landsbyen lenger nede i lia fører det ein prosesjonsveg opp til kapellet. Kva eg ser i motiva held eg for meg sjølv, men fargane og motiva opnar opp for nokså ulike tolkingar. Vil eg tru.




Desse to  andre er frå St. Etienne-kyrkja i Aroue, eller Arüe som det skrivst på baskisk. Landsbyen ligg i ein av  dei baskiske provinsane nede ved Pyreneane  i Frankrike.
Desse har og eit modene formspråk som tiltalar meg. Og som har klare bibelske referansar. Både gjennom korset, duene og Kristusmonogrammet med alfa og omega. Interessant er det med korset som skyt nye skot og blømer.

tirsdag 27. november 2012

Farga glas (4)

Det var ein skilnad mellom Spania og Frankrike når det gjaldt glaskunst - synst eg å minnast. Der var meir av det, sjølv i små landsbykyrkjer - i Frankrike enn i nabolandet lenger sør. Kanskje kyrkjene vi vitja i Spania var av eldre årgang enn i Frankrike, og derfor ikkkje hadde så mykje av den type kyrkjekunst? Dei hadde derimot dei store og mektige retablo, alterveggar, med sin rikdom av figurar og detaljar.
Dette biletet er frå den største, og eldste, av kyrkjene i ein liten landsby aust om Figeac, Montredon,
Og dette er frå ein nabolandsby litt lenger vest. St. Felix. Eg har teke med berre eit lite utsnitt på grunn av likskapen med vår norske rosemåling i toppen av vindauget.
Og personen er St.Felix, ein biskop, som og landsbyen har fått namnet sitt etter.  Kyrkja hadde og det minsta tympanumet eg såg under vandringa vår. Ein enkel relieff av Eva, Adam og slangen, i det Eva vert freista til å plukke ei frukt frå treet i hagen. Tympanumet såg ut til å vere mange hundre år eldre enn dette glasmåleriet.
 
 
I byane var kyrkjene større og hadde rikare utsmykking enn landsbykyrkjene. Også av glaskunst. Sjølv om dei ikkje kunne konkurere med dei store katedralane. Det var gjerne i koret vi fann glaskunsten i dei. Som her frå kyrkja i Condom. Det er nattverden, krossfestinga og når Jesus vert teken ned frå krossen som er motivkrinsen. Eg har teke med eit utsnitt som syner noko av rikdomen av fargar og detaljar.
 
 

søndag 25. november 2012

Farga glas (3)

Dei store katedralane skilde seg ut ved si prakt av utsmykkingar både inne og ute.
Som her frå katedralen i Leon.
 Det var ikkje så mange av dei, men i dei kunne ein ikkje ha hastverk.
Der måtte det stejast av timar til å vandre rundt og nyte alt det vakre.
Det gjaldt og vindauga med farga glas. Fulle av blomar, bibelske scener og heilage personar.
Ikkje alltid like enkle å ta bilete av på frihand, då lyset var helst i svakaste laget. Men eg måtte berre prøve å få meg meg nokre minne heim.

 


 

torsdag 22. november 2012

Farga glas (2)

Vi kom til siste landsbyen før Astorga. Vi skulle overnatte der før vi gjekk siste etappen det året. Inn til byen. På mi vandring  gjennom gatene kom eg fram til ei nokså ny kyrkje. Den var stengd, så inn kom eg ikkje. Men då vindauga var nokså lavt nede, kunne eg ved å strekke meg , få nokre små glimt inn i romet. Det vil sei, det var ikkje heilt enkelt det heller, for dei var heilt dekte av farga glas. Men eg fekk sjå så mykje at lysta til å kome inn var rimeleg sterk. Men kva skal ein gjer når alle dører var lukka og låste.
Lenger ut mot kvelden låg eg på senga og drog meg, då eg brått høyrde kyrkjeklokkene ringe inn. Då var ikkje vegen lang bort til kyrkja, og no var den open.
Inne sat fleire, for det meste eldre kvinner, i stille andakt. Og fleire kom stadig inn dørene , korsa seg og fann seg ein plass i benkane.
Det vesle inntrykket eg fekk av kyrkjeromet tidlegare, synte seg å vere rett. Det var eit vakkert kyrkjerom der vindusrekkene på begge sider av skipet, var dekt av glas i sterke fargar, og med eit svært moderne uttrykk. Så heilt ulikt alt anna eg har sett av glasmåleri i kyrkjene etter pilegrimsvegen.

tirsdag 20. november 2012

Farga glas (1)

Frå august 2007 til september 2012 er det lang tid, og eg kan ikkje nekte for at mykje byrjar å hamne langt bak på harddisken. Men noko ligg då framleis att endå, nokonlunde klart i minnet.
Under vandringa gjekk vi gjennom mange byar og landsbyar, både i Frankrike og i Spania. Og den merka vandringsvegen gjekk helst rett igjenom gatene og ut av byen att. Men han svinga gjerne inn om byen sitt torg og kyrkja (hovedkyrkja om byen hadde fleire av dei). Det førde til at det for det meste var det som låg langs dei merka vandringsgatene vi fekk sjå, før vi vandra vidare.
Eg meiner hugse at der var nokre ulikskapar mellom kyrkjene i dei to landa. Landsbykyrkjene i Frankrike var oftast opne, og dei hadde ein annan stil enn kyrkjene i Spania. Der hadde dei ofte stengde dører, og kom vi inn var det den store alterveggen som dominerte. Noko vi ikkje såg så ofte i Frankrike. Dei hadde derimot ofte glasmåleri i vindauga, noko som var skjeldnare i Spania. Eg har ei kjensle av at landsbykyrkjene i Frankrike var av nyare årgang enn kyrkjene i Spania. Kanskje det er ei av årsakene til skildnaden.
Desse lysopningane i kyrkjene hadde stor variasjon i sine fargerike glasmåleri. Både i motiv og i utføring. Frå det heilt enkle, til dei eldre der heile vindaugsopninga var dekt av fargesterke motiv, gjerne med ein heilag person innblanda.  Men vi såg og nyare og meir moderne utgåver av glasmålingskunsten.
Dei enkle får vere representert av dette frå ei landsbykyrkje, ikkje langt frå Astorga i Spania. Det er pilegrimen Santiago - sankt Jakob - som stig fram.  Det som undrar meg er at i Spania hadde han ofte ein liten og samantrykt kropp. Mest som ein liten gnom. Men kamskjela på kappe og hatt, og staven i handa fortel kven han er.


søndag 18. november 2012

Om å gå på vatnet

I dag har preiketeksta i kyrkjene vore om då Peter gjorde eit forsøk på å gå på det opprørde vatnet i Genesaretsjøen. Slik han såg Jesus gjer. Det gjekk ikkje så bra, og hadde ikkje meisteren vore der tett ved, og berga han, hadde det nok gått rett ille. 
 
I minnet mitt dukka det opp ei landsens kyrkje nede i fransk baskarland, i landskapet Bearn. Langt inne på slettene, langt frå alle kystar. Vi hadde den morgonen vandra ut gjennom festningsmuren i Navarrenx, og kom etter ei stund til ein landsby som eg ikkje lenger hugsar namnet på. Men vi vitja landsbyen si kyrkje, før vi vandra vidare.
Ikkje alle kyrkjer er gamle katedralar på pilegrimsvegen. Nokre er og som denne. Ei vakker og lys kyrkje med den vanlege rada av heilage menn og kvinner langs veggane. Men i taket på kyrkja sitt kor var hendinga då Jesus kom vandrande på vatnet i Genesaretsjøen måla.
Eit slikt motiv her i dette landskapet, langt borte det stormande havet og dei skumkvite bylgjer? Her hadde det då høvt betre med bylgjande kornåkrar eller fullmodne drueklasar.
Oppe i kortaket er Peter framleis i båten saman med dei andre læresveinane, skremde av "skømtet" dei ser kome vandrande mot dei over bylgjene. Ja, kven hadde ikkje vorte skremd av eit slikt syn?  Ingen har vel sett noko liknande, korkje før eller sidan.
Men då det går opp for dei at det ikkje er eit skrømt, men Jesus, stig Peter i sitt overmot ut i bylgjene, for så, når overmotet er borte, å verte berga frå å søkke i kavet, attende opp i båten av Jesus.
Og for å fortelje at dette er ikkje noko mennesket kan gjer i eiga kraft, har kunstnaren teke med duva, svevande over Jesus. Her, fortel han, her er det den inkarnerte Gud som er verksam.

torsdag 15. november 2012

Eit tympanum fortel

Vandringa på Camino Frances er over og eg sit heime i godstolen min og vandrar opp att i minnet. Då kan det vere så ymse kva som dukkar opp.  84 dagar tok det oss å gå frå Le Puy en Velay i Frankrike til Santiago de Compostela. 84 dagar fulle av inntrykk. Men likevel tenkjer eg stundom at eg gjerne skulle brukt nokre dagar til. Og dei dagane ville eg ha nytta  i nokre byar som vart litt for raskt passerte, og som eg i ettertid gjerne skulle sett meir av. Men når dagsetappene var sette på førehand så vart det som det vart.

                                                                                                            

. Ein av desse byane var Estella. Vi hadde overnatta i Villatuerta, 4 km  austanfor byen, og skulle den dagen gå til Los Arcos. Ei strekning på vel 24 km, og det teikna til å verte ein varm dag. Derfor vart det ikkje lange stoppet i Estella denne morgonen, endå det der skal vere mykje forvitneleg å sjå. Men ei stor og stengd kyrkje låg rett ved sida av vegen, og den var det ikkje råd å gå forbi. Ho såg ut til å vere i sluttfasen av si tid, men på veggen ut mot vegen hadde den ein stor port med eit tympanum over. På sidene av porten, oppe under takskjegget stod dei tolv apostelane. Seks på kvar side.

Og det var tympanumet som fanga meg. Ikkje av dei største og mest innhaldsrike tympanum eg har sett på vandringa, men med ei sterk fortelling i enkle bilete.
I ei tid då ikkje alle kunne lese, og Bibelen heller ikkje var i alle manns eige, fortalde dette tympanumet den store påskefortellinga, til alle som ville sjå. Rett over døra er nattverdmåltidet skildra, der Jesus rekkjer dei elleve brødet og vinen.


Oppe i bogen på tympanumet er det langfredagen som er motivet, med Jesus hengande på krossen. Tilstades er og Maria, mor hans, og Johannes. Dei to andre krossfeste er og med, men ikkje så viktige i fortellinga, og derfor i liten storleik. Dei er heller ikkje nagla til sine krossar. Armane deira er bunde fast over tverrbjelken.
I tillegg er der to romerske soldatar ved krossen. Truleg er det i Jesus si dødsstund, då den eine soldaten held hendene for auga. Og, fortel evangelia, bryt ut: " Sannelege, denne var Guds Son!"



Men scena midt i typanumet har tre ulike motiv frå dei siste dagane i påskefortellinga. Vi ser eit uhyre med ein stor munn, og ut av munnen kjem nokre menneske. Ut til Jesus som står framfor uhyret. Det er berre Peter som nemner dette i eit av breva sine.  At Jesus då han låg i grava, drog ned til dødsriket for å forkynne for åndene som var i fangenskap der.
Heilt til venstre i biletet ser vi engelen på gravkanten, og dei tre kvinnene som påskemorgonen kom og fann grava tom. Og scena vert avslutta ute til høgre med Maria Magdalena som får møte den oppstadne i hagen.
 
Iglesia de Santo Sepulcro - kyrkja til den Heilage grava - vart bygd i 1123 til ein rik kjøpmann. I 1328 fekk kyrkja dette tympanumet og apostelrekkja lenger oppe på veggen.  Kyrkja var truleg bygd som ei gravkyrkje for dei franskætta innbyggarane i byen. Kanskje det er derfor den var vigsla til Den heilage grava. For 120 år sidan vart kyrkja stengd, men framleis talar bileta over døra om ei hending i Jerusalem for snart 2000 år sidan.
Og for den vandraren som gir seg tid. Stoggar opp og lyfter augene til bileta over døra, fortel dei også idag, si sterke fortelling. Tvers over alle århundra som har gått sidan tympanumet vart meisla ut. Kristentrua si grunnfortelling.