"-store tre og runnar" skriv gamle Ivar Aasen om.
I den store parken i Sevilla var der sjølvsagt mange tre, og ulike sortar tre. Nokre av dei var av normal storleik etter heimlege tilhøve, medan andre var kjemper. Vår guide, Katarina, hadde stogga ved ei av desse kjempene og fortalt oss om dei, medan vi stod andaktsfulle omkring henne og høyrde på. Så hadde ho sagt det ho ville og lyfta flagget for å gå vidare.
Vent litt, sa eg, kan du ikkje gå bort og famne det medan eg tek eit bilete. Då kjem det fram kor stor det er. Eg såg for meg eit bilete av ei spe kvinne, med flagg i handa, som stod på ei av dei store røtene, kjærleg famnande ein liten bit av den mektige stamma.
Det kan eg, svara ho, men vi guidane har ei lita konkuranse oss i mellom om kor mange som må til for å nå rundt. 10 er beste resultat så langt.Skal vi sjå kor mange vi treng i dag?
Brått løyste gruppa seg opp. Gråhåra pensjonistar klatra over det lave gjerdet ved vegen og opp mellom røtene på treet. Strekte armane ut for å den neste i rekkja.
Etter litt lått og fumling var resultatet klart. Det måtte åtte til av vår gruppe.
...vandrar, vegane fell så vide...
onsdag 21. mars 2012
tirsdag 20. mars 2012
Berre vakkert. Sevilla
Av det som gledde auget under vandringane våre i Andalusia, er det to ting eg hugsar som særmerkte seg. Det eine var alt det vakre smijarnet. Som i portar, gjerde og anna utsmykking både inne og ute.
Det andre var all utsmykkinga med keramiske fliser. Overalt var dei der. Både gamle og av nyare dato. Også det både inne og ute. I maurisk stil som på huset over desse linjene, eller som dekorasjon på denne brua under.
Men og i form av bilete på ein vegg, også det innramma av vakker dekor. Alt i keramiske fliser.
Biletet viser ei hending i Alicante si soge.

mandag 19. mars 2012
Plaza España. Sevilla
Lenger inne i den vide parken Marie Louisa i Sevilla, ligg den store Plaza de España, omkransa av ei stor halvmåne-forma bygning. Framfor den går der ein brei kanal med bruer over, kledde med vakre blå-kvite fliser. Den og er ein del av verdsutstillinga i 1929
søndag 18. mars 2012
Kvite duer. Sevlla
I 1929 vart det helde ei latin-amerikansk / spansk verdsutstilling i Sevilla. I det høvet vart det reist mange vakre pavilliongar. Etter at utstillinga var over, vart ikkje desse bygningane rivne, men tekne i bruk til andre formål. Mellom anna til ambasader for mange land, endå byen ikkje er hovedstad i Spania.
Denne utstillinga låg i eit stort parkområde i byen.
Det var her bussen sette oss av. I gata Paseo de las Delisios, som vel kan omsettast med Den frydefulle spaserturen, for her ligg desse vakre bygningane på rekke og rad.
Der vi gjekk inn i parken ligg ein Plaza de America, og som biletet viser hadde denne plassen store mengder av kvite duer som meir enn gjerne let seg fore.
Det var den mauriske kulturen eg hadde ein draum om å møte på denne turen, eller restane av han, 500 år etter at maurarane vart vist bort frå landet. Men i 800 år sette dei sitt preg på Andalusia, og noko er der att, enno i dag.
Maurarane var på ein heilt annan måte enn sine samtidige kristne rike, opptekne av det vakre. Og her høyrde vatnet med. Rennande vatn, og vatn som speglar omgjevnadane.
lørdag 17. mars 2012
De andalusiske sletter
Vi startar klokka 8.00, sa guiden vår, Katarina, kvelden før. Og i tillegg sende ho om morgonen melding over telefonen for å førebu oss på dagen.
Men så er det dette med å beregne kva tid ein treng til morgonstell og frukost. Ho hadde byrja å sjå etter oss då vi runda gatehjørnet og som dei siste kunne ta plass i bussen denne første morgonen.
Det var Sevilla som var målet denne dagen, og Sevilla ligg i vest ved elva Guadalquivir som renn ut i Atlanterhavet.
Men det var mot aust vi køyrde, mot Malaga. Derifrå tok vi av mot nord, opp i fjella.
Det stig jamt oppover, men det går fort på motorvegen. To køyrefelt i kvar retning, og vegen er skilta til 120 km/t.
Inne i fjella svingar bussen av til ein rasteplass. Sjåføren skal ha sin fastsette kvilepause, og vi andre litt mat og ta nødverndige toalettbesøk.
Så er vi på vegen att. Vidare inn og opp i fjella. Landskapet glid forbi. Små kvite landsbyar dukkar opp og forsvinn bak oss. Skarpe fjellkammar skifter med meir avrunda former. Her og der stikk små dalar inn mellom fjellryggane.
Så rullar bussen over passhøgda, og byrjar på svingane ned mot lavare lende.
Etter kvart vik fjella vekk frå vegen, glid over i lavare åsar, og så er vi ute på dei andalusiske sletter. Dei eg i fleire år høyrde om i Reiseradioen. Då Edmund Bakken med fylje prøvde å nå slettene med motorsykkel og sidevogn, men aldri kom lenger enn til kaia i Oslo.
Vegen svingar mot vest. Mot Sevilla, byen ved elva, mest ute ved havet.
Tre timar etter at vi starta i Fuengirola rullar bussen inn i Sevilla.
Vi starta 3 meter over havet. I fjella var vi oppe i rundt 700 meters høgd, og her i Sevilla er vi igjen nede i 7 meter over havet.
Støle i føtene stig vi av. Spanske busseter gir ikkje for mykje rom for langbeinte nordmenn.
Men no ventar byen på oss.
Byvåpenet syner kong Fernando III til Castilla og Leon, Sankt Isidoro og Sankt Leandro til Sevilla. Fernando tok byen frå maurarane i 1248, og var far kong Alfons X den vise og don Felipe.
Orda under, NO8DO, er ein rebus. 8 er ikkje eit tal men eit garnhespe, på spansk eit "madeja"og når ein uttalar NO MADEJA DO høyrer ein NO ME HA DEJADO Rebusen tyder "Den (Sevilla) har ikkje svikta meg"
Det har sin bakgrunn i at kong Alfonso sin son Sancho gjorde opprør mot sin far, men Sevilla svikta ikkje Alfonso.
.

fredag 16. mars 2012
Om å reise
Vi har reist litt, mi kjære og eg, men vi har ikkje vore av dei flittigaste ut på ferd bort frå heimen.
Det er noko med å reise bort frå det kjende som både kan lokke og skreme.
Men litt har det likevel vore. Det merkar eg på meg sjølv i møte med det ukjende. Eg er tryggare på meg sjølv idag enn på dei første reisene våre.
Etter ei vellukka utferd sit eg att med undringa; Kvifor har vi ikkje reist oftare?
For vellukka var denne ferda vår til Andalusia.
Travle dagar? Ja. men møtet med dei nær 50 andre i gruppa, møtet med guiden, og å få kome til stadar eg har lest om i bøker. Og som eg har drøymt om å få sjå, gjorde turen til dagar eg vil hugse med glede.
Og så er dette med klimaskiftet på nokre få korte timar.
Då flyet letta frå heimeflyplassen, var det sju plussgrader i bygda, men på Gardermoen var det snø i lufta og kaldt.
Sola gjekk ned medan vi køyrde til hotellet Fuengirola men neste morgon vakna vi til lyden av bølgjene som braut mot stranda nokre få meter nedanfor hotellet, sol og varme.
Palmer og blømande mandeltre.
torsdag 15. mars 2012
Vel heime att
| Andalusia sitt flagg |
| og våpenskjoldet, som syner Herkules mellom Herkules søyler (klippene nord og sør for Gibraltar-sundet) Orda tyder: Andalusia ved seg sjølv, for Spania og menneskeheita. |
Noko trøytte etter ei lang og kjøleg flyreise i går kveld, og ei heller kort hotellnatt på Gardemoen.
På veg sydover flaug vi over eit brungrått Spania, men i Andalusia fekk vi sjå våren bryte fram. Det vart grønare for kvar dag. Mimosaen blømde gult lang alle vegar, saman med kvitblømande mandeltre.
Travle dagar med lange bussreiser, men og mykje å sjå.
"Vi er ikkje på ferietur", sa mi kjære. "Kvile oss kan vi gjer når vi kjem heim. Her er vi på ei opplevingsreise. "
Og ei opplevingsreise var det kvar einaste dag. Med ein flott guide, ei ung kvinne frå Toten som auste av si rike og mangfaldige kunnskapskjelde om Andalusia i fortid og notid.
I tillegg var det ei flott gruppe å høyre til i. Nær på 50 var vi, frå mest heile "Noway" som ein guide i Gibraltar kalla oss. Mest pensjonistar, men og nokre yngre som tok gjennomsnittsalderen litt ned.
Bak rattet i bussen hadde vi ein stødig sjåfør som førde oss trygt fram på vegar som kunne overgå våre verste vestlandsvegar.
Denne turen hadde eg sett fram til med forventing, og eg- vi- vart ikkje skuffa.
Veka gjekk utruleg fort, og mest før vi visste av det, var vi igjen på flyplassen i Malaga. Klar for avreise, medan guide og bussjåfør gjorde seg klar for å ta imot ein ny gruppe som skulle få oppleve Andalusia.
Abonner på:
Innlegg (Atom)