mandag 27. september 2021

Egg (3)

 Det var andre gongen vi tre gjekk den engelske ruta sør til Santiago., og den byrjar med å vandre langs den lange fjorden som går inn i landet frå Ferrol. Det er fleire små byar på vegen langs fjorden, og ein av dei er Betanzos. Eg hadde på ei internettside lest noko av ein mann som skrytte av den gode tortillaen dei hadde der i byen. Den var ulik alle andre og det fanst ikkje maken skreiv han, så den hadde eg eit sterkt ynskje om smake.

Det var festivitas i byen då vi kom dit så det var mykje folk samla. Det krydde av dei sentrum, særleg på og rundt det store torget der det var samla mest alt av motorsyklar i regionen. Derfor hadde vi litt problem med å finne ein bar der det var råd å kome inn, men nede i ei lita sidegata lukkast det. Kva vi skulle ha? Sjølvsagt den lokale varianten av totilla så det tinga vi.

Så kom den på bordet. Den såg litt annleis ut en det vi var van med. Den såg ikkje ut for å vere heilt gjennomsteikt så då vi opna den den flaut eggegulen ut over tallerkenen. Mine to medvandrarar var litt tvilande til dette slaget av tortilla så dei var nøgde med berre eit stykke kvar, til meir vart det på meg. Eg forlet i allefall bordet mett, men er litt meir usikker på dei andre to.

Kor den smakt? den var god, men det vert nok einaste gongen eg tingar den. Likevel.



lørdag 25. september 2021

Egg (2)

Det at eg fekk erfare smaken av Tortilla Espaniol gjorde at eg vel heime måtte prøve å lage retten sjølv. Eg som ikkje kan anklagast for å vere ein som likar å kokkelere på eiga hand. Men dette måtte eg prøve så eg nytta første høve til å kjøpe løk. Poteter og egg var alt i hus. I tillegg kjøpte eg meg ei flaske med fin olivenolje. Potetene og løken skulle kuttast i små bitar og varmast på ei steikepanne, men kor små skulle dei kuttast i? Eg valde små og det vart ein heil jobb, men eg var omsider klar til steikinga av potetbitane som skulle få ein gyllen farge etter kvart, og så var det løken som fekk same behandlinga. Alt på ei godt  oljesmurd panne. 4 egg skulle til stod det i oppskrifta, vispa til eggedosis, og opp i den rørte eg så blandinga av løk og poteter , tilsett salt og peppar. Dette gjekk i grunnen greit så langt, om det tok litt tid. Men det neste kom til å vise seg å verte det vanskelegaste, steikinga. Blandinga av egg, poteter og løk vart fyllt på  steikepanna og så var det berre å vente medan eg heile tida fylgde med på utviklinga på panna, for etter ei tid skulle tortillian snuast slik at også oversida fekk si steiketid. Og til den snuinga måtte eg ha ein større tallerken eller ei anna steikepanne og halde over blandinga, for så raskt snu den slik at tortilliaen kom over på den nye panna. Og den operasjonen har eg hatt størst vanskar med. Det kan av og til verte litt eggesøl om ikkje den første steikinga har vore god nok. Men det er feilingane ein av lærer av. Det synte seg at mi kjære hadde ein kuttar i sine gøyme, og då minka forarbeidet mykje. Den siste eg laga for  nokre dagar sidan var særs vellukka. Eg løyvde halva av min halvdel til kveldsmaten, og sjølv om den då hadde vorten kald, var den framleis velsmaken og saftig.

fredag 24. september 2021

Egg (1)

Mange foreldre slit med born som ikkje vil ete all slags mat, born som er matvande. Eg kjenner meg att i det. Eg var sjølv ein av dei. Min gode onkel brukte å fortelje meg at vatn og brød er fugleføde, og årsaka låg i at det var stort sett det guten vaks opp på. Ta til dømes egg, noko ufyseleg som kom ut av høna sin ende. Det einaste av egg mi mor fekk inn for mine lepper var eggedosis, men då helst ilag med noko anna som ripsbær, eller puffa kveite. Men då eg kom i ungdomen byrja eg på ei bratt læringskurve når det gjaldt kva som var etande. Eg byrja å kjenne på skam når eg helst ville sei nei takk til det som stod framfor meg på bordet. og det førde til at eg fann at egg faktisk var god mat. 

No er det ikkje berre born som sier nei takk til ulike slags mat, og då tenkjer eg ikkje på dei som av helsemessige grunnar må takke nei. Eg har vore saman med vaksne som bryskt har takka nei til maten dei fekk sett framfor seg med ord som; eg likar det ikkje, og då har eg stilt takka mi yngste dotter for at ho tok på seg oppgåva å lære far sin at all mat er god, det gjeld berre å endre innstillinga ein har i hovudet.

Men no var det eggerettar eg inn på. Det var tredje året vi gjekk på Camino Frances. Vi hadde gått frå Zubiri om morgonen og kom fram til Pamplona ut på ettermiddagen der vi fekk rom på eit tyskleia hospits. Så var det inn i gatene for å få oss litt mat. Men det var ikkje rette tidspunktet for slikt. Alle matstadar var stengde fram til dei opna att på sein ettermiddag, tidleg kveld. Men endeleg fann vi ein stad der det var ope og stima inn med forventing i blikket; endeleg mat. Etter grundig studie av menykartet, stansa T som hadde vore i Spania før ved ein rett, Tortilla Espaniol. Den er god, sa ho.  Vel det var greit. Så ville ho vite med damene kom stor den var, og dei brukte hendene til å vise det, og vi samde om at det måtte verte ein på kvart par av oss. og så kom tinginga: Dos Tortilla Espaniol, por favor. Damene såg spørja og undrande på oss: Dos?  Si, dos, por favor, svara T. Eit par damer ved eit anna bord såg småflirande på oss.

Vi fekk tilvist bord, og damene bak disken svinga opp med alt som bordet trong for eit gasta måltid og litt meir, duk og greier. Det var tydeleg att dette var ikkje heilt normen å tinge to tortilla på ein gong.

Så kom dei på bordet, to varme, nysteikte runde tortilla, i storleik nesten som ein middagstallerken. Det var første gongen eg smakte tortilla, og den var god, veldig god. Og mett vart eg av den halve som var min del. Sidan har det vore ein av mine favorittrettar i Spania.

Kva Tortilla Espaniol er? Spansk omelett laga av egg, løk og poteter.

torsdag 23. september 2021

Padre Pio

For mange år sidan no fekk eg eit par brev frå Italia der det vart fortalt om ein Padre Pio, og at dei var i ferd med bygge opp ein minnestad om han, og dei spurde om eg ikkje ville stø deira arbeid økonomisk. Kven denne padre var, var meg heilt ukjend, og kvifor eg fekk denne oppmodinga har eg aldri skjøna, lutheranar som eg er. Nokre år seinare var mi kjære og eg på ei gruppereise i Italia og der såg eg lastebilar som hadde bilete av Padre Pio måla på førarhuset. Eg spurde då gruppeleiaren om ho visste noko om han sidan lastebilar køyrde runt med bilete av han. Ho kunne lite fortelje så vel heime måtte eg lese meg opp på den gode padre, og det eg las var særs interresant. Men han gjekk etter kvart i gløymeboka, heilt til han i dag dukka opp i andakta i dagens Vårt Land.
Og det skjønar eg, der er meir mellom himmel og jord enn eg skjønar. For å sei med den gode Ivar Aasen; det vesle vetet det strekk ikkje alltid til, ei tru må stydje oppunder.

tirsdag 14. september 2021

Val 2021

Eg sit i sola og undrar meg. Valet over og vi veit resultatet, det vert ei ny regjering leia av venstresida på Stortinget.
Noko som ikkje er meg imot, men noko undrar meg og det er mitt eige likgylde ved valkampen og debattane omkring resultatet.
For mange år siden stod eg i ferd med å melde meg inn i Venstre men så kom Bolkesjø og Venstre delte seg i to. Etter det vart KrF mitt parti, men så fekk også dei kløyving mellom venstre og høgresida i partiet, og høgresida vann og gjekk inn i ei Høgreleia regjering. Då vart eg partilaus att. Så kva no?
Eg har nokre meiningar om kva politikk som bør førast av dei styrende, sidan eg har eit kristent og sosialistisk grunnsyn, men kvar finn eg eit parti som samsvarar med det?
Dei sosialistiske partia set ikke kristendomen høgt, og i partia på den andre sida finn eg og lite av det kristne grunnsynet eg søkjer.
Så kva no gode gubbe?

søndag 12. september 2021

søndag

Endå ein søndag er snart over. Vi måtte vente litt før vi fekk kome  inn i kyrkja i dag då dei to dåpsfylgja var så mange, men vi kom inn. Ei god preike av Arne prest, tykte eg, men det heng vel saman med at orda hans samsvarar med mine tanker, kanskje. Litt uryddig altergong, årsak dei mange barna i dei to dåpsfylgja. Godt vi ferdige med småbarnstida men dei skaper då litt liv i ein elles eldre kyrkjelyd, springane og høgtsnakkane småbarn.
Så ville mi kjære ut på Rjåneset for å ta middagen der. Og det vart både godt og nok. Fylt kyllingkjøt, mykje grønsaker og poteter, og så flan (karamellpudding) og kaffi attpå.
Vel heime skein sola inn glasa ei lita stund. Lovar det godt for morgendagen tru?

fredag 10. september 2021

Tida går ---

Det har gått noko tid siden sist eg var inne her. Sist skreiv eg desember 2018, og no er vi inne i september 2021. Myke vatn har runne i fjorden siden då, eg merkar nok at eg har vorte eldre på mange måter. Men, men, trass alt har eg og mi kjære det godt.
No går det mot haust og vinter att. Etter en varm og tørr sommar er vi inne i ei tid med meir grått og vått vær. Ikke for å klage, vi treng litt regn no før vinteren set inn. Korleis den vert får vi berre vente og sjå.