søndag 17. mai 2015

Hurra!

Med blå himmel mellom skyene kom dagen. Vår nasjonale festdag, 17.mai. Dagen då vår grunnlov var vedteken i 1814, men sjølvstendet vårt kom ikkje før i 1905. I mellomtida var vi i union med Sverige. I år feirar vi og at verdskrigen enda for 70 år sidan, og landet atter vart fritt frå den tyske okupasjonsmakta etter fem lange år. Og med vindstille, sol og ein brukbar temperatur kunne feiringa ta til med festkledde barn togande gjennom gatene til flott korpsmusikk, medan gatene var omkransa av feststemde sambygdingar. Dagen som er våren  sitt høgdepunkt. Og betre kunne den ikkje verte, blå himmel, snøkledde fjell, grøne lider og blømande frukttre. Og med vårt raudt, blått og kvite flagg på alle flaggstenger og i mange, både store og små hender. Kvinnebunadane aukar i variasjon for kvart år, og no byrjar det å verte fleire menn med bunad også. Min kom ikkje så langt at eg fekk ta den i bruk, og no er den for liten for meg. Men eit av barnebarna skal ta over den. Han manglar berre ei skjorte og knestrømper, så kanskje får eg sjå han i den om eit år. Her i heimen feirar mi kjære og eg  i tillegg at for 37 år sidan fekk våre tre døtre ein bror.  Hipp, hipp, hurra for dagen.

torsdag 14. mai 2015

Underlege dagar.

Det vart ein underleg dag dette. Ein av dei mange vi har opplevd etter påska her i Jerusalem. Det byrja vel i grunnen før påska.
Vi var nede ved Jordanelva då det kom bod om at hans ven Lasarus var alvorleg sjuk, og systrene bad han kome. Vi trudde han ville byrje på bakkane opp til Betania med ein gong, men han utsette ferda underleg nok nokre dagar. Og då vi kom fram var Lasarus alt død og gravlagd. Vi har opplevd mykje saman med han desse åra vi har vore saman med han, men det vi no fekk oppleve var nok det sterkaste vi hadde opplevd til då. Ved grava bad han oss rulle steinen til side, endå den døde alt hadde lege tre dagar i grava, og så ropte han på den døde og bad han kome ut. Ikkje underleg gjekk det eit gisp gjennom flokken som var der ved grava, då Lasarus, kledd i likkleda, kom til syne i gravopninga.
I dagane etter påska har vi undra oss på om hendinga var eit varsel om det som nokre dagar seinare skulle hende. Då han sjølv leid døden  på krossen og vart lagt inn i ei grav. Og så, brått, sjølv forlet grava tidleg om morgonen den første dagen etter påskehelga.
Vi kunne først ikkje tru det som kvinnene kom og fortalde oss den morgonen. Kunne hans døde, mishandla og krossfeste lekam, som endå til hadde fått eit  spyd stukke gjennom hjartet, forlate grava utan att ein kvan hadde teke kroppen hans bort? Men kvinnene påstod at dei hadde møtt han mellom trea ved grava i hagen.
Dette trur eg ikkje, sa Peter, dette vil eg sjå sjølv. Så strauk han på. dør, og Johannes sprang etter han. Dei kom attende og fortalde om ei tom grav, og Johannes bar med seg likkledet og andsiktsduken som dei hadde funne liggande inne i grava. Men dei hadde ikkje sett han, slik kvinnene meinte dei hadde gjort.
Medan vi sat der og undra oss på kva vi skulle tru, banka det på døra, og to av oss som tidlegare hadde gått heim til Emmaus, stod utanfor.  Og dei kunne fortelje at dei hadde møtt han. Dei hadde kjent han att då han braut brødet saman med dei. Då stod der brått ein person til mellom oss. Vi skvatt alle til av redsle. Kven var dette som kom gjennom ei stengd dør? Så høyrde vi han sei; Vær ikkje redde, det er eg. Så synte han oss hendene sine, og bad om noko å ete.
Dette er mange dagar sidan alt. Han har møtt oss mange gongar i desse dagane, og då har han undervist oss om Guds rike, og om den oppgåva han fekk av sin Far. Og om kvifor han hadde valgt oss ut som sine sendebod til Israel, ja, heilt til endane av verda. Om om nokre dagar skal de alle utrustast for oppgåva, sa han, då skal de få Anden, Guds Ande, med dykk. Men først, sa han, først skal eg dra attende til min Far som sende meg. Min Far og dykkar Far.
Og i dag forlet han oss. Han hadde bedt oss møte han oppe på fjellet ved Betania. Og der fekk vi sjå han verte lyft opp, og så kom ei sky og tok han bort frå augo våre. Då han vart lyft opp for augo våre, såg vi at han hadde lyfta hendene sine velsignande over oss.
Då stod det brått to kvitkledde unge menn der saman med oss.
Slik de såg han dra, sa dei, skal han ein gong koma attende. Med velsignande hender, spurde eg. Den velsigninga vil vere med dykk alle heile tida, frå no og heilt til han kjem att, svara dei, og forlet oss.
Undrande og glade gjekk vi attende ned til Kedrondalen og opp til husværet vårt inne i byen. Der skulle vi vente endå nokre dagar på å få gåva han hadde lova oss.