onsdag 6. mai 2009

12 km til Estaing 30.august 2007

Det er 12 km frå Espalion til Estaing.
Eg ville gå, medan mine medvandrar ville kvile føtene ved å ta drosje dit.
Adelgunde ville fylgje dei. Ho hadde fått ein vond ankel.
Dei tok sekken min med i bilen, så eg fekk gå lausreipa.
Espalion ligg 340m.o.h. og Estaing ligg på 320 m, men vegen forlet Lot og går først opp i ein dal og så vidare opp på ein åsrygg, 490 m.o.h, før det går ned til Lot att.


Det småregna om morgonen då vi hadde ei lita runde i Espalion sin gamleby.
Vi starta byvandringa på den gamle bybrua eg kom meg over Lot på i går.



Og i den gatevandringa høyrde ei morgonstund i kyrkja med.


Tympanumet over kyrkjedøra fortel og ei helgensoge.
Hilarian av Perse var prest her, og døydde som martyr for sarasenarhender i 793. Mor hans hadde åtvara han mot å ferdast i dei muslimske sarasenarane sitt område. Dei var då herrar i Lot-dalen. Han kom til å misse hovudet, sa ho. Då skal eg bere det til deg, svara han.
Så enda det med at han miste hovudet. Hilarian reiste seg opp etter halshogginga. Tok hovudet, vaska det i ei kjelde i Perse, og bar det til mor si som han hadde lova. Og på tympanumet ser ein St. Hilarian står der med hovudet i hendene.


Så skilde vi lag på brua, og eg byrja på mi dagsvandring.


Med efaringa frå gårsdagen i minne, tok eg regnkle på meg, men det tok ikkje lang tid før regnet letta og eg kunne ta dei av.
Etter nokre kilometer tok vegen av frå Lot og svinga opp i ein sidedal, der den romanske kyrkja i Bessuéjouls ligg.


Desverre var kyrkja stengd, så eg måtte greie meg meg ei fotomontasje ved døra, for å få vite kva eg ikkje fekk sjå inne i kyrkja.

Det gjekk det oppover igjen.
Etter ei tid kom eg ut av skogen og ut på eit ope jordbruksland oppe på åsen.
Her var det nok sauehald som var hovednæringa. Store saufjøs låg fleire stadar lang vegen, og på markene var det mykje sau på beite.


Vegen var lett og gå, og eg hadde vidt utsyn over Lot-dalen og åsane på andre sida.


Når eg såg meg attende, såg eg Espalion ligge ned ved elva, med ruina av borga Calmont d´Olt i siluett oppe på åsen.
Ein stille og fredfull morgon. Berre ein hund kom luntande mot på vegen.

Best det var vart freden uroa av ein høgrøysta mann oppe mellom nokre store sauefjøsar på mi venstre side. Ein sau brekar inne i ein av dei.
På marka mellom fjøsane og meg beitar ein sauflokk fredeleg.
Mannsstemma stig høgre i volum. Treng han hjelp? Eg skjønar ikkje orda, men det forgår tydeleg eit ellar anna der oppe.
Saueflokken vert og uroa. Dei lyfter hovudet, stirer oppover mot stemma som no brøler. Sauene byrjar gå mot fjøsane.

Då, brått kjem ein sau i fullt tan ut av eine fjøsen, og etter han ein gjetarhund. Dei tek ei runde på enga før dei igjen forsvinn inn i fjøsen.
Så er alt roleg som før, mannen teier, og dei uroa sauene tek beitinga opp att. Lenger framme på vegen, får eg ei aning om at årsaka låg i ein sau som motsette seg mjølking. For i fleire fjøsar framover langs vegen, durar det i mjølkemaskiner.

Men kvar er dei kvit/raude merka?
Har eg gått feil?
Framfor meg ligg eit vegkryss. Eg får gå dit å sjå om der er merke. Men der var det ingen merke.
Altså har eg gått feil. Fram og attende er like langt.

Attende ved sauegarden der "dramaet" var tidlegare, finn eg merka igjen.
Hadde eg ikkje vore så oppteken av kva det var som skjedde oppe i sauefjøsane, så hadde eg sett at her tok vandrarvegen av frå bygdevegen.
Eg svingar av mot nord og elvadalen der nede.
Framfor meg opnar utsynet seg over åsane lenger nord, men eg skal ned lia til slettene nede ved Lot.


Der ligg eit lite gardstun med det same eg kjem ned lia og ut av skogen.
Ei eldre kvinne står ved ein husvegg og steller sine roser. Ho ville visst slå av ein prat med framandkaren, men sidan hans fransk er avgrensa til nokre få ord, helsar han berre "Bonjour" og går vidare.

Ei ny kyrkje dukkar opp ved vegen. Diverre var også denne kyrkja stengd.


Men i kyrkjegardsmuren er det ein vasspost, forma som ei kamskjel.


Ute på sletta er ein mann oppteken med å høvle vegen. I eit vegkryss møtest vi. Eg lyfter spørjande staven og peikar på eine vegen, og på meg sjølv. Han nikkar og peikar i same retninga. Eg lyfter handa til takk.
I lite dalsøkk med nokre hus og ei mølle ved ei elv, må eg igjen sjekke merka.


Ikkje lenge etter dukkar Estaing opp på andre sida av Lot.
Her må det ha levd mektige menn i tidlegare tider. På ein liten knaus over elva ruvar borga og kyrkja med sine tårn og spir.


Eg ruslar over den gamle brua og opp gata midt i mot, og møter Bodil og Torbjørg som er på handletur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar