søndag 26. juni 2022

Midtsommarnatt

Utanfor vindauget er det still midtsommarnatt.Nede ved fjorden som ligg der utan at eit einaste vindpust uroar den gråblanke flata, har krøterflokken støyla seg i sommarnatta. Eg ser den heilage øya, Veøya spegle seg i fjorden, og lenger bak reiser Romsdalsalpane seg med sine tindar. Svevnen er for meg bytt bort med tankesviv.
Og vide vandrar dei til livet som no ligg bak meg, og som så brått endra seg dette føråret. Kvar er du komen vandrar, og kva har vandringa gitt deg av opplevingar, verdiar og erfaringar? Eg er nok ikkje lenger den eg var i ungdomsåra. Også trua mi har endra seg under vandringa mi etter livsvegen,   vandringa saman med han som eingong for 2000 år sidan vandra rundt i Galileas og Judeas fjell og dalar, og som sa "eg er vegen, sanninga og livet, fylg meg." Ser eg attende kan det synest meg at eg har vore heldig. Livet mitt har hatt mykje som liknar på den stille fjorden utanfor vindauget, noko eg kan takke mi kjære kone for, ho som vart henta heim no i mars. Ho var det gode mennesket i livet mitt, og eg er djupt takksam for åra vi fekk i lag.  Den egoen eg var mjukna mykje i samværet med henne, men og møte med andre sine trusuttrykk har opna mi tidlege ungdom si noko stivbeinte tru for noko som vart djupare og rikare. Eg har fått erfare at det er ikkje farleg å gå lenger nedover den elva profeten Esekiel skriv om som siv fram under tempelporten, men som vert større og djupare til lenger ho renn. Om eg ikkje har prøvt meg på å symje i den, så har eg kanskje fått prøvd på å vasse i litt djupare vatn, kjent vatnet av den godt opp på leggen. Eller som Paulus skriv, eg har fått smake litt av den faste føda. Og det har noko endra trua mi. Den gjort vandringa etter vegen rikare og gitt rom for meir undring over kven Gud er, kvifor Den salva Messias kom, og kven Anden er. Dei store spørsmåla som vi nok ikkje får svara på før vår vandring på Vegen her er over.
 Natta har gått med sine tankesviv. Ute lysnar det mot den nye dagen. Krøttera har flytta seg oppover i beitet  og sola byrjar å spreie sine varme strålar over fjord og fjell.