onsdag 6. mai 2009

Museum

Conques har og eit lite museum som har mange flotte gjenstandar i gull og edelsteinar, frå heilt attende til Karl den store si tid på 800-talet.
Der var forbod mot fotografering, men eg prøvde meg likevel.
Sidan gjenstandane var bak glas, valde eg å fotografere utan blits, og det gjekk bra. Ingen reaksjon frå vaktromet. Men ein japansk turist som også vart freista til å prøve fotoapperatet, fekk reaksjon. Blitsen var ikkje før gått av før vaktene stod i romet. "No photo. no, no"
Rart å tenkje på at slike vakre ting, fann ein og for lenge sidan i norske kyrkjer . Men dei forsvann som ei fylgje av at danskekongen innførde reforamsjonen i Norge.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar